Faa meg paa, for faen

Page 1


Olaug Nilssen

FÅ MEG PÅ, FOR FAEN

Roman

Samlaget Oslo 2011


© 2005 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Omslagsfoto: Nina Beier Omslagsdesign: Valiant Boka er sett i Samlaget med Adobe Garamond og Gill Trykkeri: Nørhaven, Viborg Printed in Denmark ISBN 978-82-521-7986-6 3. utgåva


Innhald FØREDRAG I SOSIOLOGI GRUNNFAG FOR MARIA, del 1: MORGONSONGAR FOR MARIA 9 ARTUR OG ALMA 47 FØREDRAG I SOSIOLOGI GRUNNFAG FOR MARIA, del 2: FØREDRAG 85 KONA TIL SEBJØRN 131



Jeg vil ut! Jeg m책 ut! Jeg skal ut og drikke meg full! de Lillos


Alle karakterar, bygningar og hendingar i denne boka – sjølv dei som er baserte på verkelege personar, bygningar og hendingar – er fiksjon. «Artur og Alma» er ein tekst som inneheld skildringar av seksuelle fantasiar. Enkelte vil truleg oppleve desse skildringane som støytande. Når det står «nepe», er det meint det dei fleste kallar «kålrot» eller «kålrabi».


FØREDRAG I SOSIOLOGI GRUNNFAG FOR MARIA, DEN ELDSTE DOTTERA TIL SEBJØRN DEL 1

Morgonsongar for Maria



Maria går til jobben

Måndag klokka 06:40 er Maria, den eldste dottera til Sebjørn, på veg til jobben. Ho går med regnklede og sekk på ryggen, og ho går i takt med musikken ho har på øyra. Ho syng inne i seg: Eg vil aldri bli! Maria Magdalena. Du er ein nattskapnad Maria Magdalena. Du er nattas offer. Du treng kjærleik. Du lova meg fryd! Du treng kjæ-ærleik 1 Ho høyrer songteksten på engelsk i discmanen, men prøver å synge på norsk når ho går gjennom Lille Øvregate. Det er ikkje alle orda ho er sikker på om ho veit heilt kva betyr, og det er heller ikkje alltid like lett å setje om teksten slik at det passar til musikken, så etter kvart konsentrerer ho seg berre om å synge med på: – Du treng kjærleik, hm hm hm hm-hm, du treng kjæ-ærleik. Ho tenker at dersom det kjem nokon og intervjuar henne 1

Fritt etter «Maria Magdalena», sunge av Sandra 11


akkurat no, så vil ho seie til reporteren at det er det største ønsket ho har, at nokon skal elske henne. – Det er det viktigaste, kjem ho til å seie til reporteren, gjerne Halvor Folgerø frå Vestlandsrevyen: – Å bli elska. Då kjem resten av seg sjølv. Halvor Folgerø kjem til å nikke så håret på sidene vippar fram og tilbake, og ho må fortelje han at han var finare før, då han hadde kort hår. – Men dette kjem de vel til å klippe vekk? kan ho halde fram, med ein liten latter. Og dersom dei lar henne snakke meir i mikrofonen, kan ho seie: – Du liknar på Arild Sondre Sekse. Eg har stor respekt for Arild Sondre Sekse, og eg trur eg overførte denne respekten til deg då du begynte i Vestlandsrevyen. Du har vist deg denne tilliten verdig, Folgerø. Dei står på trappa til domkyrkja, det er ikkje heilt lyst enno, og det regnar framleis. Maria står litt krokbøygd, ho lener seg så nær mikrofonen som ho kan. Ho ser på mikrofonen, ikkje på Halvor Folgerø. – KUTT, seier han. – Kan du seie det same ein gong til? Mens du ser på meg? Du treng ikkje vere så nær mikrofonen, vi styrer han i passeleg høgd. Ikkje tenk på mikrofonen, du skal berre vere deg sjølv. Halvor Folgerø stryk håret bak øyra og skiftar til fjernsynsstemme før han stiller det same spørsmålet ein gong til. – Ehh, seier Maria. – Berre svar det same som i stad, kviskrar Folgerø, – men du treng ikkje kommentere meg igjen, det må vi klippe vekk uansett. Kan du ikkje heller seie noko om føredraget? 12


– Jamen kva var spørsmålet no igjen? spør ho. No har alle gløymt det. Problemet er at det aldri er nokon reporterar frå Vestlandsrevyen ute klokka tolv på sju ein vanleg måndagsmorgon. Og kva slags sak i Vestlandsrevyen ville få Halvor Folgerø til å spørje Maria, rett nok kjend etter å ha halde eit beint ut sagt nådelaust føredrag, om kva som er det største ønsket hennar? Ja ja, så tidleg som det er, er det lov å førestelle seg både det eine og det andre, det kan vere slik førebels, ho kjem heilt sikkert til å finne ut av det etter kvart som dagen skrir fram. Ho går med musikk i hovudet. Ho ser for seg teamet frå Vestlandsrevyen bak alle hushjørna. Der! Der kjem dei setjande i sakte film, springande som vore det ei ulukke dei skulle nå fram til. – Koooom aaaan, seier Folgerø med forvridd, sakte stemme. Han vinkar på dei andre, som naturleg nok spring saktare med svære kamera på skuldrene. – Der er ho, ho med føredraget! ropar Folgerø og spring frå kamerafolka, han viftar med armane til Maria. – Eg treng kjæ-ærleik, tenker Maria på å svare, ho tenker det om og om igjen og finpussar det ved å prøve å synge heile svaret på melodien til Maria Magdalena. – Eg treng kjærleik. Det er svaret mitt, tenker ho, – og så eit blikk og ein alvorleg pause før ein frigjerande lått og eit vanleg svar.

13


Medan Maria traskar gjennom Marken, tar ho fram discmanen og spolar tilbake til Maria Magdalena. Ho trykkjer på repeat og hold, og legg han tilbake i sekken. Framfor seg registrerer ho så vidt togstasjonen idet det brått slår henne at ho jo gjerne kunne støyte på Halvor Folgerø etter jobb. Då tar ho som regel vegen over Torgallmenningen. Ho går der i sine eigne tankar: – Du treng kjærleik, hm hm hm hm-hm, du treng kjæ-ærleik, og så har ho ikkje fått auge på teamet frå Vestlandsrevyen som står der og intervjuar fem på gata før Halvor Folgerø brått står rett framfor henne og spør om dei kan få stille nokre spørsmål. Men Maria høyrer ikkje, og ho ser ikkje, så ho går rett i han og den blå og lilla allvêrsjakka han har på seg. Oi oi oi! Øyretelefonane dett ut av øyra og blir hengande og dingle ut frå sekken i enden av leidningen. Klikk klikk, der rører dei steinhella. – Å, unnskyld, unnskyld, Maria er heilt frå seg, – dette var ikkje meininga, slo du deg, herr Folgerø? Folgerø er blid og høfleg, og det var ikkje vondt, neei då, og både han og kameradama ler. Då må Maria også le, og dei seier at det var utruleg bra at dei skulle støyte på henne her, no når dei først stod her og intervjua folk til fem på gata, kan dei få lov til å stille henne nokre enkle spørsmål? No nøler Maria. – Æh, seier ho, – eg har vore på jobb, eg er så trøytt, eg er så svolten, og eg ser heilt forferdeleg ut. – Pøh! seier dei to, – du er så fin så. Det passar kjempebra at du er på veg heim frå jobb, det er jo ein heilt ekte situasjon og alt. 14


– Nei, eg ser fæl ut, tenker Maria, – eg bør vel prøve å unngå kamerateam på veg heim frå jobb. Men Halvor Folgerø ser på henne med eit litt spesielt blikk, så ho seier – ja ja og så puttar ho øyretelefonane opp i sekken, så dei blir liggande der og synge – Du treng kjærleik, hm hm hm hm-hm, du treng kjæ-ærleik, i bakgrunnen, og etter at ho har svart på spørsmålet, spør Halvor Folgerø om han kan få telefonnummeret hennar. Men dette blir litt for mykje for Maria, så ho svarer – Nei, det trur eg ikkje, og så skundar ho seg vekk, og det blir ein litt dum slutt på heile opptrinnet. Likevel snur ho seg når ho er borte med bokhandelen Norli, der ho må vente på grøn mann for å komme over gata. Dei ser alvorleg etter henne. Noko er gale! Anten har ho open buksesmekk, eller så har ho hatt eit stemmeleie som ikkje var til å ta feil av: Ho var heilt sprø! Ho var overspent, ho overdreiv den språklege utsmykkinga av kommentaren, stemma var for lys og krakilsk, og … nei, stemma var for spydig og nedlatande, ho kalla nokon for ei padde eller ei gås etter at ho hadde sunge – Eg treng kjærleik, hm hm hm hm hm, eg treng kjæærleik, og dei kjem til å plassere kommentaren hennar sist i innslaget om reinhaldsmedarbeidarane sine kår fordi ho først var så rar og deretter så påståeleg og frekk, og som sistemann i innslaget blir ho ein slags vits. Først når ho ser programmet om kvelden, ser ho at dei filma henne då ho snudde seg mot dei frå Norli, at dei zooma inn på 15


det forvridd engstelege fjeset hennar. Og så er det han fyren frå Stavanger med den spede stemma og dei nålestripete dressjakkene som sit i studio, og han kjem til å humre litt etter innslaget og seie til dømes: – Ja ja, de skasje vere lett. Men kva var det ho sa? Nei, no hugsar ho det ikkje lenger. Det var heilt sikkert heilt ok. Ingenting å øse seg opp over. Som vanleg øste ho seg opp over noko som ikkje var alvorleg. Ho er kommen ned i gangen under buss-stasjonen, og medan ho skrår inn i undergangen for å krysse hovudvegen, må ho nok ein gong slå fast at ho bør unngå å støyte på kamerateam etter jobb, for då er ho så usannsynleg trøytt, og då ser ho ærleg talt heilt forferdeleg ut. Og då blir det ikkje kjekt å komme på Vestlandsrevyen. Då kjem ho til å skamme seg etterpå, fordi ho såg så fæl ut der ho stod og sa den nøye uttenkte replikken som var morosam og god, og som stod perfekt til dagens innhald, men likevel. Ho hadde i alle fall ikkje open buksesmekk, for ho har på seg regnbuksa, og den har strikk i livet, så det måtte vere noko anna som fekk dei til å sjå alvorleg på henne. Sikkert det djupe alvoret bak skjemten, som først no gjekk opp for dei, det inderlege ved det engstelege ansiktsuttrykket. Så han Stavanger-fyren seier ingenting etter innslaget. I staden ser han berre beint ut i lufta, verken mot monitoren i pulten eller mot kameraet. Så ristar han seg liksom laus og held fram sendinga.

16


Maria kjem for seint på jobb, og samanliknar seg med forseintkommaren

Når Maria er framme ved kontoret, er klokka 07:02, og ho må stå ved døra, for alle stolane er sjølvsagt tatt. Sjefen er spydig fordi ho er for sein, og Maria beklagar og seier at ho trur klokka går litt seint. Sjefen seier at ho får ta og rette klokka, og Maria seier at det skal ho gjere. For at sjefen skal sjå det, lèt ho som ho gjer det med ein gong. Ho har sett sjefen sparke ei tilsett som alltid kom for seint. Den dagen stod ho alvorleg bak disken og kviskra med nestsjefen til klokka var ti over sju, og dei som sat der, byrja å bli urolege. Då forseintkommaren kom halsande inn, marsjerte sjefen fram frå bak disken i ein elegant boge, og det gjekk eit engsteleg sukk gjennom flokken av unge reinhaldsvikarar. Sjefen stilte seg opp framfor jenta med hendene i sidene, og augo hennar lynte. Maria var redd, men jenta som var kommen for seint, var det ikkje, ho byrja berre å orsake seg. Å orsake seg, betyr å gjere seg fri or saka: – eg vil ut or denne saka! seier orsakaren, på same måte som den som unnskylder seg, ber om å få rømme unna skulda. Å beklage er betre, for då klagar ein på eiga åtferd og seier seg lei for henne. Så det er rett å seie at Maria beklaga dagens forseintkomming, trass i at ho skulda på klokka, for ho var så underdanig. Jenta som skulle få sparken den gongen, orsaka seg, for ho la seg slett ikkje flat, ho 17


hadde ikkje nokon underdanig tone, nei, ho hadde aldri den nødvendige underdanige tonen, ho såg sjefen rett i auga og snakka fort, orda rausa ut av ho, og tonen var sur og nedlatande. Ho brukte alltid å skulde på bussen, eller på vekkarklokka, og så klaga ho på at ho måtte møte opp så tidleg. Ho stilte spørsmål når ho argumenterte, ho sa til dømes: – Korleis skal eg klare å komme tidsnok når den jævla bussen er ti forbanna minutt for sein? Sjefen gneldra at ho fekk ta ein tidlegare buss, og då sa forseintkommaren gjerne: – Ja, liksom! eller – whatever, med masse luft: – uååthhææhvvvææ. Når ho slapp opp for argument, hadde ho ein tendens til å komme med slike ytringar, slike som antyda at motparten var ein idiot ho berre motvillig retta seg etter. Av og til var inga ytring nødvendig, ho berre himla med auga og slo armane ut til sida. Ho kunne også finne på å kalle motparten stygge ting, og etter at diskusjonen var ferdig, og ho framleis var oppøst, kom ho til nokon andre for å herme etter motparten og kalle vedkommande endå fleire stygge ting. Motparten var som regel sjefen, i alle fall så vidt Maria kjente henne. Ein gong jobba Maria saman med forseintkommaren på psykologisk fakultet, etter at ho hadde krangla med sjefen på kontoret om morgonen. Heile første timen gjekk dei saman og vaska klasserom og auditorium; forseintkommaren tok pultar, tavler og boss, medan Maria moppa 18


golva, og Maria fekk ikkje øyrefred der forseintkommaren gjekk og grynta ukvemsord og argumenterte for sitt syn på følgjande måte: – Sjefen er eit jævla stygt fittetryne, og eg hatar ho så intenst! Eg kunne torturert ho! Eg meiner det! Eg kunne halde munnen hennar open og drite ho ned i svelget! Eg meiner det! Maria sa at ho også meinte dette, men då sjefen kom og bad forseintkommaren gå til ein annan del av bygget for å vaske kontor, medan Maria skulle ta alle gangane og toaletta i den delen dei var i, skifta ho side. Sjefen gjekk ved sida av henne i eit kvarter og snakka om kor utruleg irriterande det var at forseintkommaren alltid kom for seint. – Vi kan jo ikkje ha det slik, sa sjefen, – eg kan jo ikkje drive og ringe og vekke alle dei tilsette klokka seks. – Nei, sa Maria, – det kan du jo ikkje, heldt ho fram, medan ho tenkte at klokka seks uansett var for seint. – Ein gong, sa sjefen, – hadde forseintkommaren austfløya på Sosialhøgskulen, og alt på onsdagen ringte ho og sa at ho hadde forsove seg. Og då var klokka tolv. Ho sa ho ikkje hadde vakna av vekkarklokka, men kven er det som søv til klokka tolv? Maria rista mykjeseiande på hovudet. – Til tolv, du, klukklo ho. – Det kan jo ikkje vere slik at eg ikkje får vite om det når folk ikkje kjem på jobb! heldt sjefen fram. – Austfløya blei ikkje vaska den dagen, og det er alvorleg. Når bosskorgene står fulle, pressar studentane likevel det ferske bosset sitt oppi, så posane sprekk og kaffisølet frå koppane dei aldri drikk opp (her gjorde sjefen ein skrekkinn19


gytande grimase og knytte fingrane i kloliknande positurar), dryp ned i botnen av korga. Det blir ekstraarbeid! – Ja, unødvendig ekstraarbeid, sa Maria, – Det blir ei slik seig, gulbrun guffe i botnen. Det er uappetittleg. Sjefen nikka. Ho stramma leppene og knytte nevane irritert. – Eg blir så forbanna! Kan ho ikkje berre klare å stå opp? Maria lurte på om ho skulle kalle forseintkommaren for eit jævla fittetryne, men det blei ikkje noko av, for ho er så dårleg til å banne. Kvar gong det kjem eit bannord ut av henne, høyrest det dumt ut, for ho tar ein liten pause før ordet, slik at det blir ekstra framheva og såleis høyrest unaturleg ut. I staden sa ho at ho for sin del ikkje syntest det var så vanskeleg å stå opp. Ho sa at ho brukte to vekkarklokker, begge langt unna senga og langt unna kvarandre. – Då må eg jo stå opp for å slå dei av, sa ho, – og då kan eg like godt gå inn på badet og få dusjen unnagjort. Og med dusjen unnagjort er det ingen veg tilbake. Etter å ha sagt dette, ville ho gjerne legge ut meir om morgonrutinane sine, men sjefen avbraut. – Du er flink, sa ho, – du er veldig flink, du. Maria høyrde ein spydig undertone, og sa ikkje meir. Og sjefen heldt fram med å snakke stygt om forseintkommaren. Maria tagde nok litt for innbite, for sjefen slutta å snakke stygt om forseintkommaren og byrja i staden å kommentere det Maria heldt på med. – Du brukar mykje vatn, sa ho. – Synest du det? sa Maria, og såg på golvet. 20


– Ja, sa sjefen, endå dei smale vætespora etter moppen tørka inn framfor auga deira. Det blei litt flautt og stille, og etter ei stund sa sjefen at ho måtte gå, for ho hadde så mykje å gjere den dagen at ho ikkje såg enden på det. Det var møte og det var timelister, og så ringte jo telefonen heile tida. – Du får tørke opp etter deg, avslutta ho med.

21


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.