Fosse Essay ferdig.qxd:A
13-10-11
Jon Fosse
ESSAY
Samlaget Oslo 2011
11:27
Side 3
Fosse Essay ferdig.qxd:A
13-10-11
11:27
Side 4
Essay inneheld desse to tidlegare utgjevne titlane: Frå telling via showing til writing (1989) og Gnostiske essay (1999). I tillegg essayet «Skrivingas gnosis» som ikkje har vore publisert i bok før. © 2011 Det Norske Samlaget www.samlaget.no omslag: Stian Hole førtrykk: Samlaget skrift: Minion 11/14 papir: 90 g Munken Print Cream trykkeri: AIT Otta AS Printed in Norway isbn 978-82-521-7970-5
Fosse Essay ferdig.qxd:A
13-10-11
11:27
Side 5
Innhald
Fosse valde diktinga av Cecilie N. Seiness 9 Frå telling via showing til writing Forord 15 Mellom sosialrealisme og modernisme 18 Og det er det litt triste 22 Å vere fugl i dag 28 Ord, tanke, musikk 32 Romantisk modernisme? 40 Om framandord og litterær skrift 43 Marit. Birgit 46 Mellom språksyn og poetikk 56 «Folk er faldet i søvn på tagene. Busserne kører med åbne døre» 72 Vi ler ikkje (saman med Lars Amund Vaage) 85 Om å gå utanom 87 Å sjå ansiktet før karikaturen 91 Eller er det kanskje tvert imot? 95 Ein forelska roman 109 Tale eller skrift som romanteoretisk metafor 115 Forteljar, person, skrivar 140 Einskap contra mangfald 146 5
Fosse Essay ferdig.qxd:A
13-10-11
11:27
Side 6
Om å brenne Æneiden 150 Mangetydighetens etikk 161 La rosa profunda 166 Lesing som skriving 175 Ein opprørar veit vi kvar vi har – Vesaas er det verre med (saman med Finn Øglænd) 181 Nødvendighet bak skrifta 197 Kunsten som filosofiens føresetnad 201 Skrivarens nærvær 214 Frå telling via showing til writing 228 Den bortkomne broren 241 Gnostiske essay Forord 251 Biletleg Den mislykka kunstnaren 255 Om den unge kunstnarens bilete 261 Tre gonger vatn 265 Camilla Wærenskjold 267 Rørlege teikn 270 Bjørn-Sigurd Tufta 272 Om Tor Inge Kveums biletrøyst 276 Eg ser hennar minne att 278 Teoretisk Romanen i sin store ironi 285 Romanforfattaren som intellektuell 292 Den djupaste trong til det språklause 300 Omgrep, generalisering, kunst 304 6
Fosse Essay ferdig.qxd:A
13-10-11
11:27
Side 7
Ikkje-staden 311 Kunst og teori er motsetnader 313 Imellom 317 Mystikken i det konkrete 318 Ei slags murring i mørkret 323 Anagogia 324 Om å lære å døy 331 Om det same i litteratur og biletkunst 334 Om å lære å skrive roman 339 Litterær kvalitet 345 At sola skulle kome 350 Bloom, kanon, litterær kvalitet, gnosis 355 Personleg Litteratur 361 Min kjære nynorsk 365 Dei store fiskeauga 370 Negativ mystikk 374 Ikkje meir enn det 388 Hus som levande fortid 390 Om røyking 392 Han som ikkje ville bli lærar 394 All-alder-litteratur 401 Diktarhus og -heimar 405 Gamle hus 407 Kattane i Ungarn 410 Litterært Johannes Grøgaards vener 415 Litt om Dag Solstads forfattarskap 431 7
Fosse Essay ferdig.qxd:A
13-10-11
11:27
Side 8
Litt om James Joyce 437 Før og etter auget 446 Verdas beste romanforfattar? 457 Fundamentale lydar 464 Uforståeleg forståeleg poesi 468 Epifani: Dublin, den 16. juni 1904 478 Den avgjerande læraren 484 Ein sky ven 488 Sjølvlysande 493 Teatralt Stemme utan tale 501 Når ein engel går gjennom scenen 504 Ibsen–Joyce–Beckett 506 Thomas Bernhard og hans bestefar 509 Dramatisk innsikt 513 Kva er det som får det som skjer til å skje? 515 About Myself as a Playwright 517 Kvalitetens usynlege legitimering 522 Demoniens diktar 527 Menneskets kunst 529 Skrivingas gnosis Skrivingas gnosis 533
Fosse Essay ferdig.qxd:A
13-10-11
11:27
Side 9
Fosse valde diktinga
Jon Fosse er dramatikar, prosaist og poet, men han har òg gjeve ut to essaysamlingar. Desse bøkene er samla her. I 1989 gav Fosse ut Frå telling via showing til writing, i 1999 Gnostiske essay. Deretter tok han farvel med teorien. Etter Gnostiske essay har han knapt skrive ein einaste artikkel. «Det å dikta og det å skriva teori opplever eg heilt ulikt, som to ulike plassar. Begge delar er skrift, men det diktariske og det teoretiske språket er heilt forskjellige. Eg fann etter kvart ut at det eg er god til, er dikting,» sa Fosse i boka Jon Fosse. Poet på Guds jord som kom ut i samband med 50-årsdagen hans i 2009. Fosse debuterte som forfattar med romanen Raudt, svart i 1983. På 80-talet var Fosse først og fremst romanforfattar. Samstundes teoretiserte han skrivinga si, han forsøkte å finna fram til sitt eige litterære prosjekt, posisjonerte seg, rydda plass for det han dreiv med, noko tekstane i den første essaysamlinga syner. 1980-talet var òg tida då Fosse tok hovudfag i litteraturvitskap, han arbeidde som journalist og vart etter kvart lærar på Skrivekunstakademiet i Bergen. Dramatikk heldt han seg langt unna. Frå telling via showing til writing kom ut samstundes som Fosse gav ut romanen Naustet. Den fjerde romanen til Fosse vart det verkelege 9
Fosse Essay ferdig.qxd:A
13-10-11
11:27
Side 10
gjennombrotet for han her i landet. 30-åringen Fosse gjekk frå å vera ein sær forfattar for dei spesielt interesserte til å nå eit langt breiare publikum. Ti år seinare kom Gnostiske essay. På den tida hadde Fosse vorte dramatikar. Han hadde vorte ein dramatikarsuksess også internasjonalt. I 1993 skreiv han det aller første stykket, Nokon kjem til å komme. Året etter vart eit Fossestykke for første gong vist på ei scene. På kort tid fekk Fosse innpass på dei sentrale scenene her i landet, og teater i utlandet synte òg interesse for stykka hans. Det verkelege vendepunktet i dramatikarhistoria til Fosse kom i 1999, året Fosse fylte 40, same året som Gnostiske essay kom ut. Nokon kjem til å komme vart sett opp i Frankrike av den sentrale regissøren Claude Régy. Leiande franske aviser brukte store ord om både Fosse og oppsetjinga. Régy la grunnlaget for Fosse sitt gjennombrot i Europa. Sidan den gong har Fossestykka reist verda rundt. Kring ni hundre Fosse-produksjonar har det vorte til no. Sidan teaterdebuten i 1994 har det vore urpremierar på over 30 Fosse-stykke. Fosse skriv i forordet til Gnostiske essay: «Eg gir ut mi andre samling essay, og sit og tenkjer at det i framtida nok ikkje burde kome så mykje essayistisk skrift frå meg, det vesle eg veit kan seiast betre i andre språk.» Fosse måtte velja, og han valde diktinga. Det er med stor glede Det Norske Samlaget no gjev ut Fosses samla essay. Desse tekstane er ei rik kjelde for den som vil bli kjend med Fosse sitt syn på mellom anna litteratur og teater, men òg med Fosse sjølv. Frå telling via showing til writing har vore utseld i årevis. Det er på høg tid at det er mogleg å få tak i desse tekstane. 10
Fosse Essay ferdig.qxd:A
13-10-11
11:27
Side 11
Fosse valde diktinga, men det hender han skriv noko meir teoretisk. Til slutt i denne boka finn du eit Fosse-essay som berre har vore publisert på fransk tidlegare: «Skrivingas gnosis». Dette essayet skreiv Fosse i mars 2000, og det er det aller siste essayet han har skrive. Eit fransk tidsskrift skulle heidra Claude Régy i eit temanummer og ville ha Fosse til å skriva eit bidrag. Fosse fekk seg rett og slett ikkje til å seia nei. Cecilie N. Seiness
Fosse Essay ferdig.qxd:A
13-10-11
11:27
Side 13
FRÅ TELLING VIA SHOWING TIL WRITING
Fosse Essay ferdig.qxd:A
13-10-11
11:27
Side 15
Forord
Då eg sette meg ned for å redigere denne essaysamlinga, kom det eit stort ubehag over meg, så stort at eg var freista til å gi opp heile bokprosjektet: produksjonen min av artiklar er temmeleg stor, og då eg gjekk mine spor opp igjen, fann eg likt og ulikt, godt og dårleg. Temmeleg mykje dårleg, spør du meg. Ein god del av det eg har skrive, er «saker» eg skreiv då eg i to år jobba som ferievikar og frilansjournalist i Gula Tidend, i perioden 1979–1981, og i løpet av året 1985, då eg jobba som redaktør i Kontaktorganet for sivile tenestepliktige, som det offisielt heiter, eller i Militærnektaren, som avisa eigentleg heiter. Eg har også skrive journalistiske – og polemiske – ting andre stader, blant anna var eg mot slutten av 1970-talet med i redaksjonen til Norsk Målungdoms avis Folkemål, eg bidrog omtrent samtidig til Sosialistisk Ungdoms avis Ungsosialisten. Eg har i denne samlinga ikkje tatt med noko av den journalistikken (intervju, reportasjar, petitar, referat, leiarartiklar osv) eg har skrive, og av polemiske skrifter er det berre med nokre av meir snever litterær interesse. Utelate har eg også ein god del artiklar av meir litterært eller essayistisk tilsnitt, blant anna mange bokmeldingar. 15
Fosse Essay ferdig.qxd:A
13-10-11
11:27
Side 16
Det var forresten ikkje ei udelt hyggeleg oppleving å sjå at eg, som i prinsippet ikkje skriv meldingar av i alle fall norsk samtidslitteratur, faktisk har skrive ikkje så reint lite av det slaget. Eg kom òg fram til at eg ville sette eit tidsskilje: berre ting publiserte etter debuten i 1983 er med i denne samlinga. Eg har også utelate noko som ein stundom ser inngår i essaysamlingar, nemleg intervju gjorde med den som gir ut essaysamlinga. Trass i heller stort utval så var det ikkje vanskeleg å gå forbi den tekstgruppa. Det eg sit igjen med, er ei samling tekster som eg på ein eller annan måte opplever som viktige, og då viktige i forhold til det eg – her og no, vel å merke, kanskje ikkje om eit år eller to – ser som forsøk på litterær og litteraturteoretisk profilering, med andre ord: som forsøk på å finne fram til mitt eige litterære prosjekt. For meg i alle fall er skrivinga mi av tekster av essayistisk tilsnitt berre interessant i forhold til mi eiga skjønnlitterære skriving. Det er i all hovudsak snakk om tekster skrivne som supplement til fiksjonar og poesiar. Sjølv ser eg ein par–tre essay som særleg viktige, det er vel også dei tyngste, mest «akademiske» essaya, nemleg det språkfilosofiske essayet «Mellom språksyn og poetikk» og dei romanteoretiske essaya «Tale eller skrift som romanteoretisk metafor» og «Frå telling via showing til writing». Eg lurte lenge på berre å publisere desse essaya, det blei, som du ser, ikkje noko av. Elles er ein god del av bidraga i denne essaysamlinga skrivne på førespurnad, dermed blir nok blant anna utvalet av omtala forfattarar eit anna enn det elles ville blitt (eg har for eksempel aldri vore noko særskilt opptatt av Hermann 16
Fosse Essay ferdig.qxd:A
13-10-11
11:27
Side 17
Broch, som eit av essaya omhandlar, heller ikkje av poeten Jorge-Luis Borges, derimot svært opptatt av for eksempel William Faulkner, som ikkje blir omtala, til liks med andre for meg viktige forfattarar, som Joyce, Proust, Kafka, Trakl, av norske forfattarar er eg for eksempel meir opptatt av Hamsun, som ikkje blir omtala, enn av Vesaas, som blir omtala i to av essaya). Alle essaya er tidlegare publiserte, med eitt unntak: essayet «Forteljar, person, skrivar» blei til med tanke på ein antologi om skriveprosessen, tiltenkt bruk i undervisning, som Cappelen/Landslaget for norskundervisning skulle ha gitt ut – etter planen hausten 1987. I skrivande stund er den antologien enno ikkje publisert, men eg finn det likevel rett å ta med essayet her. Det essayet er elles noko «pedagogisk» i tonen – den nemnde antologiens føremål tatt i betraktning. To av bidraga er skrivne saman med andre, høvesvis Lars Amund Vaage og Finn Øglænd. Ein del av essaya er tidlegare berre publiserte på svensk. I nokre av bidraga har eg forbetra språket litt, nokre blødmer – setningar, eit par avsnitt, eit par dikt – er strokne, dette gjeld særleg dei eldste tekstene, elles varierer nynorsknormalen noko frå tekst til tekst. Jon Fosse Bergen, 5.5.1989
17
Fosse Essay ferdig.qxd:A
13-10-11
11:27
Side 18
Mellom sosialrealisme og modernisme
I 1979 dobbeltdebuterte Lars Amund Vaage, med skodespelet I skuggen av Telavåg, som no nedlagde Nordahl Grieg Teatret sette opp, og med romanen Øvelse Kald Vinter, som Oktober gav ut. Same forlaget gir denne hausten ut Vaages andre bok, romanen Fager kveldssol smiler. Dei to første verka til Vaage var tradisjonelt realistiske, og typiske sosialrealistiske motiv som økonomisk utbytting og påfølgjande arbeidskonflikt er òg med i Fager kveldssol smiler. Den sosiale realismens skrivemåte er òg nytta. Men berre dels er romanen slik. Det synest som om Vaage har sett seg føre å skrive ein sosialrealistisk sak-tenande roman, og berre så måteleg har lykkast i det. Derfor blir romanen vellykka. Paradoksalt nok. Kanskje kan ein hevde at Fager kveldssol smiler faldar seg ut i spenningsfeltet mellom eit sosialrealistisk romanprosjekt og ein negerande kreativ impuls: eit modernistisk tildriv. Interessante tematiske og formelle konstellasjonar spring fram or denne dialektikken, noko Vaages roman har felles med dei beste av ml-bøkene frå 70-talet. I Fager kveldssol smiler går ei nøkkelbedrift i eit vestlandsk bygdesamfunn konkurs, eit skipsbyggeri, og gjennom eg-forteljaren og hovudpersonen Hallvard Sjøvang får vi innsyn i sjølve konkursprosessen, får vite korleis arbei18
Fosse Essay ferdig.qxd:A
13-10-11
11:27
Side 19
darane opplever stoda. Forteljaren som demonstrativt vil påpeike det fiktive i fiksjonen, har ein nærmast allvitande synsvinkel, og ser inn og ut or kven det måtte vere. Sjølv om han er eg-forteljar. Ein slags brechtsk Verfremdung-teknikk er vel dette, og er med på å gjere verket forteljeteknisk interessant. Med litt velvilje kan vel dette nemnast som eit modernistisk formgrep i romanen. Vi møter ei rekke romanfigurar, arbeidarar på Verven, jamnast, i tillegg til bedriftseigaren og hans familie. Dessutan er foreldra – og besteforeldra – til Hallvard viktige figurar. Det er òg ikkje minst Gro, barndomskjærasten til Hallvard, no gift med Sigmund, ein arbeidarleiar på Verven. Romanen opnar med at Hallvard, pianist, musikkstudent, er attende i byen, på Musikkonservatoriet, etter ei tid å ha jobba på skipsbyggeriet. Han får brev med spørsmål om å spele på ein fest arbeidarane på Verven skipar til for å minnast den no nedlagde verksemda. Han spelar, og folket i salen – arbeidarane, eller konene deira – kviskrar og tiskar medan han gir til beste Chopin. Boka byrjar med slutten. Før vi får fortalt korleis indremisjonsmannen Tørres Tresvik ein gong då dette hundreåret var ungt, fekk seg kjerring og høvande hamn. Der Verven blir bygd. Hallvard, som vantrivst i eit urbant konservatoriemiljø, reiser heim og tar seg arbeid på Verven. Og gjennom det året han jobbar der, går bedrifta konkurs. Hallvard drar attende til byen, og skriv romanen om heimferda og om Verven-konkursen. Konsentrert i ein intrige som femner om lag eitt år. Verven og konkursen der er den eine hovudlina i ein todelt intrige, og formar eit slags tematisk flatenivå i romanen. Den politiske tendensen, som vel må munne ut i forståinga 19
Fosse Essay ferdig.qxd:A
13-10-11
11:27
Side 20
av at revolusjonær omvelting må til, er her den viktigaste. Dette nivået er rommet for den sosiale realismen, og for detaljerte beskrivingar av arbeidsverktøy og arbeidsprosessar, av arbeidarklassen og borgarskapet. Den andre intrigedelen samlar seg kring hovudpersonen Hallvard Sjøvang og hans febrilske flukt frå hybel og musikkstudium, heim, heim, til mor og far og gardsdrift. Til gammalkjent natur, til vener frå barndomen. Dei modernistiske tildriva er knytte til denne soga, og her samlar òg romanens tematiske trådar seg i ein knute: Eit diktande subjekt søkjer febrilsk meining i tilværet, reiser heim, til bygda, til fortida, men finn ikkje der den grunnen eit liv kan grunnast på. Han lyt igjen stille seg open for det framtida kan bringe, ingen veg går tilbake: Hallvard reiser attende til byen. Heile vegen søkjer han, og søkinga, driven fram av ein uklår lengt, blir tematisk og motivisk viktigast. Formelt blir realismen forlaten, til fordel for – sant nok – beskjedne modernistiske framstøytar: Eg-forteljaren som overskrir sannsynlegheitas grenser og gjengir tankar og kjensler frå ei rad personar, er kanskje det klåraste dømet på denne søkinga etter nye formgrep, etter ikkje-realistiske formgrep. Komposisjon og tidsframstilling peikar i same lei. Ein modernistisk impuls sprenger seg som sagt gjennom eit sosialrealistisk romanprosjekt, og dette er romanens styrke, gir verket særpreg – men samstundes òg veikskap: Romanen kan verke noko uavklåra. Den subjektive intrigedelen, søkinga, blir for mykje neddempa, noko som fører ut i nesten pinleg bluferdige seksualskildringar, dragnaden mot den gifte kvinna Gro blir òg fordomsfullt tildekt. Og 20
Fosse Essay ferdig.qxd:A
13-10-11
11:27
Side 21
formelt: Dei sekvensane som kviler på det diktande subjektet får for lite rom, det lyriske, det overskridande, det beste i romanen lyt for ofte vike plass for dyktig og kunnig skriven, men likevel dels traurig fordobling av røyndomen. Men, for all del: Boka er god. [folkemål, nr. 1, 1983]
21