Kunnskapsparken magasin 2021

Page 1

Saman om nyskaping, omstilling og vekst Handlekraft - Samspel - Tillit

år

KUNNSKAPSPARKEN VESTLAND 2021 | 1


20 år med gode idear, nyskaping og vekst! Kunnskapsparken Vestland er 20 år – og det har vore ei svært spanande reise. I dag sit vi med eit svært viktig nettverk, både lokalt, regionalt og nasjonalt. Vi har etablert vårt eige presåkornfond og oppretta partnarskapen Vekst i Lag. Dette gir oss tyngde til å løfte fram enda fleire dyktige folk og idear i regionen vår. Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane AS vart formelt skipa i 2001. Målet var å auke samarbeidet mellom ulike aktørar i fylket: høgskulen, FoU-miljø og næringslivet – samt kommersialisere forskingsresultat. Det vart ein noko forsiktig start, men i 2004 styrka ein både aksjekapital og formål. Vi måtte få fart på innovasjonsog nyskapingsarbeidet i fylket.

Eit stort oppdrag Det var ikkje noko lite oppdrag vi fekk; medverke til auka verdiskaping, vere ein pådrivar og stimulere til kommersialisering. Som fylkesdekkande innovasjonsselskap, og som ein del av det nasjonale Siva-nettverket, ligg det også i oppdraget vårt å fungere som eit nav. Ved å vere eit knutepunkt for næringshagane i regionen vår, kan vi skape meirverdi av all kunnskapen som allereie er her. Eg vil sei at vi i Kunnskapsparken har levert bra i lys av både handlingsplanar og forventningar - og det takka vere kollegane mine. Utan kompetente og

2 | KUNNSKAPSPARKEN VESTLAND 2021

dedikerte folk hjelper det lite å vise til oppdraget vårt. Det er gjennomføring og leveranse som betyr noko. Her har våre tilsette levert svært godt. I dag kan vi også vise til eit regionalt kollegium med ulik kompetanse, mellom anna gjennom Vekst i lag.

Imponerande gründerliv I 2006 søkte vi om å bli ein del av Siva si inkubatorordning. Dette var eit verktøy som ville hjelpe fleire gründerar opp og fram, særlig med tanke på finansiering og nettverk. Og det har gitt resultat! I alle desse åra har vi jobba med mange dyktige gründerar. Dei har ofra mykje for ideen sin, og bygd opp fleire arbeidsplassar og verdiar i regionen vår. Vi har rettleia og navigert fram finansiering, men jobben har dei gjort sjølv.

Viktige fellesnemnarar Reisa, som eg har teke del i frå 2004, har på mange måtar fleire fellesnemnarar: Ein fylkeskommune som legg til rette for gode ordningar og infrastruktur for næringslivet, Siva som tilbyr nasjonale program retta mot små og mellomstore bedrifter, Innovasjon Norge med gode økonomiske ordningar, og ein høgskule med både vilje og evne til å bidra til meir nyskaping. Denne samhandlinga, kopla opp mot eit framoverlent næringsliv, ofte med bankane i spissen, gir gode resultat.

Kva so med dei neste 20? I fjor skifta vi namn til Kunnskapsparken Vestland, ei tilpassing til regionsreforma. I dag retter vi fokus utover heile Vestlandet. Utvida nettverk og nedslagsfelt gir oss meir styrke. I 2023 skal ein sette i verk «nye» ordningar for nyskaping og innovasjon. Når eg set nye i gåseauge, er det fordi vi endå ikkje veit korleis kartet ser ut frå 2023. Vårt innspel til dette arbeidet er følgjande: Det må tydeleggjerast kva rolle dei ulike aktørane skal ha, frå nasjonale til regionale og lokale ordningar. Vi må gjere det vi maktar for å samkøyre verkemidla i ein desentralisert struktur, og på den måten forsterkar vi kvarandre. Kunnskapsparken Vestland har, gjennom sitt oppdrag, hatt denne rolla og ønskjer å forsterke denne i ein eventuell ny struktur. I 20 år har vi arbeida for nyskaping og innovasjon i regionen vår. 20 år vi med stoltheit kan bruke som eit godt grunnlag for arbeidet vårt dei neste 20!

Kjetil Kvåle, dagleg leiar


46 BEDRIFTER I INKUBASJON 2020

165

OMLAG

500

ARBEIDSPLASSAR HAR VAKSE FRAM FRÅ OPPSTARTSBEDRIFTER SISTE 10 ÅR

BEDRIFTER I INKUBASJON SISTE 10 ÅRA

EI VERDISKAPING FRA DESSE BEDRIFTENE GAV CA

980 MILLIONAR KRONER I 2020

Sigrid Førde Forretningsutviklar

Geir Opseth Forretningsutviklar

Jøril Hovland Prosjektleiar

Hilde Grinde Forretningsutviklar

Roger Ulvestad Forretningsutviklar

Kjetil Kvåle Dagleg leiar

KUNNSKAPSPARKEN VESTLAND 2021 | 3


Om oss Kunnskapsparken tilrettelegg for sterke innovasjonsmiljø og vekstkraft i bedrifter. Gjennom arbeidet vårt gjer vi det vi kan for å hjelpe framtidas næringsliv opp og fram. Logoen vår symboliserer ei spå – ei spå om framtidas næringsliv.

“I 20 år har vi bidrege til å få fram framtidas arbeidsplassar, arbeidsplassar som gjer regionane attraktive å leve og bu i. Det er flott å sjå kva næringslivet i regionane kan få til, bare ein står saman.” — Kjetil Kvåle, dagleg leiar

4 | KUNNSKAPSPARKEN VESTLAND 2021


Kjernekompetanse Kunnskapsparken Vestland er eit regionalt innovasjonsselskap med kontor i Stryn, Nordfjordeid, Førde og Sogndal. Våre tre kjerneverdiar; handlekraft, samspel og tillit både forpliktar og gir oss inspirasjon i arbeidet med nyskapande næringsliv. Vår kjernekompetanse er inkubatortenester, forretningsutvikling, kommersialisering, prosess- og prosjektleiing, klyngeutvikling og omstilling.

Nettverk Nettverket vårt består av relevant næringsliv, FoU-miljø, kapital og investormiljø og andre lokale, regionale og nasjonale innovasjonsmiljø. Vi kjenner både det politiske miljøet og verkemiddelapparatet godt, og nyttar denne kompetansen for å kunne gi best mogleg hjelp til næringslivet.

KUNNSKAPSPARKEN VESTLAND 2021 | 5


Miljø Vi bidreg til sterke innovasjonsmiljø og fasiliterer samhandling. Dette er fysiske miljø og fellesskap der vi har eit sterkt engasjement, både som eigar/leigetakar og rådgjevar:

FUS - SOGNDAL

TECHUB - STRYN

Eit kontorfellesskap på Campus Sogndal, for gründerar og etablert næringsliv. FUS tilbyr eit aktivt nettverk og god støtte, med tilgang til rådgjevarar, kapital, mentorar, faglege- og sosiale arrangement, kontorfasilitetar og møterom. Nasjonale og regionale aktørar som Innovasjon Norge, Siva, Forskingsrådet, Distriktssenteret, Kunnskapsparken, Sogn Næring, Høgskulen og Vestlandsforsking er alle aktørar lokalisert i dette miljøet.

Stryn TechHub er ei klyngesatsing som skal tilrettelegge for meir effektive prosessar frå idé til produksjonsfasar. Leverandørar, kundar, FoU-miljø og samarbeidspartnarar knytast saman i nettverk som skapar auka samhandling.

PEAK SUNNFJORD - FØRDE Peak Sunnfjord er eit dynamisk kontorfellesskap midt i Førde, for gründerar, oppstartsselskap og etablerte teknologibedrifter. Her finn ein aktørar i verkemiddelapparatet som Innovasjon Norge, SIVA, Kunnskapsparken Vestland og Sunnfjord Utvikling. I tillegg er Sogn og Fjordane Næringsråd, Framtidsfylket og Fjord Invest lokalisert her.

SITEP AS - ÅRDAL Sitep (Senter for Innovasjon, Teknologi og Prosess) er ein øvingsfabrikk og teknologilab for elevar og erfarne innovatørar. Her skal den industrielle framtida i regionen formast, gjennom auka samarbeid mellom bedrifter, skule, universitet og andre forskingsmiljø.

6 | KUNNSKAPSPARKEN VESTLAND 2021

INVIRO - Nordfjord Virtuelle Campus Eit samarbeidsprosjekt initiert av ei gruppe bedrifter som driv innan elektro, automasjon, enøk og byggfag i Nordfjord. Inviro skal tilby løysingar knytt til rekruttering, kompetanseheving og utviklingskapasitet. Dette skal auke tilgangen på relevant arbeidskraft og gjere kvar einskilde bedrift betre rusta til å henge med i den teknologiske utviklinga.


Vekst i lag “Vekst i lag” er eit innovasjonsmiljø med meir enn 200 bedrifter. Målet er å gi lokale bedrifter auka mogelegheiter for å lukkast. Vekst i lag kan hjelpe nystarta og etablerte bedrifter med utvikling og vekst. Som del av det nasjonale næringshage- og inkubatorprogrammet, tilbyr vi utviklingsprogram som skapar faglege, innovative og sosiale samhandlingsarenaer, og hjelper lokale bedrifter å dra nytte av nasjonale verkemiddel.

Med gode verktøy, kompetanse, nettverk og kapital kan vi bidra til å nå ambisiøse mål. Vekst i lag er eit partnarskap mellom Stryn Næringshage, Sognefjorden Næringshage, Inviro og Kunnskapsparken Vestland.

Satsing i Sunnfjord Sunnfjord har ikkje vore tilknytt nokon næringshage. Difor er tre millionar kroner, frå nasjonalt hald, øyremerka næringslivet i Sunnfjord. – Målet er å hjelpe bedrifter til vekst og utvikling. Vi vil inn og hjelpe der vi kan, og skape samarbeid og koplingar mot rette miljø, fortel Knut-Henning Hjellbakk, dagleg leiar i Stryn Næringshage. «Sunnfjordsatsinga» vart starta i 2020 og er eit prosjekt som går over tre år. Næringshagane i Stryn, Nordfjord og Sogn har, saman med Kunnskapsparken Vestland, tatt på seg å hjelpe verksemder i Sunnfjord, då dei ikkje har nokon eigen næringshage. Prosjektet går innunder partnarskapen «Vekst i lag», som skal hjelpe vekstbedrifter og bygge fram potensialet for vekst og utvikling. – Saman har vi som mål å dekke heile regionen Sogn og Fjordane. Men i Sunnfjord vart det eit svart hol på kartet.

Vi såg at vi burde ta ei rolle her, og fekk støtte frå SIVA og fylkeskommunen. Slik har vi fått finansiert satsinga og allereie treft fleire målbedrifter med ulike behov, fortel Hjellbakk. Poenget er å få utløyst innovasjonsprosessar på eit tidlegare stadium og ta tak i utviklingsprosjekt som kanskje hadde stoppa opp utan draghjelp. Dette gjeld alle bransjar, frå reiseliv og varehandel, til industri. – Med Vekst i lag står vi saman om det vi gjer og får prosessane til å samkøyre. Med til saman 17-18 tilsette, speidd utover regionen og med brei kompetanse, kan vi ta på oss mange oppgåver, fortel Sigrid Førde i Kunnskapsparken, prosjektleiar for Sunnfjordsatsinga.

KUNNSKAPSPARKEN VESTLAND 2021 | 7


TEKNOLØFT - teknologikompetane for næringslivet Dei fleste bedrifter vil måtte omstille seg for å møte det digitale skiftet. Teknoløft vil bidra til å lette omstillinga i bedriftene gjennom deling av kunnskap, problemstillingar og kompetanse mellom foumiljø og næringsliv. Hovudsatsingane er stordata og robotikk. Prosjektet utviklar kompetanse på meir fleksibel automatisering i små og mellomstore bedrifter. Dette ved bruk av robotar som samarbeider med menneske i produksjon av varer og tenester, og stordata til å auke innovasjon og omstilling. Kunnskapsparken er partnar i prosjektet.

Ved hjelp av milliardar med vêrdata, kan Mads fortelje når du handlar flest appelsinar – Stordata er ikkje så komplisert som mange trur, men det må munne ut i verdiskaping, det er heile poenget, fortel Mads Christensen. Meteorologen jobbar med big data, eller stordata, i firmaet Frivind, som han sjølv har vore med å starte. Christensen ser mykje på kva vêrdata, kombinert med andre faktorar, kan bety for framtidig sal av ulike varer, som brød, is og pølser eller appelsinar. Formålet? Å hjelpe dagligvarekjeda å redusere svinn og auke omsettinga. Har butikkane meir presise predikasjonar på sal, kan dei òg ha betre bemanning, betre marknadsføring og meir kundetilpassa drift.

– Storleiken og veksten gjer stordata vanskeleg å analysere. Det er nytt territorium å utforske, men det viser seg også å vere fullt av rikdommar, seier Rajendra Akerkar ved Vestlandsforsking. Forskaren meiner bruk av stordata er viktig for å byggje betre samfunn. Det er eit effektivt verktøy for både offentleg og privat sektor. – I kvardagen kan vi også hauste enorme fordelar av stordata, noko som kan leie til gode ting som energisparing og betre fungerande byar. Næringslivet treng å forstå verdien av å bruke slike data, som i mange tilfelle allereie eksisterer, fortel Akerkar.

Meteorologen er klar på ein ting: skal bedrifter nytte seg av stordata, må det vere for å effektivisere, redusere kostnadar eller auke omsetnaden. Poenget må vere verdiskaping.

Kva er stordata? Stordata er informasjonsteknologi som samlar inn og samanstiller data frå ulike bransjar og fagområde i eigne programvarer. Skilnaden mellom tradisjonell programvareutvikling og stordata, er at datasetta som blir samla inn til analyse, er veldig mykje større. Dei er i tillegg raskt veksande og blir samla inn frå mange ulike datakjelder.

8 | KUNNSKAPSPARKEN VESTLAND 2021

Fruktbart samarbeid mellom Høgskulen på Vestlandet og Helse Førde


Helse Førde, Høgskulen på Vestlandet (HVL) og Kunnskapsparken Vestland ser at tett samarbeid aukar innovasjonstakten i helsesektor og akademia. I 2017 starta vi eit prosjekt med Høgskulen på Vestland og Helse Førde, for å byggje ein betre kultur for innovasjon i dei to sektorane. Både HVL og Helse Førde hadde lenge hatt eit ønskje om å auke innovasjonstakta, men ideane vart ofte verande i organisasjonen. – Vi såg at det var mange gode idear her, men at mangel på midlar, tid og kjennskap til korleis ein skal gå fram stoppa

ideane. Vi fann eit stort unytta potensiale. Vi ønskte å gå inn som kommersialiseringsaktør og vere med på å realisere forskingsprosjekt og innovative idear, fortel Kjetil Kvåle i Kunnskapsparken. No ser vi at det gode samarbeidet har utvikla seg til verdiar i seg sjølv – partane har auka samhandlinga og har fleire formaliserte samarbeidsavtalar. – Før vi begynte med dette samarbeidet var dialogen mellom partane av meir sporadisk art. No har vi jamlege dialogmøter med leiinga både i Høgskulen og Helse Førde, utdjuper Kvåle. KUNNSKAPSPARKEN VESTLAND 2021 | 9


KVA SKJEDDE MED?

Eduplaytion 25 prosent av norske elevar i 4.-7. klasse nyttar mattespelet dei har utvikla. – Når timingen er riktig, har selskapet internasjonale ambisjonar. Men først og fremst ønskjer vi å skunde oss sakte, og verkeleg vise at vi har greidd å penetrere den norske marknaden og fått alle barnesjukdomane opp i lyset, fortel Kristoffer H. Engebø, gründer og dagleg leiar. I perioden 2016–2018 var Engebø lærar ved fleire skular, blant anna ein barneskule i Naustdal. Der erfarte at mange sleit med matematikken. Han ville hjelpe dei å lære betre, ved å utvikle eit digitalt alternativ til skuleboka. I dag har han samla eit team på over 20 personar i fleire land, som jobbar med hovudproduktet deira: mattespelet Numetry. Dei har fått fleire investorar med og måtte i vår «takke nei» til 20 millionar kroner, då prisen for selskapet enda var for låg i deira auge. – Vi må vekse i riktig tempo. Nå har vi rigga oss bra i alle ledd og har ei straumlinjeforma utvikling av produktet. Det gjer at vi kan ta konseptet ut av Noreg og legge inn innhald etter læreplan og språk i andre land. Det gjer òg at vi er klar for ein ny og større emisjon, fortel Engebø.

Lokasjon: Bergen, Naustdal Tilsette: 21 Etablert: 2018 Inkubatorbedrift: 2018-2019 KPV si rolle: Kontorplass på Peak Sunnfjord, rettleiing av forretningsutviklarar og gode sparringspartnarar, søknadsprosess kapital. KPV inne på eigarsida (Sogn og Fjordane-fondet).

10 | KUNNSKAPSPARKEN VESTLAND 2021

Han fortel at det er motiverande å vite at dei er på veg til å lykkast. Eduplaytion lanserte betaversjonen av Numetry i januar, og i dag teller dei 55.000 skuleelevar som brukarar, altså 25 prosent av alle elevar på 4.-7. trinn i Noreg. – I staden for å gi elevar klassiske oppgåver i lærebøkene, sender Numetry elevane oppdrag i det ytre rom. Dei må vere med å løyse oppdraga for å kome vidare og vinne noko. Slik blir læreplanen omgjort til ein samling av mange oppdrag med ulike nivå. Eit oppdrag kan til dømes vere å finne volum av ein sirkel, ved at ein treng å berekne riktig mengde drivstoff til eit romskip, forklarar gründeren. – Det er tydeleg at dette er eit produkt marknaden treng og at tidspunktet for Edtech er riktig, legg han til.


KVA SKJEDDE MED?

Rocketfarm Inkubatorbedrifta har blitt til to internasjonale selskap, med over 30 tilsette. Det starta med tre gründerar og eit verktøy for timeregistrering på nett. No er robotteknologien deira god butikk, med eit nedslagsfelt frå USA til New Zealand. - Selskapet blei starta i studietida og eg trur det var avgjerande for satsinga at me tidleg fekk ei kopling til Kunnskapsparken. Dei var raskt på ballen og me opplevde heile prosessen som lettbeint og lite byråkratisk, forklarer grunnleggjar og prosjektleiar, Halvor Gregusson i Rocketfarm og utdjupar:

I 2019 tok Rocketfarm steget frå konsulenthus og ut i produktverda, med robot-programvare og teknologi retta mot industrien. Med lanseringa av Pally, ei produktsatsing knytt til løft av øskjer frå samleband til palle, traff dei ei nisje på den internasjonale marknaden som stadig blir større. - Dei siste åra har me jobba mykje med å få det kommersielle på plass. Frå å vere teknisk retta mot web og telefon, har me spesialisert oss meir inn mot

robotikk og automasjon. Dette er heilt i tråd med utdanninga og kompetansen gjengen vår har til grunn. Hovudtyngda av Rocketfarm sine kundar er i dag fordelt over USA og Europa. - Me har veldig spennande ting på gang og er inne i ein fase der me jaktar kapital i 20-millionarsklassen. No skalerer me opp internasjonalt, avsluttar Gregusson.

- Me hadde mange detaljar som skulle på plass og inkubatorordninga gav oss eit system å gjere det gjennom. Det har i stor grad vore med og definere oss som den Sogndalsbedrifta me er. Me er kanskje ikkje etablert i nærleiken av den største, private pengemarknaden, men har fått gode nettverk på investorsida – og folk i området som har stor tru på oss.

Ei meir kommersiell retning I 2012 blei også søsterselskapet nLink etablert. Med lanseringa av verdas første robot for boring i betongtak, var den internasjonale bransjens merksemd retta mot gründerbedrifta frå Sogn. Mellom dei som fatta interesse var verktøysgiganten Hilti, som i 2017 kjøpte seg inn på eigarsida.

Lokasjon: Sogndal Tilsette: 32 Etablert: 2008 og 2017 Inkubatorbedrift: 2008-2011 (Rocketfarm), 2012-2016 (nLink) KPV si rolle: Lokale, nettverksbygging og dei første finansieringsrundane.

KUNNSKAPSPARKEN VESTLAND 2021 | 11


KVA SKJEDDE MED?

Falkeblikk Dei har nyleg sluttført ein panoramafilm for Norsk Bremuseum til over 5 millionar kroner. Falkeblikk starta med eit modellhelikopter i 2009. Tore Friele Lie fekk spørsmål om han kunne ta luftfoto i Sogndalsdalen billegare enn med helikopter. Så da kjøpte han eit modellhelikopter og festa kamera på det. I 2010 var Falkeblikk i gang, då med Tore Friele Lie og Håvard Halvorsen. Etter kvart kom Jo Bergersen inn og saman har dei levert reklamefilm, panoramafilm, dronefilm og fotografiprodukt for blant anna NRK, TV2 og Discovery Channel. I fleire år har dei levert materiell fast til Bergans, norsk reiseliv og produsert klipp til Japansk TV. Og i 2019 starta dei sin største produksjon: Ny kinofilm til Norsk Bremuseum, ein panoramafilm i formatet 5:1, eit format som er over dobbelt så breitt som standard kinoformat og tre gongar breiare enn ein TV. – Vi var usikre på om vi turte å ta oppdraget i starten, men vi hoppa i det. Vi har leigd inn folk og utstyr og landa ein veldig fin produksjon, fortel Friele Lie. I dag er det berre Tore som er tilsett i Falkeblikk. Jo Bergensen flytta austover med familien i haust, medan Halvorsen jobba for fullt med nLink frå 2011.

– Falkeblikk består, eg skal jobbe vidare med dette. No er etterspurnaden etter dronefilm ikkje slik den var for nokre år sida, då fleire har eige utstyr og hobbydronane blir betre. Dei større selskapa har eigne dronefilmarar for å ha kontroll på sikkerheit og personvern. Men folk ønskjer filmar som inkluderer dronefoto, og no jobbar eg blant anna med å presentere turistnæringa her i Sogn på oppdrag frå Visit Sognefjord, så det er nok jobb å gjere, fortel gründeren. – Vi har reist og gjort utruleg mykje på ti år. Eg får vere ute og jobbe i dei elementa eg trivst best i, og eg har ein fleksibel arbeidskvardag. Så eg håpar eg kan fortsetje med dette, seier Friele Lie, som eigentleg studerte geomatikk og jobba i Sjøkartverket då han starta.

Lokasjon: Sogndal Tilsette: 1 Etablert: 2010 Inkubatorbedrift: 2011-2014 KPV si rolle: Kontorplass på Campus Sogndal, tilgang til kurs og nettverk. Gode råd og rettleiing.

12 | KUNNSKAPSPARKEN VESTLAND 2021


KVA SKJEDDE MED?

SGN Skis

I vinter produserte dei 2000 ski til sin nisjemarknad, i 10 forskjellige modellar. Komande vinter håper dei å selje enda meir. – Eg trur vi vil sjå ein koronaeffekt i vinter. Folk er meir opptatt av å handle norske produkt og fleire har fått seg hund og hytte, så då er det kanskje fleire som vil ut på ski. Skimarknaden generelt har merka ein auke, men vi er ein nisjeprodusent, så det vil vise seg om det slår ut hjå oss, fortel Marius Feen, dagleg leiar. SGN Skis vart starta som ein idé om å lage optimale ski for norske forhold. Tur- og frikøyringsski som toler varierte forhold, med køyreglede i fokus. – I Europa er det mange som går på tur med trening i fokus. Dei kan gjerne gå opp under skitrekket og ta heisen ned. I Noreg er skikøyringa vel så viktig som treningseffekten av turen opp. Det er dette som er konseptet vårt, å nå den målgruppa.

kommersielle punktet enda. Men eg trur vi kjem dit i løpet av 2021-22, fortel Heen. Han er ein av tre som jobbar fulltid i selskapet i dag, medan gründerane Steinar Nes, Tore Frimanslund og brørne Dagfinn og Torgeir Sværen Henjum er på med på eigarsida og jobbar deltid med bedrifta. – Dette er ei bedrift med mange eigarar. Vi hadde ein emisjon i 2016, der vener og familie vart med. I 2018 hadde me ein ny runde med tyngre investorar. Så i dag har vi rundt 100 aksjonærar, der gründerane er betydelege eigarar.

Lokasjon: Sogndal Tilsette: 3,6

Det starta med ein skimodell til sals i butikk i 2013. Deretter har det vore jamn vekst, aukande tal distributørar - og i vinter har dei ti modeller.

Etablert: 2012

– Det er ein vanskeleg marknad, så vi veks jamt, men treigt. Vi reknar oss vel som ei gründerbedrift, som ikkje har nådd det

oss og ideen vår, det var verdt mykje. Dei

Inkubatorbedrift: 2012-2014. KPV si rolle: «Vi møtte nokon som trudde på utfordra oss og rettleia, men viktigast av alt møtte oss med ei inkluderande haldning.»

KUNNSKAPSPARKEN VESTLAND 2021 | 13


KVA SKJEDDE MED?

Lokasjon: Sandane, med kontor i Oslo, Sverige og Danmark. Tilsette: I underkant av 200 Etablert: 2010 Inkubatorbedrift: 2009 2012. KPV si rolle: Gode råd

Melin Medical Gjennom sjølvbetente løysingar for betaling og administrasjon, handterer selskapet frå Sandane meir enn 15 millionar transaksjonar frå sju millionar menneske.

Det heile starta med ein fastlege på Sandane som opplevde at administrativt arbeid slukte verdifull tid, som han heller ønskte å bruke til behandling av pasientar. Denne fastlegen, Jesper Melin Ganc-Petersen, kom difor opp med ideen om å utvikle ei sjølvbetjent betalingsløysing. Målet var å gjere pasientar teknologisk sjølvhjelpne – og slik oppstod Melin Medical. - Me nyttar teknologi for å effektivisere administrative tenester og betaling innanfor ei rekke bransjar som helse, trening og bedriftsmarknaden, fortel dagleg leiar Ingvill Hestenes. Løysingane deira handterer i dag alle betalingar; frå mobilbetaling, til fakturering, oppfølging og finansiering. - På denne måten sørger vi for at alle våre kundar får betalt for tenestene dei leverar. Mangfaldet av brukarar

14 | KUNNSKAPSPARKEN VESTLAND 2021

er stort, så universell utforming er grunnleggjande for måten me jobbar med teknologi på, Då Hestenes kom inn i Melin Medical i 2013, var det som dagleg leiar for ei bedrift med 16 tilsette og 30 millionar i omsetnad. I dag syter dei nærare 200 tilsette for ein omsetnad på ein halv milliard kroner.

Framover i ny drakt For å samle selskapet og bygge merkevara mot ein større marknad, blei Melin Medical og søsterselskapet Melin Collectors i fjor omgjort til Convene. I dag er dei leiande leverandør av sjølvbetente løysingar for betaling og administrasjon. - Veksten innanfor helse og trening har vore god. Konsernet bevegar seg no i ei retning som famnar breiare om teknologi og finans. Me ønska

og rettleiing innan administrasjon og finansiering, deriblant søknadar om Innovasjon Norge midlar, rekneskap og inngåing av avtalar m.m.

derfor å danne ei felles plattform for heile konsernet, med ein felles identitet og kultur. Convene spelar på det engelske ordet “convenient”, som viser til det enkle. Dette skildrar kjernen vår; å levere teknologiske løysingar til konkrete utfordringar som kundane våre har i kvardagen, forklarer Hestenes. - Kva har draghjelpa frå Kunnskapsparken hatt å seie for den store utviklinga de har hatt? - Litt av Geir Opseth sitt mantra er at Kunnskapsparken skal være fleksible rundt gründeren og ta rolla som potet og sparringspartner på det selskapet ikkje nødvendigvis har kompetanse på sjølv. Dette fekk vi. Det å ha denne verktøykassa, samt tilgang til hjelpemiddelapparatet var viktig for oss.


KVA SKJEDDE MED?

Intempo Dei har utvikla eit unikt verktøy for språkutvikling, eit verktøy som er testa av over 50.000 born. Intempo har utvikla Bravo-leiken, eit verktøy for born frå eitt år, der ein utforskar lydar, bokstavar og ord i kombinasjon med sanseerfaringar og fysisk aktivitet. Den systematiske stimuleringa har vist særskilt godt utbyte for born med forseinka språkutvikling. – Fleire enn 400 barnehagar over heile landet nyttar Bravoleiken aktivt. I tillegg blir den nytta av spesialpedagogar, helsesjukepleiarar, familiar og menigheiter, forklarer Heidi Aabrekk, spesialpedagog, gründer og dagleg leiar. Det var då Aabrekk sjølv blei mor til ein gut med alvorleg hjerneskade, at ho byrja fordjupe seg i tidleg hjerneutvikling. I dag er Intempo ei kunnskapsbedrift som arbeider med å koordinere kunnskap om barns tidlige utvikling, og i samarbeid med barnehagar og helsestasjonar, implementere det i praksisfeltet. – Målet har vore å skape ei inkluderande språksatsing som ser heile barnet og tenkjer heilskapleg. Hovudfokuset er på dei yngste og born med særskilte behov for tilrettelegging.

Suksess med systematikk Under koronapandemien har dei dessutan merka stor pågang frå spesialpedagogar som ønskjer verktøy og innhald for born som treng ekstra støtte. Det har resultert i eit nytt verktøy med nettkurs for dei vaksne som er tettast på, både i heim og barnehagar – Her er kunnskapen om barns tidlege utvikling veldig relevant. Spesialpedagogisk implementeringsmodell (SIM) gir barnet sine næraste kontaktar ei felles forståing av kva me gjer, kvifor og korleis ein utfører aktivitetar saman med barnet i kvardagen. Målet er å sikre gjennomføring, samt auka samarbeid mellom barnets næraste omsorgspersonar. – Me flyttar barna sine individuelle opplæringsplanar inn i kvardagen, slik at ein enkelt kan gjennomføre det ein har planlagt. SIM nyttast ved måltid, i sandkassa eller ved leggetid, og hjelper dei vaksne å hugse kva som vil støtte barnet si utvikling, forklarer Aabrekk.

Kvalitet og mangfald – Korleis har vegen frå idè og utvikling, til der de er i dag, vore?

Lokasjon: Sandane Tilsette: 2 Etablert: 2009 Inkubatorbedrift: 2012 - 2015 KPV si rolle: Oppstart av forskingsprosjekt i tilknyting høgskulen, søknader og nettverksbygging.

– Å vere ein sosial entreprenør inn mot offentleg sektor har dei siste åra blitt meir utfordrande, då me opplever at det pågåande kompetanseløftet gjer det vanskelegare å kjøpe tenester frå private aktørar. Sjølv om ein på politisk nivå ønskjer sosialt entreprenørskap velkomen, har det i praksis blitt stramma til og gjort det vanskelegare for kommunane å kjøpe tenester av oss. Eg fryktar det vil påverke mangfaldet av tilbod til born og innovasjonsgrada i sektoren om ikkje også private aktørar blir inviterte inn i samarbeidsforuma og forska på.

KUNNSKAPSPARKEN VESTLAND 2021 | 15


KVA SKJEDDE MED?

Intin I 2016 håpa dei på ein omsetnad på 5 millionar. I fjor runda dei 39! – Ja, vi har vakse greitt heile vegen, fortel Rune Viken litt forsiktig. Saman med Geir Henning starta dei Intin hausten 2014. I løpet av 2015 omsette dei for godt over 1 million, og i fjor runda dei 39 millionar.

Lokasjon: Førde Tilsette: 15 Etablert: 2014 Inkubatorbedrift: 2015-2017 KPV si rolle: Gode råd og viktig rettleiing, tilgang til kurs, nettverk og sentrale samarbeidspartnarar.

– Mykje er takka vere godt samarbeid med bedrifter lokalisert rundt oss. Vi har mange gode samarbeidspartnerar, som Tibber og Mediebruket. Det gjeld å byggje relasjonar framfor konkurranse, fortel Viken. Intin er i dag 15 tilsette. Dei driv i hovudsak med å forenkle kvardagen til folk, ved å bruke teknologi som gir høgare komfort og sikkerheit, og samtidig sparar miljø, tid og reduserer straumkostnadane. Dei tilbyr styringssystem for bustader og leilegheiter, med fokus på å kople saman lys, varme- og låsesystem. I tillegg leverer dei produkt og «power-ups» til installasjons- og samarbeidsbedrifter som sel produkta til sluttbrukaren. «Invite» er eit styringssystem for dei som driv utleige av bustadar.

16 | KUNNSKAPSPARKEN VESTLAND 2021

– Vi har heile vegen treft bra med timingen. Ein kan ikkje komme med teknologiprodukt for tidlig, då vil ingen ha det, og ein kan ikkje komme for seint. Då er det nokon andre som tilbyr det. Men vi var nok passeleg tidleg ute med smarthusteknologien, og i dag begynner det å bli for «alle», ikkje berre dei som er spesielt interesserte, så marknaden veks, fortel gründeren. Intin har dei siste åra òg utvikla og lansert «Invite», eit styringssystem for dei som driv utleige av bustader. Løysinga består av ei programvare og produkt som automatisere mellom anna nøkkeltildeling og temperaturstyring basert på gjeste-bookingar. – Det handlar om å tilby teknologi og løysingar for framtida. Vi skal gjere kvardagen enklare og betre for miljøet, legg han til.


KVA SKJEDDE MED?

Quality Intervention Frå Balestrand har ein innovativ duo knekt koden på korleis effektiv sikring og tetting av oljebrønnar kan bli god butikk – for både bransje og miljø. Med årelang erfaring frå oljebransjen i bagasjen, tok Bjarne Langeteig og Jostein Alværn sats ut i gründerlivet.

I 2011 blei dei tildelt både Reodorprisen og DNB norsk innovasjonspris for regionen

som først såg dagens lys i ei vestlandsbygd blir no forvalta på nærare 50 kontor over heie verda.

- Som tilsette i oljeservicefirma diskuterte me ofte løysingar som kunne forenkle og forbetre arbeidet me var involvert i, men ideane forsvann ut i store firma som hausta gevinstane, forklarer Langeteig.

Fleire bein å stå på

- Det er ganske stort for oss. No har me folk i heile Europa, Afrika, Asia, Amerika og Midtausten, fortel Langeteig.

I 2008 såg Quality Intervention dagens lys - og verksemda blei raskt anerkjend i bransjen. Med banebrytande teknologi gav dei oljenæringa ei sikrare og meir effektiv løysing for tetting av brønnar, med gevinst for både lommebok og miljøet. - Eit tettingsarbeid som normalt vil kosta bedrifta hundervis av millionar, kan med denne teknologien løysast nærast utan nedetid – som eit kirurgisk inngrep – med langt mindre risiko for lekkasje til miljøet.

I 2019 banka det internasjonale oljeserviceselskapet Expro på døra, med eit tilbod dei ikkje kunne avslå – og kjøpte samtlege aksjar i selskapet. - For oss blei dette eit viktig vegval. Ein kan seie at me som gründerar fekk lønn for strevet, forklarer Langeteig, og utdjupar:

- Det å bygge organisasjonen til eit globalt firma gir oss tilgang til fleire ressursar, basar og eit enormt nettverk når det kjem til sal. - Korleis har vegen våre, frå tankar på ei notatblokk til internasjonal suksess?

- Dei to hovudteknologiane blei sett opp som to nye produktlinjer i Expro, der eg blei vice president på den eine. Med kort linje opp til leiinga har me stor påverknadskraft for den vidare utviklinga og distribusjonen av teknologien.

- Det har vore skikkeleg spennnade og enormt slit. Me har lært mykje om å bygge firma, teknologi og ikkje minst relasjonar til menneske. Ein lærer enormt mykje medan vegen blir til.

Som ein del av Expro gjekk dei i år kommersielt ut globalt. Teknologien

Lokasjon: Stavanger Tilsette: Globalt 50 tilsette på avdelingane som vidareutviklar Quality Intervention sin teknologi i eigarselskapet Expro. Etablert: 2008 Inkubatorbedrift: 2008 – 2011 KPV si rolle: Hjelp og rådgiving i startfasen, mellom anna med fokus på forretningsplan.

KUNNSKAPSPARKEN VESTLAND 2021 | 17


Revolverintervju VirtualHouse AS

Norse Feedback

Lokasjon: Nordfjordeid

Lokasjon: Førde

Etablert: 2018

Etablert: 2018

Tilsette: 2

Tilsette: 14

Inkubator: 2018 - d.d. (KPV inne på

Inkubator: 2018 - d.d. (KPV inne på

eigarsida (Sogn og Fjordane-fondet))

eigarsida)

Kor er bedrifta i dag?

Kor er bedrifta i dag?

Vi er i ferd med å rigge eit innovasjonsprosjekt med nokon av dei største aktørane i norsk byggenæring. Då vi starta hadde vi eit stort spørsmål om det er behov for løysinga vi vurderte å tilby. Dette har vi fått grundig stadfesta at det er.

Vi har ein organisasjon på 14 menneske som jobbar mot same mål, og vi har kommersielle avtaler med betalande brukarar av Norse. Vi har undervegs finansiert opp selskapet med ekstern kapital. Ytterlegare forsterka i siste runde med ein profesjonell nasjonal aktør, som også er med i styret.

Kva rolle har Kunnskapsparken hatt? Kontakt mot IN, rettleiing på søknadar. Gründernettverk. Kurs. Sparring og mental støtte, særleg i tidleg fase med solo gründer. Investornettverk. Tilgang til spesialistar ved behov; erfarne forretningsutviklarar og juristar.

Største opptur? At nokon av dei største aktørane i norsk byggenæring vil samarbeide med oss og bli med på eit utviklingsløp og samarbeid som strekker seg utover innovasjonsprosjektet.

Status om eit år? Då er vi midt i innovasjonsprosjektet.

18 | KUNNSKAPSPARKEN VESTLAND 2021

Kva rolle har Kunnskapsparken hatt? KPV var sterkt inne i starten av selskapet, med etablering av selskap og i oppfinansiering i tidleg fase.

Største opptur? Valet om å satse kommersielt mot ei ny målgruppe (med same produkt) har gitt suksess og ytterlegare traction.

Bedrifta om eit år? Om eit år har vi tredobla talet på brukarar av Norse og har ekspandert til minst to land utanfor Noreg.


Fjord Monster AS Lokasjon: Høyanger Etablert: 2017 Tilsette: 1 Inkubator: 2018 - d.d.

Kor er bedrifta i dag? Fjord Monster AS starta med ein idé om å utvikle ei bedrift for å produsere merchandising, film og bøker for å fortelje historia om Sognefjorden i eit barns perspektiv, med små vesen kalla fjordmonster. Før eg fekk kontakt med Kunnskapsparken, hadde Fjord Monster ingen nettverk, kontraktar eller forretningsplan – berre eit godt konsept. I dag har Fjord Monster eit sterkt nettverk og vi er i gang med å produsere ein pilot som skal presneteres for leiinga i NRK for vurdering. Teamet er styrkt med Rolf Magne Golten Andersen, som er manusforfattar for mange kjente produksjonar, som «Magnus» og «Førstegangstjeneste». Vi jobbar med å etablere eit selskap for saman å produsere barnebøker, animasjon og video til underhaldningsbransjen.

Kva rolle har Kunnskapsparken hatt? Hilde Grinde i Kunnskapsparken har vore ein kjempeaktør i systematisering og rettleiing av søknader, nettverksbygging

og organisering av møtar. Utan henne ville motivasjon teke slutt for lengst.

Største opptur? Støtta og anerkjenninga heilt i starten av prosjektet frå Høyanger Næringsutvikling og frå Sparebanken Vest sitt næringsfond. Samarbeid med manusfortfattar Rolf Magne Golten Andersen, og økonomiske støtte frå Vestnorsk filmsenter.

Bedrifta om eit år? Vi jobbar mykje med ein pilot som skal bli ferdig i løpet av hausten 2021, og er i gang med å selje den inn til filmprodusentar og forlag som vi forhåpentlegvis lykkast med i 2021 eller 2022. Målet er å komme ut med ein attraktiv animasjonsserie for barn som både inneheldt spenning og humor. Utgangspunktet er i livet i og rundt Sognefjorden. Seinare vil det bli aktuelt både med bøker og spill.

KUNNSKAPSPARKEN VESTLAND 2021 | 19


Revolverintervju Digital Revisor

Airlift Solutions

Lokasjon: Førde

Lokasjon: Bygstad

Etablert: 2017

Etablert: 2018

Tilsette: 10

Tilsette: 5

Inkubator: 2019 - d.d.

Inkubator: 2019 - d.d.

Kor er bedrifta i dag?

Kor er bedrifta i dag?

Digital Revisor starta med bakgrunn i Roger Hopland (dagleg leiar) si erfaring innan rekneskap og revisjon. Etter mange år som revisor såg han at utviklinga i bransjen gjekk sakte og bestemte seg for å gjere noko med dette. I dag leverer vi ein bedriftsportal som effektiviserer arbeidskvardagen til brukarane, også utanfor hovudmålgruppa, samt ei rekke spesialutvikla verktøy som eksempelvis digital signering og fleire tidsbesparande løysingar for rekneskap- og revisjonsbransjen.

Vi har utvikla ein drone som er laga for transport av biologisk materiale. Så har vi også fått god oversikt over marknaden innanfor helsevesenet. No står vi langt betre rusta til å kunne imøtekomme anbod når desse kjem ut.

Kva rolle har Kunnskapsparken hatt? KPV har vore ein svært viktig samarbeidspartner i prosessen. Støtte i prosessar, spesielt knytt mot det offentlege, som DR i utgangspunktet ikkje har erfaring med, har vore avgjerande for å kunne gjennomføre våre mål.

Største opptur? Vi er framleis i utviklinga av vårt system og jobba lenge med å finne nøkkelpersonar som kunne akselerere prosessen. Vinteren 2021 falt mange av disse brikkene på plass og vi tok store steg i utviklinga. Dette førte vidare til fleire nye samarbeidspartnar og realiserte vår visjon ytterlegare.

Bedrifta om eit år? Om eit år vil Digital Revisor levere gode løysingar for det digitale kontoret og eit heilt nytt metodeverktøy for regnskap og revisjonsbransjen.

20 | KUNNSKAPSPARKEN VESTLAND 2021

Kva rolle har Kunnskapsparken hatt? Kunnskapsparken har vore ein viktig sparringpartnar som har bidrege til konstruktive strategiske val. Dei har bidrege til nettverksbygging og idéskaping, samt marknadsføring gjennom nettverk.

Største opptur? Vår største opptur er at vi har vist at ein drone som er laga for integrasjoner for systema i helsevesenet, flyr trygt og sikkert.

Bedrifta om eit år? Då er vi i posisjon til å fly delkommersielle teneste for helsevesenet..


Blue Breeder AS Lokasjon: Nordfjordeid Etablert: 2020 Tilsette: 1 fast + 1,5 innleigd Inkubator: 2020 - d.d.

Kor er bedrifta i dag?

Største opptur?

Blue-Breeder har no etablert ein klar forretningsmodell, der teknologien Blue-Merd har oppnådd to norske patentar. Blue-Merd-konstruksjonen kan vise til positive resultat frå funksjonstest i skala to meter, samt ved styrkeberegning i storskala med diameter 45 meter, utført av Prototech gjennom Katapult-programmet og Ocean Innovation.

Vi reknar ikkje oppturar før vi er i kommersiell drift med sal av teknologiløysinga Blue-Merd. Men vi er audmjuke over å bli tatt inn i varmen og satsa på som en kommande teknologileverandør av verkemiddelapparatet med Næringshagen/Inviro, Kunnskapsparken, Innovasjon Norge, Katapult ved Ocean Innovation og nå sist VIS.

Det er oppnådd anerkjenning av teknologien frå fleire hald. Dette, saman med offentleg og privat finansiering, gjer oss no i stand til å gjennomføre nye utviklingstrinn i tråd med planlagt utviklingsløp.

Vi er også audmjuke ovanfor investorar som framover seier seg villige til å hjelpe med å ta til torgs den revolusjonerande Blue-Merd-teknologien, som flyttar oppdrett under overflata, der ein til ei kvar tid oppnår optimale høve for at fisk og marine artar skal ha dei beste føresetnadane for trivsel.

Kva rolle har Kunnskapsparken hatt? Kunnskapsparken har vore ein sparringspartner, spesielt nyttig inn mot verkemiddelapparatet og forskingsmiljø i forbindelse med SkatteFunn. Elles er det nyttig å vere i eit nettverk med andre gründerar, og samtidig kunne få ta del i KP Vest sitt nettverk inn mot sentrale aktørar og næringsliv i regionen.

Bedrifta om eit år? Vi følgjer vår utviklingsplan der vi planlegg for å ha klar BlueMerd med diameter 25 meter. Kanskje er vi allereie då klar med versjon ein av ei bærekraftig og autonom løysing. Vi ser for oss at resultat som vert oppnådd gir tydelige svar og viser retning for vidare utvikling, kapitalisering og kommersialisering av Blue Breeder og Blue-Merd-teknologien.

KUNNSKAPSPARKEN VESTLAND 2021 | 21


Saman om nyskaping, omstilling og vekst Handlekraft - Samspel - Tillit

Styret VIDAR GRØNNEVIK (styreleiar), sjølvstendig næringsdrivande GRO ANITA FONNES FLATEN, prorektor Høgskulen på Vestlandet HJØRDIS VIK, avdelingsleiar Innovasjon Norge JAN HENRIK NYGÅRD, sjølvstendig næringsdrivande RAGNAR WAALEN, seniorrådgivar i Siva TERJE LABERG, dagleg leiar i Årdal Utvikling TRINE LERUM HJELLHAUG, adm. direktør i Lerum

22 | KUNNSKAPSPARKEN VESTLAND 2021


Våre eigarar • Vestland fylkeskommune • Fjord Invest • Siva • Sparebanken Sogn og Fjordane • Sogndal Kommune • Helse Førde • Stryn Næringshage

Partnarar • Sparebanken Sogn og Fjordane • Sparebanken Vest • Helse Førde • Høgskulen på Vestlandet • Connect • Stryn Næringshage • Inviro (Nordfjordeid Næringshage) • Sognefjorden Næringshage • Aksello • VIS

KUNNSKAPSPARKEN VESTLAND 2021 | 23


24 | KUNNSKAPSPARKEN VESTLAND 2021

gasta.no

post@kpvest.no | www.kpvest.no | Sogndal • Førde


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.