dikt Samlaget Oslo 2011 Samlaget 2011
13
Kosmopolis trykklar.indd 3
31.10.11 15:03
Š 2011 Det Norske Samlaget www.samlaget.no b o kb unad: Trine + Kim fo rfattarp o rtre tt: Ingrid Pop fø rtrykk: Samlaget skri ft: Arno 11/14,5 p api r: 100 g Munken Premium Cream trykke ri : AIT Otta AS Printed in Norway i sb n 978-82-521-8021-3
Kosmopolis trykklar.indd 4
31.10.11 15:03
I. HIMMELEN OVER BERLIN 7 I I . d en d a n s k e Q u a d r a t u r 39 I I I . O s lol j o d 79 IV. KOSMOPOLIS 97
Kosmopolis trykklar.indd 5
31.10.11 15:03
i HiMMELEN OVER BERLiN
7 13 13
Kosmopolis trykklar.indd 7
31.10.11 15:03
d -dag Eg ser røyk frå poesikonvoiane i Atlanterhavet Dei feltgråe dikti bryt bylgjone, set so fot på Sverdstrandi, les siger or seg sjølv Strøymer mot triumfburet Paris Upp frå Atlantis flyt dei feltgråe dikti til Porte d’Orléans, i folkeparken veivar dei med svart-kvite flagg Jubel millom kornute fasadar Dikti renn upp les Champs, generalen stend ved gravi til den ukjende poeten Gallarstjerna stikk ein fakkel til dei vassborne papirheltane Dikti logar upp i ord-elden, blæs austan mot himmelen over Berlin, fell som svart oske på Bebelplatz: Lat frigjeringi byrja
9 13 13
Kosmopolis trykklar.indd 9
31.10.11 15:03
På Staatsbibliothek hang englane i Der Himmel über Berlin frå 1987, dei hev vinblanke augo og moldmyrke klede, andlet som forstår deg, du menneske Alt er det same, men nye lesarar hev kome Andre skor og klede trør teppet, er det feltgrått, er det olivengrønt Enno sit englane i trappi eller styd seg mot rekkverket, breier vengene ut over gjestene, er der sjølv um ingen trur deim Eg trår vernet frå ein engel eller ei kvinne med venger Vern som gjer meg til guten eg var Or guten er det vorte ein mann som vert mindre med tidi
10 13
13
Kosmopolis trykklar.indd 10
31.10.11 15:03
ka l d kr ig Voks upp under rakettskyer verna av muren mot vest Sprang i skjul n책r sirenone kvein grin ande song Minnest barndom i bomberom Minnest stille gator song Steig soli i aust Skein soli i vest
11 13 13
Kosmopolis trykklar.indd 11
31.10.11 15:03
Slik ser eg Die Deutsche Demokratische Republik frå plassen på Staatsbibliothek zu Berlin, eg såg bileti frå Berlin i 1990, folket frå aust feira på muren i dongerivestar Eg bur her fordi eg skal skriva Kosmopolis for deg eller myten um Kosmopolis, eg skal skriva Europa i Kosmopolis for deg, eller myten um Europa i Kosmopolis Tyskland i Europa i Kosmopolis, eller myten um Tyskland i Europa i Kosmopolis, Berlin i Tyskland i Europa i Kosmopolis, eller myten um Berlin i Tyskland i Europa i Kosmopolis, eller myten um ein nordmann i Berlin i Tyskland i Europa i Kosmopolis Eg er den siste du må spørja korfor, for kor fór Berlin, die Stadt meines Herzens, mein Zuhause, aber Heimat noch nicht
12 13
13
Kosmopolis trykklar.indd 12
31.10.11 15:03
Heime hev vorte der Jotunfjelli stig mot himmelen inn i den mytiske hjernen over skyene, i nord ligg heimane, Gjendesheim, Glitterheim Spiterstulen, Leirvassbu, Avdalen Heimen hev fenge sin nordmann, kan eg seia utan ironi, sjølv um eg kom sunnan i landet hev høgheimen fenge ein norrønamann Å ganga i fjellet set byfolk i ekstase! Vinje gjekk seg sterk i Jotunheimen, eg lengtar attende dit frå Brüdern-Grimm-Zentrum der eg tastar fingrane sterke i minnet frå eventyrskogane so fulle av born Der Jotunsumaren kler seg upp i gråe skyer var det Olav Aukrust dreiv på vigga skreiv seg frå sans og samling til den norrøne atterføding:
13 13
Kosmopolis trykklar.indd 13
31.10.11 15:03
Høgfjelli lyser so glitrande grøne, fossande fjellvatnet bryt ut med magt. Fram skal det springe, det nye norrøne, i rytme med stålklang og hallingtakt! Spring ut som rosor og runer i svellet! Spring ut i sjodande midnattmystik! Spring ut som uppkoma blank uppi fjellet! Spring ut i vilje og stålklædd lyrik! Um ljod bed eg alle norrøne lydar, vilja de lyde, eg kveda full’ kann, – høyre meg alle, i bygder og byar, unge og gamle i norrønaland: Fåren er nær oss! Einast no må me! Nordljoset leikar i rædsle og skjelv! Herre, ver med oss! Beinast no må me bu oss i bøn under nordstjerne�velv!
Olav Aukrust, Norrønasongen 7–8
14 13
13
Kosmopolis trykklar.indd 14
31.10.11 15:03
von l a nd Dette er ein utopi millom utopiar. Heller enn å vera norsk i røyndi, som i «grensa gjeng ved Svinesund», vil eg vera norrøn som i ordboki, «gjeld, høyrer til den gamle vestnordiske kulturen i Noreg, på Island og i dei norske utbygdene i vest i millomalderen.» Eg kjem altso ikkje frå Vågsbygd meir, men frå dei norske utbygdene i vest i millomalderen. På tide å trekkja i brynje og lata skjegget gro. Ytra i eit direktesendt debattprogram: «Eg vil leva som ein norrøn sadhu i Nye Jorvik.» Verta spurd: «Og kva um sadhuen ikkje greier seg utan kort og fon?» Svara: «Då lyt han gjera som oksen, eta gras og svinga stongi.»
15 13 13
Kosmopolis trykklar.indd 15
31.10.11 15:03
Eg hev skrive um gudar og heltar, maskinor og monster Når var siste gong eg nytta det ordet, «menneski» ikkje for å fortelja at tidi deira snart er til ende men for å syna deim slik eg ser deim Eg ottast at menneski eg ser i kvardagen ikkje er nok til eit dikt, men eg må taka feil, all den tid dei brenn som luntor under stjernone og ventar på det store smellet, endå ein gong Han gjekk på ein smell, seier dei der uppe i Heimat og kva meiner dei med det, um ikkje eit ekko av Det Store Smellet, ouverturen til verdi og alt som er i henne, me gjeng alle på ein smell i det me lever og lagar born til granskarane Eg kludrar i veg på mitt inntrykk av andre menneske Kva skal ein gjera, når alt er gale? I stuttform: Gjer kva faen du vil, men utan faen
16 13
13
Kosmopolis trykklar.indd 16
31.10.11 15:03
«Stadtluft macht frei» lærde me i sogetimane på Vågsbygd av Torjesen i trenchcoat og sixpence, «byluft gjer fri» sa han i den tyske millomalderen, eg trur på det Berlinlufti gjer meg fri, Berliner Luft Torjesen, med lêrmappa som svinga medan han gjekk til skulen, han som vart rasande når 2F inkje kunne um den norske soga, kongane slagi ved Stiklestad og Svolder Då me råka honom på Pigalle i Paris, påska 995, røykte han cigarillo og fortalde frå den franske soga som han kjende like godt som den norske og den tyske Noko av skammi mi over Vågsbygd svann der og då, skammi over å koma frå ein stad der ein spela fotball og trudde på vondguden Han fanst ikkje på barneskulen der eg spela forfall åleine
17 13
13
Kosmopolis trykklar.indd 17
31.10.11 15:03
I friminutti flakka eg um for ikkje å standa stilt millom gruppone av mobbarar og utstøytte Eg ville ikkje mobba eller verta utstøytt Difor vart eg både mobbar og utstøytt Ein western: No Peace in Voguesville, 984-991 No sit eg i Berlin, kallar meg Sturmgeist Hatt hev eg, men enno ikkje pistol Eg rir eit kreatur av merket Pegasus Megalus 3000, flyg frå Reichstag over Brandenburger Tor, Pariser Platz og Britische Botschaft til Denkmal für die ermordeten Juden Europas På Sigerssøyla ser eg fridomen, ho er gullfuglen spreier vengene i himmelen over Berlin fell over menneski som Lilith, kveler deim mjukt med ein møkkute sekk
[«Lilith» – Susanne Sundfør]
18 13
13
Kosmopolis trykklar.indd 18
31.10.11 15:03