Kunnskapsparken magasin 2022

Page 1

Saman om nyskaping, omstilling og vekst

KUNNSKAPSPARKEN VESTLAND 2022 | 1
Handlekraft - Samspel - Tillit

Korleis kan Kunnskapsparken jobbe for eit meir berekraftig næringsliv?

Det er ikkje berre gjeldande krav og kommande rammeføresetnader vi må ha fokus på, det er vel så viktig å setje fokus på kva moglegheiter berekraftig utvikling gir.

Som mindre bedrift kan vi, til liks med dei store, påverke omgjevnadane kring oss. Vi veit at vårt nettverk av bedrifter sit med akkurat dei same utfordringane som resten av næringslivet i verdenuavhengig av storleik. Vi har alle eit ansvar for å bidra til eit meir berekraftig samfunn.

Samfunnsansvar og berekraft er ikkje lenger noko for spesielt interesserte. Fleire er opptekne av å ta ansvarlege val og vise at det å vere berekraftig ikkje er uoverkommeleg. Men vi må alle ta tak, og begynne med det vi faktisk kan gjere noko med.

• Vi kan starte med å sjå inn i eiga bedrift, stille krav til eigne produsentar og leverandørar, og ikkje minst gjere miljøengasjementet synleg for omverda. Og Kunnskapsparken er ansvaret bevisst.

• Vi kan hjelpe næringslivet å møte krava som vert stilt frå både marknaden og myndigheitene. Vi ser at rammeføresetnadane endrar seg svært raskt, og at dei som ikkje har ei bevisst haldning til dette, står i fare for å miste konkurransekrafta.

• I arbeidet vårt med oppstartsbedrifter og omstilling i eksisterande næringsliv, må det vere gjennomgåande fokus på utslepp av klimagassar, bruk- og forbruk av ressursar og sosial berekraft, samstundes som økonomisk berekraft må vere fundamentet.

• Vi må heie på bedrifter som har ein framoverlent leiing med bevisst haldning til grøn omstilling. Dette vil sikre dei framtidig drift og styrke posisjonen deira i marknaden.

Av alt dette, er kanskje vår viktigaste oppgåve å formidle gjeldande og nye rammeføresetnader og krav. Men, uavhengig av om det er oppstartsbedrifter eller eksisterande bedrifter vi arbeidar med, må vi hugse på at det som gir størst effekt, er å setje fokus på moglegheitene som ligg i berekraftig utvikling.

Vi opplever nye samarbeid, kontaktnett og meir openheit om utfordringar og løysingar i kjølevatnet av dette. Og det må vi heie på. Vi har alle eit ansvar for å bidra til ein berekraftig utvikling og eit grønare samfunn - og då må vi hugse å vektlegge moglegheitene.

Kvåle, dagleg leiar

2 | KUNNSKAPSPARKEN VESTLAND 2022
Kjetil
Geir Opseth Forretningsutviklar Kjetil Kvåle Dagleg leiar Ella D. Anker Trainee Hilde Grinde Forretningsutviklar Roger Ulvestad ForretningsutviklarLea Myklebust Trainee Jøril Hovland Prosjektleiar 185 550 950 66 BEDRIFTER I INKUBASJON SISTE 10 ÅRA ARBEIDSPLASSAR HAR VAKSE FRAM FRÅ OPPSTARTSBEDRIFTER SISTE 10 ÅR MILLIONAR KRONER I 2021 DESSE BEDRIFTENE BIDROG MED EI VERDISKAPING PÅ OM LAG BEDRIFTER I INKUBASJON 2021 OMLAG KUNNSKAPSPARKEN VESTLAND 2022 | 3

Ella Dammann Anke

Trainee

Alder: 25 år

Bakgrunn: Eg har bakgrunn frå BI Nydalen, der eg har gjennomført ein bachelor i Entreprenørskap. Ved sidan av Bacheloren hadde eg ei deltidsstilling i TheFactory Growth, som hjelper startups med å oppnå vidare vekst.

- Kvifor har du valt å bli trainee i Kunnskapsparken i Sogndal?

- Det valgte eg fordi eg ønskte å oppleve noko nytt, i tillegg til å kunne utvikle min karriereveg gjennom ein spennande og relevant jobb. Eg hadde aldri vore i Sogndal før eg flytta hit og kjente heller ingen frå før. Det gjorde det berre enda meir spennande.

- Kva er dine forventingar til dette året?

- Gjennom trainee programmet, og i jobben her i Kunnskapsparken, forventar eg å bli tryggare og betre i rolla som forretningsutviklar. Eg ønskjer å bli kjent med gründer miljøet her på Vestlandet og etablere eit stort nettverk.

- Kva vil bli ditt viktigaste bidrag inn mot Kunnskapsparken?

- Det vil vere å kunne sjå ting med nye auge komme med innspel basert på erfaring frå Entreprenørskapsstudiet. Eg håpar eg kan komme med gode innspel som er verdifulle for selskapet.

- Kva likar du å bruke dagane til når du ikkje er trainee på campus?

- På fritida likar eg å vere aktiv, enten gjennom å vere med venner, gå ein tur eller å trene. På vinteren er eg glad i både å stå og gå på ski, noko eg gler meg til å teste ut her i Sogndal.

Hels på traineeane

Kunnskapsparken tilrettelegg for sterke innovasjonsmiljø og vekstkraft i bedrifter. Gjennom arbeidet vårt gjer vi det vi kan for å hjelpe framtidas næringsliv opp og fram. Logoen vår symboliserer ei spå – ei spå om framtidas næringsliv.

4 | KUNNSKAPSPARKEN VESTLAND 2022

traineeane våre

Kjernekompetanse

Kunnskapsparken Vestland er eit regionalt innovasjonsselskap med kontor i Stryn, Nordfjordeid, Førde og Sogndal. Våre tre kjerneverdiar; handlekraft, samspel og tillit både forpliktar og gir oss inspirasjon i arbeidet med nyskapande næringsliv.

Vår kjernekompetanse er inkubatortenester, forretningsutvikling, kommersialisering, prosess- og prosjektleiing, klyngeutvikling og omstilling.

Lea Myklebust

Trainee

Alder: 28 år

Bakgrunn: Bachelor i Økologi og naturforvaltning frå NMBU på Ås og Master i Industriell økologi frå Chalmers Tekniska Högskola i Gøteborg

- Kvifor har du valt å bli trainee i Kunnskapsparken i Sogndal?

- Traineestillinga som Kunnskapsparken annonserte høyrdes utruleg spennande ut. Stillingsannonsa nemnte både sirkulærøkonomi og grøn omstilling, som er områder eg ønskjer å jobbe innan. Vidare tykkjer eg at det verkar spennande å få moglegheit til å jobbe med fleire forskjellige bedrifter og prosjekt i kontrast til å vere tilsett i eitt firma.

- Kva er dine forventingar til dette året?

- Eg ventar meg ei bratt læringskurve. Eg ser for meg både læring og utfordringar og definitivt mykje moro. Eg gler meg til å møte folk i ulike bedrifter og prosjekt og med andre erfaringar enn meg sjølv så eg kan lære.

- Kva blir ditt viktigaste bidrag inn mot Kunnskapsparken?

- Viktige bidrag frå meg blir vel den faglege fordjupinga eg har innan sirkulærøkonomi og berekraftig industri og næringsliv. Eg kjem også med andre erfaringar, som saman med mitt sterke engasjement for grøn omstilling og levande lokalsamfunn kan komme til nytte og gi nye perspektiv.

- Kva likar du å bruke dagane til når du ikkje er trainee på campus?

- Eg gler meg masse til å utforske naturen rundt Sogndal. Eg var oppe på Flatbrehytta dagen før jobbstart – det ga meirsmak (og mjølkesyre). Elles så gler eg meg til konserten med VREID og Audrey Horne på Meieriet, og til når Riksteateret kjem til Sogndal.

KUNNSKAPSPARKEN VESTLAND 2022 | 5

– Ein har for alvor byrja å sjå konsekvensane på overforbruket vårt

I over ti år har Jøril Hovland jobba med å omstille næringslivet til meir berekraftig bruk av ressursar. Først no byrjar det å losne.

Heilt sidan 70-talet har folk kjempa for miljøsaker, men interessa har lenge gått i bølgjer. Det er først no næringslivet ser ut til å ha felles forståing og kunnskap om sirkulærøkonomi.

– Ein har for alvor byrja sjå konsekvensane av overforbruket vårt. Den generelle forståinga og interessa er på eit langt høgare nivå i dag, fortel Jøril Hovland i Kunnskapsparken.

Prosjektleiaren viser til at offentlege styresmakter har teke innover seg klimaendringane. Med EU i spissen, blir det sett nye mål for omstilling til eit meir miljø- og klimavenleg samfunn. Det kjem nye lover, reguleringar og krav, men også moglegheiter for hjelp til omstilling. Slik sett er offentlege styresmakter ei veldig viktig drivkraft.

– Eit eksempel er EU-taksonomien, der finansnæringa set krav til

dokumentasjon på forbruk av ressursar og CO2-utslepp. Om berekningar viser for høge tal, kan det bli utfordrande å få lån, eller at rentene blir høgare, fortel Hovland.

Ressursane ligg i det du har Sirkulærøkonomi handlar om at ein gir produkt og materiale så lang levetid som råd, i form av til dømes gjenbruk eller gjenvinning.

6 | KUNNSKAPSPARKEN VESTLAND 2022

Sirkulærøkonomi må sjåast på som ei moglegheit og ikkje eit problem.

Jøril Hovland, prosjektleiar i Kunnskapsparken.

Dette er sirkulærøkonomi

• I sirkulærøkonomi må produkta vare så lenge som mogleg; reparerast, oppgraderast og i større grad nyttast om att.

• Når produkta ikkje kan nyttast om att, kan avfallet materialgenvinnast og brukast som råvarer i ny produksjon. Slik utnyttar vi dei same ressursane fleire gonger og minst mogleg går tapt.

• Omstillinga til sirkulær økonomi inneber endringar i design (design for sirkulær økonomi, produksjon, val av produksjonsmetodar og forbruksmønster).

Kjelde: www.miljodirektoratet.no

– Kunnskapsparken har vore involvert i fleire ulike prosjekt; frå forsking på komposteringsprosessar som har resultert i eit lokalt utvikla og produsert jordforbetringsprodukt, til gjenbruk av byggemateriell som i eit enkelt prosjekt har spart miljøet for 260 tonn CO2.

– Kva er sirkulærøkonomi for deg?

– At avfall for nokon kan vere ressursar for andre. Ein god start for bedrifter er å kartlegge ressursane ein allereie har i kretsløpet og materialstraumen. Kvar kjem produksjonsmaterialane frå og kvar går dei? Ved å ombruke materiale, avfall eller energi kan ein samstundes legge grunnlag for ny verdiskaping, fortel Hovland.

Prosjektleiaren opplever at dei aller fleste ønskjer å bidra, men at det er vanskeleg aleine.

– For å lukkast må heile verdikjeda jobbe på lag - og det startar på toppen, med leiarskap som seier seg villig til å betale prisen det kostar for meir berekraftige løysingar.

Nye moglegheiter for vekst

Sjølv om det grøne skiftet for mange betyr å gjere større endringar i eigen prosess eller produksjon, meiner Hovland det er god grunn til å sjå på føringane med optimisme i blikket.

– Sirkulærøkonomi må sjåast på som ei moglegheit og ikkje eit problem. Den grøne utviklinga gir rom for spennande utvikling. Å redusere masseproduksjonen og utvinning av jomfrulege ressursar på globalt nivå, tenkjer eg også er positivt for lokale bedrifter som finn styrken sin i korte kretsløp, med tett kontroll på produksjonsprosessen.

Her er nokon av prosjekta som har satsa på sirkulærøkonomi:

• Grøn omstilling i byggebransjen

• Teknoløft

• Karbon på rett veg. Kompost og biokol. Karbonlagringjordforbetring-klimaomstilling.

• Avfallsminimering - ombruk av byggeavfall

• Grøn vekst basert på avfall som ressurs

• RELEASE – renewable energy prosjects: local impacts and sustainability

KUNNSKAPSPARKEN VESTLAND 2022 | 7

Saman for ein grønare byggjenæring

Byggjebransjen tek viktige grep for miljøet. Med prosjektet «Grøn omstilling i byggebransjen» skal bransjen bli meir miljøvennleg.

– Det held ikkje at ein utbyggjar still krav og miljøspesifikasjonar i eit byggjeprosjekt. Dei som skal byggje bygget må også vite kva som krevst og kva løysingar som kan tilfredsstille krava, forklarar Jøril Hovland.

For det kjem stadig nye krav til rapportering, nye materialar og krav til sortering av avfall på ein byggeplass.

– Her må vi arbeide saman og gjere kvarandre gode. Alle er tent med å heve kunnskapsnivået i bransjen, og samarbeid på tvers av fag og bransje må til om vi skal nå måla om ei grønare næring, fortel ho.

Eit godt døme frå Sogn

Hovland trekker frem Vite Meir/Sogndal VGS på Kaupanger som eit godt døme på korleis ein saman kan endre bransjen. Her meiner ho Vestland fylkeskommune viser at dei meiner alvor med målsetjingane om eit grønare og meir berekraftig samfunn.

– Bedriftene som er først ute med berekraftige alternativ, har ofte gjennom forsking og utvikling teke ein ekstra kostnad på vegen. Eg må difor rose fylkeskommunen, som ved bygginga av Vitensenteret, drar med seg sine underleverandørar i ein meir miljøvennleg retning.

8 | KUNNSKAPSPARKEN VESTLAND 2022

Informasjonsmøte på Eid samla mange ulike aktørar i byggenæringen. - Eit godt og nødvendig initiativ.

Slike prosjekt gir bedrifter som tar utfordringa, omstiller seg og utviklar produksjonen i ei grønare retning, store fordelar. Blanderiet i Gaupne er døme på ei slik bedrift. Dei har laga nye reseptar på betongblandinga som kvalifiserer til lågkarbonbetong. Dermed vann dei konkurransen om å levere betong til Vite Meir/Sogndal VGS - som kravde lågkarbonbetong.

– Eit godt og nødvendig initiativ

Hovland er prosjektleiar for prosjektet, som like før jul i 2021 fekk tildelt 1,6 millionar kroner frå Vestland fylkeskommune. Målet er å byggje opp grønare kompetanse i byggjenæringa.

– Vi har byrja med å samle næringa. Med tre ulike samlingar våren 2022 i Sogn, Sunnfjord og Nordfjord, har vi invitert med folk i ulike fag for å diskutere utfordingar og løysingar saman. Det er viktig at store og små aktørar kjenner til kva som blir framtida. Bedriftene må få oversikt over kva dette kan ha å sei for den enkelte si drift og kva dei må gjere for å styrke konkurransekrafta si.

Vi arbeider med å formidle nyhende og anna informasjon gjennom nyheitsbrev og ved å invitere store og små bedrifter til arrangement utover hausten. Vi set på den måten fokus på ulike problemstillingar som t.d. ombruk, nye lovkrav, materialgjenvinning og miljørapportering.

Ole Rosenlund, som var prosjektleiar i Åsen & Øvrelid under bygging av Vite Meir/Sogndal VGS, synes prosjektet er eit godt og nødvendig initiativ.

– Vi jobbar i ein bransje i stadig endring, og det krev litt å følgje med. Det gjeld både byggherrar, entreprenørar og leverandørar. Alle er einig i at vi må følgje med, men det er tidkrevjande og utfordrande å ha tid og kapasitet nok. Difor er det så bra at vi kan samlast og lære av kvarandre, fortel Rosenlund.

– Å gå frå teori til praksis er ofte utfordrande, og det skjer ting på vegen. Difor er det fint å høyre kva andre tenkjer. Det kan til dømes vere knytt til CO2- og miljørekneskap, bruk av solceller, avfallshandtering og gjenbruk av material, legg han til.

KUNNSKAPSPARKEN VESTLAND 2022 | 9
Vil du vite meir om prosjektet? Kontakt Jøril Hovland, joeril@kpvest.no

Ski av gamle vindmøller fekk ballen til å rulle for Høyanger-duo

HØYANGER: Då ingeniørduoen introduserte ski laga av resirkulerte vindmølleblad, viste dei bransjen at glasfiber kan gjenvinnast i nye former. No vekkjer teknologien merksemd verda over.

– Til no har utdaterte vindmølleblad i hovudsak blitt grave ned i jorda, eller malt opp og nytta i betong, forklarer Arvid Lønne, styreleiar i Vest Resirkuleringssenter.

– Ulempa er at det på sikt smuldrar opp og spreier seg i naturen. Då har ein eit enda større problem.

Mykje avfall av denne typen Det har vore vidstrakt utbygging av vindmøller. Men handtering av komponentane, etter at dei har

gjort sin nytte, har blitt ei høgaktuell problemstilling.

– Utfordringa er at det er eit komplekst komposittmateriale som ein ikkje har klart å resirkulere, forklarar Lønne.

Dagleg leiar i Vest Resirkuleringssenter, Svein Tore Torvund, utdjupar:

– Volumet av denne type avfall har lenge vore stort og vil auke i tida som kjem. Dei store aktørane både ønskjer og treng ei berekraftig løysing for å handtere det.

(arvidlønne) : Styreleiar Resirkuleringssenter, med eit døme på korleis vindmølleblad kan ta form av ski. Foto: Odd (eviski) : På topptur med reprodusert fra gamle ski, til nye repressed fiber frå gamle vindmølleblad.

På topptur med ski som er reprodusert frå gamle og utslitne EVI-ski, forsterka med fiber frå gamle vindmølleblad.

Foto: Johan Wildhagen

Med brei erfaring innan både offshore- og landindustri, ønskte dei å dreie handteringa av brukt glasfiber i ei meir miljøvenleg retning. Ved hjelp av pyrolyse har dei no utvikla ein teknologi som klarar å skilje dei ulike fraksjonane i materialet frå kvarandre. Slik kan materialet potensielt brukast på ny.

Nedringt

av moglege kundar

– For å vise bransjen kva moglegheiter som ligg i å resirkulere materialet, gjekk vi saman med EVI ski og Vestas for å produsere ski av fiber frå brukte vindmølleblad, fortel Torvund.

Det skulle vise seg å gi store ringverknader.

– I dag blir vi nedringt av moglege kundar som har lyst til å vere med på utviklinga. Fleire store aktørar har fatta interesse, og delingar på LinkedIn og sosiale medium har verkeleg fått ballen til å rulle.

10 | KUNNSKAPSPARKEN VESTLAND 2022

Styreleiar i Vest

Arvid Lønne, korleis gjenbrukte ta nye former, her i Odd Arild Loseth. med ski som er gamle og utslitne EVIski, forsterka med vindmølleblad. Foto:

Gjennom Vest Resirkuleringssenter peilar dei seg inn mot ein ny marknad, som strekker seg frå Europa og vidare ut i verda.

– Nyleg blei eg til dømes intervjua av Tokyo sin største radiokanal om satsinga, fortel Torvund.

Interessa kjem ikkje av at ski nødvendigvis er det optimale sluttproduktet.

– Vi syner ein kombinasjon av nyvinnande teknologi og handlekraft, forklarer Lønne, og utdjupar:

– Det held ikkje å gjenvinne om ein ikkje syner potensielle kundar og samarbeidspartnerar kva det kan resultere i. Å kunne syne til framdrift veg meir enn tankar og idear aleine.

Inkubator med pilot i sikte Teknologien har vore under stadig utvikling dei siste to åra. Om alt går etter

Dette er teknologien som resirkulerer glasfiber

• Ved hjelp av pyrolyse skil ein dei ulike fraksjonane frå kvarandre, og attende til produktet det ein gong var. Med dette sikrar ein at materiale som tidlegare blei deponert, igjen kan få nytt liv i nye form.

• Til no har ein testa å lage ski og klatregrep av vindmølleblad og båtar i glasfiber.

planen står dei snart klare til å teste den gjennom eit pilotprosjekt i Høyanger.

– Det er enda tidleg å gå i detalj, men det skjer mykje spennande i tida framover.

I vår blei Vest Resirkuleringssenter tatt opp som inkubatorbedrift hjå Kunnskapsparken.

– For oss betyr det fleire ressursar vi kan spele på. Dei bidreg som ein utanforståande tredjepart, tilgjengeleg for å rådgje på vegen, forklarer Lønne.

Teknologi av interesse for SIMAS

På eigarsida i Vest Resirkuleringssenter finn ein SIMAS, som eig 24 prosent.

– Dette er ein teknologi vi trur vil vere interessant å teste opp mot eigne avfallstraumar. Målet er å sjå på moglegheiter for å utvinne til dømes biokol, seier Dagny Ugulsvik Alvik, direktør i SIMAS.

KUNNSKAPSPARKEN VESTLAND 2022 | 11
Styreleiar i Vest Resirkuleringssenter, Arvid Lønne, med eit døme på korleis gjenbrukte vindmølleblad kan ta nye former, her i form av ski. Foto: Odd Arild Loseth.

Teknoløft skal sikre bøndene stabil arbeidskraft

Dei siste åra har både politikk og pandemi redusert tilgangen til arbeidskraft for norske frukt- og bærbønder. Med Teknoløft Sogn og Fjordane skal treffsikker teknologi hjelpe bøndene i det praktiske arbeidet.

– Produsentane er i dag sårbare for eksterne faktorar. Eit av måla vi har med teknoløft er å dekke inn noko av behovet for arbeidskraft med automatisering.

Det seier Martin Fodstad Stølen, førsteamanuensis ved Institutt for datateknologi, elektroteknologi og realfag ved Høgskulen på Vestlandet.

– Slik sikrar ein at mest mogleg av innhaustinga går etter planen, uavhengig av eksterne faktorar.

Samla næringa til workshop

For å kome i kontakt med lokale bønder inviterte Høgskulen på Vestlandet (HVL) og Vestlandsforsking i vår til ein todagars workshop. Målet var å kome i dialog med frukt- og bærnæringa.

Med 50 påmelde fekk dei god respons frå både inn- og utland.

– Næringa er svært positiv til korleis automatisering med tida kan dekke noko av bemanningsbehovet. Innhaustinga utgjer dessutan ein stor del av kostnadane, og konkurranse frå import legg stadig press på å halde kostnadane nede blant norske dyrkarar. For å finne realistiske løysingar på dagens utfordringar er det naudsynt at vi har ein tett dialog.

«Mjuke» robotar tilpassa

vestnorsk

dyrking

Som grunnleggjar av Fieldworks Robotics hadde Fodstad Stølen årevis med forsking på robotar med seg i bagasjen, då han i 2019 kom frå England til HVL.

– I England jobba eg mykje med plukkerobotar. Det er «mjukare» robotar enn dei som utfører statisk arbeid på fabrikkar. I fabrikk skjer alt under kontrollerte omgjevnader og robotane er i større grad preprogrammerte og mindre avhengige av sensordata. I felt må ein innhente meir data frå sensorar, og det blir større fokus på programvare.

Som ein del av Teknoløft har ein tilpassa robotane til vestnorske forhold.

12 | KUNNSKAPSPARKEN VESTLAND 2022
Denne prototypen av ein bærrobot har i sommar blitt betre kjend med bringebæra på Njøs. I tunnelen på Njøs har ein stilt langskot til disposisjon for bærroboten. Dette er bringebærplanter i potter som gir bær allereie første året.

– Kva er skilnaden på forholda du tidlegare har forska på og utfordringane ein møter her på Vestlandet?

– Bærbøndene i England har hundretals plukkarar i flatt terreng. I Sogn snakkar ein langt mindre skala, i brattare terreng og over ein vesentleg kortare sesong. Vi må difor vurdere korleis ein kan nyttegjere seg av robotar til meir enn berre innhaustinga, til dømes ved å gjere dei i stand til å sprøyte.

Skapar nye arbeidsplassar innan robotikk

Med oppgåver innan design, utvikling og bygging, vil Teknoløft etter alt å døme skape arbeid for fleire i åra som kjem.

– I tillegg vil det krevje at kvalifisert personell opererer robotane i felt.

Testa bærrobot på Njøs

I sommar har ein liten gul robot vore å sjå mellom bærrandene på Njøs frukt- og bærsenter på Leikanger. Studentar har forska på korleis prototypen av ein bærrobot kan innhente data.

– Det er veldig spennande å følgje med utviklinga av plukkerobotar, seier Dag Røen, foredlar og prosjektleiar ved Njøs frukt- og bærsenter.

– I tillegg til å redusere plukkekostnader, vil det vere ein fordel med tanke på hygiene. Kanskje blir det mogleg å nytte robotar til å observere skadedyr og sjukdomar, slik at ein raskare kan gå inn med tiltak.

Foredlingssenteret har stilt fasilitetar og langskotplanter (dyrking i potter) til disposisjon til forprosjektet, som er i regi av Teknoløft. I år har robotane gjort seg kjend med bæra og plantene.

– Neste år vil vi hente inn ein plukkerobot frå England som skal samle inn data om bringebæra. Slik kan ein kartlegge modningsgrad og planlegge bemanning knytt til innhaustinga betre, fortel Fodstad Støen.

Store mengder data

Testroboten er i stand til å innhente bilete og danne tredimensjonale modellar av bær og busker. Ein ser dessutan føre seg å nytte mellom anna infraraude sensorar.

– Det kan gi oss mykje nyttig informasjon om plantene. Kombinert med eksisterande, trådlause sensorar i potter og luft som måler fuktigheit og temperatur, har vi store mengder nyttig data med oss vidare, avsluttar Fodstad Støen.

Dette er Teknoløft

• Teknoløft Sogn og Fjordane skal auke kapasiteten og kompetanse i forskingsmiljøa ved Høgskulen på Vestlandet og Vestlandsforsking, på områda digitalisering og automatisering

• Måler er at meir relevante forskingsmiljø i regionen skal føre til at næringslivet i større grad etterspør forsking for utvikling og innovasjon, og at prosjektet skal stimulere til nye samarbeid om forsking og innovasjon med partnarar i og utanfor Norge.

• Prosjektet er eit samarbeid mellom Høgskulen på Vestlandet, Vestlandsforsking, Kunnskapsparken Vestland og SINTEF Digital.

• Gjennom prosjektet RoboVest er det etablert ein forsøksfasilitet som HVL disponerer på Njøs frukt- og bærsenter. Prosjektet er eigd av Høgskulen på Vestlandet. Det er gitt støtte både frå Grofondet og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane til robotsatsinga.

KUNNSKAPSPARKEN VESTLAND 2022 | 13
Frå venstre: senioringeniør Raquel Motzfeldt Tirach, studentane Isak Aasemoen Aardal, Stian Svarstad Isene og William Antonesen, førsteamanuensis ved institutt for datateknologi, elektroteknologi og realfag Martin Fodstad Stølen og foredlar og prosjektleiar ved Njøs frukt- og bærsenter, Dag Røen tek ein gjennomgang av bærroboten sitt arbeid i felt på Njøs.

Jakta på kapital

Gründerprosjekt har ofte behov for kapital i tidleg fase, men dette fell saman med at risikoen for å feile er størst.

– Ein spagat for både investor og gründer.

Vi jobbar gi tett med både gründerar og investorar med å kartlegge potensiale og fallgruver, for å få eit best mogleg bilde av risikomomenta. Ved hjelp av ulike verktøy finn vi stort sett alltid kapital til dei gode prosjekta.

Dette er ein spagat vi i Kunnskapsparken jobbar mykje med. Saman med gründer kartlegg vi potensiale og fallgruver for prosjektet, slik at vi får eit best mogeleg bilde av risikomomenta.

– Behov blir vurdert både for kapital, ressursar i form av folk og kapasitet, kunnskap, avklaringar og anna. På denne måten får vi eit betre bilde av kva som skal til for å lukkast med prosjektet, og kva vi må følgje ekstra nøye med på, fortel Geir Opseth, forretningsutviklar i Kunnskapsparken.

– Saman med både investorar og gründer går vi gjennom desse faktorane. Slik får begge partar innsikt i, og ein felles forståing av, potensiale og risiko. Ut i frå denne felles forståinga set vi i gang arbeidet med å finne ein verdi for selskapet, ved eit første kapitalinnskot som både gründer og investor er komfortabel med.

Gode prosjekt finn kapital

Kunnskapsparken sin erfaring er at gode prosjekt i svært stor grad finn kapital i marknaden.

14 | KUNNSKAPSPARKEN VESTLAND 2022

Gode prosjekt finn kapital, også i tøffe tider

Geir Opseth, forretningsutviklar i Kunnskapsparken.

Etablerte verktøy:

Sogn og Fjordande Fondet:

Vårt «eige» fond, eigd av Sparebanken Sogn og Fjordane, Kunnskapsparken Vestland og Vestland fylkeskommune. Dette er eit fond vi kan nytte som presåkornkapital, altså gå inn med kapital til bedrifter i ein veldig tidleg fase. Vi kan maks gå inn med 500.000 kroner totalt, ofte fordelt over to rundar.

Connect BAN:

Eit formelt nettverk av investorar som er interessert i å investere i oppstartsbedrifter. Kvar investor teke avgjersle om kva bedrift dei vil investere i. Ofte matchar vi eige fond med investorar frå nettverk som dette. Vi er regional fasilitator.

– Gode prosjekt som har eit langt utviklingsløp, eller der løysningar rettar seg mot marknadar som er ukjende for investorar, krev meir arbeid – men suksessraten er samanliknbar, fortel Opseth.

Ønskjer ein å søke offentleg støtte, vert det ofte stilt krav om privat kapital før eller samtidig med at offentleg kapital kjem inn. Det er ei god ordning for å styrke gründerselskapet, men det krev meir privat kapital i ein tidleg fase enn vi har vore vande med.

– Heldigvis har vi opparbeida oss fleire gode måtar å løyse dette på.

Ein av dei er Sogn og Fjordane-fondet som vi etablerte for 10 år sidan. Dette er eit fond som er innretta på å være tidleg inne i oppstartsselskap, ta høg risiko og gå tidleg ut.

– Dette verktøyet har fungert svært godt. Fondet har vore den utløysande faktoren for å få til ein første investorrunde for fleire av selskapa vi har vore inne i, fortel Opseth.

KUNNSKAPSPARKEN VESTLAND 2022 | 15

Kristoffer Engebø

Gründer og dagleg leiar

Lokasjon: Sogndal, Bergen, Oslo og Brasil

Tilsette: 10 i Norge, 30 i Brasil

Stifta: juni 2018

Kva tid var behovet for ekstra kapital i bedrifta di størst?

Eduplaytion

så ein må skilje seg ut med eit tiltalande materiell og spisse bodskapen.

Det var nok i starten, i 2018. Eg gjekk eit godt år utan løn. Og det etter at eg alt hadde gått to år utan løn med det første selskapet mitt, Skoleflink, som var forgjengaren til det som i dag er Eduplaytion. Eg tok deretter opp privat lån for å få Eduplaytion av bakken. Etter kvart mottok vi støtte frå Innovasjon Norge, før vi etter ei stund fekk inn dei første private investorane.

Kven var den første investoren? Var dette utslagsgivande for fleire investorar?

I 2019 køyrte vi den første emisjonen, leia av Fjord Invest, Sogn og Fjordane Fondet og private investorar i Connect BANnettverket i Bergen. Dette var eit viktig steg for oss. Den eine investoren utløyste nok den andre, då det er ein tryggheit i å sjå andre investere.

Korleis opplevde du jobben med å hente inn kapital?

Alt koker ned til kommunikasjon. Ein må forstå korleis kvardagen til investorane er. Dei får mange henvendingar,

Vi har funne ut at videoformatet fungerer bra for oss når vi vil presentere forretnings-caset Eduplaytion. Då kan folk bruke nokre minuttar i ein travel kvardag og kan sjå videoen når som helst. Så vi har laga eigne videoar til potensielle investorar ved kvar emisjon, til stor suksess. Elles må ein berre tore å tenke nytt: Vi fekk blant anna inn over fem millionar på ein SMS. Eg sendte ein kort melding med vedlagt investorvideo til diverse investorar som eg visste hadde investert i EdTech tidlegare.

Eg er overtydd om at det er så å seie umogleg å lukkast dersom du som dagleg leiar ikkje er ein kremmar. Du må like å selje. Alt er til sjuande sist eit sal. Nøkkelen er å skape den såkalla FOMO-effekten (Fear of Missing Out, red.anm).

Kva har de henta inn av kapital?

Frå private investorar har vi hatt fleire rundar. Dei siste to rundane har vore overteikna, og under sist runde henta vi 30 MNOK. I tillegg har vi henta inn kapital frå Innovasjon Norge, Forskningsrådet, Noregs Mållag, SPV-fondet og Norsk Film Institutt

16 | KUNNSKAPSPARKEN VESTLAND 2022
«Superlærer» Håvard Tjora saman med Eduplaytion-gründer Kristoffer Engebø.

VirtualHouse

Kva tid var behovet for ekstra kapital i bedrifta di størst?

For ei oppstartsbedrift utan så mykje inntekter er det alltid behov for kapital, men ein må balansere henting av kapital og utvatning. Vi har til no klart å planlegge kapitalhentinga slik at vi har fått ny kapital når kassa nærmar seg tom.

Kven var den første investoren? Var dette utslagsgivande for fleire investorar?

Eg var første investor (og er no tilsett i selskapet). Elles var Sogn og Fjordane Fondet, nLink-gründerar og lokale krefter i byggenæringa med veldig tidleg. Vi fekk òg tidleg støtte frå SPV-fondet. Vi klarte å hente dei 500.000,- vi trong for å få tilslag på kommersialiseringstilskot frå Innovasjon Norge. Gode investorar i ein tidleg fase gjorde at vi raskt klarte å skaffe matchingkapital (som var eit krav då Kjeller Innovasjon investerte i førre runde).

Jon Olav Aurdal

Meddgründer

Lokasjon: Nordfjordeid

Tilsette: 2 Stifta: juli 2018

Korleis opplever du jobben med å hente kapital?

Det er noko ein aldri blir ferdig med. Vi har fått god hjelp frå Kunnskapsparken og hatt gode planar, men det einaste som er sikkert, er at prosessen med kapitalhenting sjeldan går etter planen - og at den tidslinja du har sett opp, ikkje er lik den investorar har.

Og hugs at kompetanse er like viktig som kapital i ein tidleg fase. Har du høve til å vere kresen, så ver det.

Kva har de henta inn av kapital?

Vi har i all hovudsak henta kompetent kapital, som i tillegg til kontantar har med seg kunnskap vi har behov for. Til no har vi fokusert på investorar som sjølv kjenner problemet vi løyser. Vi har bygd oss opp eit godt nettverk i bransjen, og store bransjeaktørar har sagt at vi skal kontakte dei ved neste kapitalrunde (som blir etter nyttår).

KUNNSKAPSPARKEN VESTLAND 2022 | 17
Styret i VirtualHouse (f.v): Gjermund Tomasgard, Ingvald Grindheim og Jon Olav Aurdal.

Gründer og dagleg leiar

Lokasjon: Skifjorden/Oslo

Tilsette: 5 Stifta: 2022

We Are Learning

Kva tid var behovet for ekstra kapital i bedrifta di størst?

We Are Learning er ein heilt fersk start-up (august 2022), og vi gjennomførte ein emisjon som det første vi gjorde for å kunne ha ønska fart frå start av.

Kven var den første investoren? Var dette utslagsgivande for fleire investorar?

I We Are har alle dei 4 gründerane gått inn med midlar. Vi henta inn 5,7 MNOK i første runde - fordelt på fleire investorar, og det at vi hadde med oss heile gründerteamet frå starten av påverka nok også det at vi fekk med oss fleire eksterne.

Korleis opplevde du jobben med å hente inn kapital?

Vi har tidlegare henta kapital i fleire rundar i tidlegare start-up (Motimate), og har difor eit visst samanlikningsgrunnlag. Det vi opplevde som største forskjellen er nok diskusjonar rundt verdsetting. Det høyrer vi frå andre case og. Sjølv er vi godt nøgde med både størrelse og verdsetting i denne runda. Det som er heilt sikkert når du skal hente kapital er at det endrar seg heile tida. Det er nok slik kapitalinnhenting er.

Kva har du henta inn av kapital?

I denne runda (oppstart) henta vi 5,7 MNOK (alt er privat kapital) i ein kombinasjon av investorar og gründerar. I tillegg har vi noko sweat equity gjennom samarbeid med Hyper Games.

Rolf Risnes
18 | KUNNSKAPSPARKEN VESTLAND 2022
Frå venstre: Lars-Petter Windelstad Kjos, CPO og cofounder, Are Sundnes, dagleg leiar i Hyper Games, Rolf Risnes, CEO og co-founder, Markus Tallaksen Halvorsen (svart genser), CDO og co-founder og Atle Myhrer Knudtzon (grøn jakke), CTO og co-founder.

– Vi er stolte av reisa vi har vore med på

I sju år har Sogn og Fjordane Fondet satsa på gründerar i startfasen. Med risikovillig startkapital har dei lagt grunnlag for ytterlegare investeringar og vekst.

– Det er i den tidlege fasen at selskapa har størst behov for at nokon ser potensialet deira og er villige til å investere. Dei treng ei utstrekt hand, både i form av kapital og kompetanserådgjeving.

Det seier Roy Stian Farsund, direktør for bedriftsmarknaden i Sparebanken Sogn og Fjordane.

– Ofte er det ikkje storleiken på investeringsbeløpet som er avgjerande, men at nokon viser at dei har trua. Slik har risikoviljen i Sogn og Fjordane Fondet vore utløysande for meir kapital frå andre investorar og stønadsordningar.

Eit brennande ønskje om å bidra Sparebanken Sogn og Fjordane hadde lenge sett gode forretningsidear vekse fram innanfor dei gamle fylkesgrensene. Men for gründerar kan jakta på den første, risikovillige kapitalen vere krevjande. Det blei grunnlag for etableringa av Sogn og Fjordane Fondet.

– Sparebanken Sogn og Fjordane har eit brennande ønskje om at næringslivet i Sogn og Fjordane skal utvikle seg og at nye idear skal skapast. Difor var dette ei naturleg rolle for oss å ta, forklarer Farsund.

Sidan etableringa i 2017 har ei rekke bransjar fått betydingsfull draghjelp. Fondet vert forvalta av Kunnskapsparken og overskot blir ført tilbake til fondet og kan nyttast til nye investeringar.

– Vi registrerer med glede korleis fondet har bidrege til investeringar i heile Sogn og Fjordane. Det har gått inn i bedrifter som har lukkast bra, med gode utsikter innan sine marknader.

Eit solid nettverk av kompetanse Farsund presiserer at det i dag er fleire aktørar med eit felles, sterkt ønskje om at lokale gründerar skal lukkast.

– Det eksisterer solide kompetansemiljø rundt om i heile Sogn og Fjordane, som rådgjev inn mot gründermiljøet. Kunnskapsparken er ein av fleire samarbeidspartnarar som rådgjev gründerar i startfasen.

– Vi er veldig fornøgd med reisa vi har vore med på som deltakar i fondet, og ser fram til forsettelsen. Vi tenkjer at fondet er like viktig i dag som det var ved etableringa for sju

Dette er Sogn og Fjordane Fondet

• Fondet blei etablert i 2017 for å stimulere og styrke framvekst av idear frå forsking, næringsliv og gründerar gjennom tilførsel av kapital i tidleg fase og kompetanse til oppstartsbedrifter. Målet er å gi tilgang på kapital til vekts og utvikling i ein fase kor anna risikokapital er vanskeleg tilgjengeleg.

• Fondet er eigd av Sparebanken Sogn og Fjordane, Vestland Fylkeskommune og Kunnskapsparken Vestland.

• Startinvesteringar er på 50.000 til 300.000. Fondet kan gå inn fleire gonger, men ikkje overstige 500.000 per bedrift

• Investeringsfondet vert forvalta av Kunnskapsparken, og overskot av investeringane blir ført tilbake til fondet og kan nyttast til nye investeringar.

«All time high» i 2021

Aldri før har vi i Kunnskapsparken jobba med så mange dyktige gründerar og bedrifter.

Med SIVA og Vestland fylkeskommune i ryggen, kunne vi i 2021 tilby 66 bedrifter plass i inkubatorprogrammet. Bedriftene vi jobba med held til i heile Sogn og Fjordane - frå kysten til dei inste fjordane. Her får gründerar og bedrifter tilgang til eit sosialt og fagleg miljø, der nyskaping og vidareutvikling er i fokus.

– 2021 vart «all time high». Det var rekordmange bedrifter knyta til programmet. Noko av auken kan forklarast med den høge programaktiviteten vi har hatt. Vi har også henta inn rekordhøg investorkapital til bedriftene. Dei som får tilbod om plass i programmet er gründerar med nyskapande idear og bedrifter med vekstpotensiale, fortel Roger Ulvestad i Kunnskapsparken Vestland.

Forretningsutviklaren trur delar av suksessen kjem av at Kunnskapsparken, gjennom 20 års erfaring, har fått satt ting i system og utvikla verdifulle nettverk og samarbeid. Dei har erfart kva som skal til for å utløyse dei rette verkemidla for utvikling og vekst, og har fått på plass gode verktøy og prosessar for å nå ut til relevante investorar og kapitalmiljø.

Vi hjelper bedrifter frå ide til kommersialisering og vekst. Dette inneberer hjelp til konseptutvikling, produkt- og tenesteutvikling, forretningsmodell, marknadsintroduksjon, vekststrategiar og skalering. Og mykje meir. Som gründer kjem ein også i kontakt med andre innovative og ambisiøse bedrifter, og kan hente inspirasjon, dele erfaringar og lære frå kvarandre.

– Vi tilbyr også eit velfungerande system for å følgje opp ideane og for å skaffe kapital i ein tidleg fase. Når vi kan vise til at fleire inkubatorbedrifter gjer det bra, blir det attraktivt for andre og stadig fleire har høyrt om inkubatorprogrammet, forklarar Ulvestad.

Som inkubatorbedrift får du tilgang til:

• Eit sosialt og fagleg miljø

• Rådgjeving, kunnskap og forretningsutvikling

• Moderne kontorfasilitetar med det du treng

• Seminar, workshop og kurs

• Gode samarbeidspartnerar og mentorar

• Hjelp til å kontakte kapitalmiljø og investorar

• Kopling mot relevant næringsliv, forskings- og utviklingsmiljø

• Rettleiing innan immaterielt rettsvern

Roger Ulvestad i front, saman med kollegaene sine i Kunnskapsparken Vestland. Foto: VeriMedia
20 | KUNNSKAPSPARKEN VESTLAND 2022

Skapar meir mental robustheit på jobb med kunstig intelligens

VIK: Gro Mykkeltvedt utviklar eit digitalt verktøy som kan gi bedrifter optimal samhandling og effektivitet med trening i psykologisk tryggheit.

Produktet heiter Dialead Coach og er eit verktøy som skal fremje psykologisk tryggleik for å oppnå betre kultur og samhandling på arbeidsplassen.

– Vi vil rett og slett skape meir glede og entusiasme på arbeidsplassen, forklarer Mykkeltvedt.

Ved hjelp av kunstig intelligens kan leiarar og tilsette måle og følgje utviklinga frå parameter som samhandling, kommunikasjon, arbeidsmiljø, arbeidsglede, motivasjon og kultur. Å følgje førehandsvalte parameterar i sanntid gjer det mogleg å vere i framkant med naudsynte tiltak.

– Gevinstane for bedrifta er redusert sjukefråvær, meir tillit og høgre truverd som organisasjon, utdjupar ho.

Tok u-sving då koronaen kom

Den erfarne prosessleiaren var godt i gang med å arrangere eit leiarutviklingsprogram for kvinner. Gjennom ein anbodskonkurranse i regi av Innovasjon Norge hadde ho fått i oppdrag å auke leiarskapet mellom kvinner i Vestland.

Alt gjekk etter planen, før covid-19 stengde landet.

– Eg rettleia om lag 100 kvinner med individuelle utviklingsplanar då koronpandemien satt ein brå stoggar for alle planlagde møtepunkt. Fleire kontakta meg med spørsmål om vidare oppfølging, men eg hadde ikkje noko godt svar å gi, forklarer ho.

Frå sofaen i Vik byrja ho straks å leite etter alternative måtar å følgje opp deltakarane på. I mangel på gode verktøy å vise til, tok ho saka i eigne hender.

Stiller med sterkt team

Tankane kverna i nokre veker, før ballen for alvor byrja å rulle.

Med eit solid team i ryggen, er ho i dag ein del av Kunnskapsparken Vestland sitt inkubatorprogram. Ho har også signert innovasjonskontrakt med Innovasjon Norge. Gjennom Dialead Coach vil Mykkeltvedt gi leiarar eit digitalt samhandlingsverktøy i arbeidet med kultur.

– Kontaktane mine i Kunnskapsparken har vore uunnverlege, både når det kjem til innhenting av kapital og nettverksbygging. Hilde Grinde har vore ein kjempegod sparringspartner i heile søknadsprosessen, eg har fått utruleg god hjelp, rosar Mykkeltvedt.

Kjensler møter teknologi Å putte mjuke verdiar inn i digitale verktøy er ikkje nødvendigvis beint fram.

– Gjennom tett samarbeidet med teknologar opplever eg at vi har kome fram til ei felles forståing av kva idear og tankar som ligg til grunn. Dette er heilt avgjerande. Målet er at det skal bli ein applikasjon som leiarane ser nytte og glede av å bruke, forklarer Mykkeltvedt.

Etter planen går dei første kundane inn i ein testfase allereie til hausten.

– Vi har fått med oss solide kundar som Volvat, Helse Førde og Ulvik Herad. I tillegg er vi i dialog med det Norske Forsvar – Institutt for Militærpsykiatri og Stressmestring. Seniorforskar Major Haakon Engen ved instituttet er med oss i utvikling av Dialead Coach med tanke på å implementere produktet som ledd i eit heilheitleg treningsopplegg for mental robustheit for leiarar, mannskap og veteranar i Forsvaret. Med både offentlege og private aktørar om bord ser vi fram til å teste og utvikle produktet ytterlegare. Håpet er at vi allereie vinteren 2023 skal ha eit produkt på marknaden, samstundes som piloten held fram ut 2023.

Gro Mykkeltvedt er gründer med brei erfaring frå utvikling av leiarprogram og organisasjonsutvikling, i tillegg til leiarforsking. Med sitt nye HR-verktøy vonar ho å gjere tryggleik til eit felles mål i bedrifter. Foto: Studio1 Fotografene

Gjennom Hiquid Food vil Heidi lage sondemat av reinsdyrkjøt og torsk

GLOPPEN: Har ikkje alle menneske rett på mat av reine råvarer?

Det var spørsmålet Heidi Aabrekk stilte seg, etter å ha sakna flytande mat med tilstrekkeleg næring i årevis. No tek ho saka i eigne hender.

– Målet er å kunne tilby ein suppeserie til menneske med tyggje- og svelgjevanskar, laga av reine råvarer, forklarer Aabrekk.

Som mor til ein gut avhengig av flytande næring, har Aabrekk nytta tallause timar gjennom 16 år på å koke suppe. Mange toler dei syntetiske løysingane ein får på blå resept godt, men hennar son vart kvalm og uvel av sondeernæringa han fekk tilbod om.

Gjennom nysatsinga Hiquid Food AS går ho sjølv i spissen for å gi folk som treng mat gjennom sonde eller knapp, eit alternativ til dagens løysing. Hiquid Food sin suppeserie vil bli framstilt av frysetørka pulver av kjøt, fisk, grønsaker, frukt og bær fortrinnsvis frå Norge.

– Målet er at frysetørka suppe skal kunne distribuerast landet rundt, og på sikt ut i Europa.

«Pitcha» seg til topps

Aabrekk har i snart 20 år engasjert seg for mat og ernæring, men det var først i fjor at ho tok steget og lufta ideen for eit større publikum.

– Då eg fekk høyre om Kunnskapsparken sin pitchekonkurranse fekk eg det siste «skubbet» eg trengte for å kome i gang, forklarer Aabrekk.

Ideen ho lenge hadde brygga på nådde heilt til topps.

– Prosessen har gått raskt sidan eg blei tatt opp som inkubatorbedrift. Dei har følgd meg godt opp, sett opp møter med viktige personar, hjelpt meg med søknadsskriving og generelt gitt meg god drahjelp. Det har vore enormt utslagsgivande for at ting no har gått så fort som det har gjort.

22 | KUNNSKAPSPARKEN VESTLAND 2022
Heidi Aabrekk nyttar mange timar på kjøkenet for å sikre sonen sondemat laga av ekte råvarer. Foto: Cecilie og Christian

Med seg på laget har ho også eit team av kliniske ernæringsfysiologar, forskarar og matprodusentar.

Stor kundegruppe med få alternativ

Aabrekk syner til at det i dag er om lag 3000 pasientar som får syntetisk sondeernæring på blå resept. I tillegg er det fleire som får sondenæring på institusjonsopphald, eller lagar den sjølv.

– Fleire eg har snakka med blir overraska når dei høyrer kva alternativ denne pasientgruppa har i dag. Forskinga viser tydeleg at mat ikkje berre er kaloriar inn og ut, men at samansetjinga også er av stor betydning for blant anna tarmflora og immunforsvar.

Med denne kunnskapen til grunn meiner ho det er viktigare enn nokon gong at vi som samfunn anerkjenner viktigheten av reine råvarer for alle menneske.

Første produksjon like rundt hjørnet Etter månader med grundige undersøkingar og samtalar med produsentar og leverandørar, er første testproduksjon snart klar.

– Eg er sjølvsagt veldig spent på korleis det går, då vi er svært oppteken av at matsikkerheit og regelverk er ivareteke.

Aabrekk er budd på at vegen mot kommersialisering framleis kan by på utfordringar, men ho håpar likevel at tida no er moden for å la råvarene spele hovudrolla.

– Målet er å kunne tilsette fleire, som saman med våre kliniske ernæringsfysiologar kan vidareutvikle produksjonen inn mot helsesektoren. Eg trur dessutan råvarene våre vil appellere til fleire nordiske land, og gjerne utover i Europa.

Aabrekk har som mål å skaffe dei fleste råvarene lokalt, for å sikre god kvalitet og kontroll på alle ledd i verdikjeda. Pulveret skal rørast ut i kokande vatn og tilsetjast olje. Når temperaturen og konsistensen er god kan ein gi suppa rett i knappen. Foto: Cecilie og Christian

Då eg fekk høyre om Kunnskapsparken sin pitchekonkurranse fekk eg det siste «skubbet» eg trengte
for å kome i gang.
KUNNSKAPSPARKEN VESTLAND 2022 | 23

Ny programvare reknar ut løna til fiskemannskapet

ASKVOLL: – Fangst, kostnader, marknadsprisar og timar om bord avgjer løna. Det er eit nisjeprega, komplekst oppgjer.

Det seier dagleg leiar i Havtech, Kjartan Habbestad. Gründerbedrifta frå Holmedal har utvikla ei ny programvare som skal forenkle kvardagen om bord på fiskerifartøy.

– Målet er å nyttegjere seg av data ein allereie har, ved at ein gjer det tilgjengeleg for både mannskap og reiarlag. Vi skal ikkje tilføre meir arbeid eller rapportering, men effektivisere jobben som allereie blir gjort, forklarar dagleg leiar i Havtech, Kjartan Habbestad.

Starta som utfordring frå kunde

Det var då rekneskaps- og rådgjevingsselskapet Havtal blei utfordra av eigne kundar at ballen byrja rulle. Reiarlaga ønskte seg eit betre samhandlingsverktøy knytt til mannskap og administrasjon, medan mannskapet ønskte ei føreseieleg oversikt over oppgjeret om bord.

– Vi involverte både mannskap og reiarlag i arbeidet med å digitalisere delar av verdikjeda, forklarer Habbestad.

Det blei starten på Havtech og programvara «Ombord».

24 | KUNNSKAPSPARKEN VESTLAND 2022
TEAMET I HAVTECH: Kristoffer Hatlevik (utviklar), Kjartan Habbestad (dagleg leiar), Ann Kathrin Haarklau (marknadsansvarleg), Tor Einar Erikstad (styreleiar).

– Nisjeprega, komplisert oppgjer

Reknestykket den har fått bryne seg på er sett saman av fleire relativt komplekse faktorar.

– Summen på oppgjeret er avhengig av kva fisk ein får, kva kostnader ein har, marknadsprisar og kor lenge den enkelte har vore med på fangsten. Det er eit nisjeprega, komplekst oppgjer, forklarer Habbestad.

I tillegg til å rekne ut løn til mannskapet, skal programvara styre kommunikasjon og rapportering mellom båt og land.

– Fiskeribransjen kjenner vi godt, men her gjeld det å vere leiande også på teknologi. Vi har brukt mykje tid på å sikre oss gode bransjefolk og på å bygge opp eit solid teknologimiljø.

Gode støttespelarar på vegen

Etter eit år med design og utvikling lanserte Havtech i august første utgåve av Ombord.

– Mykje har skjedd dette første året, korleis har reisa vore?

– Å starte ei ny bedrift vil alltid vere krevjande, men vi har hatt gode støttespelarar gjennom Kunnskapsparken Vestland og Innovasjon Norge. Vi har også fått inn god kompetanse på eigarsida med Elis-gründer Ove Myklebust, som har verdifull erfaring med teknologibygging i det lokale kompetansemiljøet.

Internasjonal satsing på sikt

Ombord er ei levande programvare, som framover vil testast og justerast i tett dialog med bransjen. Litt lenger fram i tid ligg også ambisjonane om å nå ein internasjonal marknad.

– Programvara er utvikla med utgangspunkt i norske fiskeflåtar og anna turnusgåande skipsfart, men vi har ambisjonar om å ta det utover eigne landegrenser. Å drive mannskapsberekning er ikkje noko særnorsk og sjølve samhandlingsplattforma strekkjer seg utover fiskeribransjen. Programvara koplar økonomiske krefter, saman med fiskeri og teknologi, for å løyse eit universelt behov på marknaden, avsluttar Habbestad.

Kjartan Habbestad, dagleg leiar i Havtech.
KUNNSKAPSPARKEN VESTLAND 2022 | 25

Fruktbart samarbeid med Innovasjon Norge

– Vi jobbar tett i same økosystem.

Det trur eg kjem gründerane til gode, fortel Leif Inge Husabø, konstituert avdelingsleiar i Innovasjon Norge.

Innovasjon Norge har kontor på andre sida av gangen for Kunnskapsparken Vestland, i innovasjonsbygget på Campus Sogndal. Vi møtast ofte ved kaffimaskinen, jobbar med dei same gründerane og arrangerer med jamne mellomrom felles arrangement.

– Det er eit tett samarbeid, ja. Og etter at vi flytta i same bygg for fem år sidan, har samarbeidet blitt enno meir fruktbart.

Utfyllande tilbod Husabø fortel at samarbeidet omfattar å jobbe i same økosystem, men at dei ofte jobbar med idear og gründerane i litt ulike fase - noko dei er bevisste på.

– Kunnskapsparken er ofte ein god plass å begynne. Her får gründeren støtte og hjelp til å profesjonaliserast, og gjerne tilgang til startkapital. Det er ein stor styrke når gründeren kjem til oss, at dei er meir profesjonalisert og klar for våre tilbod og program, fortel avdelingsleiaren.

Hilde Grinde i Kunnskapsparken fortel korleis dei ofte er i dialog med gründerane før forretningsidé og marknad er heilt avklart.

– Her vil vi, som forretningsutviklarar i 1:1-møte og workshop, jobbe vidare for å spisse forretningskonseptet. Det gjer at gründerane blir tydelegare i sitt bodskap, og at dei enklare kan få gjennom ein søknad til Innovasjon Norge og nyte godt av alle dei gode programma og folka som finst der.

26 | KUNNSKAPSPARKEN VESTLAND 2022

– I tillegg så vil støtte frå Innovasjon Norge ofte innehalde krav om eigenkapital. Her har vi i Kunnskapsparken lang erfaring og stort nettverk, og kan hjelpe selskapa i investorprosessen, fortel Grinde.

Ein rural region

Sogn og Fjordane er ein rural region der ein bur spreidd. Det er store avstandar og fragmentert næringsstruktur. Vi opplever eit spennande og variert næringsliv her, som også hevdar seg internasjonalt.

– Vi har mange døme på suksessrike nasjonale og internasjonale bedrifter frå regionen vår. Dei er gode ambassadørar og deler av sin kunnskap og erfaring i ulike arrangement og møteplassar. I tillegg så er aktørane i verkemiddelapparatet flinke til å samarbeide, fortel Grinde.

Dette, saman med eit tett samarbeid med regionale og nasjonale forskings- og utviklingsmiljø, nasjonale klynger og andre verkemidlar for innovasjon, gjer at vi kan kople mindre bedrifter med rett miljø og nettverk. På denne måten blir barrierar for nødvendig omstillingsarbeid redusert, og bedriftene får tilgang på nettverk og kompetanse som dei elles ikkje ville hatt.

Husabø utdjupar kva det betyr for dei som nasjonal aktør.

– Vi treng regionale samarbeidspartnarar, og då er Kunnskapsparken ein god og kompetent partnar her i Sogn og Fjordane. Dei har mykje kunnskap og lang erfaring, og er samansett av dyktige rådgivarar. Det har ein stor verdi for oss.

Mange verdifulle samarbeid

Gode innovasjonsmiljø er viktig for å nå nasjonale og regionale målsetnader for omstilling, innovasjon og vekst. Det er mange som ynskjer å fremje vekst og innovasjon.

– Kunnskapsparken har gjennom eigarstrukturen fått mandat og teke ei aktiv rolle for å vidareutvikle innovasjonsstrukturen i regionen. Gjennom fagarrangement, møteplassar, eigne prosjekt og kopling til større kompetanse og innovasjonsmiljø bidreg vi til infrastruktur og ressursar for utvikling av regionen. Slik gjer vi ressursar tilgjengeleg også for dei mindre bedriftene, fortel Grinde.

– Innovasjon Norge ynskjer også å bidra til berekraftig vekst og sterke innovasjonsmiljø, både nasjonalt og internasjonalt. Då gir gode samarbeid oss betre slagkraft, supplerer Husabø.

– Og hadde vi ikkje hatt så god dialog, hadde vi nok gått litt oppå kvarandre. Vi ynskjer jo det same, og kan til tider jobbe litt parallelt. Men då er det veldig verdifullt at vi har utvikla eit så godt samarbeid og at vi kjenner kvarandre så godt som vi gjer.

Innovasjon Norge

er staten og fylkeskommunane sitt verkemiddel for å realisere verdiskapande næringsutvikling i heile landet. Dei bidreg til berekraftig vekst og eksport for norsk næringsliv gjennom kapital og kompetanse.

Nettverk

• Inunet – Eit innovasjonsnettverk som skal bidra til auka entreprenørskap og verdiskaping i Vestland gjennom rådgiving, kompetanseheving og fasilitering.

• Næringsprat – Ein digital samlingsplass der Vekst/I/Lag partnarane og 1.linjetenesta kan løfte opp konkrete problemstillingar med andre som jobbar med innovasjon og næringsutvikling.

• Vekst i lag – Eit partnarskap mellom Kunnskapsparken Vestland, Sognefjorden Næringshage, Sogn Næring, Stryn Næringshage og Inviro der einsamlar kreftene og kan tilby større breidde i kompetanse, tenester og anskaffing av kapital.

• VIS – Eit av Norges største innovasjonssentre (lokalisert i Bergen) som bidreg til at kunnskap og nye idéar blir til framtidenes løysningar.

• Connect BAN – Eit investornettverk med formål om å finne, finansiere og rådgje lovande, unge selskap frå innleiande presentasjon til suksessfull exit.

• Norwegian Smart Care Cluster – ei klynge som jobbar for utvikling av berekraftige helseløysingar for framtida.

• Innovasjon Norge – bidrege til berekraftig vekst og eksport for norsk næringsliv gjennom kapital og kompetanse.

KUNNSKAPSPARKEN VESTLAND 2022 | 27

Slik styrkjer vi samarbeidet mot gründerar i helsesektoren

Kunnskapsparken Vestland har blitt node av nasjonal helseklynge, noko som vil auke kommersialiseringsfarta for forretningsidear innan helsesektoren.

Eit nyetablert samarbeid med Norwegian Smart Care Cluster skal styrke Kunnskapsparken sitt nettverk og byggje felles kompetanse inn mot helsenæringa.

– Vi kan ikkje vere fysisk til stades over alt, så for oss er samarbeidet med Kunnskapsparken kjempeviktig. Det er enda tidleg å seie kva vi kan få til, men viljen og engasjementet er på plass.

Det seier Tone Skår, avdelingsleiar i Norwegian Smart Care Cluster (NSCC) i Vestland. Formålet med klynga er å «byggje norsk helseindustri gjennom å fremje berekraftige løysingar, som gir eit betre liv for brukarane, samt kostnadseffektive og kvalitetssikra leveransar av helse og omsorgstenester». Ho viser til at Kunnskapsparken sitt rike nettverk i fylket, no kan kome begge partar til gode.

– Gjennom klynga kan vi hente inn større aktørar frå resten av regionen og landet. I tillegg vil Kunnskapsparken styrke våre nettverk, då dei er mykje tettare på næringslivet i Sogn og Fjordane enn kva vi klarer å vere digitalt.

Gjennom felles samarbeid i Helse Vest har dei allereie stifta kjennskap til både Helse Førde og Kunnskapsparken

– Vi har møtt framoverlente aktørar med vilje til å skape utvikling. Difor er vi positive og trur dette kan bli veldig bra, avsluttar Skår.

– Nettverk som gjer oss fagleg sterkare

Geir Opseth, forretningsutviklar i Kunnskapsparken Vestland, viser til at dei lenge har jobba som kommersialiseringsaktør opp mot Helse Førde. Han trur samarbeidet med NSCC vil gjere dei endra betre rusta til å handtere forsking og forretningsidear frå helsemiljøet.

– Det krev mykje tid og kunnskap å starte opp innanfor helsevesenet. Gjennom dette samarbeidet kan NSCC utfylle og spisse kompetansen vår på feltet. Ved å gi gründerane tilgang til eit større nettverk og fagmiljø, blir vi sterkare partnerar og prosjekta kan bli enda betre. Det er ein god spiral.

28 | KUNNSKAPSPARKEN VESTLAND 2022
Painpad er eit verktøy pasientar kan bruke for å registrere opplevd smerte – og på den måten få betre kontroll over eiga smertelindring.

– De blir definert som ein «node» for NSCC, kva vil dette seie i praksis?

– Det vil seie at vi blir ein forlenga arm for den nasjonale klynga, inn mot Sogn og Fjordane. Vi skal sikre kontaktpunkt og nettverk, og saman med klynga tilby relevante kurs og arrangement for bransjen i vår region..

Hans Jacob fekk hjelp til å vidareutvikle prototypen

Ein gründer som allereie har fått kjenne på korleis synergien mellom Kunnskapsparken og NSCC kan gi effekt er anestesilege Hans Jacob Westbye. Med painpad har han starta å utvikle eit verktøy for å gi operasjonspasientar større medverknad på eiga smertelindring, samstundes som ein automatiserer rapporteringa og samlar data.

– Norwegian Smart Care Cluster har bidrege til at vi har fått teke prototypen steget vidare. For ikkje å gløyme måten Kunnskapsparken Vestland har hjelpt oss å kommersialisere produktet, forklarer Westbye.

– Å få avsett nok tid og ressursar har vore heilt avgjerande. I Norge har vi eit heilt fantastisk system for folk som vil ta ideane sine eit steg vidare.

Dette er Norwegian Smart Care Cluster (NSCC):

• NSCC har meir enn 270 medlemmar over heile landet, med hovudkontor i Stavanger og avdelingar i Bergen og Grimstad.

• Klynga har som formål å byggje norsk helseindustri gjennom å fremje berekraftige løysingar som gir eit betre liv for brukarane, samt kostnadseffektive og kvalitetssikra leveransar av helse- og omsorgstenester.

• NSCC er ein nasjonal og internasjonal samarbeidsarena for store og små bedrifter, kommunar, sjukehus, offentlege aktørar, brukarorganisasjonar, akademia/FOUinstitusjonar og investorar.

Kjelde: www.smartcarecluster.no

KUNNSKAPSPARKEN VESTLAND 2022 | 29
Anestesilege Hans Jacob Westbye har utvikla ein painpad som skal automatisere rapporteringa av smerter hjå operasjonspasientar.

Saman om nyskaping, omstilling og vekst

Handlekraft - Samspel - Tillit

Våre eigarar

• Vestland fylkeskommune

• Fjord Invest

• Siva

• Sparebanken Sogn og Fjordane

• Sogndal Kommune

• Helse Førde

• Stryn Næringshage

• Sparebanken Sogn og Fjordane

• Sparebanken Vest

• Helse Førde

• Høgskulen på Vestlandet

• Connect

• Stryn Næringshage

• Inviro (Nordfjordeid Næringshage)

• Sognefjorden Næringshage

• Aksello

• VIS

30 | KUNNSKAPSPARKEN VESTLAND 2022

Styret

VIDAR GRØNNEVIK (styreleiar), sjølvstendig næringsdrivande TRINE LERUM HJELLHAUG, adm. direktør i Lerum JON-RUNE HEIMLID, dagleg leiar i Nomek
KUNNSKAPSPARKEN VESTLAND 2022 | 31
GRO ANITA FONNES FLATEN, prorektor Høgskulen på Vestlandet HJØRDIS VIK, avdelingsleiar Innovasjon Norge JAN HENRIK NYGÅRD, sjølvstendig næringsdrivande RAGNAR WAALEN, seniorrådgivar i Siva
32 | KUNNSKAPSPARKEN VESTLAND 2022 gasta.nopost@kpvest.no | www.kpvest.no | Sogndal • Førde

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.