Forkynnaren ferdig.qxd_A 21.05.15 08:46 Side 1
1
Forkynnaren ferdig.qxd_A 21.05.15 08:46 Side 3
Jan Roar Leikvoll
FORKYNNAREN Roman
Samlaget Oslo 2015
Forkynnaren ferdig.qxd_A 21.05.15 08:46 Side 18
Forkynnaren ferdig.qxd_A 21.05.15 08:46 Side 19
Til Bestefar
Forkynnaren ferdig.qxd_A 21.05.15 08:46 Side 20
Forkynnaren ferdig.qxd_A 21.05.15 08:46 Side 21
Eg ror stille over vatnet, det er skugge. Lufta er kjølig og sval, båten skrir fint, og åretaka er jamne. Nokon kalla, og difor rodde eg utpå. Det dryp frå årene kvar gong dei er over vatnet, liknar regn på dei små bølgjene båten lagar, det er all lyd. Eg ror mot land, men augnar ikkje sandbotn når eg ser ned i vatnet, berre ei mørk djupne som ikkje vil ende, og ingen lysande grunne stig fram. Eg legg årene inn og bøyer meg over ripa, stirer ned i mørkret. Så skin noko bleikt, og auga mine møter auga i det lyse, hårlause hjortehovudet. Eg grip årene og vil ro vekk, men éi fell i vatnet og driv bort frå båten, og eg kjempar med åra eg har att. Nokon kallar igjen på meg, roper at eg må kome meg av stad, om ikkje kjem eg for seint, men båten går i ring, og eg skrik, og eg vaknar, stille. Kven kalla? Kanskje berre ein uroleg draum, slik gamle lett får framfor enden, men kjensla av at eg er kalla, slepper likevel ikkje taket, slepper meg ikkje ut av draumen, endå eg er vaken. Ofte godt å ligge lenge 21
Forkynnaren ferdig.qxd_A 21.05.15 08:46 Side 22
etter ei uroleg natt, kjenne rommet er der, kroppen mot senga, snur eg meg mot glaset, er frukttrea der, snur eg meg mot nattbordet, er biletet av deg, Ylva, der. Eg er vaken, og draumen kverv. Men ikkje denne, Ylva. Den har kome mange gonger etter mitt sjukeleie byrja, og i kvar er eg kalla. Eg ser ut glaset og inn i sollyst tåke, utydelege beingrinder er frukttrea, vinterepla viska ut. Ein stille dag i september. Vengeslaga frå staren, som freistar å smette inn under skiferhellene på skykkja, er alt som bryt. Heller ikkje i dag finn den ei stor nok glipe. Fuglen gir ikkje opp og freistar i løa eller båtskuret, der andre for lengst er ferdige med ruginga. Det er vel feil på fuglen, kanskje er den berre trassig, ein ungfugl skal også lære, men kva veit eg så tidleg ein morgon. Når eg endeleg får auga skikkeleg opp, stengest sola inne, og staren kverv, vegen frå huset forsvinn i gråkvite, underleg at skodda legg seg så tett. Morgonen har vorte den tida eg er mest sliten, men no står eg utan vanskar opp frå mitt sjukeleie, set meg bort på pinnestolen og tar på meg kleda. Strammar bukseselane og ser ut, aldri skaper vatnet så tung damp som dette. Heller ikkje frå vindauget i trappesvingen er det mogleg å sjå langt, frå kjøkkenglaset syner ikkje eingong vatnet seg, berre ein flekk av tidleg blåne viser seg bak skyer i langsamt driv, så blir også den borte. 22
Forkynnaren ferdig.qxd_A 21.05.15 08:46 Side 23
Så raknar det, ikkje i tåka, men i meg. Eg grip stolryggen og trur eg skal falle, få slag eller hjarteinfarkt, eg må legge meg att. Men eg står, og eg står framleis. Bortanfor dette ventar det på meg, hendene så varme ein skulle tru meir sjukdom var komen i hus, men endå eg har vore gammal og sjuk lenge, er eg ikkje lenger svak og ligg heller ikkje lenger i verk. Eg ser ut i tåka og veit eg er venta. Det roper ein stad. Er det du som ventar, Ylva, er det du som kallar? Ved kjøkkenbordet freistar eg å ete, men kroppen vil ikkje. Før sjukeleiet fekk eg nesten aldri nok og forsynte meg fleire gonger, henta meir frå skap og skuff, men no er svolten borte. Ingenting er lenger for meg å avgjere, frå no av rår det større. Alt er større enn meg. Rommet er større, kleda, tuntreet er større, liljene som har venta på hausten, er større. Kjøkkenglaset står ope. Hendene er varme, endå eg heldt rundt eit glas kaldt vatn. Eg ser meg rundt, her har eg budd sidan eg føddest, åra saman med Ylva, men eg veit at her er ingenting meir for meg. Ikkje sitte ved stoveglaset og slumre og lese og tenke, løfte handa om ein kjenning går forbi, ikkje rusle kring i huset eller frukthagen, nei, ingenting meir for meg her. Eg faldar hendene på bordet, dei blir varmare, varmen kjem fram i pusten og slår ut i bringa, kaffikoppen klirrar på asjetten, vatnet skjelv i glaset. Nei, ingenting her. 23
Forkynnaren ferdig.qxd_A 21.05.15 08:46 Side 24
Eg stenger vindauga og går opp på lemmen utan å kvile i trappa, finn den svarte ulldressen i skapet, kvit skjorte og svart vest. Eg tar av meg kvardagskleda og tar på meg dressen, børstar den lett, og tørkar av dei svarte støvlane med ei fille. Stiller meg framfor spegelen, mange år sidan eg hadde ulldressen på, den sit framleis bra. På veg mot trappa ser eg kort inn på soverommet, kjenner det mest ikkje att, verkar så lenge sidan eg låg der sjuk. Ut av huset, eg står på steinhellene, ser på tåka, morelltreet kan så vidt skimtast. Ei grein her og ei grein der, delar av stammen flerra opp av lynet ein augustkveld mange år attende, men treet gir seg ikkje. Slik ein mild morgon. Eg går gjennom tåka, alt er lyst, så blir det mørkt då eg går inn i løa, mørkare enn vanleg, men snart lyser kvite hovud forvitne mellom plankane i båsen, sauene mine kvite og svoltne. Dei kjenner meg først ikkje att i finkleda, trakkar uroleg, kven er den framande som kjem, er det slaktaren, visst er det slaktaren, dei skakar kvarandre opp, dei minste breker skremde, men så breker dei nest eldste, og snart dei eldste, og snart breker alle nøgde. Dei står tett og mest oppå kvarandre, fleire enn dei plar, sauer slaktaren henta for mange år sidan, står mellom dei og breker, også den vesle som fekk halve øyret skore av, og alle breker og vil til handa mi, alle er reine og kvite. Eg 24
Forkynnaren ferdig.qxd_A 21.05.15 08:46 Side 25
opnar stengselet, og dei ser forundra på kvarandre, før dei set i eit felles rykk for å kome seg først gjennom løedøra, hoppar og sprett som om våren, og det blir snart underleg stille, slik etter ei gjesting er omme og ein har følgt venene til grinda og kjem aleine inn att i stova der ein nyss sat. Lys fell inn støvete gluggar, varme og lukt etter sauene, eg lar døra stå open, ute beitar dei roleg og bryr seg ikkje om tåka, nøgde brek då dei ser meg. Graset er kvitt, og di lenger bort dei går, di lenger går dei inn i kvitfargen, sau etter sau blir borte. Borte i tåka, i kvitt støv som har lagt seg i graset, ikkje til å forstå kvar det kjem frå. Men så snart sola bryt, vil alt stille seg attende og bli slik det brukte å vere og alltid skal vere. Grusvegen blir kalla fram etter kvart som eg går, aner så vidt frukttrea attmed, eg ser ikkje klyngetunet før eg er like framfor husa. Dei verkar forlatne, nokon må då vere heime, kvar skulle dei elles vere så tidleg, om dei ikkje tok seksbåten til byen. Den kan vel ikkje gå i denne tåka. Grannane er nok i husa og kjenner seg ikkje trygge, dei drar likevel aldri til byen, ingen ventar på dei der, og kva skulle dei ta seg til på ein dag som denne? Dei sit vel inne og vil ikkje gi seg til kjenne, ikkje kome ut eller kome til vindauga og sjå kven som stig i grusen mellom husa deira, slik dei har for vane. Lenge sidan eg var utomhus, kan ikkje hugse sist, difor 25
Forkynnaren ferdig.qxd_A 21.05.15 08:46 Side 26
er det ikkje meg dei forventar å sjå. Kanskje søv dei enno, det er slik ein tidleg morgon, og eg vassar mest i støv. Frå klyngetunet er det ein sti det siste stykket gjennom graset, noko lettar og flyg over vassflata utan å vise seg, bryt kort stilla. Eg opnar sidedøra i båtskuret og kjem inn i lysglimene fjølene lagar, og der ligg robåten. Ein gong far sin båt, ein annan gong bestefar sin båt, aller først oldefar sin. På stokkar ligg den skrådd mot sida, eg stryk handa langs skroget, lenge sidan eg var hos båten. Eg følgjer ripa gjennom halvmørkret, opnar dørene framme i båtskuret og står framfor vassflata, og godt er det at det er flod, og at eg ikkje må til husa og spørje kven som kan skuve. Vatn og skodde flyt saman til kvit endeløyse, lys og skodde spinn sakte rundt, gir kvarandre fart der den er sterkast, får fram eit svakt sus. Visste eg ikkje betre, ville eg tru fare venta. Robåten glir langsamt ut i vatnet, eg bind tauet i plankebrygga og stenger dørene, står i mørkret og skimtar vatnet blenke ute mellom fjølene, går gjennom skuret og ut att sidedøra, uslått gras langs veggen. Runde steinar attmed brygga, eg huker meg, og så snart hendene kjem ned i vatnet, glitrar dei saman med sandbotnen. Men ser eg mot himmelen, viser ikkje sola 26
Forkynnaren ferdig.qxd_A 21.05.15 08:46 Side 27
seg, likevel kastar hendene tynne, flakkande skuggar på botnen. Eg løyser tauet og stig ned i båten, legg det fram i baugen, set meg på tofta og legg årene i kvar keip. Ror ut frå brygga, snur båten og ror inn i skodda. Straumen drar, og det gjeld å finne ei god lei langs land som viser seg som skugge, og så snart vatnet ligg i breie, vil straumen nesten ikkje merkast meir. Fjøra forsvinn, og berre båten og årene viser seg. Men eg kan min heimstad, det kjende er der i det utviska, eg veit om dei store steinane i fjøra, sprikande tre lenger oppe, eg kan tenke det fram etter kvart som eg ror, rett oppe i lendet går vegen til Vestergrend, og eg ror forbi hus til gamle som aldri viser seg fram meir, aldri stikk sin fot utanfor døra. Eg ror forbi kaien og posten og butikken i Vestergrend, og dei rustne sandskøytene ingen lenger får til å gå, og tener som brygge for nyare skøyter som ligg lenger ute. Alt dette veit eg, endå skodda løyner det. Så, i skoddeklare, er bedehuset øvst i lendet å sjå, bleikt som sola, før det blir borte. Også forsamlingshuset Ylva og eg vanka i, må eg ro bort frå, og dei siste husa som ligg for seg sjølv i utkanten av Vestergrend, like før odden eg rundar, og kjenner vinden riv. Men eg kan denne båten, og eg kan dette vatnet, skroget bryt lett, og eg ror fint fram. Vatnet breier seg stadig ut, og på eit vinddrag roper nokon på meg, må vere 27
Forkynnaren ferdig.qxd_A 21.05.15 08:46 Side 28
kallet frå draumen, natta gjennom ropte nokon at eg må kome før det er for seint. No roper nokon eit namn, ikkje namnet mitt, berre eit ord som blir fleire ord, hei gamle mann. Borte på landskuggen kan eg ikkje sjå nokon, det er vel solgangsvinden som roper, men nei, det roper igjen, og ingen vind kan rope, hei gamle mann. Båten skrir stille då eg løftar årene, ei stemme løynd i tåka roper. Lenge sidan nokon ropte på meg, lenge sidan nokon sa nei, er det Hans som kjem, lenge sidan eg rodde, og bortsett frå deg, Ylva, ropte ingen på meg frå land. Eg dreiar mot ropet og bølgjene bryt hardare, eg løftar igjen årene og lar båten fare til skroget skurar mot sanden, eg snur meg på tofta og ser opp i skodda, høyrer og ser ingen, men eg ventar og får snart auge på ein skugge som svevar mot meg, kjem nærare og blir ei jente. Det må vere feil, eg har rodd til feil stad, men ho vinkar og roper hei gamle mann. Ho kjem ned til båten og no ser eg at det er Klara si dotter, og Marie har vel vore hos sjøfolket i natt, kjem det skøyter utanbygds frå blir det snart sendt bod etter Marie, det er vel der ho har vore, den altfor unge jentungen. Skal du forbi Austergrend? spør ho andpusten etter springinga. Ja, seier eg og held båten i sanden, sjølv på grunna drar straumen, sterkare enn i stad. 28
Forkynnaren ferdig.qxd_A 21.05.15 08:46 Side 29
Kan du ro meg innom dit? Ja, men pass deg for straumen. Ho ler og klyv om bord framme, klyv forbi meg og set seg på bakarste tofte, kjole og grøne sko. Det begynte å blåse slik, seier ho og set det lange håret i hale for vinden lenger ute, den pip og drar på vassflata. Å, så fint eg møtte på ein båt. Eg trudde aldri eg skulle kome meg over. Eg har leita og leita etter nokon som kunne skysse, men kvar og ein er som gått opp i røyk. Ei god stund blir ingenting sagt, berre årene lagar lyd, skroget som skjer vatnet og skvulpinga i faret etter båten. Lenger utpå ser Marie på kleda mine, svarte klede og kvit skjorte, svarte støvlar, og ho smiler. Eg ser på henne også, Ylva, ho sit så fin der du brukte å sitte, og vi såg på kvarandre. Grannane seier alltid så mykje rart om Marie, at ho har vore på kvar stake i grenda og på kvar stake som kjem med sandskøytene, at ho går omkring og viser seg fram, akkurat som mora, fine som dei båe alltid har vore. Slik ting er eller har vore, veit ingen kvifor, slik eg etter lengre tid som sengeliggande står opp og begynner å ro, utan å kjenne trøytte. Eg trudde du berre var ute og rodde, seier Marie, men du er på veg til fest. Neinei, eg festar ikkje lenger. Kvar skal du då? 29
Forkynnaren ferdig.qxd_A 21.05.15 08:46 Side 30
Eg veit ikkje enno. Men du skal til Austergrend? Til Vetlelars? Nei, Gamlelars, seier ho og ser ned. Det lange håret hennar rører seg i vinden, ho er ung og kan framleis finne ein stad og seie her skal eg sette bu. Ho kan byrje på nytt, reise bort eller vere her ho er, var, og alltid har vore, i Vestergrend. Veit du verkeleg ikkje kvar du skal? spør ho. Eg skal ro til havet. Ingen ror vel dit. Er jo lenger enn til byen. Berre få ror sjølv dit. Nokon ventar på meg der. Kven då, gamle mann? Ingen vi kjenner. Men likevel har du tenkt å ro heilt til havet? Om det så skal ta dagen og natta, seier eg. Dag og natt vil eg tru det tar, seier ho. Men klarer du det? Eg har ikkje sett deg utandørs på lang tid, ikkje eingong på butikken der du pla henge med dei andre gamle, smiler ho, smiler eg. Eg seier ingenting om kallet som vekte meg i morges, som fekk meg til å stå opp frå mitt sjukeleie, det frå ukjend stad som drar og drar og ber meg kome, i slik kraft at eg har forlate seng og sau og hus, utan å vite kvar ferda går, eller kva eg skal møte der framme. Alt eg kjenner er at vatnet skal roast til det møter sjøen, 30
Forkynnaren ferdig.qxd_A 21.05.15 08:46 Side 31
og sjøen til siste holme, i glimt syner ein smal våg seg, og meir ser eg ikkje. Men di sterkare eg held fast ved glimta, di varmare blir hendene, og di lenger eg ror, di rettare kjennest vegen. Båten skrir like fint sjølv om Marie er med, båtbyggarane visste korleis båtar måtte byggast for at dei skulle gli like fint lenge etter dei sjølv var borte, korleis båtane ville framleis finnast kring på vatna. Når éin ikkje lenger klarte å ro, stod ein annan klar til å sette seg ved årene, og då den ikkje lenger klarte å meistre båten kom nok ein roar. Andre båtar ligg i skura for veker, andre ei årstid eller to, nokre i mange år og enkelte i mannsaldrar utan at nokon ror dei, til og med utan at nokon ser etter dei, fine båtar ligg og tørkar inn og slår seinare sprekkar, eg har sett folk bere båtar til bål. Denne båten rodde farfar frå han overtok den etter oldefar, og rodde farmor over vatnet til Kolkustad då ho skulle føde, rodde henne og den nyfødde far min attende til grenda, og rodde farmor neste gong ho skulle føde, han rodde henne attende med den nyfødde farbror min i ei lita kiste framme, og farmor sat bak i båten og vatnet gjekk kvitt og grått, båten skar gjennom bølgjene og farfar sa at dei hadde i alle fall far min, og farfar la båten til land og bar kista opp vegen og sette den i løa til gravferda, forvitne sauer kikka på den, og mens farbror minka voks far til og rodde far31
Forkynnaren ferdig.qxd_A 21.05.15 08:46 Side 32
far sin båt støtt og stadig, og då mor kom til grenda rodde far henne over vatnet med kofferten framme, og far la til land og bar den opp til huset og opp trappene og inn på lemmen der ektesenga venta, og medan eg føddest var far ute og rodde att og fram i dimma til jordmor kom ut og vinka, og han møtte henne på sin veg heim og ho på sin veg heim, ho smilte og far tok til å springe mot huset der inne eg låg i mors trygge armar, halv fem den sjuande juni, ein knapp time gammal. Venstreåra arbeider hardare og robåten dreiar mot andre sida, framleis eit stykke att før Austergrend, og endå det er ein omveg, slit det meg ikkje ut. Skuggesida ligg så aleine til, og grenda kan ikkje lenger kallast grend, berre Larsane sine tarvelege hus, Larsar som har kome og Larsar som har gått, og ingen av dei har klart å halde på ei kone eller noko som helst anna, også dyra svalt og lei hos dei. Vetlelars og Gamlelars ror Marie heim når dei er ferdige med henne, når ho har vore hos dei båe og andre som kjem i båt eller gjennom skogen og samlar seg i målingsflassa hus. Marie ser og ser ned i vatnet, så løftar ho andletet mot tåka, den kvervlar meir her og rører seg i vinden, men ikkje nok til å sjå land. Berre sollys kjem og går rundt båten og gjer ferda denne kvardagen vakker, eg veit ikkje kor lenge sidan eg rodde her sist, må vere fleire tiår sidan, likevel ror eg lettare no, på mitt sjukeleie. 32
Forkynnaren ferdig.qxd_A 21.05.15 08:46 Side 33
Eg undrar om Marie er kjær i nokon, og eg spør henne om dette, ho kan vel ikkje vere kjær i Larsane, veit eg, men kven veit når alt møter alt? Klara vart kjær i Kjellen, og Kjellen steig omkring og snakka høgt og vart ein stut, han spente nesten Klara i hel dei åra han levde, likevel stod ho ute på Kolkustad og forsvarte han og stutsparka hans, også dei mot magen der ufødde Marie låg. Om eg er kjær i nokon? Kven då? Vetlelars? Ho smiler til meg, og håret rører seg i vinden, vind fordi eg ror fort, og fordi det blæs stadig sterkare, bryt hardare mot skroget, og lenger ute må bølgjene vere store. Er ikkje Vetlelars ein snill kar? Kan godt vere, seier Marie, men kjær er eg ikkje. Ikkje i han, ikkje i nokon. Også Klara gjekk langs grendavegen og håpte på skyss over vatnet lenger inne, der folket frå Austergrend legg båtane om dei skal kortaste veg til fastlandet, og slik dei alltid ville skysse Klara, vil dei alltid skysse Marie, ho er kanskje vakrare enn mora var, i alle høve slik ho vart etter Kjellen fann henne. Ho ser bort frå meg og ut på vatnet som framleis er på det djupaste, inga grunne skin og blenker, vatnet slår mot skroget som skrår, her treffer ingen snøre botn, langt nede einsemd og mørker, jamvel det blir sagt at djupe botnar blir lyste opp av kjelder, framande for menneska. 33