Fuck off I love you

Page 1


Fuck off I love you ferdig.qxd:P책 flukt

26-06-12

13:19

Side 1


Fuck off I love you ferdig.qxd:På flukt

26-06-12

13:19

Lars Mæhle

FUCK OFF I LOVE YOU Roman

Samlaget Oslo 2012

Side 3


Fuck off I love you ferdig.qxd:På flukt

26-06-12

13:19

Før alt begynner

Side 5


Fuck off I love you ferdig.qxd:På flukt

26-06-12

13:19

Side 7

Frys biletet. Der har du meg. Lighteren i handa. Tommelen på hjulet. Eg har kjøpt lighteren for ein halv time sidan på bensinstasjonen. Han er kvit, med ei blå stripe som rammar inn logoen til Esso: ein tiger i spranget. Pressar eg tommelen ned, vil hjulet skrape mot den ujamne overflata på flintsteinen under. Det vil bli danna gneistar, som i sin tur vil sprute mot opninga der gassen kjem ut. Ein flamme blir fødd. Alt som skal til, er eit lite trykk med tommelen. Eg minnest det framleis, korleis eg sto der, i skjul av leskuret, med lighteren i handa. Tørt slåttegras låg spreidd ut over åkeren. Vi hadde hatt flaks. Graset var knusktørt. Og i dag skulle Aksjonen setjast i verk, på kort varsel. Grasbrannen var mitt ansvar. Lighteren i handa. Ein liten gneiste. Alt som skal til. I dag kan eg nesten ikkje fatte at eg sto der. Det er meg komplett absurd. I grunnen hadde det meste i livet falle av hengslene det siste halvåret, både på den eine og den andre måten. Heile den tida står for meg som ein lang, rar drøm. 7


Fuck off I love you ferdig.qxd:På flukt

26-06-12

13:19

Side 8

Når eg no ser tilbake på meg sjølv, når eg ser meg stå der i skjul av leskuret med lighteren i handa, er det som om eg skodar på eit framandt menneske. Eg kan ikkje forstå at den personen er den same som eg. Spør du meg om eg var redd? Naturlegvis var eg det. Livredd. Men likevel sto eg der. Du kan gjerne spørje kvifor. Eg har ikkje noko godt svar. Oppdraget mitt var like enkelt som det var vanskeleg: å starte ein gneiste. Å leie flammen mot det tørre graset. Etterpå skulle eg haste over til campingplassen og hjelpe til. Lite visste eg da om konsekvensane. Vi var fem gutar. Ein skulle miste kjærasten. Ein skulle skamslå ein annan. Ein skulle dø.


Fuck off I love you ferdig.qxd:P책 flukt

26-06-12

DEL 1

I Love You

13:19

Side 9


Fuck off I love you ferdig.qxd:På flukt

26-06-12

13:19

Side 11

1 Ein. To. Tre. Fire. Fem. Eg tel dagane. Eg tel timane. Seks. Sju. Åtte. Ni. Ti. Eg tel minutta. Eg tel sekunda. Elleve. Tolv. Tretten. Fjorten. Femten. Snart er ventetida over. Snart er du her. La meg gjere éin ting klart med det same. Eg har fått i oppgåve av psykologen min å fortelje denne historia. Det vil gjere deg godt, Vemund, seier ho. Vidare har ho oppmoda meg om å bruke mine eigne ord, fortelje tinga akkurat slik eg opplevde dei. Så det er det eg vil prøve på. Fortelje så sant og rett fram som muleg. Ein. To. Tre. Fire. Fem. Men det er naturlegvis lettare sagt enn gjort. Det er ikkje berre å knipse og fortelje sannferdig om noko. For uansett korleis du formulerer deg, vil orda og setningane bli farga av den du er, den du har vore. Du vel ein ståstad, anten du vil eller ikkje. Seks. Sju. Åtte. Ni. Ti. Det er ikkje dermed gitt at eg vil klare det, korkje det å fortelje hundre prosent sant eller det å velje rette inngangen til det som hendte. 11


Fuck off I love you ferdig.qxd:På flukt

26-06-12

13:19

Side 12

Da eg spurte psykologen min om kvar eg skulle begynne, sa ho: Kan du ikkje berre begynne med starten? Ho kunne ikkje sagt noko verre. Det er håplaust å forklare akkurat når ein ting begynner. Du kan liksom ikkje peike på eit gitt tidspunkt og seie «der» eller «der» starta det. For å ta eit eksempel: Du kan ikkje seie når skapinga av verda starta, sant? Ikkje akkurat det eksakte tidspunktet. The Big Bang, ja vel. Men kva var årsaka til dette igjen? Det må jo ha vore noko der før den store smellen òg? Noko som forårsaka den igjen? Elleve. Tolv. Tretten. Fjorten. Femten. Same problem gjeld òg for alle historier, ikkje minst mi eiga. Når du i etterkant skal forklare kvifor ein person gjorde det og det, når heile prosessen begynte, så er det umuleg å trekke ut éin faktor som årsaka til alle ting. Likevel er det nettopp det folk gjer. Dei forenklar og finn bastante svar, set andre menneske i bås på brøkdelen av eit sekund. Han er slik og ho er slik og ferdig med det. Er det noko psykologen min har lært meg, er det at alle ting er samansette. Det finst ikkje éi årsak, seier ho, men ein finmaska vev av ulike årsaker. Saka er den: Når eg no sit her og skal begynne på forteljinga, så veit eg ikkje om eg fiksar det. Eg kan ikkje fatte kvar alt starta, når eg blei den eg blei, kvifor eg gjorde som eg gjorde. 12


Fuck off I love you ferdig.qxd:På flukt

26-06-12

13:19

Side 13

Det vonde drep du ikkje med øks, seier psykologen min. Nei vel. Men eg hadde aldri noko ønske om å gjere nokon vondt. Det berre skjedde, utan at eg kan forklare det. Andre har naturlegvis forsøkt å forklare «tilfellet» mitt for meg. Dei seier: Du var sårbar. Du blei villeidd. Du klarte ikkje å tenke sjølv lenger. Greitt nok, det. Men akkurat når begynte det, da? Akkurat når klarte eg ikkje å tenke sjølv lenger? Kva er andre si skyld, og kva er mi eiga? Det er glidande overgangar her. Men det er klart. Noko begynte på den festen i vinter. Noko begynte med Maria.


Fuck off I love you ferdig.qxd:På flukt

26-06-12

13:19

Side 14

2 Det verste var at eg hadde ikkje tenkt meg på den festen eingong. For å vere heilt ærleg hadde eg tenkt å vere heime, sjå på Grand Prix saman med muttra – norsk delfinale i Bodø, av alle ting. Eg skulle kule egget fullstendig og ikkje gå ut i det heile. Hadde jo lova muttra det. Ho meinte at eg var for mykje ute og slengte i helgene, og ikkje nok med det. Ho likte heller ikkje kven eg hengte saman med. Det vil seie: Ho var i grunnen glad i Karl, bestekompisen min. Det var storebror hans, Brian, som var djevelen sjølv. Han vanka nede på treningssenteret med dei bolarane, og dei folka der var ikkje rette på ein flekk, meinte muttra. Dei dreiv og proppa i seg alt som fanst av dop, om muttra hadde forstått det rett. Eg orka ikkje seie henne imot. Eg hadde møtt fleire av bolarane nede på kjellarhybelen til Brian, og sjølv om dei dreiv og briska seg no og da, verka dei i grunnen rimeleg harmlause. Dei hadde i alle fall aldri gjort meg noko. Daniel kjente eg ganske godt òg. Han var i utgangspunktet bestisen til Brian, men etter kvart hang han nesten like mykje med Karl og meg. 14


Fuck off I love you ferdig.qxd:På flukt

26-06-12

13:19

Side 15

Uansett, akkurat idet det begynte å bli passe uuthaldeleg å høre på Grand Prix-ruklet, tikka det inn ein sms frå Karl. Han hadde fått snusen i ein heime-aleine-fest. Sjølvsagt. Han er ein meister i det, Karl. Viss det skjer noko som helst i denne vesle dalen, om det så er bingo på bedehuset eller at to jenter på trinnet vårt skal bortom Grillen ein snartur, så kan du vedde på at Karl får greie på det. Han har antennene ute overalt. Og no hadde Reiersrud-tvillingane heime-aleine-fest, kunne han melde. Satan, altså. Reiersrudane bur langt pokker i vald oppe i dalen, og berre det å vurdere å reise dit var uaktuelt. Eg hadde så visst ikkje tenkt meg på fest, og i alle fall ikkje på den festen. Reiersrud-tvillingane var klin sprø, begge to, ja, berre tanken på kva dei kunne finne på i rusa tilstand, er meir enn ein vil ha dansande inn og ut på netthinna. Det seier eg berre. Eg skreiv tilbake til Karl: «Niks. Uaktuelt. Har lova muttra å vere heime.» Deretter la eg mobilen frå meg på salongbordet. Hadde berre Karl vore ein slik som tok eit nei for eit nei. Men tingen er at Karl nettopp ikkje er slik. Karl tar aldri eit nei for eit nei. Han er ein masekopp av eit sjeldan kaliber. Toppen 15 sekund seinare låg følgjande melding i innboksen: 15


Fuck off I love you ferdig.qxd:På flukt

26-06-12

13:19

Side 16

«Du gjettar aldri kven som er der.» Det gjekk eit rykk gjennom kroppen min. Maria. «Anar ikkje», skreiv eg. 20 sekund seinare: «Kutt ut. Ho berre ventar på at du skal komme. Vi kan få skyss av Daniel.» Eg skreiv: «Anar ikkje kven du snakkar om. Skal vere heime. Og eg sit aldri, eg gjentar ALDRI, på med Daniel.» «Vi kjem innom om eit kvarter. Har fått tak i nokre øl òg.» Eg støytte ut eit høglydt stønn der i sofaen. – Kva er i vegen? spurte muttra. – Det er Karl, svarte eg. – Det er Karl som er i vegen. Han kjem innom. Han og Daniel. – Du skal ikkje ut i kveld, har eg sagt. – Eg veit du har sagt det, sa eg. – Skal Karl og dei ut, da? – Dei skal visst det. Hadde berre muttra vore litt standhaftig. Hadde ho berre vore ei vanleg, streng mor. Da kunne eg ha vifta bort Karl der i døropninga, og eg ville hatt ei god unnskyldning for ikkje å bli med. Men muttra er ikkje så standhaftig. Ho prøver så godt ho kan, men når det kjem til stykket, er ho mjukare enn foreldre flest. Etter den korte samtalen vår blei ho sitjande taus og ruge på noko der i sofaen. Ho veksla mellom å stire mot skjermen og å gløtte over mot meg. Muleg ho tykte det var for ille at ein 16-åring skulle 16


Fuck off I love you ferdig.qxd:På flukt

26-06-12

13:19

Side 17

sjå Grand Prix med mor si ein heilt normal laurdagskveld. Kva veit eg. Men eg skjøna kvar det bar. Særleg da ho reiste seg frå sofaen, gjekk inn på kjøkkenet og gav seg til å stire ut i den glasklare vinterkvelden. – Du må vere heime seinast eitt, sa stemma hennar der innafrå. – Hæ!? Men eg skal da ikkje ut. – Ikkje eitt sekund seinare! tuta ho på. – Hører du dårleg? sa eg. – Eg vil ikkje vere kjip heller, sa ho berre. Eg sukka. Men i same augeblikk strauk skuggen av Maria gjennom hovudet mitt. Og da Karl ringte på like etter, var eg klar.


Fuck off I love you ferdig.qxd:På flukt

26-06-12

13:19

Side 18

3 Hadde berre Daniel vore ein normal sjåfør, så ville eg aldri ha treft Maria på den festen. Da ville Maria ha dratt like før vi kom. Ho var nemleg på hyttetur saman med familien til Camilla på fjellet, og bror til Camilla, Jørgen, hadde gitt dei to jentene skyss ned i dalen. No skulle dei opp att. Dei hadde fått streng beskjed om å vere tilbake til elleve. Men så er det det: Ein stort meir ravgalen sjåfør enn Daniel finst ikkje på denne planeten. Han er eit fartssvin og ein grisekjørar til fingerspissane. Meir enn ein gong måtte Karl be han kjøre saktare. Mens eg sat der likbleik og sveitta i baksetet. I svingen like før gammelbrua fekk bilen faen meg sladd òg, vi vingla over i motsett kjørefelt, og det var berre med nød og neppe at Daniel fekk ratta bilen over på høgresida. – Ro deg ned, da! ropte Karl. – Du tar faen meg livet av oss snart! Men Daniel, tullingen, lo berre. – Dette er da ingenting, skrytte han. – Eg kjørte enda fortare her sist helg. Karl berre murra noko kort til svar. Eg hugsar eg var 18


Fuck off I love you ferdig.qxd:På flukt

26-06-12

13:19

Side 19

svært takksam for at Karl sa frå. Det hadde eg ikkje tort sjølv. Eg sat der berre med hjertet tikkande i halsen. Daniel slo bitte litt av på farten etterpå. Men ikkje nok til at eg gjekk glipp av Maria. For da Daniel svinga opp innkjørselen til Reiersrud-tvillingane, stengte han samtidig vegen for bilen til Jørgen. Jørgen steig ut av førarsetet, strålande glad, og gjekk mot vindauget som Daniel i mellomtida kjapt hadde rulla ned. – Faen, tjena Daniel! gliste han over kanten på vindauget. – Kjøpt deg nytt anlegg, eller? Daniel skrudde berre opp volumet til svar, og musikken – som allereie på vegen opp hadde vore ille nok – begynte å dundre slik at eg trudde eg skulle miste hørsla. Da han skrudde volumet ned, dunka det framleis. Denne gongen inni meg. Og eg skjøna kvifor. For der kom Maria og Camilla mot oss. Karl bykste straks ut av bilen. – Hallo! stråla han. – De er vel ikkje på veg heim? – Joo, sa Camilla. – Har lova mor og far det. – Æsj! føyste Karl henne av. – Send dei ein sms. Sei at det kom nokre utruleg kule gutar til festen. Camilla og Maria knisa og såg på kvarandre. Eg sat heilt lamslått i baksetet. Alt eg såg, var Maria. Ho hadde på seg ei kvit boblejakke, med hette i semska skinn. Det mørke, lange håret krølla seg fint nedover alt det kvite. Ho var ein engel. 19


Fuck off I love you ferdig.qxd:På flukt

26-06-12

13:19

Side 20

Sakte opna eg døra. Føtene mine skalv idet dei rørte bakken. Samtidig merka eg at Karl dreiv og smurte dei der framme. Men han sleit. Camilla og Maria er skikkelege jenter, begge to. Dei er flinke på skolen, og ikkje minst er dei til å stole på. Så når Camilla hadde lova foreldra noko, kunne du banne på at ho heldt ord. Akkurat idet Karl var i ferd med å gi opp, kom Jørgen han til unnsetning. – Fader, vi blir litt lenger, sa han. – Eg vil snakke med Daniel. Camilla og Maria såg på kvarandre. Og i eit glimt syntest eg at eg fanga opp noko: Smilte Maria? – OK, men da får du sende sms til mamma, sa Camilla. – Ja da, jøss, sa Jørgen og fikla fram mobilen. Og så gjekk vi inn.


Fuck off I love you ferdig.qxd:På flukt

26-06-12

13:19

Side 21

4 Hadde berre ikkje Karl klart å skaffe så mange øl. Hadde berre ikkje Brian vore så totalt utan skruplar – og kjøpt ei kasse øl til veslebror sin, så ville det som hendte etterpå, aldri ha skjedd. Eg kan sjå det tydeleg for meg, sjølv no, så lenge etter. Scena blir spela av på netthinna nesten som i ein film. Og denne filmen har gått på repeat inni meg sidan den gongen, Karl som plantar den eine flaska etter den andre i handa mi. Saka er den: Ein kan ikkje sitje og stire inn i tapetet på fest. Ein gong iblant må du gjere noko, og da verkar det å føre ei ølflaske mot leppene i ny og ne som ei ganske god løysing. Eller det syntest eg i alle fall der og da. Sjølv om eg eigentleg ikkje kan fordra smaken av øl. – Det er meir der det kjem frå! lo Karl. – Tvilar ikkje, sa eg. Eg kikka meg rundt. Alle dei dansande kroppane ute på golvet, dei rørte seg til ei ABBA-låt eller noko, stemninga var skikkeleg vill, enda klokka var knapt ti. Reiersrud-tvillingane sette i skingrande hyl med jamne mellomrom, dei var kanon dritings begge to, og Karl rista på hovudet og lo, minnest eg. Og Camilla og Maria sat på andre sida av bordet overfor oss, Jørgen og Daniel var ute 21


Fuck off I love you ferdig.qxd:På flukt

26-06-12

13:19

Side 22

på kjøkkenet, og eg førte ølflaska mot leppene, gyste over smaken, kjente kolsyra bruse nedover halsen, vurderte no og da om eg skulle våge å vippe auga opp og kaste eit blikk i retning av Maria, og idet eg endeleg torde nettopp det, så såg ho faktisk på meg, ho òg. Det gjekk ein støyt gjennom kroppen min – så sterkt at eg nesten sølte øl ut over heile sofaen. Både Camilla og Maria kikka over mot Karl og meg, mens eg skunda meg å ta resten av ølen på styrten og sette tomflaska på salongbordet. Karl var raskt framme med ei ny. – Eg skal ikkje ha meir, sa eg. Karl lo berre. – Klart du skal! ropte han inn i øret mitt. – Hør no. Om fem minutt går eg på do. Når eg kjem tilbake, set eg meg ved sida av Camilla. Da blir Maria nøydd til å sitje … – Nei! braut eg han av. – Aldri! – Kom an, pyse! I kveld skal det bli noko på oss. Desse lange sekunda mens Karl var borte. Herregud. Alt ved desse sekunda var grufullt. Den tomme plassen ved sida av meg i sofaen var grufull. Blikka som Camilla og Maria veksla seg imellom, var grufulle. Dei skingrande hyla frå dansegolvet var grufulle. I neste sekund såg eg Karl åle seg ned i sofaen på andre sida av salongbordet. Han blunka overdrive tydeleg til meg, mens Maria liksom blei skvisa ut mot armlenet på andre sida. Karl kviskra noko i øret til Camilla. Camilla kviskra vidare i øret til Maria. 22


Fuck off I love you ferdig.qxd:På flukt

26-06-12

13:19

Side 23

Maria blei stum. Enda ho ikkje hadde sagt noko på fleire minutt. Men det ho blei fortalt, gjorde henne forlegen. Det kunne eg sjå heilt frå min plass, sjølv med blikket vendt mot golvet. Det neste som skjedde, var at Maria reiste seg. Og desse stega ho gjekk da, måtte vere så uendeleg vanskelege for henne. Det veit eg godt. Eg såg og såg ned i golvet, samtidig som Maria tok desse vanskelege stega, og Maria gjekk og gjekk, heilt til ho sette seg i sofaen. Ved sida av meg. Eg drakk ølflaska på styrten. Så sat vi der. Sa ingenting. På andre sida av bordet sette Camilla i ein latter. Karl er eit komisk talent av dei sjeldne. Og humor liker dei, jentene. Karl hadde hatt fleire kjærastar allereie før dette òg, og no var han godt i gang med å sikre seg ei av dei flottaste. Men den aller finaste sat rett ved sida av meg. Det var nesten ikkje til å tru. Eg var så nervøs at eg nesten ikkje klarte å svelgje. Hendene mine låg berre i fanget og dirra lett. Eg klarte ingenting. Det å sitje så nær Maria var rett og slett uuthaldeleg. Eg reiste meg og sa at eg måtte på do.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.