Friskjonar

Page 1


Friksjonar ferdig.qxd:A

14-10-11

13:48

Side 3

Marta Norheim

FRIKSJONAR Essay fr책 kulturelle grenseomr책de

Samlaget Oslo


Friksjonar ferdig.qxd:A

14-10-11

13:48

Side 4

© 2011 Det Norske Samlaget www.samlaget.no omslag: Stian Hole / Blæst Design førtrykk: Samlaget skrift: Minion og Meta Plus papir: 90 g Munken Premium Cream trykkeri: AIT Otta AS Printed in Norway isbn 978-82-521-7973-6 Forfattaren har fått støtte frå Det faglitterære fond.


Friksjonar ferdig.qxd:A

14-10-11

13:48

Side 5

Innhald Forord / 7 LitterĂŚre reiser i globalt landskap / 11 Suget etter blod / 25 Berre pynt / 38 Ă… skrive seg eit liv / 49 Ulemper ved ĂĽ lese / 96 Uheldige sider ved kvinnedominansen i kulturlivet / 104 Deltakaren som tilskodar / 121 Ei perle er ei perle er ei perle / 138 Ubehaget i naturen / 145 Korleis kan eg vite at ei bok er god? / 167 Om kvalitet / 186 Men kva skal ein med kritikk? / 212


Friksjonar ferdig.qxd:A

14-10-11

13:48

Side 7

Forord Av og til, mot slutten av ein travel dag på jobben, sig det over meg ein etter-deadline-melankoli. Det skjer gjerne når saka eg arbeider med plutseleg har opna seg mot noko heilt anna, når litt rare samanhengar i eit glimt har verka logiske, eller når det vert pinefullt klart at eg berre har skrapa i overflata på noko som har prinsipielle eller historiske sider heilt utanfor rekkjevidd der og då. I desse essaya har eg prøvd ut slike glimtvise innsikter frå den melankolske skuggeverda og gitt dei form i fullt dagslys. Andre idear kom til undervegs. Det meste samlar seg kring spenningsfelt av ulik art: Her finst vampyrane som lever sitt stadig meir menneskeliknande liv i grensesona mellom dag og natt, mellom skogen og byen, mellom menneske og – ja, kva? Korleis skal vi stille oss til friksjonane mellom sakprosaen og fiksjonen, slik dei manifesterer seg i den sjølvbiografiske romanen? Gjev det meining å snakke om ei motsetning mellom kategoriane «folk» og «elite» i norsk samanheng? Friksjonsflatene mellom lokal kunst og globalt publikum er varmare enn nokon gong, og den evige spenninga mellom natur og kultur er stadig produktiv. 7


Friksjonar ferdig.qxd:A

14-10-11

13:48

Side 8

Andre stader undersøkjer eg korleis eit fenomen endrar seg når det vert sett i nye samanhengar, eller rett og slett etter som tida går. Mykje av det som var glitrande litteratur for hundre år sidan, er gløymt i dag. Ei glasperle kan vere simpel, vakker, verdfull eller falsk. Samanhengen bestemmer. Men den bestemmer vel ikkje alt? Kva er så vitsen med å gruble over slikt, kan ein spørje. Svaret er at slike spenningsfelt eller friksjonsflater er av dei mest interessante plassane det går an å tenkje seg. At verdien av eit estetisk objekt kan endre seg radikalt i tid og rom, er like eins fascinerande å reflektere over. Det finst ein eigen dynamikk rundt slike felt. Når samtida er så kompleks, så overveldande og så simultant nærverande i alle kanalar som no, kan dei stadene der kunsten nærmar seg andre ytringsformer og fenomen, inspirere og opne for refleksjonar. Det er mange måtar å tenkje på. Sjølv tenkjer eg best når eg går i dialog med tekstar andre har skrive. Det kan vere ein yrkesskade, etter mange år som litteraturkritikar. Eller, kan hende eg vart litteraturkritikar fordi eg var ute av stand til å tenkje utan at nokon andre hadde tenkt først. Slike høna-eller-egget-resonnement dukkar opp fleire stader i essaya, der eg har vore meir interessert i å formulere spørsmål og problemstillingar enn i å levere sterke meiningar, eintydige konklusjonar og myndige svepeslag over ryggen på samtida, sjølv om også den delen av spekteret finst. «Alt du vet har du lest et sted», skriv Ole Robert Sunde i boka Selvomsorg. Det er å ta hardt i, men inspi8


Friksjonar ferdig.qxd:A

14-10-11

13:48

Side 9

rasjonen frå andres bøker er sentral i alle essaya i denne boka. Og sidan desse bøkene finst, har eg utan hemningar valt samtalepartnarar frå øvste hylle. Eg kan trygt seie at alle medverkande er førsteval. Men dei må finne seg i at det er eg som legg premissane for samtalen, og det vil seie at eg ikkje har nokon ambisjon om å gje dekkjande presentasjonar verken av Susan Sontag eller John Paul Eakin eller andre for lesarane. Om dei siste skulle bli inspirerte til å finne fram bøkene eg har hatt glede av, er det glimrande. Litteratur er ein av dei tinga i livet som ikkje vert mindre når ein deler med andre. Snarare tvert imot. Marta Norheim New York City, 1. juli 2011


Friksjonar ferdig.qxd:A

14-10-11

13:48

Side 11

Litterære reiser i globalt landskap «…jeg skalv ved tanken på hvordan det måtte fortone seg å bli født, vokse opp og forbli her, i uvitenhetens ensomhet, inntil man ble tvunget til å forlate en verden som man hadde sett så lite av; for innbyggernes karakter er like ukultivert, om ikke like malerisk vill, som deres hjemsted.» Mary Wollstonecraft

For ei tid tilbake skulle eg snakke om norsk samtidslitteratur til norskinteresserte i Paris. Då dagen nærma seg, tok ein av arrangørane kontakt via e-post for å høyre kva eg hadde planlagt. Eg fortalde då, som sant var, at eg hadde tenkt å ta utgangspunkt i den sjølvbiografiske romanen, og så arbeide meg vidare derifrå. Arrangørens spontane reaksjon på ideen var at slike romanar var svært vanlege i Frankrike også – hadde vi ikkje noko som var meir eksklusivt norsk? Min spontane reaksjon på responsen igjen var lett oppgjeven irritasjon. Det var like før eg tasta tilbake noko ironisk om at vi har jo den utbreidde thrillervarianten der isbjørnar et fiskarar, men så tok eg meg i det. For det er jo akkurat slik eg sjølv tenkjer når eg les litte11


Friksjonar ferdig.qxd:A

14-10-11

13:48

Side 12

ratur frå andre land: Eg vil at den utanlandske litteraturen skal vere annleis enn den norske. Eg vil at han skal vere typisk for det landet eller den regionen. Og dess mindre eg veit om eit land, dess lettare har eg for å tru at romanane derfrå er sanne. Men her står paradoksa i kø. For dersom ein roman frå Kongo til dømes hadde handla om livet til nokon som hadde det nesten som eg, som hadde familie og gjekk på jobb, så ville eg nok vore skeptisk. Og kanskje litt skuffa. Men dersom ein romanforfattar frå dette afrikanske landet hadde skildra korleis tigrane kom inn i landsbyen om natta og flerra hòl i dei små stråhyttene for å få tak i ferskt menneskekjøt, så ville eg sikkert ha slukt det rått, i alle fall før eg hadde fått tenkt meg om. Sjølv om det finst fleire isbjørnar i Noreg enn tigrar i Kongo. Altså: Endå om Kongo er eit land eg ikkje har stor kunnskap om, så veit eg ganske mykje om kva eg ventar meg av ei bok frå Kongo. Stereotypiane er enkle, men sterke. Og dei verkar alle vegar. Ein gong eg skulle snakke til nokre tyske bokfolk, ville eg sjekke kva for norske bøker som var omsette til tysk. Det var sanneleg overraskande mange, men det som overraska endå meir, var titlane: Ytterpunkt hadde vorte til Das kalte Licht des Nordens. Det stutte livet heiter på tysk In sanften Licht des Nordens. Den som vil finne romanen Stedfortrederen i tysk språkdrakt, må leite etter tittelen Die Insel des Schweigens, mens Det nye vannet heiter Schweigen am See. Altså: Vi som bur langt mot nord, er tause, og vi bur ut mot havet. Det er kaldt her, og lyset 12


Friksjonar ferdig.qxd:A

14-10-11

13:48

Side 13

er svakt. Det er oss, vi ordknappe, og så er det naturkreftene. Etter å ha «avslørt» dei tyske stereotypiane om nordmenn slik dei kom til syne i eit lite knippe boktitlar, nikka ein tysk forleggjar muntert og sa at ja, nettopp slik var det. Dei var nøydde til å spele på stereotypiar for å få selt norsk litteratur. Og det var ikkje typisk for den norske, nei, slik var det med litteratur frå alle små land. Ok. Eg vil ha stereotypiar frå andre land, og dei vil ha det frå oss. Kanskje det er ein heilt grei bytehandel? Eg meiner, viss bøkene er gode? På den store, årlege bokmessa i London var India hovudland i 2009. Å vere hovudland inneber at det er ei mengd seminar, høgtlesingar og diskusjonar om litteratur frå det utvalde landet, i dette tilfellet altså India. Vanlegvis er slike debattar høflege på grensa mot det kjedelege, men eitt av desse seminara enda i noko som likna ein skikkeleg hissig familiekrangel. Bakgrunnen var språk. India har eit tjuetals offisielle språk. Engelsk står, saman med hindi, i ei særstilling, fordi det viste seg uråd å fjerne det gamle kolonispråket då India vart sjølvstendig, slik den opphavlege planen var. I vår tid er engelsk morsmål for stadig fleire indarar, ikkje minst i dei høgare lag av folket. Som indisk forfattar får du mykje på kjøpet dersom du skriv på engelsk: Det er lett å selje bøkene dine i engelskspråklege land, og forleggjarar i alle land på heile kloden kan lese boka di og vurdere om dei skal omsetje henne til sitt eige språk. Annleis om du skriv på hindi, for ikkje å snakke om telugu eller oriya. På bokmessa var spen13


Friksjonar ferdig.qxd:A

14-10-11

13:48

Side 14

ninga påtakeleg mellom dei engelskskrivande på den eine sida og alle dei andre på den andre. Som ein hindiskrivande forfattar sa det: «Det er berre to saker dei engelskskrivande sviktar, og det er den fleire tusen år gamle indiske kulturen, og alle Indias fattige eller mindre privilegerte som ikkje forstår engelsk.» Til dette svarte dei engelskskrivande i munnen på kvarandre at dei hadde engelsk som morsmål, ja, at dei drøymde på engelsk til og med. Som alltid når det handlar om språk, så handlar det om meir enn språk. Etter kvart gjekk debatten over på innpakninga av bøkene, og ein av dei indiskspråklege forfattarane harsellerte over den evinnelege fliken av ein sari som vaia lik eit halvvegs gjennomsiktig slør i vinden på alle engelskspråklege indiske romanar. Bak sløret kunne ein gjerne skimte tradisjonell matlaging, rituell bading i Ganges og kanskje til og med eit lite hint om enkjebrenning. Alt i fargar på skalaen frå jord via terrakotta til safran. Dette er altså den indiske varianten av Das kalte Licht des Nordens. Med ein vesentleg forskjell: Mens det var tyske forlag som eksotiserte norsk litteratur gjennom titlane (og truleg omslaga), driv indiske forfattarar med ei slags sjølveksotisering. I alle fall om ein skal tru den indiske forfattaren som etter kvart gjekk over til å karakterisere innhaldet i dei engelskspråklege romanane: Desse romanane legg konsekvent vekt på slikt som skil India frå Vesten, og stadig dukkar det opp små forklaringar på saker som er innlysande for alle indarar. I klartekst: Dette er bøker som er skrivne om India til glede for eit vestleg publikum 14


Friksjonar ferdig.qxd:A

14-10-11

13:48

Side 15

som elskar det eksotiske, og som set pris på å få stadfesta at stereotypiane stemmer. «Kvifor finst det ikkje ein einaste ingeniør i desse bøkene? Eller i det minste ein PC?» spurde den kvinnelege forfattaren i panelet og hausta ei litt nølande humring frå salen, der eg vil tru det var fleire enn eg som følte seg svært kvite og lettare avslørte: Vi vil at indiske romanar skal dufte av safran og dunste av enkjebål. PC-ar og slikt kan norske forfattarar skrive om. I romanen Elizabeth Costello Åtte leksjoner lèt J.M. Coetzee tittelfiguren filosofere over spørsmål om avsendar og mottakar av litteratur: Om bord i eit svensk cruiseskip på veg mot Antarktis møter den australske Costello den nigerianske forfattaren Emmanuel Egudu som no bur i USA, men som lever av å snakke om afrikansk litteratur til pensjonistar på cruise. I denne flytande verda er det at Costello problematiserer den afrikanske romanen, etter at nigerianaren har trollbunde pensjonistane: ’Den engelske roman,’ sier hun, ’blir først og fremst skrevet av engelskmenn for engelskmenn. Det er det som gjør den til den engelske roman. Den russiske roman blir skrevet av russere for russere. Men den afrikanske roman blir ikke skrevet av afrikanere for afrikanere. Afrikanske forfattere skriver nok kanskje om Afrika, om afrikanske erfaringer, men jeg har inntrykk av at de hele tiden mens de skriver, kikker seg over skulderen på utlendingene som vil lese dem. De har, enten de liker det eller ei, påtatt 15


Friksjonar ferdig.qxd:A

14-10-11

13:48

Side 16

seg rollen som fortolker, og fortolker Afrika for sine lesere. Men hvordan kan man utforske en verden i hele dens dybde hvis man samtidig må forklare den for utenforstående? Det er som en vitenskapsmann som prøver å gi full, skapende oppmerksomhet til sine undersøkelser samtidig som han forklarer en gruppe uvitende studenter hva han gjør. Det er for mye for ett menneske, det lar seg ikke gjøre, ikke på dypeste nivå. Så vidt jeg kan se, er dette roten til problemet. Det å måtte fremføre deres afrikanskhet samtidig som dere skriver.’ (Coetzee s. 53) Costello føreslår at afrikanske forfattarar bør lære av australske kollegaer som på 60-talet greidde å skape sin eigen litteraturmarknad og slutta å skrive for framande. Men så vert diskusjonen avbroten av det russiske balalaikaorkesteret som står for den musikalske underhaldninga om bord. No skal ein ikkje utan vidare bruke romanpersonar som sanningsvitne, men Costellos tale er del av ein artikkel Coetzee publiserte under eige namn i 1999. Dessutan byggjer resonnementet på eit kjent faktum, nemleg at svært mange afrikanske forfattarar bur i Vesten, gjerne i hovudstaden til den tidlegare kolonimakta eller i USA, og skriv bøkene sine på kolonispråka fransk eller engelsk. I 2011 var det Russland sin tur til å vere hovudland på London Book Fair. «Russisk litteratur vert sett på som perifer, og det set vi ikkje særleg pris på,» fortalde ein av dei femti inviterte russiske forfattararane ifølgje Oliver Ready som dekte bokmessa for Times Literary 16


Friksjonar ferdig.qxd:A

14-10-11

13:48

Side 17

Supplement. Ein tidsskriftredaktør raljerte med dei frammøtte som ho meinte berre var på jakt etter noko som likna på Tolstoj eller Dostojevskij, medan ein føredragshaldar karakteriserte Russland som «den siste tilhaldsstaden for orientalisme i vestleg litteratur». Igjen den same kjensla av å bli fanga i stereotypiar: Skriv slik vi meiner russisk litteratur skal vere, eller berre gløym å nå ut over landegrensene. Det er globale tider, og det å bli omsett til andre språk blir eit stadig viktigare suksesskriterium. Ikkje minst i små land og språkområde ser ein tydeleg at internasjonale prisar og godt sal i utlandet gjev forfattaren auka prestisje også heime. Men ikkje kva utland som helst: Godt sal i Slovakia eller Estland gjev ikkje same tyngd som godt sal i Storbritannia. Det aller vanskelegaste – og gjævaste – er å slå gjennom i USA. Der er interessa for utanlandsk litteratur ikkje påtrengjande, ettersom den gjennomsnittlege romanlesar har stor kulturell sjølvtillit og tilsvarande lita interesse for å lese utanlandsk litteratur. Unntak finst, både når det gjeld lesande amerikanarar og utanlandske titlar. Men det å få utanlandske prisar er heilt klart ikkje så viktig for amerikanske forfattarar, forlag og lesarar. Og fleire amerikanske aviskommentatorar har peika på at Nobelprisen blir marginalisert når han vert gjeven til forfattarar som ikkje er omsette til engelsk. USA oppfattar seg som verdas leiande kulturelle stormakt. Og mange gjev amerikanarane rett i det, om enn motstrebande. Om det er kulturelle, økonomiske eller politiske forhold som gjev amerikansk kultur slik tyngd, skal eg ikkje gå inn på her. 17


Friksjonar ferdig.qxd:A

14-10-11

13:48

Side 18

Ein annan skribent i Times Literary Supplement, Tim Parks, tek som eit utgangspunkt at svært mange samtidsforfattarar ønskjer at bøkene deira skal seljast på den globale marknaden. Derfrå filosoferer han over kva for konsekvensar dette har for innhaldet i litteraturen. Han peikar på nett denne forskjellen mellom USA og resten av verda: Der den amerikanske forfattaren Jonathan Franzen har internasjonal suksess med bøker som skildrar amerikansk kvardagsliv ned i detaljen, må forfattarar frå andre land kome opp med noko uvanleg og imponerande for å oppnå det same. Fem hundre sider med franzenske detaljar i ein roman frå Beograd eller Warszawa ville ikkje ha store sjansar. Alternativet til sjølveksotisering for den internasjonalt orienterte forfattar er ifølgje Parks å sky det lokale og skrive universelt, utan lokale referansar. Har han rett? Den svenske forfattaren Harry Martinson skal ein gong ha sagt at all god litteratur er lokal. Dette kan tolkast på mange måtar; eg vil tru han meinte at den litteraturen som skildrar lokale forhold, vil kunne overskride det lokale og tale til lesarar som lever under andre lokale forhold. Men det at lokal litteratur kan overskride det lokale, er ikkje det same som at andre språkområde vil fatte interesse for ei bok eller ein forfattarskap. Det går fint an å vere eit litterært geni med internasjonalt potensial i Ørsta eller Krakow utan at dette vert kjent utanfor dei lokale eller nasjonale grensene. Martinsons tese kan vere av estetisk art og byggje på hans eigne erfaringar som forfattar og lesar. Men tesen går også godt saman med den nasjonalromantiske føre18


Friksjonar ferdig.qxd:A

14-10-11

13:48

Side 19

stellinga om at kunsten er knytt til eit spesielt land eller ein spesiell nasjon, til folket som bur der og språket dei snakkar. Den tyske filosofen og teologen J.G. von Herder har mykje å svare for her, ettersom han etablerte omgrepet «Volksgeist», som vert «folkeånd» om ein omset det direkte. Innanfor Herders univers, der det lokale får ein mytisk, åndeleg dimensjon, vert det å skrive global litteratur eit prosjekt som ikkje kan føre noko bra med seg. Parks hevdar at mange samtidsforfattarar prøver å lausrive seg frå kulturelle og språklege samanhengar for å nå fram til den globale lesarskaren. Sjølv om han skulle ha rett i det, er det like fullt slik at når ei bok skal omsetjast til eit anna språk, er nasjonaliteten til forfattaren ein viktig del av marknadsføringa: Norske eller marokkanske eller filippinske forfattarar kan tenkje på seg sjølve som lausrivne globale kunstnarar i den flytande verda så mykje dei orkar, men i Tyskland og sikkert andre land vil boka deira vere frå Noreg, Marokko, Filippinane. Forlaga i heimlandet og i landet der boka skal kome ut, vil vere samde om dette. Nordmenn skriv norske bøker om nordmenn, marokkanarar skriv marokkanske bøker om marokkanarar. Herders idé lever vidare, i alle fall i marknadsføringa. Sjølv om den sørafrikanske forfattaren J.M. Coetzee for lengst hadde flytta til Australia, skreiv Cappelen forlag likevel «En roman fra Sør-Afrika» på omslaget av den før nemnde romanen Elizabeth Costello Åtte leksjoner. At hovudpersonen var ei australsk kvinne på reisefot som berre var på besøk i Afrika i ein av dei åtte leksjonane, spela tydelegvis mindre rolle. Eit ironisk 19


Friksjonar ferdig.qxd:A

14-10-11

13:48

Side 20

poeng her er at den same Costello reflekterer over den paradoksale kommunikasjonssituasjonen postkoloniale tekstar hamnar i. Costello ville nok ha levert ein av sine skarpe replikkar om ho hadde visst korleis romanen om henne vart marknadsført i eit europeisk land. Dermed ligg konklusjonen snublande nær: Internasjonaliseringa av litteraturen er med på å halde fast stereotypiar om andre land, fordi både forlag og lesarar vil ha dei lett gjenkjennelege stereotypiane. Alternativt: Forfattarar prøver å skrubbe av seg lokale særdrag i språk, historie og referanserammer, for å tilpasse seg eit internasjonalt publikum, og resultatet blir lett å forstå i ulike kulturar, men uinteressant. Valet står altså mellom sjølveksotisering og global tilpassing. For å ta det siste først: Eg kjenner meg ikkje igjen i Parks’ påstand om at forfattarar frå små land skriv bøker tilpassa ein internasjonal marknad, i alle fall ikkje om ein snakkar om den seriøse litteraturen. Dette kan naturlegvis kome av at ein er blind for det som er veldig nært og veldig fjernt, men eg vil likevel antyde at den eventuelle mangelen på historiske referansar og nasjonale, kulturelle kodar rett og slett kan kome av at kulturen allereie er delvis internasjonalisert før forfattaren har skrive eit einaste ord. Park gjer det ikkje enklare for lesaren ved å unnlate å nemne ein einaste tittel. Men dei gongene eg kan hugse å ha hatt kjensle av å ha lese ei bok som er tilpassa «alle», har eg – paradoksalt nok – lese ei bok frå det engelske språkområdet. I alle fall er det ofte slik. Då tenkjer eg på Wikipediaromanar, det vil seie pretensiøse romanar som prøver å 20


Friksjonar ferdig.qxd:A

14-10-11

13:48

Side 21

framstå som universelt djupsindige og kunnskapsrike gjennom å lesse på med informasjon alle kan hente ned frå nettet. Utvalgte emner i katastrofefysikk (2007) av debutanten Marisha Pessl, USA, er eit godt døme på ein slik roman. Eller bøker som Boktyven (2007) av australske Markus Zusak. I denne romanen er det Døden som fortel historia. Problemet er at denne Døden verkar engsteleg for å kome på kollisjonskurs med nokon tenkjeleg religion, trusretning, konfesjon eller livssyn. Dermed er Døden like rik på identitet som ein amøbe. Miranda Glovers Mesterverket (2007) kan nemnast i same slengen. Den britiske debutanten valde den nasjonsoverskridande kunstscenen som åstad for handlinga. Eg tolkar desse engelskspråklege romanane frå tre kontinent som ikkje heilt vellykka forsøk på å nå ein stor lesarskare, heller enn forsøk på å nå over i andre språkområde. Dette forsøket kan igjen handle om at engelskspråklege forlag sjeldan tek seg tid til å dyrke fram ein forfattarskap frå grunnen av; det er vinn eller forsvinn ved første forsøk. Då må du køyre på med alt du har, for å overtyde forlaget om at du er ein bestseljarforfattar. Det er ikkje tilfeldig at to av dei tre forfattarane eg nemner her, er debutantar. Når det gjeld forfattarar som legg vekt på det lokale, er bildet meir samansett. At det eksotiske har eit salspotensial i utlandet, er lett å slå fast. Men etter å ha lytta til dei indiske forfattarane er det ikkje berre å konkludere med at stereotypiane er enkle og sterke og verkar i alle retningar, eller at vi eksotiserer oss sjølve og kvarandre, og at dette er ein grei bytehandel. Her er 21


Friksjonar ferdig.qxd:A

14-10-11

13:48

Side 22

fleire asymmetriar med i spelet: Ein handlar om små og store land, som til dømes Noreg og Tyskland. Ein annan handlar om rike og fattige land, og har ei postkolonial side. Det handlar om kven som har kjøpekrafta og definisjonsmakta. Eg hugsar framleis det oppgjevne blikket til dei indiskspråklege forfattarane på bokmessa i London då dei snakka om Salman Rushdie og Vikram Seth (sistnemnde sat forresten i panelet). Dei indiskspråklege forfattarane hevda at når indiske internasjonalt orienterte forfattarar gjev vestlege lesarar det vestlege lesarar vil ha, er dei med på å halde oppe det eksotiske bildet av India, som den britiske kolonimakta skapte i sine velmaktsdagar. Den indiske litteraturen som var skriven på indiske premissar og på indisk språk for eit indisk publikum nådde aldri ut over landegrensene, fordi lesarar og forleggjarar ønskte seg historiene som i deira blikk skildra det «verkelege» India. Det er ikkje lett å dokumentere at talet på omsette indiske bøker hadde vore høgare dersom den engelskspråklege litteraturen ikkje hadde vore der, men det er lett å slå fast at det ikkje er særleg mange titlar som vert omsette frå indiske språk. Det er heller ikkje lett å seie noko kategorisk om litteratur skriven av afrikanske forfattarar som lever i tvinga eller frivillig eksil i Vesten. Og sjølv om det skulle vere slik at forfattarar har den kjøpesterke og definerande delen av verda i tankane allereie mens boka vert til, slik Coetzees alter ego Costello påstår, så er likevel ikkje alt sagt. Ein god roman spelar alltid på meir enn éin streng. Eit godt 22


Friksjonar ferdig.qxd:A

14-10-11

13:48

Side 23

kunstverk kan vinne over dei grensene forfattaren måtte leve med under arbeidet. Strategiske val fører ikkje automatisk til spekulativ litteratur. «Eksotisk» er heller ikkje eit ord det er lett å avgrense tydinga av. Dessutan: Når dei indiske forfattarane vil ha meir PC-ar og ingeniørar inn i litteraturen, så hamnar dei svært nær kravet om at litteraturen skal gje eit representativt bilde av eit land. At diktinga skal vere «sann» på den dokumentariske måten. Sjølv om dette korresponderer irriterande godt med min eigen tendens til å «tru på» romanar frå land eg har lite kunnskap om, er det eit urimeleg krav. Kva då med eit litterært grep som underleggjering? Eller den soleklare retten til å dikte, overdrive tendensar, gjere verda magisk? Skal det alltid vere slik at alle forfattarar som ikkje er anglo-amerikanske må skrive representative romanar og i tillegg stå fram som representantar for sine eige land, ikkje berre i marknadsføringa men gjennom heile systemet, frå idé og tekst, via forlag til kritikk og lesar? Når Gabriel García Márquez, Colombia, Herta Müller, Romania og Salman Rushdie, India, skriv sine fabelaktige og magiske historier, skriv dei alle om land som har sterke erfaringar med stormakter. Skriv dei seg laus, eller skriv dei seg fast? Eg vil hevde at bøkene deira både overskrid det lokale og dei internasjonale tilhøva det lokale er vove inn i. Men det eg skriv meg rundt her, er min eigen, blinde flekk. Eg ser ikkje det dei indiske forfattarane ser. Eg ser ikkje det den sørafrikanske og samstundes djupt europeiske forfattaren Coetzee lèt den australske 23


Friksjonar ferdig.qxd:A

14-10-11

13:48

Side 24

Elizabeth Costello målbere. Der eg ser overskridingar, ser dei sitt eige bli støypt inn i stereotypiar. Eg er framleis fast i trua på at all skjønnlitteratur fortel noko om opphavslandet eller regionen, uansett om denne er nær eller fjern for lesaren, om enn ikkje i banal, bokstavleg forstand. Og dersom eg har rett i at litteraturen seier noko om samfunnet han er skriven i (eller om) på eitt eller anna nivå, må det vere av stor interesse å få ein større variasjon av stemmer inn i den globale bokhylla. Eg treng hjelp til å justere dei litt for feite kategoriane «typisk» og «sann». Eg ønskjer meg rett og slett bøker som ikkje er skrivne for meg. På same måte som Franzen gjev meg kvardagslege detaljar om livet i USA utan å forklare ein tøddel ekstra til glede for utanlandske lesarar, ønskjer eg meg historier om ein indisk ingeniør som sit på kontor i ein mellomstor indisk by, og som handlar ferdigmat før han tek bussen heim. Eller om det heilt uforståelege som ikkje er eksotisk, men berre merkeleg, og som treng fotnotar for å nå gjennom kulturbarrieren. Men leselysta er skamlaus og grenselaus og ønskjer seg også eksotiseringar, uansett kva for premissar dei er komne til på. Derfor må dei som skal hjelpe meg av med den blinde flekken, vere ganske utspekulerte.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.