1 minute read

Leseland

Next Article
Ungdom

Ungdom

VEGARD MARKHUS

KUNST OG HÆRVERK

Rine og Ravi i kunsttrøbbel!

Rine og Ravi vil lage noko fint i kunst og handverk-timen. Men Lærar-Knut har som vanleg andre planar. Han vil heller at dei skal ha kunst og hærverk. Kunst skal vere stygg, folk skal seie huff!, meiner han. Men kva skjer da Gymlærar Gyda ser at Lærar-Knut og elevane rablar og teiknar på bilen hennar?

Kunst og hærverk er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

ISBN 978-82-340-0506-0

lettlesbok | ISBN: 9788234005060 PRIS KR 199,– | UTG. AUGUST

9788234005060

9 788234 005060

vegard markhus (f. 1983) er forfattar, illustratør og lærar. Han er oppvaksen i Norheimsund, men bur og arbeider i Bergen. Han har gitt ut fleire bildebøker, og i 2010 fekk han Nynorsk barnelitteraturpris.

ISBN 978-82-340-0507-7

lettlesbok | ISBN: 9788234005077 PRIS KR 199,– | UTG. AUGUST

ANNA R. FOLKESTAD

BYGGEBØLL

Ny bok i serien om Besta og Bo!

Besten og Bo skal bygge hytte. Men Besta vil også vere med. For å vise kor raskt ho kan lage ei hytte i treet, bruker Besta teip i staden for spikar. Men kva skjer når det plutseleg begynner å blåse?

Byggebøll er ein del av Samlagets Leseland, for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

9788234005077

9 788234 005077

anna r. folkestad (f. 1983) er frå Stord. Ho debuterte i 2011 med biletboka Henrik And og blei tildelt Nynorsk barnelitteraturpris i 2012 for Unni og Gunni reiser. Folkestad er kjend for sine humoristiske og lett absurde forteljingar som fenger barnelesaren.

This article is from: