Kunnskapsparken - magasin haust 2020

Page 1

Vi skapar vekst i vest Handlekraft | Samspel | Tillit

KUNNSKAPSPARKEN VESTLAND 2020 | 1


«Å Vestland, Vestland ...» I 1985 fekk eg spele med Sissel Kyrkjebø i «Syng med oss» i Førdehuset. Lite viste eg då, at Sissel skulle bli den stjerna ho er i dag. Ei heller at «Å Vestland, Vestland …» skulle få den betydinga det har i dag. Nytt fylke, med Noregs nest største by som motor. Dette gir oss større moglegheiter. Med nyskaping og vekst som verkemiddel, og med Noregs leiande innovasjonsregion som mål, vil vi ha alle moglegheiter til å vidareutvikle det nye fylket vårt. Vi må syte for at heile fylket vert teke i bruk, bygge attraktive miljø for nyskaping og finne dei «rette linjene» mellom regionane. Vekstkrafta i dei ulike regionane treng ein sterk by - og byen treng sterke regionsenter med deira vekstkraft. Eldsjelene som bur her, er avgjerande. Dei er avgjerande for vekst, og for å bygge gode og sterke innovasjonsmiljø. Vi i Kunnskapsparken Vestland og resten av Siva-nettverket er ein del av ein nasjonal struktur. Vi har ei viktig rolle i arbeidet med næringsutviklinga i Vestland og skal bidra til eit godt samspel mellom lokale verksemder, kommune og lokalt næringsapparat. Vi skal fokusere på folka - og hjelpe fram eldsjelene. God distriktspolitikk. Vi har ein partnarskap mellom Stryn Næringshage, Nordfjordeid Næringshage, Sognefjorden Næringshage og Kunnskapsparken inkubator kalla «Vekst i lag». Dette er eit godt verkemiddel for å auke næringsutviklinga i distrikta. Gjennom partnarskapen sin fysiske lokalisering i dei ulike innovasjonsmiljøa, bidreg ein til næringsutvikling der dei er. Dette vil eg sei er god distriktspolitikk. Viktige «nav» i distrikta. Gjennom fleire år har vi bevist engasjert oss i å etablere innovasjonsmiljø - enten gjennom eigarskap, eller kombinert eigarskap og fysisk nærvær. Ved å kople lokale miljø med nasjonale nettverk, vil dei lokale miljøa fungere som «nav» ute i distrikta. Slike «nav» er Sitep, Stryn TecHub, Peak Sunnfjord, FUS Sogndal og nyvinninga Inviro. Slike miljø, eller nettverk om ein vil, kombinert med tilgang til kapital og FoU, vil for mange vere heilt avgjerande for å lukkast med å få ideen sin ut i live. «... når eg ser deg slik». Regionreforma er ein realitet og områdegjennomgangen av verkemiddelapparatet er satt i gang. Begge desse skapar usikkerheit for oss, men vi vel å sjå moglegheitene. Vi vil bidra til sterk næringsutvikling, vi kan hjelpe fram gode idear til vekstkraftige bedrifter og vi vil vere ein del av Siva-nettverket. Vårt mål er at inkubatorane og næringshagane i Vestland fungerar som del av eit urverk, der alle «tannhjula», uavhengig av storleik, utgjer ein forskjell i tilbodet til næringslivet i heile fylket. Vi er her for å bidra til vekst - og få dei lokale ideane ut i verda.

Kjetil Kvåle, dagleg leiar

Sigrid Førde Forretningsutviklar 2 | KUNNSKAPSPARKEN VESTLAND 2020

Geir Opseth Forretningsutviklar


32

Om oss

BEDRIFTER I INKUBASJON PER ÅR I SNITT SISTE 5 ÅRA

Kunnskapsparken Vestland skal bidra til å utvikle bedrifter og kople desse til aktuelle nettverk.

123

BEDRIFTER I INKUBASJON TOTALT DEI SISTE 10 ÅRA

OMLAG

400

ARBEIDSPLASSAR HAR VOKSE FRAM FRÅ OPPSTARTSBEDRIFTER SISTE 10 ÅR

EI VERDISKAPING FRA DESSE BEDRIFTENE GAV OVER

426

MILLIONAR KRONER I 2019

Jøril Hovland Prosjektleiar

Hilde Grinde Forretningsutviklar

Roger Ulvestad Forretningsutviklar

Kjetil Kvåle Dagleg leiar KUNNSKAPSPARKEN VESTLAND 2020 | 3


BYGGE OG VIDAREUTVIKLE BEDRIFTER

Med storinvestor på laget, kan gründerane investere i andre start-ups nLink hanka inn Hilti på eigarsida. Avkastninga på aksjesalet bruker gründerane til å investere i andre nyoppstarta bedrifter. – At eigen bedrift har gitt oss avkastning og moglegheit til å investere i andre oppstartsbedrifter, er moro. Det er dette som er vår drivkraft, det å få vere med å skape noko, fortel Halvor Gregusson, ein av gründerane i nLink. Hilti tok kontakt etter dei kom over ein videopost i sosiale mediar. Storprodusenten frå Liechtenstein, med over 30.000 tilsette på verdsbasis, hadde fått nyss om robotutviklarane frå Sogndal. Dialogen gjekk, og i dag eig dei 37 prosent av aksjane. Saman skal dei utvikle borerobotar for byggebransjen. Aksjesalet gjorde at dei tre gründerane Håvard Halvorsen, Konrad Fagertun og Halvor Gregusson sat att med avkastning på aksjane. Dette vart midlar dei ønskja å nytte som investorkapital i andre bedrifter. – Før Hilti kom inn i bildet, hadde vi fleire mindre, men gode investorar. Dei har vore alfa omega for at vi skulle få til den utviklinga vi har hatt. Vi veit kor utruleg viktig kapital og nettverk er. Difor er det gledeleg å kunne investere vidare i andre selskap, fortel Gregusson.

SPENNANDE INKUBATOR-BEDRIFT: Droneselskapet Airlift Solutions skal tilby framtidas logistikkutfordringar i lufta med ny teknologi. Dei vart inkubatorbedrift i april 2019 og er allereie sterkt inne i helsesektoren. Dei jobber mellom anna med å frakte blodprøver med droner. Foto: Airlift Solutions.

4 | KUNNSKAPSPARKEN VESTLAND 2020

VirtualHouse på jakt etter kapital Gjermund Tomasgard er ein av gründerane som har fått nytte av avkastninga. Med eit nyoppstarta selskap i 2017, var han på jakt etter ein halv million i investorkapital i 2019. Han hadde to lokale investorar, ein bror og Sparebanken Vestfondet, men mangla litt. – Eg tok kontakt med Halvor sidan då eg var i Sogndal. Vi har studert saman på NTNU og eg ville høyre korleis nLink hadde fått med pilotkunde og rigga utviklingsprosjekt då dei var der eg er no. Eg fortalde at eg var på jakt etter kapital, og då ville Halvor gjerne vere med vidare som investor. I tillegg fekk han med seg Håvard og Konrad, fortel Tomasgard. Med inkubasjonsavtale med Kunnskapsparken og investormidlar på 500.000 kronar i ryggen, har gründeren hatt god framdrift. VirtualHouse utviklar ei teneste for byggenæringa Tomasgard kallar «ein digital tvilling for tekniske anlegg». Tanken er å testkøyre automatikken til alle dei tekniske installasjonane - før bygget står ferdig. – Skal ein få dei tekniske systema til å fungere saman, krev det koordinering mellom mange fag og system; energisentral, ventilasjon, brannvarsling osb. I dag får ein ikkje samkøyrt


VIKTIG NETTVERK: Gjermund Tomasgard frå VirtualHouse (t.v.) og Håvard Halvorsen (i midten) og Halvor Gregusson frå nLink har alle gode erfaringar med inkubatorordninga til Kunnskapsparken. VirtualHouse vart inkubatorbedrift i 2019, medan nLink var i inkubator frå 2013-2016. Foto: Astri Knudsen/ Drople.

systema før dei er i drift i bygget, og då er det tungvint å gjere endringar, fortel Tomasgard. For å testkøyre bygningsautomatikken, nyttar VirtualHouse eigenutvikla simuleringsteknologi i sin digitale tvilling. Ei slik teneste gir eit bygg med færre feil når det står ferdig og meir kostnadseffektiv drift.

– Nettverket betyr mykje

nLink har vore avhengig av nettverket sitt. Gregusson fortel at dei fleste investorane kom grunna riktige relasjonar. Dei starta eventyret som inkubatorbedrift i 2013, der Kunnskapsparken Vestland gjekk inn som deleigar. – Kunnskapsparken vart med i en emisjon då det verkeleg brann. Dei tok ein høg risiko, men hadde trua på oss. Det gav avkastning då dei selte seg ut i 2017. Det er godt at det løna seg å ta en såpass stor risiko som dei gjorde, fortel Gregusson.

Det var litt tilfeldig at nLink-gründerane ville investere i VirtualHouse.

VirtualHouse-gründeren kan signere på at godt nettverk betyr mykje:

– Eg vil sei det var god timing. Vi hadde ein liten pott med pengar vi ville investere, og Gjermund trengte investorkapital. Vi er begge i byggebransjen og kjente godt til kvarandre frå studietida. Og så er ikkje Nordfjordeid langt frå Sogndal. Eg liker å investere lokalt, seier Gregusson.

– Eg er open om det meste når eg snakkar med folk som har gått vegen før. Dette er for å få så mange tips eg kan og viktig for å treffe dei riktige investorane undervegs. Å få tak i kapital treng ikkje være vanskeleg, men eg meiner det er viktig med eigarar som og er ressurspersonar i ein tidleg fase. Dette tar tid og krev mange kaffimøter, seier Tomasgard.

Kunnskapsparken inkubator:

Hjelper fram nye og spennande idear Kunnskapsparken Inkubator er ein del av SIVA si forsterka inkubatorsatsing og eit verktøy for nyskaping og vekst. Vi tilbyr også ein distribuert inkubator som varetek vekstbedrifter som ikkje kan flytte inn i inkubatoren sine faste lokalar. Slik bidreg vi til vekst og nyskaping i distrikta. Ein slik modell set krav til organisering og kapasiteten i inkubatoren. Like fullt er dette viktig for å sikre eit fylkesdekkande innovasjonssenter som kan hjelpe gründerar i vekstfasen. Vi har lagt spesiell vekt på eit tett samarbeid med lokale næringsselskap, næringshagane og kommunane. Betre enn landssnittet: I 2019 gjennomførte SIVA ei samanlikning mellom inkubatorane i Noreg, og denne synte at inkubatoren til Kunnskapsparken leverer betre enn landssnittet på 8 av 9 områder.

KUNNSKAPSPARKEN VESTLAND 2020 | 5


TETT OPPFØLGING: Frederic Lundegaard er gründer av Elature og er ein del av inkubatorordninga til Kunnskapsparken. Han er glad for den tette oppfølginga han har fått. Foto: Privat

– Eg vart introdusert for potensielle kundar med ein gang Frederic Lundegaard vart fort ein del av eit verdifullt nettverk da han flytta til Sogndal. Eigentleg kom han til Sogndal med eit prosjekt innan reiseliv i lommen, men grunna pandemien vart det lagt på is inntil vidare. Det gav han moglegheit til å satse på eit anna forretningsområde; han skulle hjelpe andre verksemder å selje meir. – Eg hadde erfaring og gode resultat frå sal og marknadsføring i Oslo, så det var ein naturleg veg å gå. Eg vil tilby ein meir moderne salsstrategi, med effektiv leadsgenerering og automatisert marknadsføring. Bedrifter må jobbe meir med å spisse bodskapen og finne salsprosessar som er tilpassa kundane. Her kan eg bidra, fortel Lundegaard. Elature vart starta i 2019, og kundane sto klar nærmast frå start. Gjennom inkubatorordninga til Kunnskapsparken, vart Lundegaard introdusert for eit nettverk som gjorde han kjend med fleire ulike bedrifter. Det har gjort at han allereie er i gang med å hjelpe bedrifter som Digital Revisor, Munikum og Virtualhouse.

6 | KUNNSKAPSPARKEN VESTLAND 2020

– Eg har jobba i andre gründermiljø i Oslo tidlegare, men har ikkje opplevd å få så tett oppfølging som her. Det er lett å drukne i eit hav av informasjon, så ein er avhengig av god hjelp for å komme seg vidare. Hos Kunnskapsparken vart eg teken seriøst med ein gong og følgd tett opp. Det er eg utruleg glad for, seier Lundegaard.

Vellukka kopling No er han ein del av FUS Sogndal, der han samarbeider med fleire gründerar. I følge Roger Ulvestad i Kunnskapsparken, har dette vore ein god match: – Vi sit på oversikta over ulike fagmiljø. Mykje av vår jobb er å sjå bedrifter som styrker og utfyller kvarandre. Dei vi ser har nytte av kvarandre, koplar vi saman. Her har det vore ein vellukka kopling mellom fleire bedrifter, det er gledelig, fortel Ulvestad.


Kunnskapsparken Vestland er prosjektleiar for klyngesatsinga. Alle foto: NCMT

Polymer- og komposittbransjen går saman om å utvikle framtidas grøne løysingar Forbrukarane er meir miljøbevisste. Regjeringa kjem med ny plaststrategi, EU med nye krav. Skal dei norske verksemda ha konkurransefortrinn, må ting skje.

– Morgondagens vinnerar er innovative, miljø- og marknadsretta bedrifter. Om bransjen vår skal halde seg konkurransedyktige nasjonalt og internasjonalt, må vi samarbeide tettare og på ein anna måte enn tidlegare, seier konserndirektør i Strukturplast, Vetle A. Krohn-Olsen Ottersen.

Samhandling på tvers av bransjar Difor har ni leiande polymer- og komposittselskap gått saman om å etablere næringsklynga Norwegian Center for Material Technology (NCMT). Målet er å etablere eit tverrfagleg samarbeid som bidrege til sirkulær nyskaping og marknadsleiande omstilling. Dei ønskjer å samle bransjen og få auka innovasjonstakt i heile verdisirkelen. Det er behov for ei rask omstilling til sirkulær tankegang og utvikling av nye, innovative og berekraftige løysingar. – Nettverks- og kunnskapsdeling, samhandling mot kundar og deltaking i felles utviklingsprosjekter vil gi oss auka konkurransekraft. Utvida kunnskap om kundar, marknadar, materialar og produksjonsprosessar vil gi oss ny innsikt og ein større moglegheit til å nå andre marknadar, fortel KrohnOlsen Ottersen. Klynga har allereie vekse og får daglege hendvendingar frå bedrifter i heile næringssirkelen som ønskjer medlemskap. – Vi treng samhandling på tvers av bransjar for å sjå på potensialet i mellom anna gjenbruk av råstoff. Me ønskjer å snakke med folk i alle ledd, både produsentar, sluttbrukarar,

gjenvinningsstasjoner, myndigheter, forskingsinstitusjonar, akademia og miljøorganisasjonar. Her er det uendelig med muligheiter, seier Krohn-Olsen Ottersen.

Nasjonal klynge frå Gloppen Materialar av polymer- og kompositt kjem i mange formar og er ofte ressurseffektiv. Dei er lette, sterke og har lang varigheit, og kan difor hjelpe oss å spare energi. – Bransjen ønskjer å få til ein sterkare verdiskaping gjennom sirkulær omstilling. Det er fortsatt utfordringar med å materialgjenvinne produkt til plast-råvarekvaliteter som industrien kan nytte seg av. Bransjen må initiere forsking og prosjekt for utvikling av mellom anna polymerar som beheld eigenskapane sine etter gjenvinning, fortel Hilde Grinde i Kunnskapsparken Vestland, som er prosjektleiar for klyngesatsinga. Ho legg til at det er viktig at myndigheiter legg til rette for slikt arbeid ved mellom anna å tilby gode investorordningar. Plast har forma måten vi lever på, og vil heilt klart forme framtida vår. – Ein nasjonal klynge med lokasjon i Gloppen, det er bra. Klynga er på eit høgt nivå med store aktørar som kan bidra til å gjere ein forskjell. No er målet å bli tatt opp i Arenaprogrammet til Innovasjon Norge, eit tilskot til å drive klynga vidare vil være essensielt for å nå dei måla vi har satt oss, fortel Grinde.

KUNNSKAPSPARKEN VESTLAND 2020 | 7


FOU OG KOMPETANSEUTVIKLING Kunnskapsparken Vestland koplar teknologi, forskingsmiljø og bedrifter. Ved å styre innovasjonsarbeid og vere ein vegvisar for kommersialisering av idear i Helse Førde og Høskulen på Vestlandet, er vi med å bygge ein sterkare innovasjonskultur i desse miljøa.

Fysioterapeut Elin Johnsen har realisert ideen sin om å hjelpe lungesjuke I løpet av to år har gründeren i Helse Førde jobba fram det digitale verktøyet «Pust deg bedre» - saman med utviklarar i Florø.

Elin Johnsen jobbar på Førde sentralsjukehus. Spesialfysioterapeuten har sidan våren 2018 jobba med innovasjonsprosjektet «Pust deg bedre». Ho opplevde behovet for eit verktøy der kronisk lungesjuke lettare kunne følgje opp si eiga helse. Det er omlag 400.000 personar i Noreg som har ei eller anna form for lungesjukdom. Dette er pasientar som ofte strevar med slim og tung pust i kvardagen og er ekstra sårbare for infeksjonssjukdommar. Johnsen ville lage eit verktøy som var lett tilgjengeleg for pasienten, og som forklarte vanskeleg fagstoff på ein enkel måte. Resultatet har blitt ein app der menneskemodeller i 3D visualiserer pusteteknikkar for å få opp slim og dempe andenaud. – Med ein slik app kan pasientane gjere øvingane heime eller andre stadar utan helsepersonell. Det kan gjere kvardagen lettare. I appen kan du enkelt sjå kva som skjer inne i kroppen når du gjer øvingane. Vi har òg bygt opp ei nettside med ytterlegare informasjon til både pasient og fysioterapeutar, pustdegbedre.no, fortel Johnsen.

8 | KUNNSKAPSPARKEN VESTLAND 2020

Kopla på utviklarar i Florø Elin Johnsen vert omtalt som eit arbeidsjern. Gjennom samarbeidsavtalen Helse Førde har med Kunnskapsparken Vestland, har ho fått rettleiing og rådgjeving til å stake ut kursen. Johnsen har mellom anna møtt andre gründerar, delteke på samlingar og lært seg å pitche ideen - samtidig som ho har fått hjelp til å skrive søknadar og søke midlar. Men tross ein god idé mangla ho teknologikompetanse. Her kunne Kunnskapsparken kople henne på riktig kompetanse hos Haptiq i Florø. Dei er spesialisert på spelteknologi og 3D-animasjonar. – Hjelpen eg fekk i ein tidlig fase har vore ein døropnar for mykje. Kunnskapsparken har følgd meg tett, bidrege med relevant kompetanse og introdusert meg for eit rikt nettverk, seier Johnson.


– EIN DØROPNAR: Den hjelpen Elin Johnsen frå Helse Førde har fått gjennom samarbeidsavtalen med Kunnskapsparken Vestland, omtalar ho som ein døropnar. Her med testbrukar Tone Kvigne frå Lærdal (t.v). Foto: Pust deg bedre.

Innovasjon i Helse Førde Helse Førde er oppteken av å finne gode innovative løysingar for sine pasientar og tilsette, og ser eit stort potensial i å ta i bruk ny teknologi. Dei har fokus på å få fram gode idear og hjelpe fram gründerane slik at ideane blir realisert. – Innovasjonsarbeid er naudsynt for oss i helsesektoren. Vi må ta i bruk helsefagleg kunnskap på nye måtar i framtida, og dette prosjektet retta mot lungesjuke har vi eit ekstra varmt hjarte for, seier administrerande direktør i Helse Førde, Arve Varden. Direktøren poengterer det viktige i at Helse Førde og Helse Vest IKT no kan tilby dette hjelpemiddelet, når Noreg er i ein heilt spesiell situasjon grunna koronaviruset. – «Pust deg bedre» kan vere med å skjerme risikogruppa mot konsekvensane av koronasmitte. Med appen legg vi til rette for at lungesjuke får eit ekstra hjelpemiddel til å halde seg så friske dei kan på eiga hand, og unngå unødig kontakt med andre, seier Varden.

Gründeren sjølv er utruleg glad for at ideen hennar no er lansert, og at pasientar og behandlarar har eit godt verktøy. – At eg har fått så god hjelp av nokon utanfor helsesektoren har vore uvurderleg. Det å ha nokon som heier på deg, gir motivasjon og pusher deg utanfor komfortsonen er kritisk for å få god framdrift. Her skal Kunnskapsparken ha mykje ros. Forretningsutvikling er eit anna språk enn det vi i Helse Førde er vand til. Eg har verkeleg fått kasta meg utpå djupt vann, men eg har òg oppdaga at eg kan svømme, fortel Johnsen.

Elin Johansen har fått tildelt Helse Vest sine innovasjonsmidlar tre år på rad, fått stønad frå Stiftelsen Dam og samarbeider med Landsforeininga for hjarte- og lungesjuke (LHL).

KUNNSKAPSPARKEN VESTLAND 2020 | 9


Henta 17 millionar for å betre kommunikasjonen mellom pasient og behandlar I løpet av tre år har Norse Feedback henta 17 millionar kroner. Seks av dei vart hanka inn under koronakrisen. – Det er mykje pengar og det er mykje lokale investorar. Investorane har heile vegen hatt tru på ideen vår. Det kjennast bra. Vi har eit godt produkt og vi har ei god framdrift, så vi gjer noko riktig. Vi har klart å fokusere på dei vegane som gir oss god utteljing og gått vekk frå dei som ikkje gjer det, fortel Joachim André Vie, dagleg leiar i Norse Feedback. Prosjektet starta i 2014. Basert på omfattande forsking, utvikla gründerane Christian Moltu og Sam Nordberg metoden Norse, «Norwegian Outcome Response System for

10 | KUNNSKAPSPARKEN VESTLAND 2020

Evaluation». Metoden revolusjonerer kartlegginga av pasientar innan psykisk helse, med digitale verktøy som vert tilpassa pasienten. Tidlegare har kartleggingsverktøya vore prega av statiske og papirbaserte metodar. I 2018 starta gründerane selskapet Norse Feedback, for å kommersialisere metoden og utvikle eit digitalt verktøy «alle» kunne nytte. Joachim Vie starta som dagleg leiar, etter å ha jobba som forretningsrådgjevar i Kunnskapsparken Vestland.


TETT SAMARBEID: Kunnskapsparken Vestland har vore med Norse Feedback sidan starten i 2018, både som eigar og kommersialiseringsaktør. Frå venstre John Mellor Clark i britiske CORE IMS, Joachim Vie, dagleg leiar i Norse Feedback og Christian Moltu, gründer og professor i psykologi. Foto: Runar Tengel Hovland.

– Eg ville bli med på denne spennande reisa. Kunnskapsparken har vore med sidan start og har hatt ei viktig rolle for å få kommersialisert ideen. Nå er det digitale verktøyet allereie nytta av mange kommunar og sjukehus i Noreg, og vi er i dialog med fleire aktørar, fortel Vie. Sjølve produktet kombinerer ny forsking med kjent teknologi. Pasienten får tilgang til sitt individuelt tilpassa spørjeskjema, som vert generert automatisk basert på det pasienten svarar mellom kvar legetime eller psykologsamtale. Dette skal effektivisere helsesektoren og betre samarbeidet mellom pasient og behandlar.

Korleis 17 millionar? Norse Feedback starta med ein kapital på 2,5 millionar. Målet var å tilsette to personar og få drifta i gang. Her var mellom anna Kunnskapsparken Vestland med å investere. – Deretter hadde vi fokus på korleis vi kunne hente inn fleire midlar. Vi så på korleis vi kunne byggje selskapet og nytta nettverket i Kunnskapsparken. Hausten 2018 klarte vi å få på plass ein emisjon på 6 millionar. Dette gjorde oss klar for vidare oppskalering, fortel Vie. Deretter har dei jobba fram ein emisjon på 4 millionar, før dei 17. mars sikra emisjonen på 7 millionar.

– Kunnskapsparken kopla oss med fleire aktuelle investorar. Midlane dei kom med i ein tidleg fase har vore eit viktig grunnlag for å få på plass emisjonane, fortel Vie. I tillegg til 17 millionar i investorkapital, har Norse Feedback fått offentleg stønad til utvikling. Mellom anna 7 millionar frå Innovasjon Noreg, for å utvide til ein internasjonal marknad.

Gjennombrot rett rundt hjørnet Med gode investorar på laget, håper og trur Vie dei vil landa ein enda større emisjon snart. Her er det snakk om ein investor som truleg doblar potten. Dette er kritisk for å realisere planane om internasjonalisering. – Det verkelege gjennombrotet kjem no i løpet av hausten eller i vinter, trur Vie. Han fortel at dei stort sett har kontroll på den norske marknaden. Mange kommunar og aktørar er allereie i dialog, og produktet er i bruk fleire stadar i landet. No jobbar dei med eit tett samarbeid med CORE IMS i England. Der ønskjer dei å samarbeide om å forske, utvikle pilotar og spreie teknologi til kundar og pasientar, basert på metoden Norse. – Her er det snakk om tusenvis av brukarar. Eg trur faktisk me har spreidd metoden og kunnskapen vår til heile Norden i løpet av neste år, seier Vie. Kunnskapsparken Vestland eig 24 prosent av aksjepostane til Norse Feedback AS.

– Det vart midt i koronakrisa, så det kunne fort gått begge vegar. Vi er veldig glad me landa den emisjonen. Vie fortel at dei er avhengig av å ha med investorar og må tenke stort. Først og fremst har dei vore hjelpt av eit godt nettverk. Her har Kunnskapsparken hatt ei sentral rolle.

SAMARBEID MED HELSE FØRDE ANNE KRISTIN KLEIVEN, UTVIKLINGSDIREKTØR I HELSE FØRDE:

«I samsvar med strategien vår, er god forsking og innovasjon eit resultat av godt samarbeid; både internt i Helse Førde mellom fagmiljø og kliniske avdelingar, og med kommunar, lokalt næringsliv og utdanningssektoren, som Høgskulen på Vestlandet. Samarbeidet med Kunnskapsparken Vestland er viktig for å få fram gode idear og hjelpe gründerane våre. Det er slik vi får gjort ideane våre levedyktige».

KUNNSKAPSPARKEN VESTLAND 2020 | 11


Som student var det kort veg til gründerlivet – Eg såg utfordringa som mor og lærar, men det var først då eg vart student at eg skjønte at eg sjølv måtte finne løysinga. Grete Liheim er mor til fire gutar, utdanna lærer og tar ein mastergrad i spesialpedagogikk - i tillegg til å jobbe som PPT i den vidaregåande skulen. Ho er gift med ein dyslektikar og tre av gutane har same utfordring. Det er ikkje lett å få nok tilpassa opplæring i skulesystemet. Om ein slit med å lese tekstar, er det vanskeleg å komme med gode svar. Difor er prøvesituasjonane ofte eit slit for gutane – og karakterane kjem deretter.

12 | KUNNSKAPSPARKEN VESTLAND 2020

– Det er urettferdig. Skal ein ha dårleg karakter i matte fordi ein ikkje er så god til å lese? Det vart slik for mine gutar. Dei kan gjere det godt på skulen, få hjelp undervegs, men så kjem prøvedagen og dei slit med å oppfatte oppgåvene, fortel Liheim.

Fekk ei openberring Ho har jobba som lærer i 15 år. Ho har sett problemet lenge, men alltid tenkt «kvifor er det ingen som gjer noko med dette?».


I 2018 vart ho student ved HVL i Sogndal. Læraren ønskja ei mastergradsutdanning i spesialpedagogikk. Studiet gav meir kunnskap om lesevanskar og ho såg at ho sjølv kunne løyse utfordringar lærarar og elevar møter i skulen når tekst skal avkodast. Derifrå har det gått fort å bli gründer. Frå Høgskulen tok ho ideen med til Kunnskapsparken Vestland, der ho har grepet alle moglegheiter for rettleiing og hjelp. – Entreprenørskap og det å være gründer er ei heilt ny verd for meg. Då er det betryggande at Kunnskapsparken har kompetansen og nettverket som kan rettleie meg vidare, fortel Liheim

Kopla på forretningsutviklar, ressursteam og utviklarar Med hjelp frå Kunnskapsparken, har masterstudenten fått midlar frå Innovasjon Norge og Sparebanken Vest-fondet. I tillegg har ho fått stønad frå Sogn Næring. Ho har gjort brukarundersøkingar og prøvd å lære seg livet som gründer – samtidig som ho har jobba og vore student. Og mamma til fire.

Liheim har blitt kopla på andre gründerar. Ein lokal, suksessfull gründer sit i styret, medan teamet bak lydboktenesta Fabel, som i 2009 utvikla straumetenesta Beat, ønskjer å utvikle appen Liheim er i gang med. – Det er heilt fantastisk. Dei har ein veldig riktig teknologikompetanse. Koplinga mellom oss var det Kunnskapsparken som fann. Dei har vore veldig støttande. Dei har heile vegen pusha meg nok, slik at eg har klart å halde ei god framdrift utan at det blir for mykje. I tillegg har Liheim fått med seg ressurspersoner frå Høgskulen og utdanningssektoren. Her får ho tilgang til mykje kunnskap, samtidig som ho får moglegheita til å teste produktet på elevane når så langt kjem. – Det er mange krefter som spelar på lag her. Så eg trur det blir eit skikkelig bra produkt. Men eg seier til meg sjølv, at om eg ikkje får det til, så har eg satt fokus på noko viktig. Dette er så mykje større enn meg og mine behov. Tenk på alle dei elevane med lesevanskar, ungdommar med angst og depresjonar. Eg håpar eg kan hjelpe dei.

KOPLA PÅ UTVIKLARAR: Grete Liheim hadde ein god idé med trengte hjelp til utvikling. Kunnskapsparken Vestland har hjulpe til med forretningsutvikling og kopla henne på andre gründerar med teknologikompetanse. Foto: Astri Knudsen/Drople.

SAMARBEID MED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET PROREKTOR PÅ HØGSKULEN I VESTLAND, BJØRG KRISTIN SELVIK:

«Høgskulen er veldig glad for det tette samarbeidet med Kunnskapsparken og ikkje minst fysisk nærleik på Campus. Tilgang på inkubator og rådgjeving er viktig for studentane. Eg trur dette både ufarleggjer og forenklar moglegheita deira til å utvikle sin eigen idé. »

KUNNSKAPSPARKEN VESTLAND 2020 | 13


SAMARBEID MELLOM AKADEMIA OG NÆRINGSLIV JØRIL HOVLAND, PROSJEKTLEIAR I KUNNSKAPSPARKEN VESTLAND:

«Me jobbar som koplingspunkt mellom akademia og næringsliv. Kunnskapsparken Vestland skal vere eit bindeledd og hjelpe til med innsatsen som krevst for auka forskingsbasert innovasjon i bedrifter. Me håpar og trur dette gir fleire arbeidsplassar og meir berekraftig verdiskaping».

KOMPETANSEMEKLING - virkemiddel for regional innovasjon Kompetansemekling er ei rådgjevingsteneste som hjelper bedrifter med å identifisere og definere FoU-utfordringar i utviklingsprosjekt. Formålet er å mobilisere og stimulere til meir forskingsbasert innovasjon, for større verdiskaping, konkurransekraft og berekraft i vår region. Prosjektet skal redusere barrierar næringslivet har for å ta i bruk forskingsbasert kunnskap. Dette er eit samarbeid mellom Forskingsrådet og Fylkeskommunen. Kunnskapsparken er inne som kompetansemeklar.

14 | KUNNSKAPSPARKEN VESTLAND 2020


TEKNOLØFT - teknologikompetane for næringslivet Dei fleste bedrifter vil måtte omstille seg for å møte det digitale skiftet. Teknoløft vil bidra til å lette omstillinga i bedriftene gjennom deling av kunnskap, problemstillingar og kompetanse mellom fou-miljø og næringsliv. Hovudsatsingane er stordata og robotikk. Prosjektet utviklar kompetanse på meir fleksibel automatisering i små og mellomstore bedrifter. Dette ved bruk av robotar som samarbeider med menneske i produksjon av varer og tenester, og stordata til å auke innovasjon og omstilling. Kunnskapsparken er partnar i prosjektet.

Først i verden med sitt prosjekt Med hjelp frå Vestlandsforsking har Paneda i Selje fått tildelt forskingsmidlar til utvikling av eit unikt varslingssystem. Dette er teknologi i verdsklasse. Paneda er i gong med å utvikle eit system for befolkningsvarsling som skal kunne nyttast av både politi og sivilforsvar i heile landet.

varsle bilister inne i tunnellen gjennom radioen. Dei leverer òg teknologi til kringkastarar til mellom 15-20 land og har med seg Telenor med i prosjektet befolkningsvarsling.

– Vår teknologi gjer at 112-sentralen kan tømme Flåm sentrum på få minuttar. Eller Bryggen i Bergen. Ved hjelp av lyd, bilde og tekst kan dei mellom anna ta over skjermar og vegbommar. Dei kan overstyre det meste. Dette for å evakuere områder på kort tid, fortel Geir Gjørsvik, CEO i Paneda.

– Dette er eit godt eksempel på kva vi ønskjer med Teknoløft. Vi vil at bedrifter skal få auga opp for kva forsking kan nyttast til. At Paneda får hjelp av Vestlandsforkning til å utvikle teknologi ingen andre har gjort før, er jo fenomenalt, fortel Erik Kyrkjebø, prosjektleiar for Teknoløft.

– For å ha kome der vi er i dag har Innovasjon Norge, Skattefunn og lokalbanken vore uvurderlege. At vi nå har fått støtte frå forskingsrådet gjer at vi kan ta steget frå pilot- til fullskalaprosjekt.

Kyrkjebø fortel at koplinga med Kunnskapsparken Vestland er avgjerande for å lukkast.

Ingen i verda har gjort dette før. Frå før har Paneda utvikla eit varslingssystem for tunnelar, der ein via DAB-nettet kan

– Dei skal vere kontakten ut mot bedriftene frå miljøa våre på Høgskulen og Vestlandsforsking. I tillegg kjem dei med erfaringar og problemstillingar frå næringslivet tilbake til våre miljø. Dette er utruleg viktig for oss, utdjupar Kyrkjebø.

KUNNSKAPSPARKEN VESTLAND 2020 | 15


Innovasjonsstruktur Vi bidreg til sterke innovasjonsmiljø og fasiliterer samhandling. Dette er fysiske miljø og fellesskap der vi har eit sterkt engasjement, både som eigar/leigetakar og rådgjevar: FUS - SOGNDAL

SITEP AS - ÅRDAL

Eit kontorfellesskap på Campus Sogndal, for gründerar og etablert næringsliv. FUS tilbyr eit aktivt nettverk og god støtte, med tilgang til rådgjevarar, kapital, mentorar, faglege- og sosiale arrangement, og kontorfasilitetar og møterom. Nasjonale og regionale aktørar som Innovasjon Norge, Siva, Forskingsrådet, Distriktssenteret, Kunnskapsparken, Sogn Næring, Høgskulen og Vestlandsforsking er alle aktørar lokalisert i dette miljøet.

Sitep (Senter for Innovasjon, Teknologi og Prosess) er ein øvingsfabrikk og teknologilab for elevar og erfarne innovatørar. Her skal den industrielle framtida i regionen formast, gjennom auka samarbeid mellom bedrifter, skule, universitet og andre forskingsmiljø.

PEAK SUNNFJORD - FØRDE Peak Sunnfjord er eit dynamisk kontorfellesskap midt i Førde, for gründerar, oppstartsselskap og etablerte teknologibedrifter. Her finn ein aktørar i verkemiddelapparatet som Innovasjon Norge, SIVA, Kunnskapsparken Vestland og Sunnfjord Utvikling. I tillegg er Sogn og Fjordane Næringsråd, Framtidsfylket og Fjord Invest lokalisert her.

16 |

TECHUB - STRYN Stryn TechHub er ei klyngesatsing som skal tilrettelegge for meir effektive prosessar frå idé til produksjonsfasar. Leverandørar, kundar, FoU-miljø og samarbeidspartnarar knytast saman i nettverk som skapar auka samhandling.

INVIRO - NORDFJORD VIRTUELLE CAMPUS Eit samarbeidsprosjekt initiert av ei gruppe bedrifter som driv innan elektro, automasjon, enøk og byggfag i Nordfjord. Inviro skal tilby løysingar knytt til rekruttering, kompetanseheving og utviklingskapasitet. Dette skal auke tilgangen på relevant arbeidskraft og gjere kvar einskilde bedrift betre rusta til å henge med i den teknologiske utfordringa.


Her representert av prosjektgruppa: Frå venstre: Arild Hjelmeland, Inviro, Kjetil Kvåle Kunnskapsparken Vestland, Knut Henning Hjelbak, Stryn Næringshage, Torgeir Skålid, Sognefjorden Næringshage, Roger Ulvestad, Kunnskapsparken Vestland. Totalt er vi eit kollegium på 14 personer spreidd over heile regionen.

Vekst i lag

Eit innovasjonsmiljø med meir enn 150 bedrifter. Målet er å gi lokale bedrifter auka mogelegheiter for å lukkast. Vekst i lag kan hjelpe nystarta og etablerte bedrifter med utvikling og vekst. Vi tilbyr utviklingsprogram som skapar faglege, innovative og sosiale samhandlingsarenaer, og hjelper lokale bedrifter å dra nytte av nasjonale verkemiddel. Med gode verktøy, kompetanse, nettverk og kapital kan vi bidra til å nå ambisiøse mål. Vekst i lag består av Kunnskapsparken Vestland, Sognefjorden Næringshage, Stryn Næringshage og Inviro AS.

Eigenkapital i ein tidleg fase Sogn og Fjordane-fondet kan gå inn med kapital i oppstartsbedrifter i ein tidleg fase der anna risikokapital ofte er vanskeleg å finne. Sogn og Fjordane-fondet går inn med hjelp heilt i startfasen. Med startinvesteringar frå 50.000 til 500.000 kroner, kan gode idear lettare få på plass anna investering. Difor er dette verkemiddelet ofte avgjerande for vekst av nye idear og oppstartsbedrifter i vår region.

Fondet har mellom anna investert i Eduplaytion, Evoy, Norse Feedback, Virtualhouse og Webmegling. Dette er alle verksemder som i ettertid har fått på plass gode investorar. Fondet, som er eigd av Sparebanken Sogn og Fjordane, Kunnskapsparken og Vestland fylkeskommune, vert forvalta av Kunnskapsparken. Overskot frå investeringane vert attendeført til fondet og nytta til nye investeringar.

KUNNSKAPSPARKEN VESTLAND 2020 | 17


Ord frå styreleiaren:

Snart 20 år i teneste for gründerskap og nyskaping I det vi går inn i det tjuande driftsår, har ikkje Kunnskapsparken berre vekse i tilsette og omsetning, men òg i unik kompetanse. Kompetanse som er spesialtilpassa utfordringane som ligg i å utvikle forretningskonsept i distrikts-Noreg. Kunnskapsparken har medverka til å utvikle levedyktige selskap som skaper verdiar og sysselset menneske. Dei har bygt verdiskapande nettverk og drive inkubatorar fleire stader i regionen. No ser vi det som eit ansvar og ei mogelegheit å kunne tilby heile Vestland fylke både konsept, kompetanse og nettverk. Vi skal gjere vårt for at fylket skal utvikle seg til eit av dei mest verdiskapande fylke i landet. Som styreleiar dei siste 10 åra, har det vore særs tilfredsstillande å få følge ein organisasjon som har bygt stein på stein. Dette både i form av intern kompetanse og konsept, og som evne til å medverke til konkrete resultat i nye levedyktige selskap. Eg håpar vi får høve til å virke like aktivt i Vestland dei neste 10 åra. Slik at vi, saman med mange andre aktørar, får bidra til å vidareutvikle vår landsdel på områder der vi kan gjere ein forskjell. Takk til tilsette og samarbeidspartar som i fellesskap har bidrege til å gjere Kunnskapsparken til det vi er i dag - med ynskje om sterke resultat også i fortsettinga. Vidar Grønnevik Styreleiar

Styret VIDAR GRØNNEVIK (styreleiar), Sjølvstendig næringsdrivande BJØRG KRISTIN SELVIK, Prorektor Høgskulen på Vestlandet HJØRDIS VIK, Avdelingsleiar Innovasjon Norge JAN HENRIK NYGÅRD, Sjølvstendig næringsdrivande RAGNAR WAALEN, Seniorrådgivar i Siva TERJE LABERG, Dagleg leiar i Årdal Utvikling ASTRID HOVE (varamedlem), Rådgivar Høgskulen på Vestlandet

18 | KUNNSKAPSPARKEN VESTLAND 2020


Våre eigarar • Vestland fylkeskommune • Fjord Invest • Siva • Sparebanken Sogn og Fjordane • Sogndal Kommune • Helse Førde • Stryn Næringshage

Partnarar • Sparebanken Sogn og Fjordane

• Stryn Næringshage

• Sparebanken Vest

• Inviro (Nordfjordeid Næringshage)

• Helse Førde

• Sognefjorden Næringshage

• Høgskulen på Vestlandet

• Aksello

• Connect

• VIS

Vår visjon: Vi skapar vekst i vest Våre verdiar: Handlekraft - Samspel - Tillit

KUNNSKAPSPARKEN VESTLAND 2020 | 19


20 | KUNNSKAPSPARKEN VESTLAND 2020

gasta.no

post@kpvest.no | www.kpvest.no | Sogndal • Førde


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.