Ler dei no, så har eg vunne. Eit møte med Ragnar Hovland

Page 1



Ler dei no ferdig:Layout 1

29-02-12

14:55

Side 3

Halvor Folgerø og Finn Tokvam

Ler dei no, så har eg vunne Møte med Ragnar Hovland

Samlaget Oslo


Ler dei no ferdig:Layout 1

29-02-12

14:55

Side 5

Innhald Forord 7 Dag 1 9 0 til 60 10 Lokaliseringsdebatten 22 Mor 27 Barndom 32 Idrett 37 Bibel og barnetru 41 Dag 2 44 Vegen til forfattarskapen 46 Dikt og tekstar frå gymnastida 50 Han som sa ja 64 Bøkene 68 Ragnar Hovland som politisk og sosialrealistisk forfattar. Truleg eit kort kapittel 71 Damer 75 Kompliment 79 Musikken 89 Kapittelet som skulle handle om det å bli omsett til andre språk, men endar opp som eit angrep på Stavangerhumoren 104 Barnebortføringa i Portugal 113 Samarbeid 116 Dr. Munk 125 Per Waglen 128 5


Ler dei no ferdig:Layout 1

29-02-12

14:55

Side 6

Vi sit og snakkar om brennevin og banning og ser lengtande etter serveringsdama 135 No kan dei andre og yngre ta eit tak! 140 Sex 143 Dag 3 146 Sjukdom 149 Research 158 Kaffi 160 Det hovlandske 166 Konsulenten 174 Bart og image 177 Kongstankar ved 60 180 Slutten 186

Upubliserte Hovland-tekstar: Balladen om det store raset i Luster 191 Første sommarferie 193 Horungavåg-spelet (eit innandørs utespel) 195 Min veg til filmen 202 Stillferdige menn går i land 207 Sommarnatt 218 Ein countryrockars draum 222 Hasta la victoria siempre, Einar Ø.! 226 Julekveld i skogen 232 Noko fælt i vedskjulet (Om Stella Gibbons: Cold Comfort Farm) 239 Siste båt til Vadheim 245 Å julegran 248 Bibliografi 250


Ler dei no ferdig:Layout 1

29-02-12

14:55

Side 7

Forord Ragnar Hovland er ein forfattar vi alltid har sett opp til, og kjent stor ærefrykt for. Som så mange andre, har vi følt at Hovland skriv til oss. Vi kjenner oss heime i hans univers. Han har vore med på å gi oss eit språk og ein tydeleg identitet som vestlendingar. Dette har vi sjølvsagt aldri nemnt for Ragnar, han må ikkje tru han er noko. I mange år arrangerte vi Hovland-seminaret, parallelt med Vossajazz. Vi var dei to einaste deltakarane, der vi sat nede ved Vangsvatnet med pappvin og Hovland-tekstar. Då vi skreiv på romanen Tyl som kom ut på Samlaget i 2005, fekk vi Hovland som hovudkonsulent. Vi blei både heite og kalde då vi såg at det stod RH nedst på arket. Hovland hadde lese det vi hadde skrive. Det var stas, men også vondt, særleg då han påpeika at enkelte setningar i manuset var «i overkant hovlandske». To år seinare skulle vi lage revy i Bergen, men det synte seg at organisten vår ikkje kunne vere med. Altså måtte vi skaffe ein vikar. Etter å ha grubla litt over kven som best ville kle raud velurdress og rytmeboks, var det eitt namn som peika seg ut: Ragnar Hovland. Ein e-post blei send. Det kunne ikkje gå verre enn at vi fekk eit nei. Etter 20 minuttar kom svaret. Hovland sa ja, og resten er revyhistorie. Som Hovland sjølv sa i eit tv-intervju: – Vestlandsrevyen blir av mange omtalt som det beste som har vore framført på ein revyscene i Bergen. Genialt er eit anna ord som går igjen. 7


Ler dei no ferdig:Layout 1

29-02-12

14:55

Side 8

Privatpersonen Ragnar er nettopp det, ein privat person. Sjølv etter fleire sesongar med revy og årlege pappvinfestivalar, der vi sit i styret saman, er det framleis noko mytisk ved Ragnar Hovland. Han plagar ikkje folk med detaljar frå privatlivet sitt. Og vi har ikkje plaga han med spørsmål. Ikkje før no. Halvor Folgerø og Finn Tokvam Bergen 07.02.2012


Ler dei no ferdig:Layout 1

29-02-12

14:55

Side 9

Dag 1 Lass uns in die Rose gehen … Tre mørkkledde menn kjem ut frå Hotell-Pension Kastanienhof i bydelen Mitte. I det tidlegare Aust-Berlin. Dei spaserer roleg ned gata. Det er gråkaldt. Julepynten heng framleis i enkelte butikkvindauge, sjølv om det er blitt januar. Ein svart katt spring etter ein sundriven plakat i Weinbergsweg. På skiltet over døra ved nr. 26 står det Zur Rose. Klokka er elleve på føremiddagen. Dei tre karane stig inn døra på kafeen. Set seg ved eit bord langt inne i lokalet. Bestiller heit sjokolade med Baileys. Tre stykk. Ragnar Hovland kastar jakka og ser på dei to andre. Han er klar. Og no skal vi snakke om bøkene mine og skrivinga? Vi skal snakke om det meste.


Ler dei no ferdig:Layout 1

29-02-12

14:55

Side 10

0 til 60 Eg blir fødd med blå skyggelue, det er tysdag og sol. Eg blir ein gut. Fødd inn i ein svær hage og eit hus som held på å ramle saman. Alt regnet gjennom taket og klingande vaskefat over heile golvet. Huset er fullt av levande og døde menneske som alle blir våte no og då. Frå Sjølvmord i Skilpaddekaféen

Faktaboks: Namn: Ragnar Hovland. Fødd: 15. april 1952. Far: Håkon Hovland, f. i Svelvik i 1924. Mor: Sigrid Indrebø Hovland, f. i Førde 1928, oppvaksen i Oslo. Søsken: Helge, f. 1954, Trond f. 1956, Eldbjørg f. 1960, Beate f. 1965. bergen, 1952‒1956 Eg blei fødd på Betanien sykehus i Bergen. Den gongen låg sjukehuset rett utanfor byporten. Foreldra mine budde i Formannsvei i Sandviken i Bergen. I bispebustaden saman med morfar, Ragnvald Indrebø. Han var biskop i Bjørgvin og hadde god plass. Så der budde foreldra mine, ei tante og ei hushalderske frå Jølster. Og så budde det ei dame til i huset som heitte Trine. Henne var eg redd. Ho var gammal og merkeleg. Ein gong sa ho til meg at ho var eit troll. Då blei eg skremd og kasta ei gummiand på henne. Eg såg ingen grunn til å tvile på at ho snakka sant. 10


Ler dei no ferdig:Layout 1

29-02-12

14:55

Side 11

Men mormora di budde ikkje der? Nei, mormor blei sinnssjuk. Ho hamna på Austlandet, på Dikemark sykehus og liknande institusjonar. Ho blei innlagt då mor mi var to–tre år gammal, så mor har få minne om henne. Det einaste ho hugsar, er at ho var veldig sint. Elles blir det fortalt at mormor var flink til å spele piano. Eg veit ikkje kvifor det gjekk gale. Ho hadde det nok tungt. Det var sikkert ikkje berre lett å komme frå Austlandet og bli ung prestekone i Jølster. Du fekk namnet Ragnar. Er du oppkalla etter morfaren din, Ragnvald Indrebø? Ja, eg kan ikkje nekte for det. Ragnvald Indrebø er ikkje den einaste presten i slekta? Det finst nok fleire av dei, ja. Eine søstera mi er utdanna teolog. Far min var prest. Morfar. Ja, det er ein del prestar. Men bakover i historia finst det også mange bønder. Det høyrest herskapeleg ut å få bu i huset til Bjørgvin-bispen. Huset i Formansvei var svært forfalle. Det lak, så når det regna, måtte dei sette fat kring på golvet der det draup. Men seinare flytta morfar til den nye bispebustaden i Landåslien. Han var den første som budde der. Kva er ditt første minne? Eg er to år. Sit i ei sportsvogn. Foreldra mine trillar meg opp ei gate. Far har på seg ein blå frakk. Mor mi har raud hatt og grøn kåpe. Det var ikkje noko meir. Men eg hugsar det, trur eg. Eg har repetert dette og andre minne så mange gonger at det blir vanskeleg. Var det eigentleg slik? Eg hugsar også den store hagen utanfor huset. Der var det fint å leike. Og der lærte eg å gå på ski. Du budde i storfamilien i Bergen til du var fire år gammal. Var du bergensar då du flytta? Nei, eg snakka austlandsk. Mor mi er fødd i Førde, er oppvaksen i Oslo, der morfar var prest, underviste og jobba med 11


Ler dei no ferdig:Layout 1

29-02-12

14:55

Side 12

«Indrebø-bibelen». Og far min blei fødd og voks opp i Svelvik. Så eg blei ikkje bergensar i språket. strandvik, 1956‒1963 Då eg var fire år gammal, flytta vi til Strandvik. Far min fekk jobb som hjelpeprest i Fusa prestegjeld. Korleis blei møtet med Fusa? Eg var berre fire år og hadde ikkje nett glidd inn i bymiljøet. Så eg likte å komme til Fusa. Det var nok verre for far min som ikkje blei så godt mottatt av presten som alt var i Fusa. Men eg fann perfekte leikeforhold. Det var store vidder. Skog, elv og fjell, der eg og nokre gode kompisar heldt på. Snakka du framleis austlandsk? Ja, heime gjer vi det den dag i dag, når familien er samla. Her stoppar intervjuet opp. Vi prøver fåfengt å få Hovland til å snakke «Heime hos The Hovlands»-dialekt, men får det ikkje til. Vi gir opp. Det er for tidleg på dagen til å bli uvenner. Vi bestiller heller meir sjokolade med Baileys. Vi smiler til serveringsdama og held opp tre fingrar. Drei mal mit Baileys, bitte. Kor var vi? I Fusa tidleg på sekstitalet. Ute saman med kompisane mine snakka eg strandvikamål. Sjølv i dag merkar eg at den dialekten delvis kjem tilbake når eg treffer på folk derifrå. Då eg var elleve, flytta vi til Luster. Far min blei sokneprest der. luster, 1963‒66 Det var tungt å flytte frå Strandvik. Eg har flytta fleire gonger i livet, og dette var den mest traumatiske flyttinga. Eg hadde budd i Strandvik i sju år og førestilte meg at det var staden der eg alltid skulle bu. Det var i alle fall der eg skulle bli vaksen. Så det var ikkje så greitt? 12


Ler dei no ferdig:Layout 1

29-02-12

14:55

Side 13

Eg vil ikkje kalle det djup sorg, men eg likte ikkje å reise frå skulekompisar til det ukjente. Eg brevveksla med fleire av dei gamle vennene etterpå. Og så hugsar eg at eg fekk eit brev frå læraren min, der alle i klassen hadde skrive ei helsing til meg. Korleis blei du mottatt i Luster? Det er eit litt anna folkeslag i Sogn. Folk i Midthordland er mildare. Indresogningane er direkte. Og kvassare. Så det var ein ganske stor overgang. Men etter kvart likte eg meg godt i Luster. Der var mykje greie folk der. Men det var eitt problem. Det var langt verre å vere presteson i Luster. Eg blei halden langt unna dei mørke løyndommane i bygda. Det merka eg godt. Når dei unge møttest for å klå på kvarandre, blei eg aldri invitert, fordi eg var son til presten. Prøvde du å kompensere for det at du var presteson på nokon måte, for å få lettare innpass blant dei unge i Luster? Då eg budde i Fusa, gjorde eg det. Der var eg stygg i kjeften og banna. Men då eg kom til Luster, slutta eg med det. Det blei for gjennomsiktig. Folk skjøna at eg gjorde det for å tøffe meg. Korleis overlever ein presteson som verken bannar eller er stygg i kjeften, i Indre Sogn? Eg var skuleflink. Gjorde ikkje det berre saka verre? Jau, det kunne fort blitt slik, men eg var heldigvis god i idrett i tillegg. Eg var flink i tresteg. Og god til å springe og å gå på ski. Etter kvart går turen ut i den store verda. Nærare bestemt frå halvtrygge Luster til Balestrand. balestrand, 1966‒1968 Eg var berre fjorten år gammal då eg flytta på hybel i Balestrand for å gå på realskule. Du gjekk altså frå folkeskulen rett til realskulen, utan å vere innom framhaldsskulen imellom? 13


Ler dei no ferdig:Layout 1

29-02-12

14:55

Side 14

Korrekt. Foreldra mine meinte at eg ikkje trong framhaldsskulen. Så Ragnar Hovland har aldri gått på framhaldsskulen? Nei, eg ville, men foreldra mine meinte eg var klar for realskulen. Dette er breaking news. Ragnar Hovland, mannen som gjennom bøkene sine verkeleg har gitt framhaldsskulen evig liv i ulike tekstar, gjekk der aldri sjølv! Dette er ei avsløring som er med på å gi boka tyngd. Ragnar Hovland går ut eit ærend. Dette er jo ei kjempesak. Vi diskuterer kor vi skal leke denne nyheita i samband med boksleppet. Dagbladet? Klassekampen? Hovland returnerer. Han snakkar tysk. Og etter ei stund kjem det meir heit sjokolade på bordet. Før vi går til hybellivet, Hovland. Du gjekk altså aldri på framhaldsskule. Er det difor du har skrive så mykje om framhaldsskulen? Ja, det er nok difor, for å kompensere. Problemet var jo at dei eg hadde gått på folkeskulen saman med i Luster, hamna på framhaldsskulen. Så eg var den einaste frå min klasse som flytta til Balestrand den hausten. Korleis var realskulelivet? Det første halvåret var trist og stussleg. Eg var vel heime nesten kvar helg. Men vi gjekk på skule på laurdagen også, så eg kom seint heim laurdag kveld, og måtte reise tilbake til Balestrand alt søndag ettermiddag. Men etter det første halvåret blei det betre. Eg oppdaga at eg kunne vere oppe heile natta. Det var som om fridommen gjekk opp for meg etter jul. Eg fann meg til rette og reiste mindre heim, berre til påske og andre langhelgar og på sommarferie. Eg gjekk to år på realskule i Balestrand, og det andre året kom fleire venner frå Luster også til Balestrand. Då blei det lettare. Nokre av oss spleisa på drosje, ein folkevognbuss, når vi skulle heim i helgane. 14


Ler dei no ferdig:Layout 1

29-02-12

14:55

Side 15

Men korleis var det å bu på hybel så ung? Eg høyrde på musikk. Las mykje. Bøker og teikneseriar. Og ein gong i veka var det kino i bygda. Eg såg alt. Og så kjøpte eg pølser på bensinstasjonen, eller Cola på kafeen attmed når eg hadde pengar. Ja, hybellivet har vel sine økonomiske avgrensingar? Eg fekk pengar heimanfrå pluss stipend. Hadde 400 kroner i månaden. Det skulle dekke alt. Hybel, mat, og lunsj på skulen. Berre lunsjen kosta 100 kroner i månaden. Elles gjekk vi på hybelbesøk til kvarandre. Eg spelte sjakk ein periode. Dei eldre gjekk på dans, men eg var for ung. Og ikkje var eg interessert i dans heller. Men interessa for jenter var vel på plass? Dragninga mot jenter var sterk. Men eg torde ikkje å danse. Eg hadde ikkje gått på danskeskule og var redd for å dumme meg ut. Så eg dansa ikkje eit steg før langt opp i gymnastida. Ikkje dansa du, og ikkje drakk du? Eg var avhaldsmenneske. Eg drakk ikkje min første øl før eg nesten var ferdig på gymnaset. Det var nok litt fordi foreldra mine var totalavhalds. Men det var like mykje arroganse. Det galdt både for drikking og røyking. Det blei eit opprør å ikkje drikke og røyke. Eit omvendt opprør. Alle andre drakk og røykte. Det blei for enkelt. Og så var det også ein reell fare for å bli utvist frå skulen i Balestrand viss det blei oppdaga. Ikkje dansa du. Ikkje røykte og drakk du. Ikkje banna du. Her luktar det kristenmannsblod. Eg godtok autoritetane på den tida, dei som sa at trua var det rette, men eg blei tidleg tvilande. Eg har eit minne frå då eg flytta til Balestrand. Far min køyrde meg ut langs fjorden. Han bad meg gå i kyrkja kvar søndag. Men det blei aldri til at eg gjekk. Eg gjekk på søndagsskule til eg var tretten år. Eg visste kva det gjekk i. 15


Ler dei no ferdig:Layout 1

29-02-12

14:55

Side 16

sogndal, 1968 Hausten 68 flytta du til Sogndal? Ja, eg var blitt seksten år og flytta til Sogndal for å begynne på gymnaset. Det skjedde jo store ting i verda på den tida. Invasjonen i Tsjekkoslovakia. Vietnamkrigen. Musikken endra seg, og det var hippietid. Korleis merka du alt som skjedde rundt i verda? Eg fekk det med meg, men eg merka vel best det som skjedde i meg sjølv. Eg var kommen inn i ein periode som skulle forme meg mykje. Slik sett blei gymnastida saman med det siste året på realskulen i Balestrand viktig. Eg hadde oppdaga musikken. No fann eg humoren. Den britiske humoren. Den fann eg i Sogndal, på Sognatun Kafé. Der hadde dei eit fjernsyn, som vi sat og såg på heile kvelden. Eg oppdaga den britiske humorserien Do not adjust your set, med Marty Feldman, og folk som etter kvart skulle hamne i Monty Python´s Flying Circus og The Bonzo Dog Doo-Dah Band. stavanger, 1969‒1972 Far til Ragnar fekk eit kall som residerande kapellan i Stavanger. Der utdanna han seg også etter kvart til døveprest. Så i januar 1969, etter eit halvt år i Sogndal, flytta Ragnar til Stavanger og begynte på Kongsgård Gymnas. Ein skule med stolte tradisjonar, der folk som Alexander Kielland, Sigbjørn Obstfelder og Fartein Valen. Hovland hamna ikkje i klasse med nokon av desse, men ånda deira hang likevel i veggene. Etter fleire år på hybel, korleis var det å flytte heim igjen til foreldre og søsken? Det gjekk fint. Skaden var på eit vis skjedd, for sjølv om eg budde heime, var det som å bu på hybel hos nokon eg kjende godt. Og ikkje hadde eg utnytta fridommen hybellivet gav meg 16


Ler dei no ferdig:Layout 1

29-02-12

14:55

Side 17

heller, sidan eg verken drakk eller røykte. Så eg flytta inn saman med familien i Muségata 47. Muségata 47? Det var noko kjent med den adressa. Meiner å hugse at vi var på den adressa, på ein av Hovland-safariane våre midt på nittitalet, mens vi studerte der i byen. Du tenker på romanen Utanfor sesongen. Der dukkar Muségata 47 opp. Forresten budde Dan Børge Akerø i nabolaget der. Bror min spelte fotball saman med han. Dette noterer vi oss med interesse. Kjendisstoff. Slikt likar media. Eit faktum som garantert vil vere med på å selje boka. Du skreiv og las deg gjennom gymnaset i Stavanger, og våren 1971 var du russ? Eg var ikkje russ. Eg nekta. Var ikkje med på noka feiring. Og ikkje hadde eg russelue. Men eg hadde bidrag i avisene til både kristenrussen og dei verdslege. Etter gymnaset, stod framtidsplanane i kø? Eg ville studere, men var ikkje klar til å begynne med ein gong. Så hausten 1971 leita eg rundt i Stavanger etter jobb, samtidig som eg tok førebuande. Studiane gjekk betre enn jobbjakta. Nesten alle kravde sertifikat, og det hadde ikkje eg. På nyåret 1972 gjentok historia seg. Jobbjakt og førebuande i latin, for å ha noko å gjere på. Så det året gjekk stort sett med til lesing, lange sykkelturar, musikk og skriving. bergen, 1972‒1980 Hausten 1972. Norge seier Nei til EEC og Ragnar seier hei til Bergen. Det er kanskje ikkje heilt sant, men det blei ei fiffig setning. Hovland sjølv seier det slik: Eg begynte på Universitetet i Bergen hausten 1972 og gjekk ut att gjennom portane på Sydneshaugen i mai 1980. No går det litt fort her. I Bergen vende du tilbake til hybellivet, og det hadde vel endra seg sidan sist? 17


Ler dei no ferdig:Layout 1

29-02-12

14:55

Side 18

Ja. Det gjekk mykje i havregraut og speilegg til middag. Det var ganske stussleg, så eg pleidde å røyke ein sigarillo og unne meg ein klunk med trestjerners konjakk etter måltidet, for å auke livskvaliteten min. I tillegg passa morfar på å invitere meg heim på middag jamleg. Du blei lektor og cand.philol. i løpet av desse åra. I tillegg var du vel også mykje utanfor portane på universitetet? Det blei litt reising. Sommaren 1973 var eg på min første ordentlege utanlandstur. Engelskspråkkurs i Cambridge. Der møtte eg ei tysk jente som heitte Sabine. Ho skulle bli den første kona mi, viste det seg. Var det kjærleik ved første blikk? Nei, det gjekk fire år med brev og postkort først. Så kom sommaren 1977. Då var eg på tur til det gamle Jugoslavia for å besøke ei anna venninne. På heimvegen var eg innom Tyskland. Eg skulle eigentleg besøke ei anna venninne, men ho var ikkje heime. Så då kontakta eg Sabine. Ho var heime. Og derifrå gjekk det fort. Ho kom på julebesøk til Norge og feira saman med familien min, som hadde flytta til Spydeberg. Og året etter gifta vi oss, før vi reiste til Paris og budde der eit halvt år. Og fekk ofte besøk. I 1979 blei det seks månader i Tyskland, i Oldenburg, der Sabine jobba som lærar. Etter åra ved Universitetet i Bergen hamna du og Sabine i Sunnhordland? Sommaren 1980 drog vi først ut på reis. Var mellom anna på ein rundtur i Frankrike. Sabine søkte på jobbar og fekk tilbod om to lærarstillingar. Ein i Vadsø og ein på Husnes. Ho takka ja til den på Husnes. Og dermed flytta vi dit om hausten. Eg fekk meg også ei 60 %-stilling på gymnaset og underviste i engelsk og tysk.

18


Ler dei no ferdig:Layout 1

29-02-12

14:55

Side 19

kvinnherad, 1980‒1991 Vi budde tre år på Sunde, før vi bygde hus på Raudaberget på Valen, der vi flytta inn til jul i 1983. Vi, seier du. Bygde du huset sjølv? Ja, i alle fall delvis. Det gjekk i støyping og muring, så huset blei skeivt. Men eg budde der til eg flytta ut i 1991. Då var ekteskapet slutt? Skilsmissa blei offisiell i 92. Då hadde eg alt hamna i Oslo, og Sabine drog til Bergen. oslo, 1991‒ Du har passert tjue år som Oslo-borgar. Ja, på desse åra har eg budd fire ulike stader i Oslo. Først lånte eg ei leilegheit på Frogner og låg på golvet der saman med kjærleikssorga og Van Morrison. Så blei det to andre Osloadresser, før Tove og eg hamna i Kongleveien på Nordberg, der vi har budd dei siste ti åra. Der hadde jammen Tove Bakke snike seg inn. Kor kom ho inn i livet ditt? Eg visste om henne og hadde gjort det lenge. Eg snakka vel med henne første gongen kring 1985, så vi hadde så vidt møtst tidlegare. Ho dreiv Kritikkjournalen, som var grunnlagt for at kvinnelege forfattarar skulle få omtale og vise att. Eg las det ho skreiv, og la slik sett merke til at ho skreiv godt. Så ringte Jan Kjærstad til meg ein dag. Han var då redaktør i litteraturtidsskriftet Vinduet og trong namn på gode skribentar. Eg føreslo at han skulle lese Tove Bakke. På den måten skaffa eg henne jobb i Vinduet. Seinare jobba ho som sakshandsamar i Norsk kulturråd. På den tida sat eg sjølv i Kulturrådet, og vi fekk meir kontakt. Eg blei skikkeleg kjend med henne, og etter ei stund oppdaga vi at 19


Ler dei no ferdig:Layout 1

29-02-12

14:55

Side 20

vi var blitt kjærastar. Vi gifta vi oss i 1996, etter å ha levd i synd eit par år. Du var også lærar ved Skrivekunstakademiet i Bergen. Der var eg i fem år. Men eg hadde ikkje adresse Bergen. Eg budde på Valen og i Oslo mens eg dreiv på der. Har du forresten nokon gong hatt jobbar, utanom det å undervise? Eg jobba to somrar på Rosenberg Mekaniske Verksted i Stavanger. Der gjekk det mest i skitarbeid. Graving og boring. Og så tørka eg opp vatn. Gjorde slike ting som ingen andre hadde lyst til. Men det var stas å tene pengar, og eg gjekk rett i platesjappa då løna kom. I Sveve over vatna jobbar hovudpersonen på Hansa. Har dette rot i det verkelege livet? Ja, sommaren 1977 var eg sidemann på Hansabilen. I boka stel hovudpersonen ei Hansa-jakke. Er det basert på ei sann historie også? Nei. Eg stal aldri Hansa-jakka, men eg hadde jekla lyst. Det var ei flott jakke. Elles blei eg nesten sjømann ein gong. Mykje på grunn av fetteren min, som var ti år eldre og drog til sjøs i ung alder. Han var stuert og fortalde mange eventyrlege historier om livet på havet. Og midt i studietida mi, då eg byrja å gå lei, tenkte eg at det kunne vore fint med eit avbrekk til sjøs. Eg spurte fetteren min om han kunne fikse meg ei hyre, og det trudde han skulle gå fint. Men det blei aldri noko av? Nei, eg møtte Sabine og hadde meir lyst til å vere saman med henne. Har du angra på at du aldri blei sjømann? Litt har eg nok angra. Eg kunne hatt godt av å oppleve noko anna. Veit ikkje kor godt eg hadde passa inn på ein båt, men eg skulle nok halde ut eit år. 20


Ler dei no ferdig:Layout 1

29-02-12

14:55

Side 21

Tilbake til Oslo. Kjem du og sunnfjordingen Tove til å flytte vestover att, eller har de funne roa i Oslo? Oslo er ein bra plass. Så lenge eg får turane mine heim til hytta på Jølster og andre stadar på Vestlandet, trivst eg godt.

1973


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.