Simas status strategiplan avfall 2020

Page 1

Ressursar på rett veg

Ressursar på rett veg STATUS STRATEGIPLAN AVFALL 2020

ressursar på rett veg • status 2020 • SIMAS

1


Ressursar på rett veg - status Strategiplan Avfall 2020, som vart vedteken i 2016, viser veg for SIMAS. Det «Grøne Skifte» og «Overgang til Sirkulær økonomi» ligg til grunn for utviklingstrekka i bransjen og dannar ramma for strategiplan. Her skjer det mykje, og endringane skjer raskare og raskare. Etter kvart etablerast det nye verksemder som er interessert i utvalde avfallstypar. Prisbildet vert då endra ut frå endringane i konkurransen om avfallet. Dette vil påverke gebyrutviklinga i framtida. Her ligger det også potensiale for å skape aktivitet og arbeidsplassar i vår region. Me håpar at fleire aktørar i vår region kan vera med på desse tankane – «Ressursar på rett veg» er ein god visjon å jobbe etter i dette arbeidet! Driftsåret 2020 vart eit spesielt år for både omverda og SIMAS. Pandemien som råka verden i mars påverka alle og drifta i selskapet spesielt. I starten vart det jobba aktivitet med beredskapsplanar og ulike tiltak vart sett i verk. Mellom anna vart miljøstasjonane stengt ein periode på våren som eit ledd i beredskap for innsamling av avfall. Administrasjon har i periodar vore på heimekontor, og spesielle tiltak i drifta har vore gjennomført for å redusere faren for smittespreiing. Sjølv om samfunnet rundt oss har vore hard råka har ein i SIMAS hatt tilnærma normal aktivitet. Frå 01.01.2020 innførte SIMAS ny gebyrmodell for hushaldningsrenovasjon. Dette medførte mykje omtale i media i ein lengre periode på starten av året. Det medførte også ein del formelle klager på den nye

2

ressursar på rett veg • status 2020 • SIMAS

gebyrmodellen. Samla fekk ein inn i underkant av 40 klager som vart handsama av den nye ankenemnda som er etablert for å handsame slike saker. Våren 2020 vart det prøvelansert nye kompostprodukt, og ein gjekk relativt fort tom for kompost då etterspørselen var stor. Sommaren 2021 vil ein ha større mengder av dei ulike kompostprodukta til sals. Kundane si haldning til sortering av avfallet, er avgjerande for å få til best mogeleg kostnadseffektiv avhending og slutthandsaming av avfallet. God sortering sparer SIMAS for mykje ekstraarbeid. I haust vart det gjennomført ein større plukkanalyse for å sjå korleis avfallet vert sortert og kva forbetringspotensiale som er til stades. På restavfallet er det ein positiv utvikling. I 2014 fann me at 75% var feilsortert. I dag er desse tala ca. 50%. Altså har mengde feilsortering i restavfall gått ned. Men i restavfallet fann me 30% matavfall, der 70% av denne maten var etbar. Tar me med våtorganisk avfall, ser me at 50% av all maten som vert kasta, er etbar! Dette er ikkje god ressursbruk. Me må alle bli flinkare til å sortere avfallet, for å spare miljøet for vår åtferd og handlingar. I det etterfølgande er det gitt ei oversikt over status på arbeidet med strategiplan Avfall 2020, samt informasjon om viktige utviklingstrekk og forhold som påverkar den vidare utviklinga av selskapet.

Hallvard Thomassen direktør


Om SIMAS IKS • Fullt namn: Sogn Interkommunale Miljø- og Avfallselskap. • Tilsette: 40 fast tilsette. • Stifta: 20. mai 1994 • Ansvar: handtering av hushaldningsavfall i Sogn, totalt ca 28.300 innbyggjarar. • Eigarar: kommunane Aurland, Høyanger, Luster, Lærdal, Vik og Sogndal.

Årdal er medeigar i selskapet, men handterer avfallet sjølv.

• Næringsavfallet vert teken hand om av dotterselskapet Sirkla Ressurs AS. • Kontor- og arbeidsstaden: Festingdalen på Kaupanger. Her er òg miljø- og avfallsstasjon,

sorteringsanlegg, komposteringsanlegg, omlastingsstasjon og deponi.

• Har miljøstasjonar i alle eigarkommunane. • Skal leggja særleg vekt på miljøvenleg og kostnadseffektiv drift.

Kartet viser det geografiske området, inklusiv Årdal, som SIMAS har ansvaret for.

LUSTER

ÅRDAL HØYANGER

LEIKANGER

SOGNDAL

BALESTRAND

LÆRDAL

VIK

AURLAND


Strategiplan «Avfall 2020» - status pr 2020

Styrande for selskapet har vore strategiplan «Avfall 2020» som vart vedteken av representantskapet i 2016. Hovudtrekka er;

Ressursar og kvalitet OVERORDNA MÅL:

SIMAS skal utnytte verdiane i avfallet, og bidra til minst mogeleg utslepp av klimagassar og miljøgifter, på ein kostnadseffektiv måte; Gebyret på standard abonnement skal ikkje vera høgare enn for andre selskap med same renovasjonsløysing

STATUS:

Viser gebyr for tilnærma like selskap:

Visjon: «Ressursar på rett veg»

• • • •

Verdiar; Nytenkjande, engasjert og stolt – med kunden i fokus

Delmål 1: SIMAS skal redusere mengda av nyttige og verdifulle fraksjonar i restavfallet gjennom kjeldesortering

Ressursar og kvalitet

Delmål 2: Innan 2020 skal SIMAS produsere eit salbart produkt av det våtorganiske avfallet Resultat: Prøvelansering gjennomført i 2020 – godt mottatt. Sel tre ulike kompostprodukt. Fullskala sal i 2021-sessongen under planlegging

4.086 kr/år 4.219 kr/år 4.287,50 kr/år 4.521 kr/år

Resultat: Redusert feilsorteringa i restavfallet frå 75% i 2014 til 50% i 2020. Innført og innfører dunk for glasog metallemballasje i 2020/2021

Delmål 3: Innan 2020 skal SIMAS ha etablert eit drifts- og kvalitetsoppfølgingssystem for å måle effektane av tiltak

Kontinuerleg forbetring Kompetanse og HMS

SIMAS-gebyr: Nomil-gebyr: SUM-gebyr: IHM-gebyr:

Kundar og samfunn

Resultat: Etablert dashboard som vert kontinuerleg oppdatert. Skal koplast saman med økonomotal. Arbeidet på går, ikkje ferdig Delmål 4: Vidareutvikle SIMAS Næring AS (no SIRKLA Ressurs) til å bli den føretrekte næringsrenovatøren i eigarkommunane Resultat: På plass i 4 av eigarkommunane

4


Kundar og samfunn

Kompetanse og hms

OVERORDNA MÅL:

OVERORDNA MÅL:

SIMAS sine kundar skal vera minst like nøgd som abonnentar i andre regionar som det er naturleg å samanlikna seg med; Kundetilfredsheit skal vera over 80%

SIMAS skal ha nøgde medarbeidarar i resultatorienter organisasjon med klare mynde- og ansvarsforhold; Me skal ha mindre enn 10% i raud sone på den interne temperaturmålinga

STATUS:

Renovasjonsbenchmarking gjennomført i 2019; 81%

Delmål 1: SIMAS skal vera leiande på interaktiv kommunikasjon med kundane gjennom ulike kommunikasjonsplattformar Resultat: Nyhende på Facebook kvar veke. Etablert SMS-varsling og Instagram Delmål 2: SIMAS skal vera ein synleg aktør i eigarkommunane Resultat: Deltek på i snitt 2 marknader i regionen. Inviterer alle 4.klassingar til besøk i Festingdalen. Arrangerer i snitt 3 heimekompostkurs ute i kommunane i året. Besøk frå Flyktningtenesta og andre gjennom heile året. Liten aktivitet 2020 på grunn av korona-pandemien Delmål 3: SIMAS skal vere ein aktiv rådgjevar på kjedesortering Resultat: Kontinuerleg arbeid, mest gjennom Facebook og direkte kontakt Delmål 4: Auka kundetilfredsheit ved å auka tilgjengeligheit på returpunkt og miljøstasjonane Resultat: Auka opningstid på miljøstasjonane med 1 time på sommaren, ope alle dagar i Festingdalen og auka med 1 dag i Luster.

STATUS:

Temperaturmåling i 2020 viser 1 av 35 tilsette; 2,8%

Delmål 1: Vidareutvikle SIMAS som ein kompetansearbeidsplass Resultat: Aktiv pådrivar for å etablera KAV Kompetanse. Årleg kursing av tilsette i farleg avfall og andre faglege kurs Delmål 2: SIMAS skal ikkje ha arbeidsulykker eller nesten ulykker på sine områder eller i teneste Resultat: Ingen rapporterte ulykker i 2020. Delmål 3: SIMAS skal halvere langtidsfråværet med utgangspunkt i statistikk ved årsslutt 2015 innan 2017 Resultat: Ok i 2017 med 3,5% mot 9,7% i 2015 . Langtidsfråværet har i 2020 auka til 4,5% Delmål 4: SIMAS skal vera leiande på kompetanse for mottak og handsaming av farleg avfall Resultat: Kursing av tilsette i organisasjon innan farleg avfall og utdanning som sikkerheitsrådgjevar. Tilsette HMS/Kvalitetssjef i full stilling.

ressursar på rett veg • status 2020 • SIMAS

5


Eigar- og ansvarsdel i verksemda

Eigar- og ansvarsforholda i verksemda er fordelt ut frå folketal i respektive eigarkommunar;

Kommune

Antal innbyggjarar

% eigardel

Aurland

1 777

5,41 %

Høyanger

4 049

12,32 %

Luster

5 189

15,79 %

Lærdal

2 129

6,48 %

Sogndal

11 938

36,33 %

Vik

2 611

7,95 %

Årdal

5 170

15,73 %

SUM

32 863

100,00 %

Eigarkommunane i SIMAS IKS

Organisering av verksemda Selskapet sitt øvste organ er representantskapet. Eigarkommunane vel 15 medlemar, med

varamedlemmer til representantskapet. Alle

Representantskap 15 medlemmar Leiar Arnstein Menes

SIMAS IKS Styret 7 medlemmar Leiar Jøril Hovland Direktør Hallvard Thomassen

eigarkommunane har to representantar kvar, utanom Sogndal kommune som har tre representantar. Styret har seks medlemmer og tre varamedlemar som er

valde av representantskapet, og eit styremedlem og eit varamedlem vald av dei tilsette. Direktøren står ansvarleg for den daglege drifta av SIMAS.

SIRKLA Ressurs AS Styret 3 medlemmer Leiar Hallvard Thomassen Dagleg leiar Erik Stavø

Ecoinowaste AS Styret 3 medlemmer Leiar Hallvard Thomassen Dagleg leiar Hallvard Thomassen Pt ingen aktivitet

6

ressursar på rett veg • status 2020 • SIMAS


Representantskapet

Representantskapet skal sjå til at selskapet vert drive etter føremålet, selskapsavtalen og i samsvar med lover og vedtekter. I 2020 handsama representantskapet dei faste sakene etter selskapsavtala.

Kommune Representant

Varamedlem

Aurland

Trygve Skjerdal

David Undredal

Leiv Jarle Bergheim

Kjell Bø Bjørgum

Lærdal

Audun Mo

Kathrine Njåstad Blaaflat

Jan Olav Fretland

Jan Geir Solheim

Årdal

Hilmar Høl

Hege Terese Olsen

Aleksander Øren Heen

Kjell Arvid Heen

Sogndal

Arnstein Menes

Karen Marie Hjelmester

Vibecke Johnsen

Stig Ove Ølmheim

Trude Risnes

Frode Bøthun

Luster

Marit Aakre Tennø

Geir Arve Sandvik

Elin Hauge

Morten Vigdal

Vik

Roy Egil Stadheim

Aud Marit Berge Fedje

Marta Sofie Vange

Eivind Helleland

Høyanger

Geir Helge Østerbø

Hallbørg Eidhamar

Kristin S Råsberg

Frode Merkersvik

Leiar i representantskapet er Arnstein Menes, nestleiar er Marta Sofie Vange

Styret Styret har hatt følgjande medlemmer i 2020: Jøril Hovland Ivar Kvalen Petter Sortland Anne Kauppi Birgitt Lervik Geir Ove Bøthun

Styret har hatt 7 møter i 2020. Det er utarbeida årsplan for styret der arbeidsoppgåvene er definert som; • Strategioppgåva • Kontrolloppgåva • Organiseringsoppgåva • Eigenoppgåva

Marianne Ovrid, tilsettrepresentant Varamedlemmer er Margunn Hylland, Åge Skrede, Aud Marit Berge Fedje. Frå dei tilsette er Kenneth Teigen varamedlem.

ressursar på rett veg • status 2020 • SIMAS

7


Organisering

Ny driftsorganisasjon var operativ frå 01.09.20;

Direktør Hallvard Thomassen Økonomi/HR Aud Jane Beheim

HMS/kvalitet Dagny Ugulsvik Alvik

Fag.ansv. Arkiv Sentralbord Informasjon Vekt

Industrivernleiar Fagleiar industrivern Brannvernleiar

Anskaffelse-prosjektsjef Geir Øygard

8

Produksjon

Miljøstasjon

Innsamling

Kundesenter

Produksjonsleiar Gunnar

Avd. leiar Miljøstasjon Kenneth

Avd.leiar Komprimator Paulius

Avd.leiar Kundesenter Aud Jane

Fag.ansv depomi/sigevatn Verkstad Cont.bil Operatørar

Fag.ansv. FA Operatørar

Sjåførar

Fag.ansv. slam/hytte Fag.ansv husholdning Kundehandsaming

Ekst.miljøstasjonar

ressursar på rett veg • status 2020 • SIMAS


Gebyrendring i 2020 Største endringa i 2020 var knytt til endring av gebyrmodell. Målet med endringa var fleire; • • •

Få ein modell som stimulerer til meir kjeldesortering (gebyr knytt til størrelsen på restavfallsdunken) Alle gebyrpliktige eigedommar skal bidra til å dekke infrastrukturkostnadene (bruk av matrikkel som identifikasjon på abonnement) Auka gebyret for fritidseigedommar, slik at desse bidreg meir til kostnadsdekning av renovasjonstilbodet.

Gebyrendringa dei 10 siste åra (samla sett, inkl. 2021):

Årleg % endring frå året før 10 8 6 4 2 0 -2 -4 -6 -8 -10 -12 2011

2012

2013

2014

2015

2016

2017

2018

2019

2020

2021

Slam Renovasjon

• Renovasjonsgebyret for år 2021 er likt med år 2019! • Renovasjonsgebyret har frå 2011 til 2021 vorte endra med i snitt 81 kr pr år. • For fritidshus er endringa i snitt i same periode 70 kr pr år

Visste du at?

For 341,- per månad får du tømt 4 behaldarar og ein sekk med plastemballasje (5 behaldarar i 2021, når alle får behlandar til glas- og metallemballasje). I tillegg vert mykje av drifta av miljøstasjonane dekka av renovasjonsgebyret. Her er det eit mindre brukartillegg ved besøk på miljøstasjon.


Husholdningsgebyret - kva dekker dette? 1400 1225

1200 1000

980

904

800 600

537

439

400

slu S tth or an teri ds ng m og in g

n jo as st iljø M

Tr ko ans st po na r de tr

r de na st lko ta pi Ka

A ha dm nd ., smkun in de g, IT

200

Handsaming av avfall

Totalt handsama SIMAS i 2020 ca 22.500 tonn med avfall. Dette er ressursar der det mest – 65% - vert energieller materialgjenvunne andre plassar i Norge eller Europa. Om lag 2% vert lagt på deponiet i Festingdalen, mens ca 33 % vert slutthandsama i Festingdalen i form av kompostproduksjon. På det meste vert det transportert ut frå Festingdalen ca 30 vogntog i veka med avfall som vert nytta som ressurs andre plassar.

Informasjon og bruk av sosiale media

Me har valt å prioritere digitale flatar som informasjonakanal. Nettsida er oppdatert og strukturert slik at informasjon er enklare å finne. Sosiale medium, som Facebook og Instagram har vorte nytta for å spreie viktige artiklar, og dialog med lokalavise på sakar me meiner dei bør hive seg på.

10

ressursar på rett veg • status 2020 • SIMAS


Ein bransje i omstilling

SIMAS og avfallsbransjen er i kraftig omstilling. Overgangen til sirkulærøkonomien krev endring i korleis ein handterer jordas samla ressursar, og auka ressursutnytting av det som blir kasta. ... til dømes som vist i figuren nedanfor:

Avfallsreduksjon

«Bli ein matreddar»

Lage mindre avfall

Ombruk Bruke ting om igjen

Lage nytt av brukt

Brenne

Material gjenvinning Energi utnyttelse

Deponering Legge på fylling

Ombruk av byggematerial

SIMAS Kompost

Småskala forbrenningsanlegg

Bruk av slagg til oppbyggbygging av areal

For å nå målet om få til ein sirkulær dreven økonomi får kommunane nye krav til sjølve avfallshandteringa, men også konkrete mål på oppgåvene som skal løysast, til dømes utsortering av matavfall, plast og andre avfallstypar. I tillegg kjem det endringar og krav til korleis ein interkommunale selskap skal driftast og finansierast.

ressursar på rett veg • status 2020 • SIMAS

11


FNs klimapanel presenterte i 2019 ein spesialrapport som viser samanhengen mellom klima, matsikkerheit, naturmangfald og berekraftig arealbruk. Om lag 70% av jordas landareal er direkte påverka av menneskeleg aktivitet. Av den samla matvareproduksjon i verda vert 25-30% kasta. Eit av 40 tiltaksområder som vert peika ut er mellom anna auke karboninnhaldet i jorda. Her kan SIMAS til dømes bidra med produksjon av ulike kompostprodukt.

Avfallsbransjen får nye rammer for drifta gjennom BAT-konklusjonar (krav om bruk av best mogeleg teknikkar) for avfallsanlegg. Desse vart vedtekne i 2018. SIMAS sitt løyve etter ureiningslova vert no gjennomgått for å vurdere om verksemda overheld utsleppsgrensa som er definert som BAT-AEL i BAT-konklusjonane. Verksemda må innan fire år dokumentere at anlegget driv i tråd med desse krava. Her må SIMAS dokumentere aktuelle prosessar og eventuelt forbetre desse i tråd med krava.

Avfallsforskrifta er under revidering og det er kommen forslag til nytt kapittel 10a. Dette heng saman med Avfallsstrategien frå 2013, Stortingsmelding om avfall og sirkulær økonomi, og i anbefalinga frå Regjeringas ekspertutval for grøn konkurransekraft. Foreslått krav til kommunane er knytt til utsorteringskrav og talfesta mål. Her må SIMAS vidareutvikle tenestene, følgje opp og dokumenter måltala samt sette inn tiltak om ein ikkje når måltala.

Fleira av desse endingane vil påverke oppgåvene som SIMAS skal løyse og til dømes korleis ein skal finansiere gjennomføringa. Det er lite truleg at SIMAS klarar å løyse alle nye krav og pålegg aleine. Det er naudsynt med ei strukturering av avfallselskapa med omsyn til oppgåver og spesialisering. Her må SIMAS finne samarbeidspartnerar som kan supplere og utvikle tenester som SIMAS ikkje kan.

Endring av Avfallsforskrifta Endringar i avfallsforskrifta kap 10a er på høyring. Kommunen skal sørge for; a. At minst følgende andel matavfall fra husholdninger utsorteres ved kildesortering: 55 prosent innen 2025, 60 prosent innen 2030 og 70 prosent innen 2035 b. At park- og hageavfall fra husholdninger utsorteres ved kildesortering,

c. At minst følgende andel plastavfall fra husholdninger utsorteres ved kildesortering: 50 prosent innen 2025, 60 prosent innen 2030 og 70 prosent innen 2035. Kildesortering av plastavfall kan erstattes av annen sortering dersom metoden gir minst like høy utsorteringsgrad som ved kildesortering. d. At utsortert matavfall, park- og hageavfall og plastavfall fra husholdningene leveres til materialgjenvinning.

12

ressursar på rett veg • status 2020 • SIMAS


Marknadsutvikling nedstraums for avfall Marknaden for ulike avfallstypar har utvikla seg negativt siste åra. Det har til tider vore vanskelege avsetningsforhold og prisane har vore under press. Dette gjelder både avfallstypar som har positiv verdi og negativ verdi (gate-fee). Det er heng saman med at det ikkje er balanse mellom tilbod og etterspørsel. Denne trenden vil dei nærmaste åra bli forsterka av at EUs avfallsdirektiv blir implementert i heile Europa. Innan 2035 skal 65% av hushaldnings-avfallet og liknande avfall frå næringslivet materialgjenvinnas. Ubalanse i marknaden vil verta forsterka på grunn av at det ikkje er etablert verksemder som kan handtere desse ressursen.

For ulike plast-fraksjonar er det krevjande med avsetjing og prisar. Dette vil kunne påverke avfallsbransjen langt meir framover enn det som har vore registrert tidelegare. For hovudfraksjon «restfall» aukar kostnaden nedstraums slutthandsaming pr tonn med nesten 70% i løpet av neste år. Det vil verte enno viktigare å redusere mengda restavfall gjennom kjeldesortering, både heime, på hytta og på miljøstasjonane. Tiltak må fortløpande vurderast.

SIMAS - kort status og gjennomførte tiltak For SIMAS har det vore naudsynt å gjennomføre store investeringar i infrastrukturen i Festingdalen for å tilfredsstilla krava til handsaming av avfallet. I tillegg til dette hadde SIMAS fleire konkrete pålegg frå Fylkesmann og Mattilsynet som medførte store investeringar. I perioden 2010 -2020 er det investert samla sett om lag 100 mill kroner. I tillegg har arbeids-/ansvarsoppgåva til SIMAS vorte endra, slik som til dømes; • • • •

Tatt over utfakturering av gebyra for alle kommunane som SIMAS renoverer Tatt over kundedialogane med abonnentane for dei same kommunane Tatt over driftsansvaret for miljøstasjonen, delvis med eige driftspersonale. Tatt over renovasjonskøyringa i eigenregi

Talet på tilsette (årsverk) i SIMAS var i 2010 ca 15 personar, mot 40 personar i 2020 Auken i tilsette er fyrst og fremst på grunn av at SIMAS, etter konkursen i RenoNorden, no driftar renovasjonskøyringa i eigenregi. I tillegg er det gjennomført store endringar internt i organisasjonen, spesielt i perioden 2015-2018. I denne perioden er SIRKLA Ressurs AS (tidelegare SIMAS Næring AS) etablert, ny driftsorganisasjon er på plass, ny renovasjonsforskrift er vedteken, ein har teke over renovasjonskøyringa i eigenregi, driftar fleire miljøstasjonar i eigenregi, sjukefråværet er redusert og ein har arbeida målretta med gjennomføringsevna

ressursar på rett veg • status 2020 • SIMAS

13


Tilsyn SIMAS har i 2020 hatt branntilsyn frå Statsforvaltaren (tidlegare Fylkesmann) og Sogn Brann og Redning. I det store og heile er rapportane frå tilsynet positive.

Oppsummering frå Fylkesmann sitt tilsyn: AVVIK 1: Internkontroll har manglar. Dette gjeld i hovudsak krav til dokumentasjon og utfyllande risikovurderingar. Det er særleg to ting som har stor viktigheit; tilgang på sløkkevatn og sortering ute. Sløkkevatn står oppført på investeringsplan i 2022. Dette er noko me sjølve har sett opp som kritisk punkt og tilsynet peikar på det som me også har vore klar over. So har me fått avvik på risikovurdering av sorteringa me gjere ute. Dette er også eit av punkta i avviket 2. AVVIK 2: Dette gjelder nokre områder knytt til merking og lagring. Det viktigaste og vanskelegaste punktet er knytt til handtering av impregnert trevirke. Det blir i dag kompaktert (pressa saman) for å få redusert lufta/tomrom ved utkøyring – det har me ikkje løyve til då dette vert definert som «handsaming .

Oppsummering frå Sogn Brann og Redning sitt tilsyn Tilsynet vart gjennomført i lag med Fylkesmann. Rapporten har ein litt anna oppbygging med følgjande punkt;

KVA SOM ER BRA:

• Det er Sogn Brann og Redning sin oppleving at me har ein god dialog og eit godt samarbeid med SIMAS. • Denne dialogen har vore spesiell god dei siste 2 åra med tanke på etablering av industrivern, prosess med registrering som særskilt brannobjekt samt utarbeiding av SBR IKS sin innsatsplan for objektet. • Tilsynet viser at SIMAS har eit godt internkontrollsystem som fungerar hensiktsmessig innan temaet brann, og at SIMAS har rett fokus vedrørande brann i avfallsanlegg. • SBR har i etterkant av tilsynet fått tilsendt dokumentasjon av rutinar for unormal og varierande risiko

14

ressursar på rett veg • status 2020 • SIMAS

FORBETRINGSPOTENSIALE:

Konkrete punkt og tema for forbetring av branntryggleiken ved SIMAS er: • Sløkkevassforsyning. Dette er inne i økonomiplan for selskapet (handlingsplan), men det bør settast i verk midlertidige kompenserande tiltak fram til permanent sløkkevassforsyning er på plass. Det bør og vurderast gjenbruk (oppsamling) av sløkkevatnet. Noko som betrar sløkkevassforsyninga og miljøkonsekvensane. • Metangass. Det bør utarbeidast ein ny konsekvensutgreiing med handlingsplan og rutinar for utfordringane med utslepp av metangass frå deponi. • Lagring av ferdige buntar med kverna avfall. Det må utarbeidast ny risikoanalyse for lagring av ferdig kverna og bunta avfall, som syner samla mengder energi og plassering av ferdige buntar. • Kjennskap til brannlova med relevante forskrifter. Fleire i leiinga i SIMAS bør inneha kompetanse/ kunnskap til forskrift om brannforebygging. (framtidig reg.som §13) • Skilting av farleg avfall

Konklusjon Nokre forhold som er påpeika er kostnadskrevjande å få på plass, men er tekne inn i investeringsplan. Gjennomføring vert det arbeida med. Dei andre forholda vert det jobba kontinuerleg med. Frist for å lukka avvika er 01.03.2021.

Forsterka industrivern SIMAS vart industrivernpliktige frå 1. januar 2020, med krav om forsterka industrivern på brann pga den auka brannfaren ein ser i avfallsbransjen generelt. NSO (Næringslivets sikkerhetsorganisasjon) gjennomførte tilsyn i oktober 2020. Vi fekk ingen avvik eller merknader, men skryt for det gode arbeidet vi hadde gjort, og at vi var komen så langt i industrivernarbeidet. Det førte til fin omtale i ein artikkel i bladet «Sikkerhet»


Forvaltningskontroll Kontrollutvala i eigarkommunane til SIMAS sette i gang forvaltningsrevisjon av selskapet etter initiativ frå Årdal kommune. Sekretariat for gjennomføringa har vor Aurland kommune. Målet med forvaltningsrenovasjon var knytt til to spørsmål; 1. 2.

Har SIMAS rett fordeling av kostnader mellom hushaldningsavfall og næringsavfall, irekna at gebyr frå hushaldningane ikkje vert teke inn og brukt til andre føremål enn handsaming av hushaldningane sitt avfall? Vert hushaldningane og fritidsbustader belasta rett gebyr (sjølvkost)?

frå SIRKLA til SIMAS. Dette vil sikre notoritet og gjere det mogleg å dokumentere korleis prising er berekna. Kommentar: Handlar nok om at dei saknar dokumentasjon, ikkje om praksisen. Dette er også eit svært lite omfang i 2019 (totalt på mindre enn 1% av omsetnaden) og enno mindre i 2020. Me vil korrigerer rammeavtale slik at prinsippa ligg fast. Konklusjon frå KPMG i revisjonsrapporten på Sjølvkost er; Etter vår vurdering er sjølvkost for hushaldningsavfall i det vesentlege godt dokumentert. Vi har ikkje avdekkja at SIMAS tar inn for mykje i gebyr i høve til sjølvkost.

Hyttemodell Oppsummering og kommentarar Alt i alt so er bekreftar revisjon at det er god kontroll med fordeling av kostnader mellom dei ulike aktivitetane i selskapet. Me har fått innspel på nokre konkrete områder som kan betrast.

Sjølvkost: Pkt 1. Det er likevel grunnlag for forbetring i sporbarheita mellom datagrunnlag og fordelingsnøkkel. Vi tilrår at underdokumentasjon for fordelingsnøklar som ikkje ligg i sjølve modellen blir forbetra med tanke på sporing frå underdokumentasjon og inn i modellen. Kommentar: Dette vert det arbeida kontinuerleg med. Det er årleg gjennomgang av desse faktorane og modellen. Målet vårt er at dette skal vera sjølvforklarande i modellen. På grunn av at heile gebyrmodellen vart endra i år, og at det vart bestemt å dele også andre aktivitetar er det ny fordelingsfaktorar mellom ulike aktivitetar vart forklarande delen litt komplisert. Ikkje noko stort punkt dette då me følger prinsippa

Pkt 1. Vi har ikkje motteke noko dokumentasjon i form av statistikk eller historikk som underbygger desse vurderingane. Vi tilrår at SIMAS utarbeider dokumentasjon som underbyggjer reelle forskjellar i kostnadar knytt til kriteriemodellen. Kommentar: Her har me nytta modellane som andre avfallsselskap nyttar – og me trur ikkje at mengder avfall frå hytter i vår region er ulikt i andre regionar med tilsvarande løysingar. Gebyrmoddelen har (i alle fall) vore i bruk sidan 2004 i andre avfallsselskap. Me har etterspurt dokumentasjon hjå dei andre selskapa ved fleire høver. Oppfølging av meir objektivt grunnlag pågår. Etterkalkylen neste år vil vise om dette er rett. Me jobbar videre med dette punktet og har ein plan for korleis me kan stadfeste dette.

Konklusjon Forvaltningsrevisjon av selskapet viser at det er god kontroll på sjølvkostrekneskapen.

Pkt 2. Vi tilrår at det vart etablert ein skriftleg avtale med dei viktigaste prinsippa for prising for tenester

ressursar på rett veg • status 2020 • SIMAS

15


Rammevilkår for verksemda

FN sitt mål for berekraft er verdas felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, få vekk ulikheiter og stoppe klimaendringane innan 2030.

SIMAS jobbar tett opp mot fleire av delmåla:

GOD UTDANNING (NR 4): SIMAS arbeider for kompetanseutvikling gjennom KAV Kompetanse og målretta lønnspolitikk

LIKESTILLING MELLOM KJØNNA (NR 5): SIMAS arbeider for lik lønn for likt arbeid, lik tilrettelegging på arbeidsplassen og krav til underleverandør/samarbeidspartner

REIN ENERGI FOR ALLE (NR 5): SIMAS arbeider for nyttegjering av restavfall som energi i miljøsertifiserte fjernvarmeanlegg

16

ressursar på rett veg • status 2020 • SIMAS


ANSTENDIG ARBEID OG ØKONOMISK VEKST (NR 8): SIMAS arbeider for anstendig arbeidsforhold for tilsette og krav til underleverandør/ samarbeidspartner

INNOVASJON OG INFRASTRUKTUR (NR 9): SIMAS arbeider for meir bruk av kompostprodukt, betre innsamling av avfall og legge til rette for regional næringsutvikling basert på avfall som ressurs

MINDRE ULIKHEIT (NR 10): SIMAS arbeider for å dele kompetanse mellom selskapa i avfallsbransjen og rådgjeving om avfallshandtering

BEREKRAFTIG BYER OG SAMFUNN (NR 11): SIMAS arbeider for betre ressursbruk ved innsamling av avfall og utvikling av nye logistikkløysingar med bruk av returtransport og utnytting av tilgjengeleg kapasitet

ANSVARLEG FORBRUK OG PRODUKSJON (NR 12): SIMAS arbeider med ombruk og materialgjenvinning av naturressursane ved kjeldesortering, samt endring av lokalsamfunnet mot ein sirkulær økonomi

STOPP KLIMAENDRINGANE (NR 13): SIMAS arbeider systematisk med miljøtiltak internt i selskapet for å bli meir berekraftig gjennom Miljøtårnsertifisering

LIV UNDER VANN (NR 14): SIMAS arbeider for redusert utslepp i sjø og deltaking i strandryddeaksjon

LIV PÅ LAND (NR 15): SIMAS arbeider for hindre spreiing av avfall i naturen gjennom avfallsløysingane og set fokus på hindre spreiing av framande artar i hageavfallet

SAMARBEID FOR Å NÅ MÅLENE (NR 17): SIMAS arbeider i lag med KAV, Avfall Norge, ViteMeir, skular etc for å informere og utvikle betre løysingar for avfallshandtering

ressursar på rett veg • status 2020 • SIMAS

17


gasta.no | Framsidefoto:

Adresse: Festingdalsvegen 368, 6854 Kaupanger Tlf: 57 65 70 70 | E-post: post@simas.no

18

ressursar på rett veg • status 2020 • SIMAS

simas.no


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.