Hodlekvemagasinet haust/vinter 2020

Page 1

Haust/Vinter2020/2021

www.sogndalskisenter.no


Leiar

Hodlekve og skisenterbransjen går ein spanande sesong i møte. Til vanleg er vår største otte retta mot snøen, kva tid me kan opne og om me får nok av den. Mot denne sesongen er otten retta mot Covid-19 og om me får drive skisenteret som tilnærma normalt. Dei aller fleste skisentera i Noreg er organiserte i ein felles bransjeorganisasjon som heiter ALF (Alpineierenes landsforbund). Saman jobbar me no med utarbeiding av felles bransjestandardar. Me har td. oppdatert refusjonsordningane knytte til sesongkort, laga nye standardar for smittevern. Jobba for støtteordningar for små og store skianlegg. Sogndal skisenter er med på dette arbeidet, me hausta verdifulle erfaringar på slutten av førre sesong då me hadde ope medan dei fleste andre skisentera hadde stengt. Når det røyner på er det godt å kunne stå saman.

Hodlekvemagasinet

2

Me har vore heldige i Sogndal med ei låg smitteeksponering. Dette førte og til at me var eit av dei få skisentera som kunne reopne raskt etter nedstenginga 12. mars. Allereie den 18. april var me i gang og heldt det gåande til slutten av mai, som også blei ein milepæl, aldri før har me hatt ope 24. mai og då framleis med store snømengder, metervis. Me er derfor optimistiske i høve denne sesongen. Me siktar mot ny rekord i tal opningsdagar neste sesong. Om alt går etter planen vil me og ha ope både måndagar og tysdagar i høgsesongen. Kanskje blir det slik at Ola Normann legg alpeturen til norske anlegg denne sesongen? Då vil me vere eit naturleg val for dei som leitar etter den gode snøen. Kanskje vil då nokon oppleve at dei har kjørt over bekken etter vatn? Me konkurrerer med kven som helst på våre gode laussnødagar, og dei har me mange av! Det er med andre ord ingen grunn til å leggje seg bakpå. Velkomne til ein ny vintersesong i Sogndal Skisenter! Per Odd Grevsnes Dagleg leiar

HODLEKVEMAGASINET Utgjevar: Sogndal Skisenter Drift as

Fosshaugane Campus

Trolladalen 30, 6856 Sogndal

Opplag: 18400 Redaksjonelt:

Håvard Nesbø: havard@hodlekve.no

Framside:

Andrine og Lukas (Foto: Håvard Nesbø)

Annonsar:

Svein Olav Haugen: soh@hodlekve.no

Layout og trykk: Ingvald Husabø Prenteverk as

FAKTA

Sogndal Skisenter Drift Organisasjonsnummer: 980886174 Eigarar – eigarfordeling: Sogndal Skisenter Eigedom AS, 65,4% (Sogndal kommune, Sogndal Idrettslag og bygdafolk m. fl.) Sognefjorden Utvikling AS 34,6% Styringsform: Aksjeselskap. Rekneskapsførar: Loftesnes Rekneskap AS Revisor: Deloitte AS Tilsette: 3,5 heilårstilsette 22 sesongtilsette Administrasjon: Dagleg leiar - Per Odd Grevsnes Driftsleiar - Kim André Navarsete Marknadsleiar - Svein Olav Haugen Utviklingsleiar Håvard Nesbø Skiinstruktør/Arrangementansvarleg Tonje Nordheim Tangerud Tal skitrekk: 2 T-krok 1 Poma (lys) 2 Poma barnetrekk (lys) Langrennsløyper 10 km + 5 km 3 km lysløype


Valeberg, 6854 Kaupanger

SOGNDAL

3

Trykksaker • Reklame • Profilering Foto • Lerret • Folie • PVC

Ta kontakt for konkurransedyktige prisar. Me har fokus på ekstra tett oppfølgjing og rask levering. Profilering og synlegheit er viktig. Me kjem gjerne på besøk hjå di verksemd for å saman finne dei beste løysingane for deg. Spør oss om råd neste gong du skal profilera deg, me bryr oss. Me er Svanemerka trykkeri! Ingvald Husabø Prenteverk AS | Riverdalen 5, 6863 Leikanger | Tlf. 57 65 60 05 | Mail: post@ihp.no

Maxitaxi: 951 02 660

Redaksjonelt innhald: Framside:

Andrine Sjøvoll Øvstetun og Lukas Seilestad Gjerde. (Foto: Håvard Nesbø)

Side 2:

Leiar SSD Per Odd Grevsnes

Side 4 -5:

«God Drift trass eit spesielt år» Driftsleiar Kim Andre Navarsete

Side 8:

Mitt Hodlekve Kjell Kvåle

Side 10:

Ope kvar dag i vinter

Side 18:

Tips barmarkstrening alpint

Side 20 - 21: Historisk: «Då findal og Bratlie var på moten» Side 24:

Treningstips for ei betre langrennsoppleving.

Side 26 -27: Mini - Max i Hodlekve Side 30 -31: Med kjærleik til skia

Bestill gjerne din neste time på Fixit timebestilling – Velkommen innom !

Side 34 - 35: Delikatessgris til Dalalåven Side 31:

«Tørrskodd» til Høgehaug

Side 38 - 39: Størst på hyttedraumen Sognehus Side 40:

Dette er Sogndal Skisenter 2020

Side 41:

Løypekart 2020

Side 41 - 43: Timbla tradisjon og innovasjon Side 48 - 50: Skredulukka i Trastadalen

-Følg oss gjerne på sosiale medier -

Hodlekvemagasinet

BILVASK • MAT • STORKIOSK

Campus Fosshaugane Trolladalen 30, 6856 Sogndal Telefon: 57 67 16 19


God drift trass eit Me er trass alt heldige her i Hodlekve. Når ein ser på korleis pandemien styrer mykje av verda, så er me nok av dei som ser ut til å ha trekt vinnarloddet.

Hodlekvemagasinet

4

Skisenteret er som alle, prega av ringverknadane rundt den pågåande pandemien. Ein har måtte gjort nokre endringar, og tilpassa drifta utifrå økonomi og omsyn til smittevern. Det har vore drift i skisenteret i heile sommar, mykje er gjort og mykje står på planen. Driftsleiar Kim Andre Navarsete summerer opp

Koronavåren

Skisenteret gjekk mot tidenes sesong økonomisk, og magiske forhold langt ut i mai. Det var spesielt med full vinter og bunadskledde i bakken på nasjonaldagen. –Me hadde ein flott vårsesong, det er vel første gang i historia me har hatt ope til 24. mai. Sjølv om me ikkje tente så mykje pengar, så hadde me drift i anlegget frå 18. april att, etter den nasjonale nedstenginga. Det viktigaste for oss var å følgja retningslinjene frå styresmaktene, og at spesielt våre trufaste gjester som har sesongkort skulle få nytta dette fullt ut, best mogleg, og at folk skulle få halda seg i aktivitet. Me hadde kontinuerleg dialog med kommunehelsetenesta. Noko som fungerte kjempegodt, gjestene har vore utruleg takksame og forståelsesfulle heile vegen, seier Navarsete.

Lågterskel i høgfjellet

Eit viktig tiltak i høve til familiesegmentet er mellom anna grøn løype. Dette er kva ein kan kalle ei familivenleg løype som har ei snitthelling på 10 prosent. – Grøn løype strekkjer seg frå toppen av Holentrekket og sluttar ved heishuset i Kalvavatni. Med ei snitthelling på om lag 10%. Dette er ekstremt slakt samanlikna med dei andre løypene våre. Dette hevar allsidigheita i anlegget mykje. Ein får eit mykje meir tilrettelagt lågterskel-

tilbod i ein stor bakke. Det vert ei flott oppleving på ca. tre kilometer og med ei breidd på femten meter, vert dette heilt klart ein vinnar blant barnefamiliar. Arbeidet starta 15. august og skal vere ferdig 1. november, slik at løypa kan nyttast allereie i vinter. Den skal bli grusa til neste år, slik at ein då kan nytte den til vandring og sykling. Tørskodd til Kambafjellet blir det nye. – Eg meiner dette er det viktigaste sommartiltaket me har hatt til no. Det opnar for enorme mulegheiter for å komma seg lettvint høgt til fjells. Eit heilt nytt stort område vert med eit lettare tilgjengeleg for mange fleire. Agledal Maskin som har entreprisen ligg godt framfor planen, dei gjer ein kjempejobb.

Betre underlag

I fjor vart det gjort noko planerings-

arbeid i toppen av familietraseen i Kalvavatni. I år tek ein heile traseen frå topp til botn, samt heistrase grundig. – Dette er ein trase og heis som blir meir og meir populær for kvar ny sesong. Så grunnprepparering er nøkkelen til å få denne familievenlege og solvende delen av anlegget klar så tidleg som mogleg. Meir stabil og lengre sesong er målet. Ørjan Bakken hadde jobben med hovudnedfarten i Holen-trekket førre året, og har jobben med dette.

Vedlikehald for betre drift

I år er det maskineriet i gamle Hodlekvetrekket som får seg ein fin oppgradering. Girkassen er send på totaloverhaling, og motoren får seg ein grundig sjekk. –Me får ofte spørsmål om Hodlekvetrekket sin eksistens i dei framtidige planane våre, me kan trøyste både hyttefolk og brukarar med at


eit spesielt år

Hodlekvemagasinet

5

det ikkje vil forsvinne, utan at me set opp nytt med større kapasitet. Hodlekveområdet er eit flott tilbod med varierte og allsidige bakkar som me skal fortsetje å hauste godene av i mange år frametter. i tillegg så løyser denne delen ut «ski in/ski out» begrepet for mange av hyttene i Sogndal Fjellandsby.

Klar for vinter og snø

– Me går ein merkeleg sesong i vente. Det vert utruleg spanande å sjå kva vinteren har og by på. Personleg har eg trua på ein god sesong. Me vil sjå at anlegget vårt kjem til å bli brukt i mykje større grad av folk frå nærområdet, noko som me også har stort fokus på. Eit av grepa er å tilretteleggje eit større aktivitetstilbod enn tidlegare, spesielt vil ein merke dette i helgar og feriar. Det vert uansett spanande med pandemisituasjonen. Einaste eg er viss på er at staben i SSD vil gjere sitt

beste for at både du, eg, samt alle andre som kjem på besøk skal få ei best mogleg oppleving i det flotte

skisenteret vårt. Skigleda skapar me saman. Eg gler meg!


Hodlekvemagasinet

6

TIMBLALODGEN – BESTILL D Timblalodgen er ei stor luksuriøs hytte midt i Sogndal Skisenter. Ski-in/ski-out med transportløype 2 meter frå hytteveggen gjer det enkelt å komme seg ut på ski. Lodgen er ypparleg for ein liten familie, eller for fleire familiar som reiser saman. Med 240 kvm. fordelt på 2 etasjar og anneks på 30 kvm. har vi overnattingskapasitet for opptil 26 gjester. Eit mindre reisefølgje kan leige deler av anlegget. I Timblalodgen vil ein trivast, både liten og stor! Saueskinnbenken i vindaugskarmen med panoramautsikt over dalen er ein favoritt blant våre gjester. Lodgen er velutstyrd med gasspeis, fleire opphaldsrom, koseleg kryp-inn hems. Du finn store flatskjermar, gamingkonsollar, Sonos lydsystem til underhaldning. Vi har golvvarme i alle rom, balansert ventilasjon, badstu, 2 romslege terassar, gassgrillar, bålpanner, kjelkar/akematter, akebakke, samt velutstyrde kjøkken i begge etasjar. Heile 4 flotte bad og ekslusivt interiør produsert av vår samarbeidspartnar Timbla.


Hodlekvemagasinet

7

LL DITT DRAUMEOPPHALD I SOGN Private/bedrifts-arrangement? Timblalodgen er veleigna for arrangement/møte/ workshops. Saman med våre partnerar kan vi tilby komplette pakkar med buffèt/3-retters menyar, foredrag, teambuilding eller kokkekamp. For bestilling av julebord, (kapasitet på ca 35 personar) kontakt oss på: booking@timblalodgen.no Booking: www.timblalodgen.no Timblalodgen 95 00 71 33 booking@timblalodgen.no


Fåe kan vel med det rette kalla seg så stor eldskjel i Sogndal idrettslag som Kjell Kvåle. Han har i ein mannsalder jobba for idretten i Sogndal, gjennom utallige tillitsverv og medlemskap i ulike nemder. Sjølv i godt vaksen alder let han ikkje insatsen og engasjementet kvile. Han har bidrege stort både i Bratt moro og Fjellsportfestivalen pluss mangfoldige timar hjå Sogndal Skisenter. Skismurning og lang heimtur pregar Kjell Kvåles Mitt Hodlekve. MITT HODLEKVE

KJELL KVÅLE

Hodlekvemagasinet

8

Stod for opninga av Dalalåven

Utvikling av Hodlekve siste 70 år Vi er no inne i ein svært aktiv periode for Hodlekve og Rindabotn. Utbygging av infrastruktur og nye hytter går for fullt, og mange er spente på korleis dette går vidare. I ein slik situasjon er det interessant å sjå på kva som har skjedd sidan 50-talet. Den gongen var Hodlekve eit vanleg landbruksområde i Sogndal, med nokre gardar som var i drift, og stølsområde for gardar nede i bygda. Ei viss utvikling på vintersport såg vi starten på, men om sommaren var det liten aktivitet. Dei fleste la turane sine til andre deler av Sogndalsdalen der dei fann meir turt terreng i utmarka. Vinteraktiviteten auka gradvis, og vi fekk etterkvart bra utnytting av bussrutene som gjekk til Hodlekvebrua. Det var heller få som hadde eigen bil den gongen, slik at du måtte rekka 9-bussen for å koma deg avgarde. Vegen opp til Hodlekve var lite i bruk for bilar, det var hest og slede som dominerte. Var du heldig så kunne du få haik med ein slik doning. Men det var også ei god oppvarming å gå frå Dalavegen og opp til Hodlekve. Her kunne du ta ein pause før du starta på det lettare terrenget mot Kamben. Det var som regel nokon å drøfta dagens smøring med. Brukte du for mykje klister (-voks) så fekk du angra på det lenger oppe. Utvalet av smøring var langt mindre enn det vi finn i dag. Skia var gjerne nokre heimelaga plankar som trekte mykje vatn og som var lette å knekka i tuppen.

Dette var før plast-skia var komne. Utover 60-talet kom det meir avanserte ski, og foreldra måtte innsjå at ungane måtte ha meir enn eitt skipar. Langrenn og alpin var dominerande i Hodlekve. Hopp kunne dei modige praktisera nede i Kleivsbakken eller i Bjedlabakken og Bondevik-gjerdet. Hodlekve inviterte til lange dagar, for det var mange folk å prata med og drøfta smøring og skitypar. På denne måten var det vanskeleg å rekka bussen ned att til Sogndal. Då kunne du forlenga fjellturen frå Stedjekamben til Fagereggi og vidare over Fjærlandssete og Lerheimstølen og ned til Lerheim. Då fekk du også god trening i å brøyta løype som andre drog nytte av seinare. Men frå Lerheim og heimatt var det gjerne slutt på snøen, og du fekk ei god treningsøkt. Då var det godt å finna sofaen heime og understreka at du hadde teke deg heilt ut! No får vi inn mange treningsivrige folk i dei nye hyttene. Skal vi invitera til ein »mimretur» for dei mest interesserte?


STORT UTVALG & GODE PRISER til hus og hytte

Velkommen til oss på Kaupanger! 3000 m2 med møbler og interiør i alle prisklasser og stiler. Vi kan innrede hytta for deg! Ta med tegninger eller mål, så kan vi hjelpe deg med å få det akkurat slik du kunne tenke deg!

SOGN Kaupanger – Tlf. 57 67 74 40 ÅPENT 10-19 (16)

Hodlekvemagasinet

9


Hodlekvemagasinet

10

Me satsar og held ope kvar dag i vinter! Sogndal Skisenter Hodlekve utvidar denne sesongen opningstidene. Frå og med julaftan vert det ope kvar dag fram til og med påsken.

To dagar ekstra

Det er Holentrekket og Toyota barnetrekk som vil vera ope kvar dag. Dermed utvidar me vårt tilbod kraftig denne sesongen. I vårt midtveketilbod vil det også vera kveldskøyring i Hodlekvetrekka kvar tysdag, torsdag og fredag. Gje tilbake I helgar og feriar vil også Kalvavatnisamt Hodlekvetrekka vera opne på dagtid slik som før. Me meiner at tida er inne for å prøve ut med ope kvar dag. Dette vonar me er attraktivt for dei som kjøper sesongkort. Vidare vil dette gje eit endå betre tilbod til hyttefolket. Me ser det er ein aukande trend at hyttefolket gjerne jobbar frå heimekontoret, eller hyttekontoret om du vil. Me ser også at det er ein auke i tal skuleklassar frå fjern og nær som kjem på vitjing midt i vekene. Når ein har ferie er alle dagar like. Det kjem stadig fleire skituristar frå inn- og utland som legg turen til oss. Skal me gje desse eit godt tilbod må me ha ope alle dagar.

Tidlegare år har me måtte sende turistane i langrennsløypene på måndagar og tysdagar, det har ikkje alltid vore like kjekt.

Krevjande økonomisk

Ei slik satsing kostar sjølvsagt ein del. To dagar ekstra med personale og preparering er ikkje gratis. Me har trua på at dette vil gje oss ei god auke både i sesongkortsalet og i salet på fleirdagarskorta retta mot turistane.

Til familiane

Denne sommaren har me bygd den fyrste grøne nedfarten hjå oss. Dette gjer me for å nå eit breiare publikum, der me trur at spesielt barnefamiliar vil ha mykje glede av dette tilbodet. Løypa har ei snitthelling på ca 10%, og strekkjer seg frå toppen av Holentrekket og ned til botnen av Kalvavatnitrekket. Neste sommar byggjer me denne løypa vidare heilt ned til Dalalåven, men allereie denne sesongen vil det vere ei lett løype frå Kalvavatni og ned.

Skiinstruktør

Tonje Norheim Tangerud er kjent for dei fleste lokalt. Den meritterte alpinisten er no tilsett på deltid hjå Sogndal Skisenter. Tonje jobbar hjå oss som aktivitør. Ho har ansvar for aktivitetar og

konkurransar i bakkane våre. Dette er eit tilbod me har utarbeidt dei to siste åra, og som er veldig populært både for liten og stor. Utanom arrangementa tek Tonje oppdrag som skiinstruktør hjå oss. Alt i alt er dette eit viktig steg i satsinga me gjer for familiar. At me no vel å ha ope kvar dag frå juleferien til og med påskeferien meiner me er eit steg i rett retning. Me ønskjer også ein meir familievenleg profil på tilbodet vårt som me trur vil bli godt motteke. Laussnøen er me prisgjeven, men me ynskjer å nå breiare ut slik at endå fleire skal få ta del i den gode skiopplevinga. Vel møtt til endå fleire dagar på ski , og me ynskjer deg den beste sesongen nokon sinne. Beste helsing Sogndal Skisenter Drift


Hodlekvemagasinet

11

På tide å skifte dei gamle halogenspottane? Moderne LED-spottar er tryggare, gir betre og finare lys og brukar langt mindre energi. Fiks ferdig installert med ny dimmar: kr. 799,- pr. spot ink. mva. Tilbodet gjeld i indre Sogn og inkluderer alt materiell og arbeid. Forutset byte av eksisterande lamper med same holdimensjon. Evt. omtrekking er ikkje inkl.

SOGNDAL | GAUPNE | VIK | LEIKANGER

Årøyvegen 14, 6856 Sogndal | telefon: 57 67 75 00 www.holen-installsjon.no | post@holen-installsjon.no


Privat og proffmarked

Hus og hytte

www.neumann.no

Me leverer alle typer

Hodlekvemagasinet

12

MATERIALE TIL HUS OG HYTTE

Me er stolt hovudsamarbeidspartnar til

808 Gjendebu

Mørke vegger, lyse tak og golv på hytta.

Beisar du veggene i ein mørk transparent farge vil du få ein lun og god atmosfære. Kvite paneltak og mørkbeisa For at alt skal henga saman, dører, karmar og takbjelkar i kan det vera fint å måla takbjelkar, golvlister, karmar same fagre som vegg er og dører i same farge. lekkert på hytta. Lyse tak gjer at dagslyset kan spegla No har me fått måling frå seg i taket og får lys inn i hytta. Lyst tak vil forlenga Nordsjö, og me hjelp deg takhøgda utan at det vert gjerne med både små og store prosjekt. tungt og mørkt i hytta.

Kontakt oss på

neumann.no/kaupanger

Me hjelpar deg med å finne rett peis! Vi har peiser frå Nordpeis og Jøtul.

Følg oss på Facebook

/Neumannkaupanger


Privat og proffmarked

Hus og hytte

RAW FABRIKKMALT KLEDNING - GJØR ARBEIDET LETTERE.

www.neumann.no

RAW SORTIMENT • 19x148 mm D-fals Gammel type 28º grunnet

• 19x148 mm D-fals Gammel type 28º mellomstrøk • 19x148 mm D-fals Ny type 60º mellomstrøk

PEFC/03-31-41 www.pefc.org

Det du treng. Når du treng det.

Våre leveransar, frå tilbod til gjennomføring, skal vere oversynlege og komplette. Riktige produkter skal leverast til rett tid, og skape tryggleik og vere føreseieleg. Me gjer det me kan, så du kan gjere det du kan best! RAW SORTIMENT • 19x148 mm D-fals Gammel type 28º grunnet • 19x148 mm D-fals Ny type 60º grunnet • 19x148 mm D-fals Gammel type 28º mellomstrøk • 19x148 mm D-fals Ny type 60º mellomstrøk

Kom innom og sjå vårt store utval av RAW parkett og laminat! PEFC/03-31-41 www.pefc.org

NEUMANN KAUPANGER Kloppenvegen 7 kaupanger@neumann.no tlf 57 67 75 20

Opningstid: Mandag - fredag kl. 06.30-16.00

Me er proffens leverandør! Gode tenester, fokus på kunnskap, og gode relasjonar -da vert det bra!

13 Hodlekvemagasinet

RAW FABRIKKMALT KLEDNING - GJØR ARBEIDET LETTERE.

• 19x148 mm D-fals Ny type 60º grunnet


Meny sogndal -Din ferskvarespesialist i Sogn! Hodlekvemagasinet

14

- Største utvalet i fylket - Nysteikte brød og bakevarer heile dagen - Ferskvarediskar som bugnar av fersk fisk og kjøt - Butikkpakka ost og andre godbitar i ferskvaredisken

08-23 (08-21) Søn 10-22 Tlf. 57 67 69 50

MENY Sogndal

MENY.no


Sogndalsfjøra

www.havnen.no Telefon 908 27 344

Havnen Anlegg as Din merkevarebutikk i Sogndal

Skarpeteigvegen 13

Tlf. 57 67 27 20 • Hovevegen 10

6854 Kaupanger

15 Hodlekvemagasinet

PLATEARBEID VANNSKJÆRING MASKINERING SVEISING

Vi har utført prosjektering av vegar, vassforsyning og avløpsanlegg og hatt byggekontroll/-leiing for utbygginga i Hodlekve.

Installasjon service Besøksadresse: Vangestadvegen 2, Kaupanger | Tlf: 57-67 86 32- vedlikehold | E-post: post@wsaethre.no | Web: www.wsaethre.no

Vi produserer og leverer skreddarsydde beslag, pipebeslag og takhetter i lakkert wsaethre.no stål, aluminium, kobber og sink.

Taktekking - beslagsarbeid

Besøksadr.: SOGNDAL • Vangestadvegen 2, Kaupanger Postadr.: Postboks 92, 6851 Sogndal Tlf.: 57 67 86 32 • Telefax: 57 67 87 42 E-mail: post@wsaethre.no www.wsaethre.no Bankgiro: 3705 04 53562 Org. nr.: 983 632 963 MVA

Lagerførande leverandør av takrenne i aluminium og stål. Alt i ventilasjon. En miljøbedrift

Et sunt innemiljø Prosjekterende – Utførende

Naturlige materialer Kobber – Zink – Aluminium


Ét godt i Sogndal 1 På Caffé Prego kan du ete lunsj frå ein rikhaldig meny av pastarettar, salatar, smørbrød, dagens suppe, og smoothies, eller du kan nyte ein god kopp kaffi i pausen på handleturen. 1 På Go`biten (lokalt; Menykafeen) står dei og steiker hedlekaker (pannekaker), som er «grueleg godt» med smør og sukker. Kafeen har veldig mykje anna godt også; bakevarer, kaker, heimelaga tradisjonsmat. 1 Cafè Sogningen, eller Domuskafeen som vi kallar den lokalt, serverer både tradisjonell norsk kost – i solide porsjonar, pizza, pitakebab og knallgode heimelaga kaker.

Hodlekvemagasinet

16

1 Subway Amfi Sogningen Sandwichkjeda Subway held til i Amfi Sogningen. Dei tilbyr subs og salatar med grønsaker, nybakte brød og mykje godt tilbehør. Alt vert laga på bestilling.. 2 Restauranthuset Malin held til i Sogndal Kulturhus og innheld China House med tradisjonelle kinesiske rettar, Malin Steakhouse, Malin Sushi og Malin Hotpot. Her er det i tillegg buffet og noko for alle. Restauranten har også takeawaymeny. Tlf. 57 67 87 00.

3 Dampskipskaien Storslagen utsikt med føtene planta i Sognefjorden. Dampskipskaien er på kort tid blitt ein favoritt blant mange. Ikkje ufortent. Ein heimekoseleg serveringsstad, ofte med pubquiz, konsertar eller andre temakveldar. Med Sognefjorden som næraste nabo, får du servert kortreist mat gjerne med internasjonal vri, kortreist god stemning med eit smil. Vel møtt til Dampskipskaien der fjorden møter skibygda. 4 På Pizzabakeren i Fjøra kan du velge frå ein rikhaldig meny og ete god pizza inne og ute, eller bestille og ta med. Vi leverer gjerne på døra, same kvar du bur. Ta kontakt på tlf. 57 67 86 00 5 Vågal Burger and Gin på Quality Hotel Sogndal er spesialistar på gourmet hamburgar av Angus storfe frå Vestlandet. Her kan du tirre smakslaukane dine med ein saftig burgar med tradisjonelle, spicy eller dristige kombinasjonar. 5 Restauranten La Pergola på Quality Hotel Sogndal serverer ei rekkje freistande italienske rettar, både pasta, fisk, kjøtrettar og sjølvsagt italiensk pizza.

LEGESENTER

1

BUSS/TAXI

4 5


4 Hodlekvemagasinet

17

2

3


Tips til barmarkstrening før snorkelføret kjem Ynskjer du å få mest mogleg ut av vintersesongen i alpinbakkane eller i laussnøen? Då er førebuingane viktige. Eit riktig treningsgrunnlag gjev deg ei endå betre skioppleving. Tonje Nordheim Tangerud har fortid som landsalagsalpininst, ho jobbar i dag som skilærar og er leiar i Sogndal Idrettslag. Her får du treningstipsa ho sjølv nyttar.

Hodlekvemagasinet

18

Utetrening: Stad: Kvåle Stadion Utstyr: treningsklede og gode sko Typetrening: Spenst og styrke trening Varigheit: 1 time - Varm opp med lett jogg 15-20 min - 5 x 40 meters stigningsløp på løpebana (gradvis auking av fart) Gå sakte tilbake til start og spring med ein gong - 3 x 15 utfall. Kvart bein og til alle 4 sider. - Lett jogg rundt bana 400 meter - Tøyg lett og gjer deg klar til å bruke tribuna - Hockey hopp: 3 gonger opp tribuna. Hopp sakte opp kvart trinn på tribuna. Juster etter form. God form bruk dei største trinna , nybyrjar eller i litt mindre god form bruk dei minste trappene. Viktig her er å fokusere på rett teknikk. Stram magen og ryggen og ha armane framføre deg som om du sit i hockeyposisjon. Senk deg sakte ned til hockeyposisjon og hopp raskt opp til neste trinn. Ver lett på foten når du landar og gå sakte og kontrollert ned til utgangsposisjon. OBS Viktig. Pass på at kner ikkje er mykje over tå. Heile hoppet skal vera kjempe kontrollert. Er trinna for store til din teknikk så bruk dei minste i starten. - 1 beinsløft. 3 gonger opp tribuna. Gå sakte opp tribuna med lange kontrollerte steg. Tenk at du skal løfte kroppen

din opp med eit bein. Juster vanskelegheitsgrad med å ha lengre avstand mellom beina. Når du går ned att tek du annakvart bein sidelengs nedstigning. Stå på eit bein sidevegs og senk deg ned til neste trinn. Hugs sakte nedsenkning kontrollert! - Hurtig hopp 3 gonger opp tribuna. hopp så fort du kan opp tribuna. Tenk hurtigknebøy - Spring 2 gonger opp tribuna so fort du klarar. Gå sakte ned att. I mellom alle seriane tek du deg litt tid til å få beina klare att. Drikk litt og rist litt laus. Anbefaler ikkje for mykje springing etter denne økta. Lat muskelfibrane få «godgjere» seg Økt 2 Utetrening: Stad: Høgskule trappa Utstyr: treningsklede og gode sko Typetrening: Spenst og anarob trening - Ta ein gå/lett jogge runde på 20 -30 min - 3 x 15 utfall. Kvart bein og til alle 4 sider - Tøy lett i 5 min - Gå raskt opp trappa 2 gonger - Hopp 1 og 1 trinn opp trappa 2 gonger - Hopp 2 trinn opp og 1 ned halve trappa 2 gonger - Hopp sidevegs opp trappa 1 på kvar side - Spring opp trappa 2 gonger raskt - Avslutt med hockey stilling i 2-5 min. Avhengig av kor god form du er i. Økt 3 Innetrening: Utstyr: Hoppetau, matte , benk eller hoppekasse/boks treningsklede og gode sko Typetrening: Spenst og styrke trening - God oppvarming 15-20 min

- 3 gonger 1 minutt hoppetau - 3 gonger 1 minutt situps. ( ikkje beina i ribbevegg) - 3 gonger 1 minutt ryggheving( ligg på magen og løft overkroppen. Slapp av i beina og kjenn at det er ryggmuskulaturen du brukar) - 3 gonger 10 armhevingar (eller det du brukar å gjera) - 3 gonger 1 minutt slalomhopp( bruk benk eller boks til å hoppe opp på sidevegs på kvar side av benken. Opp på benken og ned på andre sida. Desse skal vera raske. - 3 gonger 10 hopp opp på høgboks/bukk. Hurtig hopp opp og land lett på tå og senk deg sakte ned i hockeyposisjon - 3 gonger 1 minutt situps her fokuserer du på sidemuskulatur og nedre mage. ( ikkje beina i ribbevegg) - 3 gonger 1 minutt ryggheving( ligg på magen og løft overkroppen. Slapp av i beina og kjenn at det er ryggmuskulaturen du brukar) - 3 gonger 10 armhevingar (eller det du brukar å gjera) Tips: Det er viktig med god tid i mellom spenst seriar. Ta gjerne andre muskelgrupper mellom øktene. Til dømes mage eller rygg. Ikkje kombiner alle desse øktene i periodar der du trenar hardt utholdenheit. Legg inn 1 til 2 lette styrkeøkter når du trenar uthaldenheit. Du kan bruke motbakke gåing i styrkeperiodar og du kan ha intervalltrening. Til dømes 30 sek springing og 30 sek pause. Prøva å finn ein fart som du kan halde ut i. Eg pleide å springe på bane slik at eg merka av kor langt eg skulle springe. Lettare å halde farten følte eg. 15 gonger og så med 5 min pause og så 15 gonger att. Veldig effektiv økt.


Hodlekvemagasinet

19


Då Findal og Bratlie var p

Skifolket ventar på snøen, naturleg nok. st: ar Slik også langrennsutTek Nav øvarane gjer. Og i Hodlekve Jon plar det vera gode tilhøve i god tid før jul. For oss som var aktive på 1960- og 70-talet er det artig å sjå tilbake på dette med smørjing av ski. Smørjekofferten er av ein heilt annan dimensjon i dag enn kva han var då me gjekk langrenn. Hugsar godt at Bratlie hadde eit par gode vokssmurningar på kaldt føre, særleg viss det var nysnø. Findal vart brukt mest for å få betre glid, i lag med parafin- og sølvvoksen. Også Record kunne vera god i lag med sølvvoksen for å betra glien. Swix var naturlegvis det vanlegaste, før Rex og Exelite dukka opp og gjorde det heile til ein liten vitenskap. Lysløype i 1986-87 Langrenn i Hodlekve vart det skikkeleg fart over då lysløypa stod klar på 1986-87. Også byggjnga av SIL-hytta i 1978-79 hadde mykje å seia for skisporten i Hodlekve den gongen. Etter kvart har langrennsporten fått svært gode tilhøve der, ikkje minst med gode snøtilhøve i god tid før jul. I dag er det godt preparerte løyper, alt frå 2-3 kilometer til 10 kilometer. Eit flott anlegg som nok vil bli utvikla enno meir i takt med utbyggjinga elles i Hodlekve. Kolbjørn Henjum frå Leikanger var ein av dei unge, lovande løparane på 60-talet. Og han tilhøyrer den harde kjerne av godt vaksne langrennsløparar som framleis held det e set

Hodlekvemagasinet

20

gåande. For han og systrendingane var Reidar Eggum, eller «Mora-Nisse» som dei kalla han, den som stod for smørjing av skia. Han var med også då Helge Sjur Eggum var hard konkurrent for Willy Ljøsne og meg i vår årsklasse.

Smørjeekspertar

Me hadde Odd Ljøsne og Olav Navarsete som smørjeekspertar. Ingen ting var overlete til tilfeldigheitene. - Reidar bomma aldri, sjølv ikkje på nullføre. Me var fire-fem gutar i Syril som reiste i lag på renn. Då var det godt å ha Reidar med. Me stola fullt og heilt på han, fortel skiveteranen som har vore busett på Hamar dei siste 50 åra. Han har gått Birken og Vasaloppet fleire gonger, så formen er framleis god. Til vinteren er det på´an igjen. - Langrenn blir eg visst aldri ferdig med. Ein gong skientusiast, alltid skientusiast, humrar Kolbjørn som har opplevd det meste med ski på beina. Den utflytte systrendingen har gode minne frå ungdomsåra med langrenn. Renn i Ytre Sogn var synonymt med langtur på 60-talet. - Hugsar eit år me gjekk renn i Høyanger. Fem gutar frå Syril. Per Høgheim, Ingemår Hamre, Knut Jarle Krosshaug, Svein Inge Frækaland og eg. Syril-gutane gjorde nesten reint bord og var strålande nøgdeer. Reiste med

båt dagen før og klarte oss på eiga hand. Me gjekk 2-kilometeren, og så var det å koma seg på båten heim att til Leikanger, fortel Henjum.

Hard konkurranse

- Eitt år var me ein sterk trio som vann alle renna i kvar vår klasse her i fjorden. Sogndal-duoen Finn Egil Skjeldestad og Rolf Navarsete var gode løparar. Og i 1947-klassen var det lenge hard kniving mellom årdølen Jarle Nundal, balestrendingane Harald Thorsnes og Jarle Midtun mot Syril sin Terje Talle, fortel Kolbjørn Henjum. Han legg til at «Teggus» Talle seinare vart ein svært god løpar, også i nasjonale renn. Då Talle var i skiløparkompaniet i Garden i 1967, var han heime i romjula som skiinstruktør for oss unge løparane i Sogn. Det var tre dagar med instruksjon og finsliping av teknikk med vårt store førebilete. Gjesthaugen skule var base, og nede på flatene ved Orrestad var 25-30 tals løparar i full aktivitet. Kolbjørn Henjum fortel meir frå langrenn på 1960- og 70-talet. - - På jentesida var det gjerne få som gjekk langrenn på den tida. Heidi Hamre og Kari Lise Meland (Svedal) gjekk med oss nokre år, blant anna på Gravensteinstafetten. Dei var allsidige og flinke idrettsjenter. Etter kvart var også lustrajenta Brita K. Leirdal ei trufast jente i langrennsøypene. Langrenn i Gravensteinsgata For 50-60 år sidan var det gjerne full aktivitet frå tidleg i desember. Terminlista synte rennstart samstundes med advent, og med løyper heilt nede i bygdene her ved Sognefjorden. - Me gjekk i sentrumsgatene og på inngjerdet i Gaupne og Sogndal, og på Systrond var det start og innkomst ved stadion og vidare gjennom

Tre som var sentrale i dugnadsarbeid i langrennsgruppa på 1980-talet. Odd Andersen, Rolf Inge Torstad og Torleif Søreid. (Foto: SA)


ar på moten

Tre gode langrennarar etter stafett på Vestlandsmeisterskapen på Voss i 1968. Jens Lerheim, Anders Kvåle og Rolf Navarsete. (Foto: privat)

frukthagane i området. Trur faktisk me gjekk forbi epletrea hans Endre og, smiler Henjum. I Sogndal var Gravensteinsstafetten svært populær frå 1964 til 1968. Løypa med start i gata ved kommunehuset gjekk gjennom frukthagane, inn forbi meieriet, ut på Elvabakken, gjennom Fosshagen og forbi Trudvang ned att til kommunehuset. Særleg stor var deltakinga i bedriftsklassane med innpå 50 lag frå ulike bedrifter i bygda. - Hugsar godt den løypa gjennom frukthagane der me klaug over nedfelte gjerde. Syril hadde fleire gode løparar på den tida. Men hugsar me fekk hard konkurranse frå Bjørn med Anders Steinar Molland i spissen. Kolbjørn Henjum har god kontakt

Skikarusellen i Hodlekve har lange og gode tradisjonar. Her er Kjell Skjeldestad, Oddbjørn Bukve og Jarle Skartun saman med fem unge, ivrige skiløparar. (Foto: SA)

med mange av konkurrentane frå 60-talet. Fleire reiser saman til langløp rundt om i Europa, og kvar sommar møtest fleire med langorven når det er slåttetid. -Tistel-karane frå Vik er nokre skik-

kelege tigrar med ljåen. Nett like sterke som dei var i langrennsløypa, avsluttar Kolbjørn Henjum. No ventar han berre på den første snøen.

Hodlekvemagasinet

21


Jao oss faor du innmaten te hyttao di. Kjøkenutstyr, glas, servise, møblar m.m.

BADEMILJØ Bent Vikøren AS 10

ÅRSI ANT GART BAD TET

AMFI Sogningen • tlf.: 57 67 18 80 • www.traktoren.no

ÅRSI 1G0 NT ARABAD TETT

Vi prosjekterer, teiknar bad og utfører alt av røyrleggjararbeid. Ta kontakt for avtale. Opningstider: Månd-onsdag og fredag 09.00-16.30 Torsdag 09.00-17.00 Laurdag 10.00-15.00 Ta kontakt for avtale utover opningstider.

Ingen jobb for liten – ingen jobb for stor Vangestadvegen 4 tlf.: 952 13 717 6854 KAUPANGER

Hodlekvemagasinet

22

Vi hjelper deg med å realisere hyttedrømmen i Hodlekve!

Opplev Tindekvaliteten!

ODD-RUNE FLO Hyttekonsulent odd.rune.flo@tindehytter.no +47 906 20 299

KOM I med f. eks E-Motion

MÅL

Y-Design understell

Velkomen innom for ein behageleg og god frisørbehandling, rettleiing eller kjøp av kvalitetsprodukt. Du finn oss i Parkvegen 13 eller Fixit.no Telf: 57 67 10 10 Helsing den glade gjeng på Produsent og hovedleverandør:

Skjeldestad

Skjeldestad kontorspar AS Fossetunet 1, 6856 Sogndal


Sogndal • Tel. 95 94 29 54 • E-post: e.e.holme@gmail.com

HISUND ATV og UTV – maskiner til jordbruk, jakt og fritid

Vinsj, kulekrok m.m Kun Kr. 77 900

Sogndal •UTV Tel. 95camo 94 29 54 • E-post: e.e.holme@gmail.com HS590 T1 traktorreg.

Vinsj, kulekrok m.m Kun Kr. 115 900

Velkommen til julebord på Malin I desse corona-tider er det godt å ta med firmaet, vennegjengen eller storfamilien til eit julebord på Malin. Vi tilbyr god, tradisjonell julemiddag i restauranten eller i eige avlukka areal (ein meter avstand).

Ta kontakt med oss på post@restauranthusetmalin.no eller mob. 464 47 700

PS!

Vi er opptekne av å halde smittevernreglane og vil tilpasse maks. talet gjester til lokalet.

Kaupanger – tlf. 57 67 16 22 • www.maskinsenteret.com

AMFI Sogningen

23 Hodlekvemagasinet

HS550 ATV – T3 -traktorreg.


Hodlekvemagasinet

24

Enkle førebuingar til skisesongen Anten du skal gå langrenn i oppkøyrde løyper, fjellturar eller toppturar er det stort sett dei same tinga som skal til for å få ei best mogleg oppleving. Det heiter seg at du blir god på det du gjer mykje, og slik er det her og. Tommy Harjo er leiar i Sogndal IL langrenn, her fortel han litt om førebuingar ein kan gjere for å få eit godt grunnlag for ein lang og god skisesong. – Både langrenn, fjellturar og toppturar varer lenge, så kondisjon er ikkje til å kome utanom. Hausten er som regel ei fin tid for turar i fjellet og desse turane vil ein ha mykje att for, når viteren kjem. Dersom du skal gå fort i langrennløypene eller opp bratte fjell, så må du nok legge til ein joggetur i ny og ne for å kjenne intensitetsnivået, men for den jamne mosjonist dannar kondisjonen frå vanlege fjellturar ein god basis for skiturane om vinteren, forklarar han, og legg til: – I tillegg til kondisjon er styrke og balanse viktige ingrediensar for å heva opplevinga. Berre litt ekstra styrke kan vera det som skal til for og handtera dårleg feste, bratte bakkar eller skarpe svingar og plutselege humpar. Balansen er også veldig viktig, og ein god balanse saman med ekstra krefter kan vera det som hentar deg inn når spora plutseleg svingar litt brått, eller bakken forsvinn litt under deg i ei utforkøyring.

– Først og framst bør dei aller fleste trene kjernemusklane og dei store muskelgruppene. Med knebøy, utfall, armhevingar, situps, rygghevingar og planke kjem ein langt. Med små justeringar kan alle desse også gjerast som balanseøvingar. Løft ei hand eller fort i plankeøvinga, ta knebøy og armhevingar på balansebrett eller eit par puter. Alt dette kan du gjere framfor TV også. Kven har sagt at TV-sjåing ikkje kan vere sunt, seier Tommy. Skal du høgt opp og køyre fort ned bør du legge inn nokre ekstra rundar med beinøvingar, medan du som skal gå i langrennsløypene kan prioritera over-kropp og armar. – 20 utfall er sjølvsagt ikkje mykje samanlikna med dei hundre- og tusentals repetisjonane du tek på ein skitur, men grunntreninga gjer deg i stand til å vera litt sterkare og raskare i kvart steg, og saman med kondisjonen du har fått på fjellturane no i haust, så bidreg dette til at vinteren vert endå flottare.


sporty fjelltun i Rindabotn

Fritidsleilegheiter med fokus på trivsel

Sogndal Skisenter, Hodlekve, takkar alle som bidreg til å realisera

«Eventyret Hodlekve»

spesielt hovudsponsorar som er: ABOTN FJELLTUN ER DETvåre NYE UNIKE GETUNET I RINDABOTN

fekt for familien, perfekt for utleige. Hyttene er i ein moderne stil med nyte synet av pudderdansen eller ettermiddagssola. Alle står på pelar ådet. 2 Rindabotn er den nye hotspoten i laussnøhovudstaden Sogndal. kling, ikkje berre for laussnøbikkjer, men også turfolk, born og familien. lass for din andre heim.

m | Soverom: 3 | Pris fra kr: 3 500 000,–

med takoverbygg og gode planløysingar innvendig gjer at ein kan nyta livet i eit ski-eldorado om vinteren og eit tur-eldorado om sommaren. Med realiseringa av «Dalalåven» er Hodlekve i ferd med å vekse seg til eit fantastisk område både for ski-entusiastar og barnefamiliar.

BRA: 78 m2 | Soverom: 3 | Pris fra kr: 3 090 000,–

| Pris fra kr: 3 500 000,–

Fjørevegen 19, 6856 Sogndal Tlf: 917 90 817 | sogndal@boligpartner.no

Fjørevegen 19, 6856 Sogndal Tlf: 917 90 817 | sogndal@boligpartner.no

FINN-kode: 126313319

25 Hodlekvemagasinet

inn/ut og plassert i umiddelbar nærleik av hovudnedfarten i skianlegget, vert dette ein s hyttedraum for sportsfamilien. Dei 21 hyttene får alle 3 soverom, hems/loftstove, carport ve/kjøkenløysing, perfekt for familien, perfekt for utleige. Hyttene er i ein moderne stil med dusflater der ein kan nyte synet av pudderdansen eller ettermiddagssola. Alle står på pelar flott overUNIKE området. Rindabotn er den nye hotspoten i laussnøhovudstaden Sogndal. LTUNutstikt ER DET NYE OPPLEV HODLEKVE PANORAMA RINDABOTN Hodlekve Panorama eit leilegheitsprosjekt medborn fantastiskog utsikt og beliggenheit midt i Sogndal egg under stadig utvikling, ikkje berre for laussnøbikkjer, menerogså turfolk, familien. Skisenter Hodlekve. Kvar leilegheit har balkong og utvendig sportsbod. I dette prosjektet har vi hatt umiddelbar nærleik av hovudnedfarten i skianlegget, vert dette ein fokus på minimalt vedlikehald og høg standard. Tiltalande fasadar i karakterstil, romslege balkongar Skisenter er ei trygg plass for din andre heim. rtsfamilien. Dei 21 hyttene får alle 3 soverom, hems/loftstove, carport


Mini-Max i Hodlekve

Hodlekvemagasinet

26

Elevar ved idrettslinja på Helgheim har matpause i Hodlekve vinteren 1972. Det var då Oddvar Uglum dukka opp med det første tautrekket, Mini_max´en. Den spede starten for alpinsporten i Hodlekve.

han og kameratane på Ugla i Sogndalsdalen fekk sjå austerikske skiinstruktørar læra tyske soldatar å stå på alpinski vinteren 1941. -- Dei gjorde store auge då dei fekk sjå våre heimelaga ski med reimabindingar. Dei hjelpte oss med utstyret og lærde oss korleis me skulle svinga på ski. Det var i grunnen starten på alpinsporten her i området, fortel Oddvar Uglum. Han nemner og Hans Faleide som lærte alpinsporten å kjenna som student i Oslo på den tida. Heime i Sogndal vart det arrangert trening og renn både på Fagereggja og i Kamben. Då Uglum byrja utprøvinga av skitrekket sitt kring 1970, var det utøvarar frå Syril, Høyang, Sogndal, Hafslo og Jotun som dominerte i alpinløypene. På Leikanger var Lars Håkon Seim komen til bygda, og vossingen fekk raskt med seg ungdomane i løypene på Kleppa. Svein Inge Henjum, Bjarte Melås, Åge Jørgensen, Magnar Aam, Knut Hegbom og Kjell Geir Henjum var ein sterk syriltropp, medan Ottar Uglum, Erik Skjeldestad, Oddvar Fimreite og Josetin Reppen forsvarte sogndølene sine fargar.

Alpinsport i Sogn Hodlekve er eit eldorado for skientusiastar for tida. Fjella fremst i Sogndalsdalen byr på allsidige utfordringar. Det starta for alvor i slutten av januar for 40 år sidan. Me sat i botnen av Hodlekve-bakken og slappa av med nistepakken og kakao i koppen. Slalåmskia stod oppstilt elangs løeveggen. 22 elevar på idrettslinja ved Sogndal Folkehøgskule med skilærar Edvin Myklestad som kyndig instruktør. Overraskinga var stor då det dukka opp ein kar med masse tau og ulike remediar som han la frå seg i vegen nedanfor.

Unikt skitrekk

Edvin forstod straks kven og kva dette var, for Oddvar Uglum hadde prøvekøyrd det unike skitrekket på Skjeldestadmarkene åra før. Då var også borna Marit og Ottar og naboane Ingebjørg og Erik Skjeldestad med som prøvekøyrarar. Dette var forløparen til Mini-Max, eit tautrekk av det enkle, men geniale slaget. No skulle han Oddvar montera nyvinninga i bakken me hadde trakka etter beste evne. Det var starten på det som er Hodlekve skisenter i dag. Ein revolusjon for oss den gongen. Å ta tak i tauet med ein finurleg patent av ein krok som gjorde at me vart dregne opp bakken. Ein sensasjon. -- Eg hadde sysla lenge med idéen om å laga eit skitrekk. Det starta i bakkane på Skjeldestad, seinare prøvde me det både i Kamben og på Fretland. Og etter kvart vart tautrekket lengre og lengre i Hodlekve, i beste Petter Smart-ånd, før den permanente Poma-heisen vart montert i god tid før junior-NM i alpint vinteren 1980.

Austerrikarar som skiinstruktørar

Oddvar Uglum fortel vidare med innleving om då

I Høyanger var det eit godt alpinmiljø med Bjarte Solås, Helge Lønne, Geir Breidablik, Ståle Thorbjørnsen og Erik Øren blant dei beste i skikinsen. På Hafslo heldt Gunnar Alme, Svein og Odd Bjarne Solheim framleis liv i ein sterk alpintradisjon. På Leikanger hadde vossingen Lars Håkon Seim skaffa til vege eit skitrekk. -- Det vart liv i leiren då dette kom for ein dag. Gamlekarane stilte saman med gutungane og sette i gang med rydding av løypa. Dermed kunne Seim´en få start på Sachs-motoren med wire og det heile. Etter kvart kom det eit aggregat på plass slik at me fekk lys óg. Det var storveges, fortel Svein Inge Henjum, ein av dei aller ivrigaste, og beste i alpinbakkane kring 1970. Alt dette var starten på ein stadig meir aktiv periode for

Øvstetun og Veum var gode namn i alpinsporten på 1980-talet.


e

Slik var deler av køen då Poma-liften var på plass, vinteren 1980.

alpinsporten. I Sogndal skaut dette ekstra fart då SIL-hytta og veg til Hodlekve kom på plass fram mot 1980. Då kom sterke løparar som Helge Olsen, Dag Rune og Erik Stedje og Olav Asle Øvstetun fram med gode resultat. FAKSIM

ILE:

Junior -

Jan Ste NM i Hod le d ra junio je og Co søk kve 1980 te og f r-NM i e a 1980, samstu lpint i Hodle kk arrangendes s kve vin på pla om Po teren ss. manår me Heisen står den da heisen kom ser de g n skispo rt i om enorme inte i dag, og rådet, r e at den ssa for er d neste u a tbyggji et grunn til å lpin hjørne t. 600 n t g ru a er li da i Dags revyen gskort sist h ke rundt elg ib reporta sje om este sendetid , reportasje i Aften pudde , to-sid po rp e sterkt v sten sist ons aradiset i Ho rs dlekve dag, fo eksand r e inter av spo esse fo tel om ei rte r denn kan de n. Blir det h ed yt t bli sto re dim teubyggjing elen tenkja en og på foten a , snart 50 år sjonar. Litt ra så, rt å v Hodle etter a t me sa Oddva k t r Uglum ve-bakken o g lurte ved hadde p å tenkt å setja i kva gang.

Tekst: Jon Navarsete

Hodlekvemagasinet

27


RINDABOTN FJELLTUN Unikt sporty fjelltun i Rindabotn

I sal frå 1. desember

Hodlekvemagasinet

28

RINDABOTN FJELLTUN ER DET NYE UNIKE KLYNGETUNET I RINDABOTN Med ski inn/ut og plassert i umiddelbar nærleik av hovudnedfarten i skianlegget, vert dette ein makalaus hyttedraum for sportsfamilien. Dei 21 hyttene får alle 3 soverom, hems/loftstove, carport open stove/kjøkenløysing, perfekt for familien, perfekt for utleige. Hyttene er i ein moderne stil med store vindusflater der ein kan nyte synet av pudderdansen eller ettermiddagssola. Alle står på pelar og gir ei flott utstikt over området. Rindabotn er den nye hotspoten i laussnøhovudstaden Sogndal. Eit skianlegg under stadig utvikling, ikkje berre for laussnøbikkjer, men også turfolk, born og familien. Sogndal Skisenter er ei trygg plass for din andre heim.

BRA: 78 m2 | Soverom: 3 | Pris fra kr: 3 500 000,–

Fjørevegen 19, 6856 Sogndal Tlf: 917 90 817 | sogndal@boligpartner.no


HODLEKVE PANORAMA Fritidsleilegheiter med fokus på trivsel

OPPLEV HODLEKVE PANORAMA Hodlekve Panorama er eit leilegheitsprosjekt med fantastisk utsikt og beliggenheit midt i Sogndal Skisenter Hodlekve. Kvar leilegheit har balkong og utvendig sportsbod. I dette prosjektet har vi hatt fokus på minimalt vedlikehald og høg standard. Tiltalande fasadar i karakterstil, romslege balkongar med takoverbygg og gode planløysingar innvendig gjer at ein kan nyta livet i eit ski-eldorado om vinteren og eit tur-eldorado om sommaren. Med realiseringa av «Dalalåven» er Hodlekve i ferd med å vekse seg til eit fantastisk område både for ski-entusiastar og barnefamiliar.

BRA: 78 m2 | Soverom: 3 | Pris fra kr: 3 090 000,–

FINN-kode: 126313319


Med kjærleik til skia

Hodlekvemagasinet

30

– Me elskar å stå på ski. Me har stått på ski sidan me var to år gamle, seier dei to tiåringane Andrine Sjøvoll Øvstetun og Lukas Seielstad Gjerde. Og skal ein ta dei på ordet så er Hodlekve den beste plassen på jorda. – Me ynskjer å stå på ski kvar dag, eigentleg. Heldigvis bur me berre 15 minutt frå skisenteret. Og foreldrene våre, ja heile familien, synest også det er moro. Så då blir det mange dagar på ski her, fortel Lukas. Andrine er i tillegg så heldig og ha eiga hytte med ski inn/ut i Sogndal Fjellandsby, så då er det kort veg heim. – Å stå på ski er det beste eg veit, ingenting er så morosamt som det. Eg kan stå på ski åleina i bakken, når eg vil heim så siglar eg berre ned transportløypa så er eg komen nesten til døra. I hagen vår arrangerer me i tillegg akekonkurransar og grillar. For meg er Hodlekve den beste plassen heilt klart. Men det var utruleg flott at dei bygde Dalalåven, for kakaoen der er kjempegod, hevdar ho.

Trass sin unge alder har dei to entusiastane alt mange års erfaring i bakkane. –Me er heldige som bur her. Det beste med skisenteret er at det alltid er så mykje snø, og sesongen er lang forklarar Lukas. Som har lagt bak seg ein sesong uten skistavar. – Eg vil bli god i parkkøyring, på hoppet og i laussnøen. Derfor trenar eg opp balansen min best muleg, utan skistavar. Me er ein stor gjeng som køyrer mykje saman, der me byggjer ulike hopp ikring det er veldig moro. Andrine satsar for tida fullt som alpinist. Etter og ha knekt koden med å ligge på skjer, så kjem ho dundrande nedover løypene i ein imponerande fart. – Eg likar meg best i dei preparerte løypene. Eg likar at utvalget i skisenteret vert større for kvart år. Det er mange artige og forskjellige løyper, så ein får køyrt mykje forskjellig terreng.


ia

Hodlekvemagasinet

31

–Kva er favorittløypa då? – Eg likar meg best i svarteløypa, eller kanskje noko oppe i Kalvavatni, seier Andrine. –Du veit der borte i skogen, der er det kult i laussnøen, og i «gønnereønnet» på dei store hoppa dei vaksne byggjer, der likar eg meg best konstanterer Lukas. Så er du ny i Sogndal Skisenter, eller kanskje du er nysgjerrig på kvar ein finn dei beste linjene? Sjå etter desse to skikøyrarane til vinteren, er god muleg dei tek deg med og avslørar nokre av løyndomane som ligg der ute. For desse er lommekjendte, desse har peiling, desse er klare for atter ein lang skisesong.


Solskjerming er ein viktig del av hus og hytte!

Hodlekvemagasinet

32

Me har høg kompetanse innan dette faget, og hjelper deg gjerne med innvendig og utvendig måltilpassa solskjerming frå våre solide leverandørar Luxaflex og Royal. Me tilbyr oppmåling utan kostnad. Kom innom for eit uforpliktande tilbod med eller utan montering.

Parkvegen 17, 6856 Sogndal Tlf. 57 67 12 77


Frå venstre: Ørjan, Tormod, Morten og Ingvild

KJØKKEN

Hjå oss finn du eit stort utval av flotte kjøkken. Du kan velje mellom tradisjonelle løysningar i lyse og lette fargar, til meire moderne design med glatte flater. Alle kvitevarer passar perfekt til våre kvalitetskjøkken som har 25 års funksjonsgaranti. Utvalet er stort og me skreddarsyr ditt nye draumekjøkken etter smak og behov. Hjå oss finn du ei stor utstilling med 6 komplette kjøkken og vaskerom. Me tilbyr gratis og uforpliktande teiknetimar. Book ein teiknetime i dag!

Smart Heim

Vi har eit breitt sortiment av smart heim produkt, som kan overvaka bustaden din for brann og innbrot, i tillegg til å gjera kvardagen din lettare.

SUPPORT

Elkjøp er More Than Things. Det handlar om meir enn å kjøpe eit produkt. Du skal bli 100% fornøgd. Me har over 100 tenester som hjelper deg med alt frå heimlevering til reparasjon og support. Frå venstre: Kristian, Marita, Kent Håvar, Oscar og Geir Cato

Gratis parkering og lading av el-bil!

ELKJØP SOGN PÅ KAUPANGER // 21 00 21 21 // OPE: 10-19(16) e-post: storemanager.sogn@elkjop.no

Hodlekvemagasinet

33 33


Har ala fram delikates Du trur det ikkje før du har smakt det! Denne vinteren kjem Dalalåven til å tilby matrettar du ikkje har drøymt om i dine villaste matfantasiar. Her skal du få smaka på plomegris og pæregris alne fram på ein høgdegard i Sogndalsdalen.

Hodlekvemagasinet

34

Korleis situasjonen kring koronaviruset utviklar seg, vert avgjerande for når og korleis det vert høve til å smaka delikatessene som no ligg nedfrosne på ein hemmeleg stad i Sogn. Det som er sikkert er at Dalalåven skal satsa på lokale matrettar, og at det ved einkilde høve skal vera mogleg å få servert middagsrettar av aller ypparste klasse, då med svin på menyen.

Mykje kjærleik

Det er akkurat her pære- og plomegrisene kjem inn. Gjennom sommaren vi no har lagt bak oss har ein liten flokk griser vorte alne fram med frisk dalaluft, mykje kjærleik og plomer og pærer. Det er pærene og plomene som er den store løyndomen, og skal smakssetja kjøtet til kulinariske høgder. Grisen har den eigenskapen at den tek opp smak i kjøtet; det du matar den med, får du att i smak. Berre spør han lenger ute i fjorden som fora grisene sine med fisk rett før slaktetid. Akkurat det gjorde han aldri om att.

Sterkt griselag

Det er gardbrukar Hilde Hofslundsengen Valland som har teke på seg ansvaret med å ala opp grisene for Dalalåven. Grisene har gått fritt innanfor eit stort, inngjerda område høgt over Lauvhaug i den delen av Sogndalsdalen lokalkjende kallar Middalen. Magne Hofslundsengen, Yngve Hallèn og Reidar Dvergedal, alle sentrale i oppbygginga av Dalalåven, har kvar på sitt vis bidrege i prosjektet. Førstenemnde som menyansvarleg dei siste fire vekene før slakting, Hallèn med sine matkunnskapar etter stuerttida i Bergen-Nordhordland Rutelag, og Dvergedal med sine røynsler frå oppveksten på Ølnes der dei fleste gardane hadde sine griser til eigen matauk. Pærene og plomene grisene er fora på er dyrka fram på Leikanger og servert med perfekt modningsgrad.

Utvidar arealet i storstova

Dalalåven vart for liten allereie første vinteren. No vert kafe- og restaurantarealet utvida. Møteplassen for små og store skifok som trekkjer til Hodlekve var stapp full både titt og ofte sist vinter, før koronaviruset sette ein delvis stoggar for all heis- og skisenterdrifta frå midten av mars. No gjer Dalalåven AS grep for å bøta på luksusproblemet. Skisenteret, som fram til no har leigd kontorareal i

Dalalåven, har flytta kontora sine ned i SIL-hytta. Slik får ein meir rom til å ta seg av alle gjestene som strøymer til Hodlekve for å nyta verdas beste snø. Også kjøkenet i Dalalåven vert bygd om, noko som også vil gje litt meir areal til gjestene Så får ein kryssa både fingrar og ski i von om at koronaviruset kjem under kontroll, og at ein kan ha nokon lunde normal drift både i skisenteret og Dalalåven gjennom vinteren som no nærmar seg. For dei som måtte lura: Det skal framleis vera leikerom for dei minste i Dalalåven. Dette har vore eit svært populært tiltak, og då må ein sjølvsagt satsa vidare på komande snøleikarar.


tessegris til DalalĂĽven

Hodlekvemagasinet

35


Hodlekvemagasinet

36

Elektrisk har endelig fått en Mercedes. I helt nye EQC møtes bærekraft, drivkraft og tiltrekningskraft. En helelektrisk bil med overlegen kjørekomfort, for kvalitetsbevisste sjåfører. Leveres med rekkevidde inntil 417 km. Bestill prøvekjøring på mercedes-benz.no/eqc

Nye EQC fra kr 636.900,-. Pris inkl. lev. EQC 400 4MATIC: Rekkevidde inntil 417 km. Gjennomsnittlig elektrisk energiforbruk: 25.0 – 22.3 kWh/100 km. CO2-utslipp: 0 g/km. Elektrisk energiforbruk og rekkevidde er fastsatt i henhold til målemetoden WLTP. Importør: Bertel O. Steen AS. Les mer på www.mercedes-benz.no

Bilhuset Førde AS, Øyrane 6, 6803 Førde, 57724100, www.bilhusetforde.no

Nye Peugeot e-2008 SUV PRØV MEG MED BILHUSET FØRDE AS Pris frå

307.900,REKKEVIDDE 320 KM (WLTP) LEVERINGSKLARE BILAR PÅ LAGER TA KONTAKT MED OSS - KIM RONNY 41 61 62 71

Bilhuset Førde AS, Øyrane 6, 6803 Førde, 57724100, www.bilhusetforde.no


Tørrskodd til Høgehaug I haust vart det arrangert ein storstila dugnad der dei mest våte myrpartia mellom Rindabotn og «Raude Kors kassen» vart kloppa opp. Dette gjer til at ein no får ein mykje meir behageleg tur til fjells. Dette er første steget av ei utbetring av tursti-nettverket ein utviklar sommarstid i Sogndal Skisenter Hodlekve. Under «kloppedugnaden» møtte om lag 30 hodlekveentusiastar opp og leverte samla ein fenomenal fysisk sterk innsats der ein fekk på plass over tjue klopper. På sikt kjem fleire merka turløyper, eit prosjekt skisenteret gjer saman med Sogndal Turlag. Folkehelse, trivsel og lågare dørstokk er faktorar ein

jobbar for. Det skal vera lett å koma seg til fjells med Rindatbotn som utgangspunkt.

NYHET! RAV4 PLUG-IN HYBRID

RAV4 - NÅ SOM LADBAR HYBRID!

RAV4 PLUG-IN HYBRID

Nå får du RAV4 Plug-in Hybrid med elektrisk rekkevidde på hele 75 km, og 306 hk som tar deg fra null til hundre på 6,2 sekunder. Hvor går reisen?

Pris fra 527.700,-* Privatleie fra 3.249,-/mnd** I BUTIKK FRA SEPTEMBER

Kaupanger

*Inklusive levering i Sogn og serviceavtale i 3år/45.000km. **Privatleige eks. RAV4 Plug-in Life AWD: Startleige/etabl.gebyr 99.000,-. Totalt 221.500,-. 3 års bindingstid, køyrelengde 45 000 km. Forbruk blanda køyring, utslepp CO2 og NOx: frå 0,42 l/mil, frå 98 g/km, 5,3 mg/km. 75km elektrisk rekkevidde. Avbilda modell kan ha ekstrautstyr. Vi tek atterhald om trykkfeil.

toyotasogn.no

Kaupanger

Opningstider

Skarpeteigvegen 1 Tlf.: 57 67 66 66

Må.– fr. 07:30 –16:00 (to. til 17:00) Laurdag 10:00–13:00

3

ÅR/50 000 km

SERVICE AVTALE

Hodlekvemagasinet

37


Størst på hyttedraum Med ungdommeleg mot, tøff satsing og eit brennande engasjement for utvikling av lokalmiljøet har 30 år gamle Terje Thorsnes og Sognehus as, lagt om kursen og blitt blant dei største på hyttebygging i Sogn. Sognehus as er forhandlar for Boligpartner på hus og hytter i heile Indre Sogn.

Størst

Hodlekvemagasinet

38

Men i følgje Terje er det ikkje heilt gitt det skulle bli slik. – Me hadde i grunnen ingen intensjon om og satsa på hytter i byrjinga. Me hadde husbygging som hovudgesjeft. Men tilfeldigheitene førde til at då eg sjølv ville ha meg hytte i Hodlekve i 2014 så lanserte Boligpartner sentralt ei satsing innan hyttemarknaden. Sidan har det gått slag i slag. Enden på visa er at Sognehus no er ein av Boligpartner sine største hytteutbyggjarar nasjonalt. Veldig moro for oss.

Stor interesse

Sognehus er i dag den største utbyggjaren i Sogndal Fjellandsby. Sidan Terje bygde si eiga hytte 2014 har firmaet ein imponerande CV å sjå tilbake på så langt. – Når me skriv haust 2020 så har talet einingar auka betrakteleg. Først må eg få trekkje fram at me har selt 16 einingar etter at koronasituasjonen oppstod i mars. Dette seier litt om interessa kring Hodlekve.

Sognehus står no loggført med 14 hytter pluss nokre anneks. Me har sett opp 8 leiligheiter i Hodlekve Panorama som no står ferdige, og me er i gang med dei 12 siste i dette prosjektet, halvparten av desse er allereie selde, heile denne delen skal stå ferdig påsken 2021.

Tenkjer nytt

Terje forklarar at leiligheitskomplekset Hodlekve Panorama var noko heilt nytt, og han var veldig spent på mottakinga. –I byrjinga var det mykje store hytter som kom opp i Hodlekve. Mykje flotte hytter. Dette er sjølvsagt eit prisnivå som begrensar kjøpargruppa litt. Difor tenkte me alternativt for å opne opp for fleire til å leve ut draumen. Endå mindre kostnad og endå meir lettvint. Det var ei ny og spenstig satsing for oss og regionen, men me ser no i etterkant at det vart suksess. Det er sjølvsagt slik at skigleda er like stor for dei som ikkje har like god økonomi. Han legg til: – Det er spesielt folk som må reise eit stykke som har kjøpt leiligheiter. Grunnen er at det er vedlikehaldsfritt ift. snømåking og hagearbeid og liknande. Me ser også at kjøpegruppa er stigande blant yngre personar. Så konklusjonen på Hodlekve Panorama er suksess for vår del. Hodlekve Panorama består av totalt 20 vedlikehaldsfrie leiligheiter, alle

har flott beliggenheit, med ski inn/ ut. Ein kan fint få plass til to familiar i ei leiligheit. Storleiken er 80m2 og består av tre soverom, open kjøken/ stove løysing, bad , bod/vaskerom og 5m2 sportsbod ute.

Unikt prosjekt

Siste nye for Terje og kompani er eit klyngetun som no skal sjå dagens lys. Tunet som kjem opp i umiddelbar nærleik til hovudnedfarten i Rindabotn vert på 21 hytter som står på pelar. Også eit prosjekt med meir moderat økonomi. – Dei pela hyttene vert unike her i området. Dei vert bygde på pelar noko som krev mindre terrengingrep, mindre fotavtrykk i terrenget. Ein får heva hyttene opp frå terrenget, noko som gir betre utsikt. Prismessig vert desse også tilrettelagde for ei kjøpegruppe som


aumen

ligg på ein meir moderat økonomi, fortel Thorsnes.

Stor interesse

Byggjinga av klyngetunet har planlagt oppstart våren 2021, men salet startar hausten 2020. Allereie no ser ein veldig stor interesse for prosjektet hevdar Terje. –Ein utruleg artig start. Med ein gang me annonserte prosjektet fekk me inn mange fleire interessentar enn det me har av hytter til sals. Det blir nok kamp om desse hyttene, med slik enorm respons. Dei 21 hyttene i klyngetunet vert alle på 78m2, eigen carport, 3 soverom, open stove/kjøkenløysing hems/loftstove. –Rett og slett perfekt for ein sportsfamilie som ynskjer seg ei lita hytte med same kvalitetane som ei stor ei. Einaste forskjellen er at desse er mindre. Dei har ein moderne arkitektur med store vindaugsflater og vert ideelle for utleige. Eit allsidig prosjekt. Me gler oss stort til å starta opp byggjeprosessen.

Lagspelarar

Sogndal Fjellandsby og Sognehus har hatt eit tett samarbeid sidan

oppstarten av hytteutbyggjinga kring Sogndal Skisenter. Mykje av grunnen er viljen Sognehus har lagt i å byggje ut. –Me er så heldige for å ha fått vore med på det første store kapittelet i Hodlekvehistoria. Me er audmjuke for at så mange har gjeve oss oppdrag og slept oss til når dei har bestemt seg for å leve ut hyttedraumen. Me har opplevd at når ein spelar på lag, så får ein til mykje. Det er viktig at me som utbyggjar løftar fram andre og me løftar også i lag. Me er beviste på å bruka kvarandre, bruka lokale krefter ved utviklinga av det me driv med. Dette skapar eit stort og godt engasje-

ment. Me byggjer kvarandre gode, noko alle tener på. Den positive synergien me opplever tek me med oss vidare inn i kvardagen. Det gjer det moro og gjevande å drive på. – Me kjem til å fortsetje med å vera ein stor aktør i «Sagaen om Hodlekve», me vil halda eit jamt trykk. Alt me tener på utbyggjinga går tilbake i nye prosjekt i Hodlekve, dette er kongstanken vår. Me ynskjer framleis å vera ein aktør som er føretrekt her oppe, men ynskjer også å vere best og størst. Hodlekve har eit utruleg stort potensiale for framtida, det vil me vere med på. Hodlekve er ein kjekk plass å vere.

Hodlekvemagasinet

39


Dette er Sogndal Skisenter 2020

Ladestasjon for elbil

4 ladepunkt er monterte ved Dalalåven i Rindabotn.

Grøn Løype 3400 meter

Aldri har det vore lettare å stå på ski her hjå oss. Grøn Løype er den nye lågterskelløypa vår. No vert det ikkje for bratt for nokon. Snitthelling på 10% gjer det overkommeleg for dei fleste.

Sykkel- og vandreveg

Den grøne løypa kan nyttast like godt opp om sommaren som ned om vinteren. Kjapt og effektivt til fjells, terskelen for og nå høgfjellet til fots eller med sykkel er låg.

Dalalåven

Hodlekvemagasinet

40

Utvida kafé. Suksessopninga ligg bak oss og me utvidar no tilbodet med større lokale og fleire sitjeplassar. Me har sportsbutikk og her finn du sal av skipass, leikerom og ein stad for ein kvil anten med ein matbite eller noko godt i glaset.

Planerte bakkar

Me har planert og utvida i Rindabotn, no er terrenget meir ope og meir moro, snittbreidda i Rindabotn er 40 meter.

Tursti

Me har starta på kloppinga av tursti over myrane mot Høgehaug. Tørrskodd er målet. Nye turstiar kjem til. Me samarbeider no med DNT lokalt om merking av fleire stiar i nærområdet til Skisenteret.

Skitrekk

Me har 3 skitrekk som tek deg høgt til fjells, Hodlekve, Holentrekket i Rindabotn og Kalvavatni Me har 2 barneskitrekk der ein tek sine første svingar, Hodlekve og Toyotatrekket

Akebakke

Me har eigen akebakke nært tilknytt Dalalåven

Langrenn

Langrennsløypene på 5 og 10 km preppar me jamleg og kvar dag gjennom sesongen Når forholda ligg til rette så preppar me turløypa på 4,5 km til Høgehaug. Den blå timen er alltid populær. Ut på vinteren preppar me langløypa kring Fagreggji, Fjærlandssete, Sumhaug tilbake over Høgehaug. Seinvinter og vårskiklassikaren over alle.

Sykkeløype

Saltdalshytta Sykkelpark er ei 1,2 km lang rundløype med om lag 2 meter breidd. Løypa er grusa og har artige doseringar og svingar. Moro for heile familien.

Hytteutleige

Sogndal Skisenter formidlar utleige på fleire av hyttene i Sogndal Fjellandsby. Det er over 170 sengeplassar tilgjengelege for utleige totalt. Dei aller fleste finn du på airbnb eller booking.com

Skiskule

TNTActive gjer deg til ein betre skikøyrar. Book time i forkant hjå tntaktiv@gmail.com

Fjordhusky

Test ut køyring med hundespann i vinterfjella våre Booking: info@fjordhusky.com

FJELLANDSBY


i

DALALÅVEN

F1 F2 F3

Barnebakke Rindabotn Barnebakke Hodlekve Malin Akebakke

BARNEBAKKAR/AKEBAKKE

A B C D E

Holentrekket Toyota Barnetrekk Boligpartnertrekket Hodlekvetrekket Hodlekvebarnetrekk

TREKK

Sportsbutikk | WC | Stellerom

Skipass | Skiutleige | Kafé | Leikerom

L2

A

B

3

2

L1 L2

C

L1

8

2

Langrenn 5 & 10 km Turløype Høgehaug/Fjærlandsete

LANGRENN/TURLØYPER

1

4

10

9

Krevjande Middels Lett Meget Lett

Svart Raud Blå Grøn

VANSKELEGHEITSGRAD ALPINLØYPER:

7

6

Hodlekvemagasinet

5

41

11

14

L1

13

D

SIL-HYTTA WC | Matpakkerom

12

E


Hodlekvemagasinet

42

Timbla med høgkvalitets Timbla, makalause produkt henta frå heiltre i skogane i Sogn.

Gründeren og dagleg leiar i Timbla, Ståle Loftesnes står bak verksemda som lagar bord, langbenkar, benkeplater og baderomsmøblar i ulike stilar frå ulike treslag. Eigentleg lagar han det meste, det er kun kreativiteten som set sperrer.

Makalaust

Ved og nytte gamal handverkstradisjon som blant anna bestefaren hans gjorde, fører Ståle arven kring gamal snikkarkultur vidare. Produkta sitt råmeteriale er heiltre frå dei same skogane som både stavkyrkjer og vikingskip har vore bygde, for mange hundre år sidan. Eit betre prov på kvalitetsprodukt skal vera vanskeleg å finna. For Ståle går jobb og lidenskap hand i hand. –Alle produkt me leverer er makalause, ikkje eit av dei er like. Emna har alle sitt særpreg, og ingen tre i verda er like. Måten me jobbar på

og hentar fram gløden på fremjar det makalause i trevirket. Me spelar på tradisjonelt handverk blanda med nyare teknologi, forklarar Ståle.

Si eiga historie

At alle produkta frå Timbla er unike og kun av eit slag, i seg sjølv. Timbla produserer på bestillingar frå kundane, kall det gjerne «High End» og eksklusivt. – Me driv ikkje med nokon samlebandproduksjon. Når kunden kjem til oss så leitar me fram det beste produktet i fellesskap. Heilt frå å gå turen i skogen eller der ein gjerne har eit ønskt tre ein vil nytte. Me ser på mulegheitene til kva emnet kan nyttast til, og gjer det beste ut av det, seier han. Og legg til: – Til dømes har me kundar som har store tre på eigen gard eller eigendom. Dei ynskjer å nytte dette gjerne til hytta, eller til gåve til etterkommarar. Ein må tenkje på at gjennom produksjonsmetoden me nyttar, så blir sluttresultatet eit

produkt som varar i generasjonar, sjå berre på stavkyrkjene. Tenk deg at du får laga eit langbord no, så arvar etterkommarane dine dette. Og det i tillegg då vert gravert inn historia til emnet, kva ein ynskjer av identitet som skal følgja det. Ein skriv si eiga historie, det er noko å tenkja på.

Men det er ikkje berre flotte bord som vert til hjå Timbla. – Me ser no at fleire ynskjer andre produkt i same stil. Ein vil ha ei heilheit, med skåp, benkar, kledning av heiltre på større flater. Me samarbeider med andre lokale handverkarar så me kan i grunnen levere komplette interiør og makalause løysingar.

Berekraftig

Det som kjenneteiknar Timbla er barske solide møblar og produkt skapte i heiltre, gjerne med assosiasjonar til det norrøne. –Du veit me held til på Kaupanger,


ets tradisjon og inovasjon akkurat der som det i gamal tid vart kalla Lusakaupangen. Her var det kjøpstad under vikingtida, og her henta ein sikkert nok ut trevirke til vikingskip som det står skrive om i historiebøkene. Kongstanken min er at me har mykje flott skog som ikkje blir rett brukt, alt for mykje vert eksportert til masseproduksjon, utan at me får gjort noko ut av det sjølve. Me ynskjer å utvikla og ta vare på det tradisjonelle, kulturen og arven. Me snakkar lokal berekraft, tradisjonell stil. Skapa det genuine og ekte. Kvart produkt har sitt eige fingeravtrykk. Vil ein sjå det nærmare i augesyn så har me eit eige «showroom» på Kaupanger der me syner fram mykje forskjellige eksempel på kva me driv med.

David mot Goliat

Med utskjeringar i trevirke og beskyttande lag av epoxy blandar Timbla tradisjonelt og nytt. Siste nytt ei digital handelsplattform. I ein kvardag med store produsentar og

eit overveldande marknadsapparat, gjer det til at mange av dei små aktørane vert usynlege og ikkje sler gjennom. Gjennom eit nytt prosjekt, Odelheim vil ein stå sterkare, skape eit betre verdigrunnlag for seg sjølv og andre småskalaprodusentar gjennom at ein vert sterkare i lag. – Odelheim vert ei digital handelsplattform mellom gardbrukarar, gründerar og private konsumentar som ynskjer å delta i berekraftig verdiskapning. Slik vil me betre utnytte ubrukte ressursar i primær- og sekundærnæringane. I Noreg har me trettini tusen gardsbruk, samt fleire tusen småskalaprodusentar og eit veksande publikum som interesserer seg for opphavet til produkta dei konsumerer. Dersom me legg til rette for at desse gruppene lett kan finne kvarandre trur me resultatet vil vere auka, bærekraftig verdiskaping i alle ledd – frå landbruk til forbruk. Tenk gjerne på Odelheim som «Airbnb» for landbruksareal, råvarer

og produksjonsutstyr. Me driv mange tradisjonelt, det må me ta med oss inn i den digitale verda. Arven vår er viktig, det er den som syner kven me er, me i Timbla er stolte av vår, me hjelper deg gjerne med å synleggjera di.

Hodlekvemagasinet

43


ENDELEG! NO KAN DU BESTILLE NYE VOLVO XC40 RECHARGE 44

VEIL. PRIS FRÅ KR 529.900,-

Hodlekvemagasinet

No kan du bestille Volvo sin fyrste heilelektriske bil, Volvo XC40 Recharge Pure Electric!

VELKOMEN TIL FRYDENBØ

SOGNDAL 57 67 34 00

SANDANE 57 86 61 00

FØRDE 57 83 72 00

MINDE 55 59 97 00

ÅSANE 55 53 68 00

KJØKKELVIK 55 50 15 40

MANDAL 38 26 03 22

KRISTIANSAND 38 04 90 00

MEIR INFORMASJON PÅ FRYDENBO-BIL.NO


God mat på hytta? Bestill lokale råvarer eller få ferdig catering hjå oss. Berre tilsett matglede! Kontakt Ellevilt på 916 66 909 Eller send oss ein melding på facebook ellevilt.as | facebook.com/ellevilt

Tlf. 57 67 10 37 • 6856 Sogndal

ARS-Autorisert Rekneskapsførarselskap Tel: +47 916 96 842 Mail: martin@loftesnesrekneskap.no

KJØT FISK VILT

Telefon: 57 67 11 11 sognkulde.no

www.solbergelservice.no

Hodlekvemagasinet

45

larserik@solbergelservice.no

gasta.no

Tel 977 677 33

Dalavegen 945, 6857 Sogndal Tlf. 976 10 967

Rydda heime? Leig containerar av oss! Sjå sirkla.no eller ring tel. 57 00 90 40

”gla´ i avfall” / sirkla.no

Telefon: 57 62 70 60

Sjøkanten


KRYSSORD

Rett løysingsord?

Me trekkjer ut tre vinnarar som fĂĽr kvart sitt weekendkort Send epost med rett svar til: soh@hodlekve.no Mrk. i emnefelt: Kryssord Hodlekvemagasin2020 46


Skiglede

47

Den 7. mars vart det arrangert skidag hjå Sogndal Skisenter. Tradisjonen tru varta Sognenett opp med musikk, toddy frå Lerum og god stemning. Lite visste me at denne dagen òg skulle bli ei av dei siste arrangementa før heile Noreg stengde ned. Marknadsleiar i Sognenett, Sebastian Øyrehagen, mimrar tilbake til den solfylte marsdagen. - Heile arrangementet rundt skidagen vart ein kjempesuksess! Borna leika seg i snøen medan foreldra naut varm solbærtoddy i finvêret. Skidagen er éin av dei dagane me gler oss mest til i Sognenett. Det er dagen då me får invitert kundane våre til flotte omgjevnadar hjå Sogndal Skisenter og by på Meir fart, Meir moro. Og Sebastian meiner det er ein viktig og god dag for alle partar. - I år slo eg av ein prat med ein familie som var komen frå Aurland for å oppleve skidagen. Det er viktig for utviklinga at skisenteret trekkjer til seg vitjarar frå heile Sogn og på den måten får syne fram arenaen sin. Då er det ekstra artig å kunne by på ein slik dag for heile vår kundegruppe. Sjølv stilte Marknadsleiaren opp som speaker, medan dagleg leiar Ole Petter Hatlevoll delte ut deltakarpremiar til borna. - Speaker-talentet mitt er nok so som so. Borna derimot, dei leverte luftige svev og ordentleg «gønning»! Det me ikkje visste på dette tidspunktet, var at heile samfunnet skulle gjennomgå ei svær endring berre éi veke seinare. COVID-19 var noko ein hadde høyrt om,

men ikkje sett føre seg skulle råke Sogn, og Noreg, slik viruset har gjort. Sognenett plar å arrangere fleire slike «stunt» rundt om, og me likar å vere tilstades på marknader og arrangement. Slik har det ikkje kunne vore i år i like stor grad. Men me er til stades på Eldredagen på Leikanger og skal etter planen arrangere LAN for ungdomane i Sogndal i oktober, så heilt gale er det ikkje! For Sebastian legg ikkje skjul på at deltaking på marknadar og lokalt nærvær er viktig for Sognenett. På årets siste store arrangement, Skidagen i Hodlekve, dukka det opp over eitt hundre skiglade menneske. - Trass i at 2020 har vorte eit annleis år, er det gledeleg å sjå det samhaldet ein har i Sogn. Her har me inntrykk av at alle har delteke i dugnaden. Næringslivet har måtta omstilla seg og russen gjorde eit vakse og usjølvisk val. «Ungdommen no til dags» må ein sjå opp til og late seg imponere av. Samstundes har me i Sognenett verkeleg sett nytta av å ha eigne internettleveransar til Sogn. Det langsiktige arbeidet kraftlaga har lagt ned for å gje Sogn eit uavhengig og stabilt nett, har vist seg å vere ekstremt viktig, ikkje minst no som heimekontor er blitt det nye normale. Og på spørsmål om kva som skjer neste år, er planane klare. Skidagen er allereie i arrangementskalenderen vår. Om alt går etter planen er Sognenett nok ein gong klare til å invitere til skileik, toddy og hyggjelege samtalar!


21 TIMAR UNDER TO OG EIN HALV METER SNØ

SKREDDRAMAET I TRASTADALEN I 1951

Hodlekvemagasinet

48

(Denne artikkelen er basert på: «Rasulukka i Trastadalen», av Kjell Magne Hillestad, publisert i «…so han sa…», 2013. og redigert ned av Aage Engesæter, til Hodlekvemagasinet) Den moderne skisporten, med toppturar og laussnøkøyring i bratt terreng har gjort alle merksame på kor farlege snøskred kan vera. Kvart år døyr det skiløparar i skred i Norge, og så godt som kvar vinter opplever vi meir eller mindre dramatiske skred i områda kring skisenteret eller andre stader Sogndalsdalen. Likevel har ikkje snøskred teke liv her etter at området vart eit eldorado for laussnøkøyring, sjølv om det har vore nære på. Den verste skredulukka dei siste åra var då Andreas Vold vart teken av snømassar i Frudalen i februar 2018. Han vart hardt skadd, men berga på mirakuløst vis livet, mykje takka vere rask og heroisk innsats frå skredgruppa i Sogn Røde Kors. Når det, trass den store aktiviteten i bratt skredterreng, har gått såpass bra her, skuldast det at kunnskapen om skred og skredfare jamt over er høg hjå skifolket i Sogndal, m.a. pga. jamlege kurs og informasjonsmøte. Det skuldast også ei god varslingsteneste

om skredfare, at utsyr som skredvarslarar og søkestenger er blitt allemannseige, og, ikkje minst, at ein har etablert ei skredredningsgruppe med svært høg kompetanse. Faktisk er det slik at den siste skredulukka i Sogndalsdalen der liv gjekk tapt var i 1951, og den skjedde ikkje i ei bratt fjellside, men i den vesle tronge Trastadalen. Historia kring skredulukka i Trastadalen, langfredag 23. mars 1951, er dramatisk, og illustrerer også mange av dei store samfunnsendringane som har skjedd dei siste 70 åra. Korkje sambandsutstyr, snøscooterar eller anna av det ein i dag har til rådvelde ved bergingsaksjonar var tilgjengeleg i påsken 1951. Det var den 37 år gamle sogndølen Olav Foss og kameraten hans, Torgeir Dalen, 26 år, frå Vindafjord i Rogaland som vart tekne av raset i Trastadalen. Foss overlevde, etter å ha lege 21 timar under snøen, medan Torgeir Dalen mista livet. Dei budde begge i Årdal. Foss dreiv butikk, Dalen var sakførar, eller advokat, og no i påsken hadde dei teke turen til hytta til Olav Foss i Fosskamben. (Den står her enno, og har forresten si eiga historie, som opphaldsstad for motstandsrørsla siste krigsvinteren). Ein tredje kamerat, Sigvald Bolstad var óg med dei, men denne dagen, då dei hadde tenkt seg

til Stora Trastadalsvatnet, hadde han snudd før dei var komne fram, visstnok for å dra heim i hytta for å laga middag. Om lag kl. 14 var dei to komne fram til Trastadalen Vinteren i 1951 var snørik, og det hadde bygd seg opp store snøskavlar på austsida av Trastadalen, Olav Foss fortalde etterpå at han hadde sett på skavlane, og lurt på om dei skulle kryssa elva å gå på vestsida av dalen, men kome til at sidan den vanlege løypa gjekk på austsida, var det nok trygt å gå der. Det var det ikkje. Foss fortalde sjølv kva som hende til venen frå motstandsarbeid under krigen, Ragnar Ulstein, som då var redaktør i «Fjordabladet»: «Med det same vi byrja å gå att såg eg raset koma. «No kjem det!» ropte eg til Dalen og bråsnudde for å koma meg over på andre sida av elva. Men før eg var komen ein meter var lufttrykket over meg. Eg klarte så vidt å halda meg oppe, men vart i neste augneblink kasta overende av snøen, og fall hovudstups ned mot elvi, med skii hangande fast i snømengdene.» Olav Foss og Torgeir Dalen var ikkje dei einaste som hadde tenkt seg til Trastadalen denne langfredagen. Dei neste som kom var eit turfølgje på fire, sogndølene Kjellaug Årvoll og Ole Schøyen, ein svenske og ein bergensar.


G

1

Hodlekvemagasinet

49

Kjellaug hadde sigla ned den korte bakken til dalbotnen då ho høyrde svensken ropa: «STANA, STANA»! Han hadde sett skispora som gjekk inn i raset, for så å bli borte. Det vart Kjellaug som fekk oppgåva å dra heimover å varsla om ulukka. Ho fekk varsla fleire ho trefte på den tunge skituren nedover, og kom til sist til Hodlekvebrui, der ho fekk varsla folk med bilar. Kåre Hollekve og Trygve Hodlekve, frå gardane i Hodlekve, fann fram spader til å grava med, hesjastaurar å søka med, og saman med ullteppe lasta dei det på ein gamal drakjelke og drog mot Trastadalen. Då var her

ingen maskinoppkøyrde løyper, glasfiberski og skifeller, og det vart ei tung ferd både for dei og dei mange andre som tok del i leitinga. Bodskapen om raset spreidde seg fort, og lensmannen organiserte leiteaksjon. Det fanst ikkje hjelpekorps i Sogndal då, men alt fredags kvelden kom det seks mann frå Lærdal hjelpekorps med søkestenger og anna utstyr. Det tok og si tid før dei var framme, for dei låg i påskeberedskap på Maristova. Leitemannskapa hadde ei vanskeleg oppgåve. Snøen i den 50-60 meter høge dalsida hadde glidd ut i ei lengd på om lag 100 meter, og det var uråd å vita kor karane

som var tekne av raset kunne vera. Det var klårver, og svært kaldt; i Hodlekve skulle gradestokken ha vist 23 kuldegrader. Men det var fullmåne denne langfredagen, så leitinga kunna halda fram langt utover kvelden. Men leitinga gav ikkje resultat, og då distriktslækjar Blaauw, som og var i Trastadalen, meinte det ikkje lenger var håp om å finna nokon i live, vart leitinga avslutta og mannskapa tok seg ned att til Hodlekve i måneskinet. Men straks det tok til å lysna, klokka fem om morgonen påskeafta, drog 40 mann til Trastadalen. Dei hadde med seg røyr, som dei hadde lånt hjå ein elektrikar, som dei brukte som søkestenger. Då


Hodlekvemagasinet

50

kom det og sjøfly med ein hundeførar med søkehund frå Voss, men hunden vart for sein. Då han kom til Trastadalen var karane i raset funne. Det skjedde i 11-tida, nær 21 timar etter at raset gjekk. Dei to låg under 2,5 meter tettpakka snø, og den som kjende søkestanga treffa noko nede i snømassane var Kristian Nyheim, frå Middalen. Han var ein kraftkar, men knapt nokon skiløpar; for å koma seg til Trastadalen hadde han måtta låna ski. Men Kristian var oppteken av å finna att ting som var mista eller bortkomne. Han kunne óg bruka «grein-kluft» - ønskjekvist – til å leita etter vassårar eller ting av metall under bakken. Det var kanskje ikkje tilfeldig at det var Kristian Nyheim som fann dei to. Torgeir Dalen var død, men mest som eit under var Olav Foss i live etter alle timane under snøen. Han hadde hamna med ansiktet kloss i elva, og såleis fått luft. Han har sjølv fortalt om dette: «Det einaste eg hugsar er at eg prøvde rasjonera med pusten. Den venstra handa var ikkje heilt fast, og med den prøvde eg å grava eit lite hol for hovudet. Kor lenge eg grov hugsar eg ikkje, men eg merka at eg var like i nærleiken av elvi, og at snøen som eg grov ut rausa ned i denne». Dette at han klarte å grava seg hol ned til elva, og såleis fekk luft var sjølvsagt avgjerande for at Olav Foss berga livet, men det er heller ikkje tvil om at han må ha vore uvanleg sterk, både fysisk og psykisk. Vanlegvis reknar ein med at ein i heldige tilfelle kan halda seg i live i ein knapp time under eit snøskred, dersom ein får oksygen, men å overleva etter 21 timar under snøen må høyra til dei heilt sjeldne unntaka. Hjelpemannskapa drog Olav og den avlidne Torgeir på sledar ned att til Hodlekvebrui. Torgeir vart frakta til bedehuset i Fjøra, der det vart halde minnestund for han om kvelden påskedag. Bedehuset var fullsett, og det vart lagt ned kransar frå Sogndal ungdomslag og Sogndal idrettslag. Mange av medlemene i laga hadde nok vore med på redningsaksjonen. Olav vart liggjande ei veke på sjukehuset i Lærdal, så var han heime att. Olav Foss fekk eit langt liv. Han døydde i 2004, 91 år gamal. Eg kjende aldri Olav Foss, men eg

hugsar han frå slutten av 1990-talet, som ein staseleg og sprek gamal mann, som ofte tok bussen frå Fjøra til museet, der eg då arbeidde, tok ein spasertur og kom inn og kjøpte seg kaffi og slo av ein prat. Det vart aldri til at eg prata med han om rasulukka. Sjølv er eg ofte i Trastadalen. Turen i dei slakke stigningane opp mot Britastein og over flatane til Trastadalen ein av dei finaste eg veit.

Men når eg kjem til det tronge og korte dalføret, stoggar eg alltid og studerer fjellsidene. Eg snur rett som det er ved inngangen til dalen. Oftast er Trastadalen trygg å gå, likevel plar eg leggja løypa mi i botnen av dalen, nær elva, som nesten kvar vinter har opne parti. Det er innprenta i meg at Trastadalen kan vera farleg. Eg vaks opp med forteljingane om skreda i 1951. Dei sit i kroppen.


Hodlekvemagasinet

51

Leige Intersporthytta Booking: Stig/Reidar: 90587688/92695718 post.sogndal@intersport.no

Besøk vår SKIBUTIKK i Dalalåven Utleige: SKI - SKO - HJELM - STAVAR


Foto: Håvard Nesbø

55 spreke butikkar!

52

Subway Meny med søndagsbutikk !

10-22 Meny

Rema 1000

8-23 (8-21) Søndag: 10-22

7-23 (8-21)

Vinmonopolet

10-17 Torsdag-fredag 10-18 Laurdag: 10-15

AMFI Mykje å gle seg til. Alltid.

Apotek 1 9-19 (10-18)


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.