GodtAaGi_001_088ny

Page 1

Usterud Dreyer Hensley Wang

Go d t gi å bo rt





Godt 책 gi bort



Godt å gi bort Usterud • Dreyer • Hensley • Wang

Det Norske Samlaget


Innhald Vinter 10 13 14 17 19 20 23 24 25 27 28 31 32 34 35

Dansk rugbrød Sylta ingefær med sitrongras Syltetøy av tørka aprikosar Energikick (nøtteblanding) Raw food-digg Müsliruter med sjokolade Chocolate chip cookies Nistemuffins Muffins med kokos og sjokolade Pannacotta Bønnemiks og bakte bønner Raske kvardagsknekkebrød Marinert fetaost med mynte og sitron Marinert Jarlsberg Ekte currypasta

Vår 39 40 43 44 46 49 50 52 55 56 59 60 63

Asparges med saus og ost Artisjokkar i olje Kremost og kaviar Minisandwichar Fruktkake med kokos Hummus Eske med salat eller urtar Lemon curd Brownies Focaccia med kjøttbollar Fransk loff Snurrar i form Rabarbrasyltetøy

Sommar 66 Marengs 69 Cocktailmiks til damer Jordbær-daiquiri Frozen margaritas 70 Hylleblomstersaft 72 Muffins 75 Rullekake 76 Gulrotkake 77 Ajvar 79 Olivenbrød 79 Aioli 80 Sommarsildesalat med mykje godt 83 Grissini 84 Jims barbecuesaus 87 Tzatziki 88 Aspargespai 91 Mangosmør 92 Sursøt limepickles 94 Omnstørka tomatar i olje 95 Bær i rom 97 Auberginemos 98 Chutney Pære- og ingefærchutney Aprikoschutney 101 Salat med spirer og korn 102 Smørbrødkake 105 7-lags salat 106 Sylteagurk 107 Sylta raudbetar


Haust

Jul

110 Teblandinger 113 Dekorerte brød 114 Frukostblandinger Müsli Granola 117 Frøkaker 118 Energimuffins 121 Sitronkake 122 Honningkake 125 Sarah Bernhardt 126 Risottoblanding 129 Heimelaga sjokoladepålegg og peanøttsmør 130 Solbærsaft 133 Cocktailmiks til herrar Bloody Mary Rob Roy 134 Krutongar 137 Havrekjeks 138 Fikensalat 141 Smør Kryddersmør Urte- og kvitløkssmør 142 Lammegryte 142 Krydder til lam 145 Pai med sopp og spinat

148 Gåver på 1-2-3 Sjokolade på pinne Kakaoblanding Vaniljesukker 151 Nøtter i honning 152 Eple med kanelstong 155 Konfekt Marsipan- og nougatsnittar Valnøttstjerner 156 Sjokoladetrøflar Mandel- og marsipankuler Sjokolade med nøtter eller frukt Karamellar 160 Konfekt av frukt og nøtter 161 Panforte 162 Biscotti 165 Peparkaker 166 Småkaker 168 Tørka appelsin med sjokolade 169 Fruktkake 170 Leverpostei 171 Rakfisk 173 Sild

174 Register 176 Takk



Gi bort litt glede! Livet er fullt av anledningar til å gi bort noko godt. Mat er stemningsskapande og alltid viktig når folk skal samlast. Dei aller fleste blir glade av ei godsak i vakker innpakning. Det skal ikkje mykje til: eit pent band, ein handskriven merkelapp, noko godt garnityr, litt ekstra pynt. Det treng ikkje vere kostbar og tidkrevjande gourmetmat når det ligg ein god tanke bak. Mange sukkar over at dei har altfor mange ting som fyller opp heimen. Kva er då betre enn ei gåve som både gir glede, og som ikkje tar plass i det heile tatt ettersom den blir eten opp? Andre sukkar over det same evinnelige kjedelige bakverket på loppemarknaden kvart år. Overrask dei med noko nytt – noko dei ikkje har smakt før. Gi bort ein middag til den travle, ei kake til kakemonsen som aldri har tid til å bake sjølv; ei korg med ost, kjeks og vin til slitne småbarnsforeldre som aldri kjem seg på fest, så kan dei ha ein liten fest heime hos seg sjølve. Vi som har laga denne boka synest at velsmakande gåver er noko av det beste ein kan gi. Vi har samla mange slags retter, her er det litt for alle og til alle anledningar. Og dei fleste er lågterskelprosjekt. Kjøp gjerne noko ferdig og pakk det pent inn. Å gjere noko ekstra ut av det vesle og enkle gir stor glede. I desse tider då dei fleste har ein tendens til å fylle opp livet sitt med litt for mange aktivitetar, er det ofte kos og hygge som må vike plassen. Ei matgåve er med på å hjelpe oss til å finne igjen det hyggelige samværet, både på grunn av omtanken som blir vist , og fordi mat alltid smaker best i godt selskap. Gjer det enkelt eller meir omstendelig, bruk mykje eller lite tid: Mat ein gir bort, er alltid ein suksess!

Godt å gi bort

7



Vinter Nyttårsaftan innleier det nye året og som regel også vinteren for alvor. Vinteren er mørketid og snøtid, i eit flott paradoks: Vi sukkar i mørkret om kvelden, legg oss tidlig og er ikkje heilt veltilpassa – for så å vakne opp til strålande sol, glitter i snøen og på isen. Pakkar oss inn til skiog skeisetur, ti minus er brått heilt greitt. Vi tar med oss mat til nyttårslag, og på hyttetur i vinterferien.Vi treng trøystemat, god turmat og mat som gir oss energi. Og nokon treng sunn mat, etter å høgtidelig ha lova å starte eit nytt og betre liv den første dagen i det nye året. Det beste er å gi til kvarandre og ha det fint i mørketida, saman. For saman er ein mindre aleine.


Dansk rugbrød Skikkelig brød, kompakt og haldbart, med masse fiber og smak! Ikkje så lett å få tak i slikt brød i butikkar og bakeri, så dette blir folk takknemlige for. Er du i det energiske hjørnet, slår du kanskje til med heimelaga leverpostei eller sild også?

Til 2–3 brød i former på 1,5 til 2 liter 1 liter kokande vatn 700 g heile rugkorn 350 g solsikkekjernar 250 g linfrø Legg korn og frø i blaut i kokande vatn. Avkjøl til romtemperatur, gjerne natta over.

5 dl lunka vatn 270 g kveitemjøl 400 g grov sammalt rug 1 ss salt 60 g maltekstrakt 40 g gjær saft av 1 sitron

Bland alt og elt godt til ein klissete deig, gjerne i kjøkkenmaskin. Ha i blandinga av korn og frø og elt alt saman til ein jamn og smidig deig. La deigen stå i ca. 45 minutt, til den er i gang med å heve. Smør brødformene og fyll dei med deig, så det er 3–4 cm opp til kanten på forma. Hev i 20–30 minutt. Steik brøda ved 180 °C nedst i omnen i ca. 1 time til dei er pent brune og gjennomsteikte. La brøda ligge i formene nokre minutt før du tar dei ut og avkjøler dei på rist. Smaker best når dei er kalde, så vent gjerne til neste dag med å ete dei, om du klarer ...

Notat:

10

Godt å gi bort vinter




Sylta ingefær med sitrongras Eit fantastisk tilbehør til både salt og søtt!

250 g frisk ingefær ca. 7 dl sukker ¾ dl vatn 2 ss finhakka sitrongras Skrell ingefæren og skjer den i bitar i den storleiken du synest er best. Kok bitane mjuke i vatn, ca. 30–40 minutt. Kok opp sukker og vatn. Ha i dei kokte ingefærbitane og la dei trekke i sukkerlaken på svak varme (så vidt ved kokepunktet) i ca. 30 minutt. Ha i sitrongras og la det trekke nokre minutt til. Ha ingefær og lake i reine varme glas (du kan varme dei i steikeomnen ved 100 °C) og sett lokket tett på med ein gong.

Notat:

vinter Godt å gi bort

13


Syltetøy av tørka aprikosar Så enkelt, og så utrulig godt! Og så er det veldig hyggelig å kunne sylte noko midtvinters.

500 g tørka aprikosar vatn 200–250 g sukker pr. halvkilo fruktmasse skal og saft av 1 stor sitron 100 g nøtter, for eksempel pistasienøtter, utan skal Legg aprikosane i blaut natta over. Kok dei mjuke i blautleggingsvatnet, ca. 15 minutt. Hell av vatnet og kjør frukta til mos i miksar eller food processor. Veg massen. Bland fruktmasse, sukker, sitronskal og saft i ei gryte. Bruk gjerne teflongryte, massen svir seg lett. La syltetøyet småkoke så vidt på svært svak varme i 5–10 minutt. Bland i hakka nøtter. Ha syltetøyet i varme glas (du kan varme dei i steikeomnen ved 100 °C) og skru lokket på med ein gong.

Notat:

14

Godt å gi bort vinter


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.