Dystopia III ferdig.qxd:Dystopia
15-06-11
Terje Torkildsen
Dystopia III Roman
Samlaget Oslo 2011
18:49
Side 3
Dystopia III ferdig.qxd:Dystopia
15-06-11
18:49
© 2011 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Omslag: Grandpeople Førtrykk: Samlaget Skrift: Adobe Garamond Papir: 90 g Munken Print Cream 1.5 Trykk: AIT Trykk Otta AS Printed in Norway ISBN 978-82-521-7556-1
Side 4
Dystopia III ferdig.qxd:Dystopia
15-06-11
MORDA I MOULINDAM
18:49
Side 7
Dystopia III ferdig.qxd:Dystopia
15-06-11
18:49
Side 9
Onsdag 19.03.2014 kl. 18.28 – Hei, Victor! Vent! No svima ho av igjen! Scott set seg ned på kne i det dassblaute graset. Deepika ligg på ryggen med attlatne auge og open munn. Brillene hennar har ramla ned under haka. Scott prøver å få henne til å vakna ved å ropa og klaska henne på kinnet. Ho gliper med auga og hostar litt, men så forsvinn ho igjen. Scott stappar brillene hennar i jakkelomma si og heiser henne opp frå bakken. Ho er som ein diger deig. Han legg den eine armen hennar over nakken sin og bukserer den motstandslause kroppen opp på aksla med eit brannmannsløft. Deepika er blitt mykje lettare dei siste vekene, så Scott har ingen problem med å løfta henne, men det er tungt nok som det er å kjempa seg fram mot pøsregnet og den sterke motvinden. Å gå med ei bevisstlaus jente over nakken gjer det ikkje enklare. Victor og Kristine står duknakka og ser på opptrinnet eit steinkast lenger framme på diket. – Me må få henne i hus! roper Scott mot dei. Det er så vidt dei høyrer han gjennom den sterke kulingen, men dei nikkar og krummar nakken før dei fortset å gå mot vinden og regnet. Det har byrja å skumra, og om kort tid vil det vera mørkt. Det kraftige regnet 9
Dystopia III ferdig.qxd:Dystopia
15-06-11
18:49
Side 10
har fått vatnet i elva til å stiga farleg mykje, og det kan når som helst fløyma over diket. Den mørke straumen renn forbi dei i stor fart og lagar hissige kvervlar og gulbrunt skum. Kristine går heilt inntil ryggen på Victor for å unngå det verste piskeregnet. Victor held den eine handa inntil den blaute blonde panneluggen for å verna auga mot dei kvasse dropane. Difor er det Kristine som først får auge på lyset. Ho dunkar Victor på skuldra og roper: – Hei, Victor! Sjå! Det er lys der framme. Victor plirer mot regnet og får auge på lysskjæret, han òg. Dei snur seg med ryggen mot vinden og gaular mot Scott og Deepika. – Sjå! Lys! Scott svarer med eit rop. Dei klarer ikkje å høyra kva han seier, men tek det som eit signal om å gå vidare. På nedsida av diket er det myrete, og Kristine hyler i angst når ho plutseleg sit fast med begge beina. Victor iler til for å hjelpa, men går på trynet og må ta nokre symjetak for å komma seg på føtene igjen. Han kjem seg fram til Kristine og klarer å dra henne laus, men den eine støvelen hennar blir sitjande fast i sumpen. Victor gjer eit kort fånyttes forsøk på å finna igjen støvelen i den svarte myrsuppa før han og Kristine kavar seg opp til eit lite skogholt like ved. I skogen er bakken tørrare, og trea gir litt ly for vinden og regnet. Scott vel å gå ein omveg for å unngå myra. Børa han ber på gjer han dobbelt så tung som dei andre. Det tek difor nokre minutt før han når igjen dei to i skogholtet. Victor hjelper til med å få lagt Deepika varsamt ned på bakken, slik at kompisen får strekt ut ryggen. 10
Dystopia III ferdig.qxd:Dystopia
15-06-11
18:49
Side 11
– Ser ut som eit hus, seier Scott andpusten medan han står og støttar hendene mot korsryggen. – Ja, eit digert eit, svarer Victor og hakkar tenner. – Skal eg bera Deepika litt? – Nei, det går greitt. Eg må berre ta ein liten pause. Me må få henne innandørs no, elles frys ho i hel. Victor og Kristine hjelper til med å få Deepika opp på skuldrene til Scott igjen. Dei stavrar seg gjennom skogholtet og kjem til ein stor plen. Der stoppar dei opp og blir ståande og betrakta den store bygningen. Huset er ikkje så høgt, berre to fulle etasjar, men fasaden er lang. Det er lys berre i nokre få vindauge i andre etasje. Kristine står og snufsar medan ho lepjar i seg salte tårer og kalde regndropar med tunga. – Ser ut som eit slott, seier Scott. – Ja, faen! Victor kikkar oppglødd på dei andre. – Det er faen meg eit slott! Dei må vel ha plass til oss på eit svært jævla slott? Han spring ut på plenen utan å venta på dei andre. Midt på den lange fasaden er det ein stor balkong, og under balkongen ei brei trapp som leier opp til to høge glasdører. Victor stiller seg opp ved den nærmaste døra og bankar på. Han står og lyttar etter fottrinn innanfrå, men høyrer ikkje anna enn den ulande vinden. Dei andre kjem også opp på trappa. Victor bankar ein gong til, endå hardare, med knytt hand. – Det må jo vera nokon her inne, seier Kristine, men ei rynke i panna viser at ho er i tvil. – Det er jo lys i vindauga der oppe, meiner eg. Victor nikkar og bankar ein gong til på døra. 11
Dystopia III ferdig.qxd:Dystopia
15-06-11
18:49
Side 12
– Kanskje me skal prøva å hiva småstein på vindauga med lys i? føreslår Scott. – Nei, faen, svarer Victor gjennom ein klaprande tanngard. – Me kan ikkje byrja å leita etter stein no. Det er jo dritmørkt, og me er i ferd med å frysa i hel. Me må berre bryta oss inn. Scott føreslår at dei heller skal sjå etter ein annan inngang, men så dukkar det plutseleg opp eit lys der inne. Gjennom glaset kan dei sjå ei eldre dame som med stor skepsis nærmar seg balkongdøra. Ho held ei lommelykt i den eine handa. Victor blir oppglødd og bankar hardt på døra. Dama på innsida stoppar opp. – Hei, hallo! brøler han på engelsk. – Du treng ikkje vera redd. Me er ikkje farlege. Me treng berre tak over hovudet. Deepika her er sjuk. Ho har svima av. Dama på innsida blir openbert uroleg av det han seier, eller måten han seier det på. Kristine skyv Victor vekk frå døra og legg nasen heilt inntil glaset. – God kveld, smiler ho og viser kvite tenner. – Me beklagar viss me skremde deg, men me treng desperat ein tørr stad å overnatta. Venninna mi her er sjuk og treng tørre og varme klede. Dama på innsida kjem litt nærmare, slik at det er mogleg for dei på utsida å få eit inntrykk av henne. Ho er i femtiårsalderen og har lyst hår knytt i ein dult i nakken. Ho har eit rundt ansikt oppå ein endå rundare kropp. Ho ser på dei med engstelege auge og seier noko på fransk med sped stemme. Kristine kikkar på gutane. Dei ristar på hovudet, begge to. Ho snur seg tilbake mot dama på innsida og stotrar på dårleg fransk: 12
Dystopia III ferdig.qxd:Dystopia
15-06-11
18:49
Side 13
– Me treng hus. Venninna mi er sjuk. Ver så snill. Den runde dama peiker med lykta på henne. Kristine smiler som ho skulle vore hos fotografen. Dama på innsida flyttar lysstrålen over på Scott. Ho støkk til når ho ser den langhåra uflidde guten med den livlause jenta over akslene. – Eg beklagar verkeleg, seier ho med eit mildt smil, – men me kan ikkje ta inn sjuke folk her no. – Ver så snill! ber Kristine. – Eg beklagar, eg kan ikkje … – Ver så snill! Me døyr her! Dama snur seg for å gå. Kristine blir desperat og byrjar å ropa ut franske gloser medan ho slår og sparkar i døra. – Ver så snill! Eg ber deg! Ikkje gå! Ver så snill. Venninna mi er dødssjuk! Eg er gravid! Victor byrjar også å hamra på døra. Dama stansar, men ikkje på grunn av bankinga. Det kjem ein ung mann bort til henne og spør om eit eller anna. Dei utanfor sluttar å bråka. Dama seier noko til mannen som dei ikkje kan høyra. Begge bruker armane når dei snakkar, og det er tydeleg at dei er ueinige om eit eller anna. Den unge mannen peiker bestemt med den eine armen, og dama går motvillig vekk. Mannen kjem bort til døra. Han ser ut som ein filmskodespelar frå gamle dagar og snakkar engelsk med fransk aksent: – Kva er problemet her? – Beklagar, seier Kristine og byrjar å grina, – men me er desperate. Me held på å frysa i hel, og venninna mi er bevisstlaus. Ver så snill! 13
Dystopia III ferdig.qxd:Dystopia
15-06-11
18:49
Side 14
Den unge mannen på innsida nikkar med ei alvorleg mine. – Eg forstår. Sjølvsagt skal de få husly, men de kan ikkje komma inn denne døra. Den kan ikkje opnast. Hovudinngangen er på andre sida. Han viser med ei handrørsle at dei må gå rundt. – Å, tusen takk, tusen takk. Kristine smiler og snufsar. Scott er allereie på veg ned trappa. Dei går bortover langs veggen til dei kjem til eit hjørne. Her er det ein grusveg som fører inn til ein slags borggard. På motsett side av den opne plassen er det ein annan stor bygning med eit høgt tårn som dei berre kan ana som ein mørk skugge. Victor er så gira at han spring frå dei andre. Scott stoppar opp for å få eit betre grep om Deepika. – Vent litt, Kristine, seier han. Ho stansar. Han kjem tett inntil henne og seier med låg stemme: – Eg er elendig i fransk, men sa ikkje du nettopp til ho dama at du var gravid? Var det berre noko du sa for å få oss inn, eller? Kristine opnar munnen for å svara, men så er det som ho ombestemmer seg og byrjar i staden å grina igjen.
Dystopia III ferdig.qxd:Dystopia
15-06-11
18:49
Side 15
Onsdag 19.03.2014 kl. 18.55 Den unge mannen står i døra saman med Victor og ventar på dei tre andre. Kristine græt sårt og høglydt. Victor ber henne skjerpa seg. Den unge mannen tek Deepika på panna. – Ho har feber. Scott prøver å blåsa bort den lange, våte panneluggen som heng som ei gardin ned i ansiktet hans. – Ja, ho har vore dårleg i fleire dagar no. Eg veit ikkje om det er noko alvorleg, eller om ho berre er utmatta. Me må uansett få henne tørr og varm så fort som mogleg. Eg klarer heller ikkje å bera henne særleg mykje lenger. Dama med lommelykta dukkar opp bak dei. Ho ber på ein bunke ullteppe som ho slepper demonstrativt ned på golvet i inngangshallen. Ho mønstrar fantefølgjet med ei sur mine og kommenterer at det dryp av kleda deira. – Lucy! seier den unge mannen strengt. – Plukk opp teppa igjen og ta dei med inn på kjøkkenet. La meg få lykta, og finn fram nokre handklede, så dei kan få tørka seg. Lucy gir frå seg lommelykta med eit snøft og snur på hælen. 15
Dystopia III ferdig.qxd:Dystopia
15-06-11
18:49
Side 16
– Eg beklagar, seier den unge mannen lågt og ser unnskyldande på besøket. – Ho er litt … vanskeleg. Han rettar lysstrålen innover i inngangshallen, der dei kan skimta dei nedste trinna av ei brei trapp. Elles er det store rommet stappmørkt. – Som de sikkert skjøner, seier den unge mannen, så er straumen gått, men viss de følgjer meg, så går de dykk i alle fall ikkje vill her inne. Den unge mannen kryssar over golvet i hallen. Resten av gjengen følgjer etter. Dei går gjennom to høge dører, men det er så mørkt at dei ikkje klarer å danna seg noko inntrykk av det dei passerer. Den unge mannen stoppar opp og set lommelykta frå seg på eit bord. Dei er komne inn i eit stort, gammalt kjøkken. Veggene er kvite og reflekterer det meste av lyset frå lommelykta, slik at rommet blir rimeleg bra opplyst. Victor trekkjer Kristine trøystande inntil seg, og hulkinga hennar går over i snufsing. Scott legg Deepika varsamt ned på ein stor slaktebenk i massiv eik. Han serverer eit stønn i det han frigjer seg frå den tunge børa. – Det er fint om de kan ta av dykk dei våte kleda her inne, seier den unge mannen. – Her er det fliser på golvet og lettare å tørka opp vatnet. I lyset frå lykta og dei kvite veggene kan dei sjå at han neppe er så mykje eldre enn dei sjølve. Over tjue kanskje, men ikkje stort meir. Han har fyldig, svart hår og ser ut som om han kunne vore med i ein barberhøvelreklame. Lucy kjem inn med teppa og nokre handklede. Ho stiller seg opp framføre den unge mannen og ventar på ordre. – På kjøkkenbenken takk, seier han. 16
Dystopia III ferdig.qxd:Dystopia
15-06-11
18:49
Side 17
Lucy legg frå seg børa medan ho himlar med auga. Ho lagar ein liten forulempa smattelyd og går ut av rommet. Den unge mannen blir ståande og sjå etter henne samtidig som han ristar oppgitt på hovudet. – Ja, de får verkeleg unnskylda Lucy, seier han og snur seg. – Eg heiter Marco, forresten, Marco Morris. Velkommen til Château de Moulindam. Han rettar fram ei hand til helsing, men ungdomane er så opptekne med å få av seg dei våte kleda at ingen registrerer invitasjonen. Marco snur seg høfleg vekk etter kvart som det klissvåte undertøyet deira klaskar mot golvet. Scott tørkar seg kjapt med eit handklede og knyter eit ullteppe rundt livet før han byrjar å kle av Deepika. Når ho er naken, rullar han henne inn i eit brunt teppe, noko som får henne til å likna på ein diger sigar. Marco går bort til Deepika og kjenner etter puls på halsen hennar. Han snur seg mot dei andre og ser på dei med ei bekymra mine. – Ho skulle vore på sjukehus. Eg har prøvd å komma i kontakt med hospitalet i Tournai i heile dag, men det er håplaust, og det er ikkje lett å få henne dit no, i dette vêret, utan bil. Scott ser overraska på han. – Er det sjukehus her? Som fungerer, meiner eg? – Ja. Eller ikkje akkurat her, då. I nabobyen, i Tournai. Victor kjem med eit uhemma gledesutbrot. Kristine byrjar å grina igjen, og Scott blir så begeistra at han mistar ullteppet i golvet. Han blir ståande kliss naken i fleire sekund før han får tylla det på seg igjen. – Er det sant? Meiner du det?! Er det sjukehus her? 17
Dystopia III ferdig.qxd:Dystopia
15-06-11
18:49
Side 18
Marco er så overraska av den overdrivne reaksjonen deira at han ikkje heilt veit kven han skal sjå på. – Eh, ja, det er eit sjukehus i Tournai. Problemet er å komma i kontakt med dei. Stormen har slått ut telefonnettet. – Stormen? Du meiner vel bølgja? spør Scott. – Nei, eg meiner stormen. Me har hatt telefon stort sett heile tida, me, men nettet datt ut igjen i går. Eg reknar i alle fall med at det var på grunn av vêret, eller har det komme ei ny flodbølgje? Det tek nokre sekund før Scott skjøner at Marco stiller han eit spørsmål. – Eh, ei ny flodbølgje? Nei, ikkje så vidt eg veit. Men den store flodbølgja som kom 18. januar, kom ikkje den hit? – Nei. Ho nådde ikkje lenger enn til Gent. – Yes! Yes! Takk, Jesus. Takk, Gud. Takk, Buddha. Yes! Endeleg! Victor oppfører seg som ei blanding av ein OL-vinnar og ein sørstatspastor. Deepika byrjar å hosta kraftig. – Eg trur det er best me går opp i biblioteket, seier Marco. – Det er lyst og varmt der. Me må få ho der under ei dyne, elles er eg redd ho kjem til å stryka med. Scott nikkar og lempar Deepika opp på aksla igjen.