31911 Heil hekla s1-58_Layout 1 28.02.11 10.57 Side 3
HEILT HEKLA av Erica Laurell
Det Norske Samlaget
31911 Heil hekla s1-58_Layout 1 28.02.11 10.57 Side 5
INNHALD F O RO R D KJØKEN
Rutete gryteklut Prikkete gryteklut Grillvott med blome Grillvott med sikksakkmønster Stipete brikke Gryteklut med blome Rutete forkle Tevarmar med blome Prikkete tevarmar Gryteunderlag Skål Rutete brikke Stripete eggevarmar Rutete handkle VINTER
Damealpelue med dusk Damegenser Skjerf med holmønster Stripete alpelue Stripete skjerf Damevottar Herregenser Herrehatt Herreskjerf Jentekåpe Barneskjerf Barnelue Barnevottar B A R N E RO M
Appelsin Eple Pære Prinsessekake Lussekatt Skillingsbolle Barnegrillvott Liten puff Bil Vest Kosedyr Bamse-handdokke Stripete kjole med blome Kjole med sommarfugl Liten stripete ball Dokkelue Dokkegenser Dokkebukse
7 8 12 12 13 14 16 19 19 20 21 21 22 24 25 27 28 34 34 36 36 37 38 38 41 42 45 46 47 49 50 56 56 57 59 60 60 61 63 64 66 67 68 70 73 74 75 75 76
Dokkekjole Hårspenne
78 79
S TOV E
80 84 86 86 87 89 90 91 93 94 95 97 98 99
Puff Flosspute Rutete teppe Prikkete pute Tevarmar Lampeskjerm Tallerkendempar Stripete slips Lysestakar Stripete pute Rund blondeduk Mønstrete kjole Hårspenne STRAND
Solhatt med blome Stripete bikini Badedrakt Stripete solhatt Stripete veske Solhatt med bladmønster Leiketeppe med bilar Stripete barnehatt Solkjole Handlenett Stripete babybadedrakt
100 106 109 111 112 113 114 117 117 119 121 123
Undertøysett med blome Lenkehalsband Hårpynt Kjole med krage Blondearmband Krage med blome Konvoluttveske med rose Blondekrage Øyrepynt med pikékant Hårband med blome Rund øyrepynt Blondehanskar Perlehalsband Tofarga rose
124 130 132 133 135 137 138 140 143 143 145 146 147 148 148
TEKNIKKAR OG TIPS RU T E M Ø N S T E R REGISTER
150 155 157
GLAMOUR
31911 Heil hekla s1-58_Layout 1 28.02.11 10.57 Side 6
31911 Heil hekla s1-58_Layout 1 28.02.11 10.57 Side 7
Mamma lærte meg å hekle då eg var fem år, og etter det har eg alltid hekla. I byrjinga vart det klede til My Little Pony, barbiedokker og ulike gåver – fyrst og fremst til familien. Seinare byrja eg å hekle klede til meg sjølv, og etter at eg utdanna meg til designer, til og med klede og accessoirar til andre. I dag har eg mitt eige klesmerke med hekla og strikka klede og tilbehør. HEILT HEKLA er delt inn i seks kapittel. Kvar kapittel er bygd opp som ein liten kolleksjon rundt ulike inspirasjonsskjelder. Alle er gjennomsyra av sterke fargar og mønster. Eg har valt fargar som eg synest passar godt saman, men det er meininga at ein lett skal kunne skifte til dei fargane ein likar, og som passar deg og din heim. Berre pass på å ha like mange fargar, slik at mønsteret går opp. Oppskriftene i boka er ikkje så avanserte, sjølv om nokre tek litt tid å lage. Det er lettast å byrje med noko rett, t.d. eit skjerf eller ei pute, og så halde fram med andre oppskrifter. Eg vil at ein skal verte glad av det eg har laga, og at det ikkje skal vere tidstypisk, men klede og accessoirar som ein kan bruke ei stund. Dette er ikkje ei instruksjonsbok i korleis ein heklar, men alle dei teknikkane eg har brukt, er forklarte i boka, slik at også dei som ikkje har hekla før, kan gje seg i kast med alle prosjekt. Eg har alltid elska å hekle og håper at denne boka skal få fleire til å prøve og sjå at hekling kan vere noko anna enn dukar og blonder. Eg vil vise at ein kan hekle kva som helst. Kanskje er eg heilt opphengd i tanken, men det vert jo fint! Og det viktigaste er å ha det kjekt!. Erica Laurell
7
31911 Heil hekla s1-58_Layout 1 28.02.11 10.57 Side 8
Kjøken inspirerte av Eero Saarinen og Marimekko er fantastiske! Eg vil lage ting til kjøkenet som er retroaktige, men ikkje heilt likt det som vart hekla på 1960og 1970-talet. Det nyttigaste på kjøkenet er hekla gryteklutar, grillvottar og tevarmarar. Difor er her mange ulike sett som kan passe i mange heimar. Det er morosamt å endre eit rom med små detaljar som gryteunderlag, gryteklutar og handkle. Det er mange måtar å lage gryteklutane på. Ein kan hekle doble og enkle variantar eller ein versjon der ein heklar fram og tilbake i dobbelhekling. Det er også lett å variere mønster, t.d. bruke det prikkete mønsteret frå grytekluten på grillvotten og omvendt. På den måten kan ein få meir variasjon og gjere det meir personleg.
8
31911 Heil hekla s1-58_Layout 1 28.02.11 10.57 Side 9
Rutete forkle side 19
31911 Heil hekla s1-58_Layout 1 28.02.11 10.57 Side 10
31911 Heil hekla s1-58_Layout 1 28.02.11 10.57 Side 11
31911 Heil hekla s1-58_Layout 1 28.02.11 10.57 Side 12
1
2
RUTETE GRYTEKLUT
PRIKKETE GRYTEKLUT
G A R N : Cotton Lux, 100 % bomull G A R N M E N G D : 2 brune og 2 kvite nøste à 50 g S TO R L E I K : 23 x 23 cm H E K L E N Å L : Nr. 4 VA N S K E G R A D : Lett H E K L E FA S T H E I T: 5 x 5 cm = 12 rader og 10 fm
G A R N : Cotton Lux, 100 % bomull G A R N M E N G D : 2 raude og 2 kvite nøste à 50 g S TO R L E I K : 23 x 23 cm H E K L E N Å L : Nr. 4 VA N S K E G R A D : Lett H E K L E FA S T H E I T: 5 x 5 cm = 12 rader og 10 fm
Denne grytekluten vert hekla fram og tilbake med fastmasker i dobbelhekling. Då vert den lik på begge sider, og dei lause trådane hamnar mellom begge rettsidene.
Denne grytekluten er sett saman av to like firkantar som er hekla saman. Då vert den tjukkare, og ein kan ikkje sjå trådane på baksida av mønsteret.
Legg opp 41 lm med brunt garn. 1. rad: Start i 2. lm og hekl 7 fm gjennom fremre maskeboge, *byt til kvitt: 8 fm, brun: 8 fm, gjenta frå *. Hald fram med å hekle på same måten på den andre sida, men gjennom den bakarste maskebogen. Hald fram med å hekle rundt på begge sider og pass på at det garnet du ikkje brukar, kjem mellom arbeidet. Start kvar rad med 1 lm, og avslutt kvar rad med 1 kj. 2.–9. rad: Brun: 7 fm, *kvit: 8 fm, brun: 8 fm, gjenta frå *. 10.–18. rad: Kvit: 7 fm, *brun: 8 fm, kvit: 8 fm, gjenta frå *. 19.–27. rad: Brun: 7 fm, *kvit: 8 fm, brun: 8 fm, gjenta frå *. 28.–36. rad: Kvit: 7 fm, *brun: 8 fm, kvit: 8 fm, gjenta frå *. 37.–45. rad: Brun: 7 fm, *kvit: 8 fm, brun: 8 fm, gjenta frå *. Fest garnet. Hekl 2 rader fastmasker med brunt garn kring heile grytekluten. Fest garnet.
Legg opp 41 lm med raudt garn. 1. rad: Start i 2. lm og hekl fastmasker. Snu kvar rad med 1 lm. 2. rad: Hekl fastmasker. 3.–42. rad: Hekl fastmasker etter rutemønsteret på side 155, kvar rute er 1 maske. 43.–45. rad: Skift til raudt. Hekl fastmasker. Fest garnet.
12 H E M PE
Hekl hempe med kvitt garn gjennom ei maske i hjørnet øvst til venstre. Hekl 20 lm, fest med 1 kj i same maske. Fest garnet.
Hekl ein firkant til. Legg delane med vrangsidene mot kvarandre, og hekl rundt med kvitt garn. Fest garnet. H E M PE
Hekl hempe med kvitt garn gjennom ei maske i hjørnet øvst til venstre. Hekl 20 lm, fest med 1 kj i same maske. Fest garnet.
31911 Heil hekla s1-58_Layout 1 28.02.11 10.57 Side 13
3 GRILLVOTT MED BLOME G A R N : Tekla, 100 % økologisk bomull G A R N M E N G D : 4 raude og 2 kvite nøste à 50 g S TO R L E I K : 14 x 38 cm H E K L E N Å L : Nr. 5 VA N S K E G R A D : Middels H E K L E FA S T H E I T: 5 x 5 cm = 7 rader og 7 fm A N N A M AT E R I A L E : Bomullsstoff til innervott Ein lèt trådane følgje med bak arbeidet medan ein heklar denne grillvotten. Difor vert det både pent og praktisk om ein syr ein innervott i stoff. Alternativet er å hekle fast trådane heile tida, dvs. å hekle rundt dei trådane ein ikkje brukar, men då vert arbeidet meir spraglete.
Legg opp 3 lm med 3 trådar raudt garn, lag ein ring med 1 kj. Start kvar omg med 1 lm, og avslutt kvar omg med 1 kj. 1. omg: Hekl 6 fm gjennom ringen. 2. omg: Hekl 2 fm i kvar maske. 3. omg: Hekl fastmasker. 4. omg: *1 fm, 2 fm i neste maske, gjenta frå *. 5. omg: Hekl fastmasker. 6. omg: *2 fm, 2 fm i neste maske, gjenta frå *. 7.–8. omg: Hekl fastmasker. 9. omg: *3 fm, 2 fm i neste maske, gjenta frå *. 10. omg: Hekl fastmasker. 11. omg: *4 fm, 2 fm i neste maske, gjenta frå *. 12.–13. omg: Hekl fastmasker etter rutemønsteret på side 155. 14. omg: 25 fm, 10 lm, hopp over 10 m til tommelhol, 1 fm. 15. omg: Hekl fastmasker og 10 fm gjennom luftmaskebogen. 16.–55. omg: Hekl fastmasker.
13
31911 Heil hekla s1-58_Layout 1 28.02.11 10.57 Side 14
56.–58. omg: Avslutt rutemønsteret. Skift til raudt og hekl fastmasker. Fest garnet. TO M M E L
1.–11. omg: Hekl 22 fm rundt tommelholet med raudt garn. 12. omg resten av tommelen: Fell ved å hekle 2 fm saman (sjå side 152) til holet er så lite at det går an å dra saman. Fest garnet. H E M PE
Legg opp 33 lm. Start i 2. lm og hekl fastmasker. Fest garnet og sy fast hempa på den eine sida av votten.
5. omg: Hekl fastmasker. 6. omg: *2 fm, 2 fm i neste maske, gjenta frå *. 7.–8. omg: Hekl fastmasker. 9. omg: *3 fm, 2 fm i neste maske, gjenta frå *. 10. omg: Hekl fastmasker. 11. omg: *4 fm, 2 fm i neste maske, gjenta frå *. 12.–13. omg: Hekl fastmasker etter rutemønsteret på side 155. 14. omg: 25 fm, 10 lm, hopp over 10 m til tommelhol, 1 fm. 15. omg: Hekl fastmasker og 10 fm i brunt gjennom luftmaskebogen. 16.–51. omg: Hekl fastmasker. 52.–58. omg: Skift til brunt og hekl fastmasker. Fest garnet. TO M M E L
4 GRILLVOTT MED SIKKSAKKMØNSTER
1.–11. omg: Hekl 22 fm rundt tommelholet med brunt garn. Start kvar omg med 1 lm, og avslutt kvar omg med 1 kj. 12. omg resten av tommelen: Fell ved å hekle 2 fm saman (sjå side 152) til holet er så lite at det går an å sy saman. Fest garnet. H E M PE
G A R N : Cotton Lux, 100 % bomull G A R N M E N G D : 2 brune, 1 kvitt og 1 turkist nøste à 50 g S TO R L E I K : 14 x 36 cm H E K L E N Å L : Nr. 5 VA N S K E G R A D : Middels H E K L E FA S T H E I T: 5 x 5 cm = 8 fm og 7 rader Eg likar svært godt å bake og brukar ofte grillvottar. Dei er både praktiske og pene fargeklattar på kjøkenet. Denne grillvotten er hekla i dobbelt garn slik at ein ikkje brenner seg.
14
Legg opp 3 lm med brunt garn, lag ein ring med 1 kj. Start kvar omg med 1 lm, og avslutt kvar omg med 1 kj. 1. omg: Hekl 6 fm gjennom ringen. 2. omg: Hekl 2 fm i kvar maske. 3. omg: Hekl fastmasker. 4. omg: *1 fm, 2 fm i neste maske, gjenta frå *.
Legg opp 33 lm. Start i 2. lm og hekl fastmasker. Fest garnet og sy fast hempa på den eine sida av votten.
31911 Heil hekla s1-58_Layout 1 28.02.11 10.58 Side 15
31911 Heil hekla s1-58_Layout 1 28.02.11 10.58 Side 16
5 STIPETE BRIKKE G A R N : Catania, 100 % G A R N M E N G D : 1 grønt nøste à 50 g S TO R L E I K : 29 x 35 cm og 4 svarte striper H E K L E N Å L : Nr. 3 1/2 VA N S K E G R A D : Middels H E K L E FA S T H E I T: 5 x 5 og 10 fm
bomull og 1 svart med 4 grøne
cm = 11 omg
Ei brikke som vert hekla i rundhekling, får ei rektangulær form dersom ein aukar i hjørna. Denne brikka skiftar omgang på ein litt annleis måte. 3. omg startar før 2. omg sluttar naturleg. Ein heklar vidare rundt, og omgangen startar ikkje som normalt med ei luftmaske. Når ein skiftar farge, tek ein siste gjennomdrag i siste maske før fargeskiftet i den nye fargen. S T R I PE M Ø N S T E R
*4 omg grønt, 4 omg svart, gjenta frå *. Utanom fyrste og siste stripe, som har 5 omg. BRIKKE
16
Legg opp 6 lm med grønt garn. 1. omg: Start i 2. lm og hekl 5 fm, hald fram på den andre sida av luftmaskerada og hekl 4 fm, la det vere 1 lm att, den vert 1. maske på neste omg. 2. omg: Hekl *3 fm i neste maske, 3 fm i neste maske, 3 fm. Gjenta frå * 1 gong til. 3. omg: 1 fm, 3 fm i neste maske, 2 fm, 3 fm i neste maske, 5 fm, 3 fm i neste maske, 2 fm, 3 fm i neste maske, 4 fm. 4. omg: 2 fm, 2 fm i neste maske, 4 fm, 3 fm i neste maske, 7 fm, 2 fm i neste maske, 4 fm, 3 fm i neste maske, 5 fm. 5. omg: 3 fm, 3 fm i neste maske, 5 fm, 3 fm i
neste maske, 9 fm, 3 fm i neste maske, 5 fm, 3 fm i neste maske, 7 fm. 6. omg: 3 fm, 3 fm i neste maske, 7 fm, 3 fm i neste maske, 11 fm, 3 fm i neste maske, 7 fm, 3 fm i neste maske, 8 fm. 7.–8. omg: Hekl fastmasker og auk ved å hekle 3 fm i 2. hjørnemaske i kvart hjørne. 9.–12. omg: Hekl fastmasker og auk ved å hekle 3 fm i 1. hjørnemaske i kvart hjørne. 13.–34. omg: Hekl fastmasker og auk ved å hekle 2 fm i 1. hjørnemaske i kvart hjørne annankvar omg og 3 fm i 1. hjørnemaske i kvart hjørne annankvar omg. Hekl 1 omg fastmasker og 2 fm i 1. hjørnemaske i kvart hjørne, slik at det vert pene hjørne. Fest garnet og press med strykejern.
31911 Heil hekla s1-58_Layout 1 28.02.11 10.58 Side 17