Sogndal folkehøgskule katalog 2018

Page 1

FotoDesign | Fotoreise | Friluftsliv | Idrett | Ski og klatring | Ski og sykkel


Velkomen! Sogndal folkehøgskule samlar ungdom frå heile landet for eitt år med oppdagingar og opplevingar. Latter og utfordringar høyrer saman her, og sjansane for å byggje varige og meiningsfulle band er mange. Våre elevar kjem til Sogndal folkehøgskule for å møte den vakre vestlandsnaturen, for å utvikle seg som sjølvstendige, kritiske tenkjarar og styrke opplevinga av tilhøyrsel - og sjølvsagt for å ha det moro! Vi byggjer læring og oppdaging gjennom relevante opplevingar. Fjella, breane og fjordane er også klasseromma våre. Skulen legg vekt på at du som elev skal delta som likeverdig medlem i eit skulesamfunn der du blir rekna med, der du betyr noko, og der rolla di er viktig for at dette samfunnet skal lukkast. I eit slikt miljø kan du finne ditt beste «eg»; du kan finne motivasjon for å lære, og bli ein verdifull deltakar i samfunnet. Alle på Sogndal folkehøgskule er saman om eit år som blir ei stor og spennande oppdagingsferd. Eit år på Sogndal folkehøgskule er starten på ei sjølv-oppdagingsreise som du kan ha mykje glede av gjennom livet ditt. Eit år i Sogndal set spor. Menneska. Naturen. Opplevingane.



Sogndal Det er få stadar i verda som kan måle seg med den unike naturen i Sogn. Den majestetiske Sognefjorden breiar seg frå kysten og innover i landet med fleire fjordarmar. Innerst i fjorden reiser tindane seg i Hurrungane og Vest-Jotunheimen. Dette er det mest dramatiske alpine fjellområdet Noreg kan by på. Mot nord ligg Jostedalsbreen, siste rest av isen som gjennom tusenvis av år har forma landskapet. I hjartet av det heile ligg Sogndal. Om du er på jakt etter det beste fotomotivet, den djupaste puddersnøen, eller berre vil oppleve noko nytt, så veit vi at du vil stortrivast her. Vi har det største utandørs klatrefeltet i Noreg, og den største klatreveggen innandørs, massevis av idrettsfasilitetar og eit fotballag som konkurrerer blant dei beste i Noreg. Skulle du få overdose av friskluft og fysisk fostring er det berre tre minutt gange til eit kjøpesenter med 60 butikkar, kino- og teatersal og Meieriet; ein av dei beste konsertstadane i landet. Dette er ein plass for alle.


Dette står vi for

Sogndal folkehøgskule gir unge menneske høve til personleg utvikling gjennom opplevingar, meistring og glede. Vi vektlegg fagleg breidde og høgt fagleg nivå. Våre kjerneverdiar er likeverd, demokrati og eit berekraftig felleskap. Sogndal folkehøgskule er ein frilynt skule med rom for alle livssyn.


FotoDesign FotoDesign er ei linje med fokus på fotografi, design og kreativitet. Du får jobbe prosjekt- og workshopbasert, og det blir lagt vekt på at du skal utvikle deg og finne din eigen stil. Eksempel på tema: kamerateknikk, studiofotografering, fotografering på location, grafisk design, typografi, produkt i ulike format, digitale magasin, photoshop, utstilling og mykje meir. Vi har eit flott studio, analoge speilreflekskamera og store velutstyrte mørkerom. Her kan du utfalde deg innanfor analog fotografering og framkalling. Du får også moglegheit til å printe dei flottaste bileta dine i storformat. På hausten reiser vi til verdsmetropolen New York med sitt pulserande gate- og byliv. Vårturen går til eksotiske Vietnam, der vi køyrer meir backpackerstil, og reiser rundt i Nord- og sentral- Vietnam.


På kort tid har jeg fått oppleve vakre steder både rundt om i landet og utenlands. Har utviklet meg innen fotografi, og ikke minst fått gode venner. Jeg angrer ikke på at jeg begynte på Sogndal FHS.

Martine Reitan Udnæs, elev 2016-2017


Sjølv om eit år på Sogndal folkehøgskule utan tvil tyder at ein er omgjeve av vakker natur er ikkje dette det einaste eit slikt år har å by på. Det er eit år ein kan lære mykje nytt, som brodering, fotografi, maling, kreativ skriving, sløyd, matlaging, redesign og mykje mykje meir. Ting ein kanskje aldri trudde ein skulle byrje med kan no verte ditt nye store hjarteprosjekt! Anten du går foto eller ski og klatring vil du kunne utvikle kreativiteten din med den flotte naturen rett utanfor vindauget. June Garshoel Berge, elev 2017-2018


Fotoreise Fotoreise er ei fotolinje med fokus på kultur, natur og verda. Er du nysgjerrig på kva livet og verda kan by på, og har lyst å fotografere? Då er dette linja for deg! Vi byr på to utanlandsturar. På hausten reiser vi til verdsmetropolen New York med sitt pulserande gate- og byliv. Vårturen går til eksotiske Vietnam, der vi køyrer meir backpackerstil, og reiser rundt i Nord- og sentral- Vietnam. Sjølvsagt nyttar vi også det fantastiske landskapet rundt Sogndal, dei majestetiske fjella og dei vakre fjordane. Vi dreg også heilt ut til havgapet med fyrlykter og rå natur. Du får ei grundig innføring i digital fotografering frå idé til ferdig produkt. Å vere kreativ og utvikle ditt eige biletspråk og din eigen stil er viktig for å bli ein god fotograf. Du vil få oppgåver og prosjekt der du får høve til sjølvstendig arbeid og utvikling.


Friluftsliv Klasserommet vårt er fjorden, fjellet, breen og resten av den spektakulære naturen i Sogn. Skulen har eit breitt utval av turutstyr, noko som gjer at vi kan reise på varierte turar heile året. Vi dreg på fotturar i høgfjellet, klatrar på både bre og klippe, padlar kano/kajakk, og mykje meir. Når vinteren fargar landskapet kvitt finn vi fram ski, truger og skøyter. Vi dreg på langturar og toppturar, overnattar i snøhole, iglo, telt eller hytte, lærer om skred og trygge vegval, og mykje meir. Studieturen går til USA og det unike landskapet i Colorado, Utah og Arizona.


Sogndal byr på eit nydeleg landskap som gjev deg uendelege mogelegheitar til å drive med mangfoldig friluftsliv. Frå fjord til fjell får du ikkje anna enn glede, meirsmak og lyst til å vere ute. Helle Luraas Lilleland, elev 2017-2018

Ski og klatring Det handlar om balansen mellom spenning, utfordring og sikkerheit. Dersom du vil klatre mykje og renne langt og fort på ski i laussnøen er dette midt i blinken for deg. Naturen i Sogn er storslått og variert, og det finst nok av utfordringar for ski- og klatrefrelste. Vi nyttar fleire ulike klatrefelt i og rundt Sogndal. Klatreanlegget i Sogndal har Nordens beste klatrevegg. I løpet av året går studieturane til Sør-Europa for å klatre og til Alpane for å køyre heisbasert off-piste, samt ein fleire dagars topptur frå hytte til hytte. Gjennom vinteren blir du lommekjend i eit av dei beste toppturområda i Noreg. Vi har fokus på sikkerheit og skredfare slik at vi kan nyte dei beste nedfartslinjene på ein god og sikker måte. Gjennom året vil du lære nok til å kunne dra på eventyr med ski på beina på eiga hand både i inn- og utland.


Idrett Idrett betyr utfordringar og meistring, samarbeid og lagånd. Denne linja er perfekt for deg som likar å vere i aktivitet. Vi spelar sandvolleyball, surfar på store bølgjer ved Stad, og køyrer på ski. Du kan prøve ut mange nye utfordrande idrettar, og vidareutvikle deg innan kjende aktivitetar med nye venner. Vi har fantastiske fasilitetar: eiga sandvolleyballbane, Sognahallen på 10.000 kvadratmeter med innandørs fotballbane, stor klatrevegg, løpebane for sprint, med meir. På vårsemesteret reiser Idrett på studietur til Brasil. Der får vi møte ein anna kultur, religion og oppleve store forskjellar i levesettet blant lokalbefolkninga.


Jeg valgte Sogndal fordi du har et av Norges beste idrettsmiljøer på Fosshaugane Campus rett ved skolen. Samtidig har du spektakulær natur og skikjøring få minutter unna skolen. Harald Folkvord Hetland, elev 2015-2016


Ski og klatring Det handlar om balansen mellom spenning, utfordring og tryggleik. Dersom du vil klatre mykje og renne langt og fort på ski i laussnøen er dette midt i blinken for deg. Naturen i Sogn er storslått og variert, og det finst nok av utfordringar for ski- og klatrefrelste. Vi nyttar fleire ulike klatrefelt i og rundt Sogndal. Klatreanlegget i Sogndal har Nordens beste klatrevegg. I løpet av året går studieturane til Sør-Europa for å klatre og til Alpane for å køyre heisbasert off-piste, samt ein fleire dagars topptur frå hytte til hytte. Gjennom vinteren blir du lommekjend i eit av dei beste toppturområda i Noreg. Vi har fokus på tryggleik og skredfare slik at vi kan nyte dei beste nedfartslinjene på ein god og trygg måte. Gjennom året vil du lære nok til å kunne dra på eventyr med ski på beina på eiga hand både i inn- og utland.


Ski og klatring gir gode muligheter til å drive med sportsklatring og toppturer. I tillegg til kunnskapene man får på linjen finnes fantastiske fjell i alle retninger en kan bruke det man har lært på. Martin Larsson, elev 2016-2017


Ski og sykkel Stisykling har blitt meir og meir populært dei siste åra. No kan du kombinere sykkel og ski midt i dei villaste og vakraste naturområda i Sogn. Med utgangspunkt i skulen har vi tilgang til noko av den beste stisyklinga du finn i Noreg. Både dei legendariske stiane i Kaupangerskogen, samt gode stiar i høgfjellet er vår leikeplass. Linja er for syklistar på alle nivå, du treng ikkje å vere ekspert. Når snøen kjem er det ski for alle pengane. Sogndal er eit eldorado for skikøyring. Gjennom vinteren vert du lommekjend i eitt av dei beste toppturområda i Noreg. Vi har fokus på tryggleik og skredfare for at vi kan nyte dei beste nedfartslinjene på ein god og trygg måte. Vi nytter det meste av tida på sykkel og ski, men du vil også få mange andre opplevingar ved denne linja. Vi bølgjesurfar, nyttar eit av dei beste klatreanlegga til å ta brattkortkurs, og vi får oppleve brevandring på Jostedalsbreen. På våren pakkar vi i bilane og hiv syklane på hengaren for å reise av garde på road trip i Europa. Vi er på leit etter eventyr, både på og utanfor stien.


Etter 13 år med skole var det fristende å gjøre noe annet, og det hørtes gøy ut med folkehøgskole. Flott natur og interessante linjer gjorde at valget falt på Sogndal folkehøgskule. Dette valget har gitt meg unike opplevelser, gode vennskap, kunnskap og erfaringer som jeg aldri ville vært foruten. Julie Nærestad, elev 2017-2018



Fellesfag Fellesfaga er allsidige fagtilbod som går på tvers av linjene -det betyr at du får høve til å bli godt kjent med andre enn dei du går på linje med. Desse faga kan vere prosjekt som går over 2-3 dagar eller det kan vere temaundervising på 1-3 timar. Det gjer også at du får oppleve heilt nye og spennande fag og tema med inspirerande foredrag og aktivitetar som ofte er praktisk retta. Du får lage ein morosam kortfilm eller “trailer” under filmveka. «Det gode livet» er eit tema som omhandlar korleis vi kan få eit betre liv med variert og sunt kosthald, betre miljøvennlege livsvanar, og mykje meir. Vi avsluttar dette temaet med ein stor haustfest med matrettar som du har vore med å hente frå naturen, og lage til. Fleire av fellesfaga våre har fokus på global berekraft i kvardagen -vi er veldig oppteken av korleis framtida di kjem til å sjå ut, og «berekraft» er og eit fellesfag der vi arbeider med konkrete løysingar for å ta vare på kloden vår - lokalt og globalt. Som andre folkehøgskular har vi og aktivitet og undervising på laurdagar. Laurdagstema kan vere alt frå kurs i svingdans til eit spennande foredrag eller ei musikalsk framsyning. Men du får sjølvsagt nok fritid til at du får oppleve andre ting Sogndal har å by på!

Forts. neste side


Fellesfag

På laurdagskveldar har vi underhaldning som ulike grupper står for: alle er med å lage til eit sceneshow; ein «elevkveld» i løpet av året. Det blir tilbode fleire andre hyggelege og sosiale aktivitetar på kveldstid i vekedagane og i helgane, slik at du får fleire høve til å oppdage nye talent du måtte sitje inne med! Vi reiser på tre turar med heile skulen i løpet av året. Første veka får du oppleve det fantastiske høgfjellet på Sognefjellet (Jotunheimen) der du fort blir kjent med andre. Her bur vi på høgfjellshotell med bre og tind som naboar. På dagtid er vi på tur eller aktivitetar ute. På vinteren dreg vi saman til Hemsedal for å stå på ski i 3 dagar. På våren etter alle dei flotte studieturane er gjennomført og skuleåret nærmar seg slutten, dreg vi saman på båttur til vakre Nærøyfjord for å oppleve fjord-Noreg på sitt beste.



Valfag På Sogndal folkehøgskule får du mange valfag å velje mellom. Valfaga er anten organisert i blokker på 3 dagar eller på faste vekedagar i dei såkalla “normalvekene”. Valfaga speglar primært den breie kompetansen og interessa lærarane har. • Akrobatikk • Autogen trening • Band • Basketball • Beachvolley • Bogeskyting • Digitalfoto • Elvejuv til tretopp • Film • Foto • Førstehjelp • Geriljabrodering • Gitar • Grunntrening • Handarbeid • Hybelkokken • Illustrasjon • Kajakk • Klatring • Knivlaging • Kreativ skriving • Kunst

• Longboard-bygging • Maling • Multisport • Musikk- Instrumental • Redesign • Street Art • Strikking • Alpint • Teikning • Terrengsykling • Turmat • Yoga • Volleyball • Wellness • Ulltoving • Årbok



Skulen Folkehøgskulen ligg rundt 200 meter frå Sogndal sentrum. Du bur i nye, moderne og oppussa internat med god plass og triveleg miljø. Her kan du velje mellom forskjellige typar rom, alle held topp standard. I det største internatet deler du bad og WC med dei seks andre på avdelinga di. Desse romma betaler ein ikkje noko ekstra for, med unntak for enkeltrom. Skulen har nokre rom med bad på romma. Desse må ein betale eit årleg tillegg for. Sjølv om mange vil ha romkamerat, er det nokon som ikkje ynskjer det av ulike årsaker. Ein må spesifikt søkje om enkeltrom når ein takker ja til skuleplassen og begrunne valet. Om ein får det innvilga er det eit årleg tillegg for dette. Elevane har tilgjengeleg eit halvt klesskap, så prioriter det du treng først. Nokre ting kan det vere lurt å kjøpe når ein kjem til skulen, som plastkasser til å ha under senga og skittentøyskurv. Det er rikeleg med bodplass til diverse utstyr som du har med deg. Du finn mellom anna TV-rom, filmanlegg, bordtennins & biljard, styrkerom og mykje meir på skulen sitt område. Peisestova er ein koseleg samlingplass som ofte blir brukt til å sjå på film på storskjerm, spele spel eller berre slappe av. Du får alle måltida på skulen kvar dag, men om du har lyst til å bake kake eller lage deg noko mat, har vi eit felleskjøkken disponibelt for elevane. Vi ligg rett attmed fjorden, det er flott turterreng like ved og kort veg til ski-eldoradoet Sogndalsdalen.



Kva kostar eit år på Sogndal folkehøgskule? Å bu på folkehøgskule er billegare enn å bu aleine på hybel. Som elev på folkehøgskule får norske statsborgarar lån og stipend gjennom Lånekassen på lik linje med andre studentar. Det betyr m.a. at 40 % av lånet blir omgjort til stipend ved fullført folkehøgskule. For meir info om økonomi sjå www.sogndal.fhs.no.

Skuleåret 2018-19 på Sogndal folkehøgskule kostar: Grunnpris (utan linjekostnad) Innmeldingspengar kr 2.600 Kost og losji kr 72.000 Felleskostnader kr 13.800 Totalt (før linjekostnad) kr 88.400

Linjekostnad* (tillegg til grunnpris) FotoDesign kr 34.500 Fotoreise kr 34.500 Friluftsliv kr 31.000 Idrett kr 31.000 Ski og klatring kr 28.000 Ski og sykkel kr 29.500

Prisane her gjeld for dobbeltrom på internat med felles bad/wc.


Ă…rleg tillegg for: - enkeltrom kr 4.400 (pĂĽ internat med fellesbad) - dobbeltrom med eige bad kr 3.900 - enkeltrom med eige bad kr 7.400

*Linjekostnadane er med atterhald om valutakursendringar for studieturane.


gasta.no

#sogndalfhs

Sogndal folkehøgskule | Helgheimsvegen 9 | 6856 Sogndal | Telefon 57 62 75 75 | E-post: sogndal@sogndal.fhs.no Følg oss gjerne på facebook og instagram på @sogndalfhs og #sogndalfhs.

www.sogndal.fhs.no


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.