3 minute read

Ungdom

Next Article
9–12 år

9–12 år

barnebok | ISBN: 9788234003950 ISBN 978-82-340-0395-0

PRIS KR 279,– | UTG. AUGUST e-bok | ISBN: 9788234003967

PRIS KR 159,– | UTG. AUGUST

9788234003950

9 788234 003950

rune f. hjemås (f. 1982) er frå Trondheim. Han debuterte i 2008 med prosasamlinga Eg er ikkje redd, eg er ikkje redd, og har ei rekke utgivingar bak seg. Hjemås har bakgrunn frå Skrivekunstakademiet i Hordaland og har teke mastergrad i rettsvitskap ved Universitetet i Bergen og Oslo. Ein bror i verdsrommet er den første barneboka hans.

RUNE F. HJEMÅS

EIN BROR I VERDSROMMET

Undrande og spennande om kor små vi er i den store samanhengen

Elias gler seg til at storebroren Mats skal kome heim på permisjon frå sjukehuset. Men det blir ikkje heilt som Elias har tenkt seg. Mats er tynn og slapp og orkar ikkje å gjere noko av det Elias har planlagt. Snart må han reise tilbake til sjukehuset, og Elias får ei vond kjensle i magen. Kva om storebroren ikkje blir frisk igjen?

Samstundes oppdagar Elias ein rar pipelyd frå dei gamle radioane på rommet sitt. Kan det ha ein samanheng med det underlege raude lyset frå vindauget til nabo Edvardsen? Saman med vennene Mina, Mu og Olivia prøver han å finne ut av mysteriet.

Ein bror i verdsrommet krinsar rundt store spørsmål om livet, døden og kva som finst der ute i universet – og om det å vere ein litt utypisk superhelt.

HARALD NORTUN

SKALLEN

Nokon ser deg i mørket

To kameratar er på fisketur på fjellet. Dei ligg i telt ved Reinsvatnet. Her er det inga mobildekning, og ingen veit kor dei er. Trur dei. For midt på natta får dei nokre mystiske meldingar. Avsendaren er Skallen.

Skallen veit kor dei er. Skallen ser og høyrer alt. Skallen jaktar på dei i mørket. Men kven er Skallen? Og kan dei flykte? Eller må dei ta opp kampen?

Skallen er ei ny bok i Grøss og gru-serien, eit samarbeid med Leser søker bok.

SELMA LØNNING AARØ BERGTATT

roman | ISBN: 9788234002021 PRIS KR 249,– | I SAL e-bok | ISBN: 9788234002038 PRIS KR 159,– | I SAL

roman | ISBN: 9788234002663 PRIS KR 249,– | I SAL e-bok | ISBN: 9788234002670 PRIS KR 159,– | I SAL ungdomsroman | ISBN: 9788234006296ISBN 978-82-340-0629-6

PRIS KR 249,– | UTG. SEPTEMBER e-bok | ISBN: 9788234006302

PRIS KR 159,– | UTG. SEPTEMBER 9788234006296

9 788234 006296

ATLE HANSEN EG HAR VENTA PÅ DEG

harald nortun (f. 1972) er utdanna litteraturvitar og har arbeidd som lektor ved NTNU. Han debuterte som forfattar med romanen Røverskogen i 2006. Eksperimentet (2015) er omsett til fire språk, blant anna fransk og nederlandsk. I 2019 blei barneromanen Blå flaggermus nominert til Brageprisen, og året etter blei boka Superfinalist i Bokslukerprisen. Nortun er busett i Trondheim.

ungdomsroman | ISBN: 9788234006661ISBN 978-82-340-0666-1

PRIS KR 279,– | UTG. NOVEMBER e-bok | ISBN: 9788234006678

PRIS KR 159,– | UTG. NOVEMBER 9788234006661

9 788234 006661

atle hansen (f. 1954) er forfattar, musikar og journalist. Han har skrive bøker for både barn og vaksne, men er kanskje mest kjend for dei mange spenningsbøkene for barn og unge, som Det kvite pulveret (2006), Skatten i Skutevika (2007), Fangar i natta (2008), Den svarte oksen (2009), Svartedalen (2015) og Eg har venta på deg (2020).

ATLE HANSEN

ALEXANDER ER FORELSKA I LIVE

Om å tore å stå for den ein er

«Det liknar på den nye guten på idrettslina», seier læraren. Han står bak meg og ser på at eg lagar ei skisse med blyant på eit laust ark. «Han har same krøllene», seier læraren. «Og augo.» Munnen har eg ikkje teikna enno, ikkje nasen heller, berre ansiktsforma og krøllene og dei brune augo som aldri ser meg. Augo på teikninga ser min veg. Dei er blinde for anna enn det eg vil at dei skal sjå.

Jonas går på vidaregåande. Han trivst best i bakgrunnen der han kan vere anonym og observere dei andre elevane. Han ser mellom anna korleis Alexander, den nye guten med dei vakre krøllene, verkar å vere interessert i Jonas’ bestevenninne Live. Men kvifor synest Jonas det er så vondt å sjå på? Skulle han eigentleg ønske at Alexander var interessert i han? På ein fest blir hemmelegheita til Jonas avslørt framfor alle, og plutseleg er han ikkje lenger så usynleg. Har alle visst at han likar gutar, bortsett frå Jonas sjølv?

Alexander er forelska i Live handlar om å godta seg sjølv og kjenslene sine, og om å tore å stå for den ein er.

55

This article is from: