Nærgåande skisser

Page 1


Nærga?ande skisser ferdig.qxd:A

28-06-11

Erling Lægreid

NÆRGÅANDE SKISSER

Samlaget Oslo

09:20

Side 3


Nærga?ande skisser ferdig.qxd:A

28-06-11

© 2011 Det Norske Samlaget www.samlaget.no omslag: Blæst / Stian Hole omslagsfoto: Samlaget /Scanpix førtrykk: Samlaget skrift: Adobe Garamond 11,5/14 papir: 90 g Munken Print Cream trykkeri: AIT Otta AS Printed in Norway isbn 978-82-521-7983-5

09:20

Side 4


Nærga?ande skisser ferdig.qxd:A

28-06-11

09:20

Side 5

INNHALD

Forord 9 Tarjei, Olav H. og Edgar Allan Poe 15 Agnar Mykle: Heldt på å bli sogning! 18 Tre brillepar og Arnulf Øverland 21 Mosse – ho som starta ungdomsopprøret 24 Per Aabel: «Ros meg mer!» 27 Emil, Edwall og Mehren 30 Marie Takvam: Skandaløs overvekt? 33 Østbanen ein kald morgon i 1957 36 Frognerfruer 38 Alvorsmann med glimt i auga 41 Anders Kjerland tende lys med fela 44 Andreas Leiro berre gjekk 47 Arild Nyquist: Ein modig reddhare 50 Arthur Berg: Mørkemann med humor 53 Arthur Klæbo, tobakkstjuven 56 Bouillabaisse med Bjørneboe 59 5


Nærga?ande skisser ferdig.qxd:A

28-06-11

09:20

Side 6

Christian Christensen CC: Kjært barn 62 Claes Gill på kne 65 Den nynorske gudfaren 68 Den unorske Dag Halvorsen 71 Edvard Drabløs. Ingen smågut 74 Ein djupt folkeleg aristokrat 77 Ein rasande komponist 80 Ludvig Eikaas og Anne Raknes 83 Ein smålåten diktar 86 Erik Bye: Mannen i våre hjarte 89 Gabriel Frøholm: Ingeniør og major 92 Gerhardsen, Canetti, Kreiski: Wien 1927 95 Halvdan Koht: Hata og beundra 98 Hartvig Kiran: I fremste rekkje 101 Hata Georg Johannesen strilar? 104 Heime hos Rakel Nygard 107 Hjarte og smerte 110 Ho minte meg om Mandela 113 Hospitanten Aslaug Vaa 116 Jens Bjørneboe – første og siste gong 119 Jens Christian Hauge: Ein gutunge? 122 Johannes Vinjum: På eigne vegar 125 Karl Evang: Raddis med tversoversløyfe 128 Kven hugsar William Heinesen? 131 Mine to salmediktarar 134 Mjølk og Tarjei Vesaas 137 Ola Raknes, 007 og Satan 140 6


Nærga?ande skisser ferdig.qxd:A

28-06-11

09:20

Side 7

Osmund Faremo: Mannen på likhaugen 143 Per Håland: Kvifor er oslo-folk så dumme? 146 President og nordtrønder 149 Sande, Klæbo og fru Hvammen 152 Sigmund Skard: Han slo stiften! 155 Sjur Lindebrække berga Dag og Tid! 158 Stranger, Haxthausen og Lem 161 Trygve Bull: Radikalar med gullklokke 164 Ungkar med jentestrikka genser 167 Vi sa du til Gud og Gerhardsen 170 Ville gå på hendene heilt til Drammen 173 Øksehogg og dårers babbel 176 Den gravalvorlege Arild Feldborg 179 Eyvind Solås (1937–2011) 182 Herbjørn Sørebø: Ei vennleg sjel 185 Einar i alle kanalar 188 Ivar Medaas: Også ein Ivar 191 Personregister 195


NĂŚrga?ande skisser ferdig.qxd:A

28-06-11

09:20

Side 8


Nærga?ande skisser ferdig.qxd:A

28-06-11

09:20

Side 9

FORORD

Fire dagar etter at Hitler gjekk inn i Polen vart eg fødd i kårhuset på Lægreid som yngst av sju. Årdal i førtiåra var dramatisk og eksotisk. Det første eg hugsar er ein tysk razzia med hundar, to bombeangrep og eit dødsfall. Under bombinga gøymde vi oss i ei stikkrenne og i ein tunnel. Eg såg lysande prosjektil og bombenedslag. Dei bar bestemor mi i ein korgstol, men redd var eg ikkje. Eg hugsar også russiske krigsfangar som gøymde seg i kjellarskruven i kårhuset, eg vart sendt med mat. Med ein gong tyskarane kom, satsa dei massivt for å byggja aluminiumsverk. Det var tusenvis av russiske og franske krigsfangar og norske anleggsarbeidarar, på kort tid vart heile geografien under garden vår forandra, dei planerte ut for fabrikkane. Etter krigen låg det enorme haugar med ubrukte metallkonstruksjonar før det vart bestemt at staten overtok for å byggja Årdal Verk. Det var eit fantastisk dynamisk miljø med ein hektisk kvardag som forandra verda frå dag til dag. 9


Nærga?ande skisser ferdig.qxd:A

28-06-11

09:20

Side 10

Det begynte å koma store oversjøiske båtar og i Strondi gjekk det både gulingar og kommunistar. Bondekulturen vart rasert, garden vår rotna på rot, alt dreide seg om å byggja den nye framtida. Optimisme og aktivitet, eit surr av menneske frå heile landet og overdådig aktivitet også i fritida. Ofte fekk eg sitja på bulldosarar, gravemaskiner, svære lastebilar, busane vart mine venner. Kaiane var yndlingsplassen. Då eg vart større bygde eg kano og smugla sprit og sigaretter, verksområdet var gitra inne. Store Folkets Hus hadde kinoframsyningar tre gonger om dagen. Tretten år gammal selde eg sjokalade på kinoen og fekk sjå vaksenfilmar i lag med maskinisten. Eg såg hundrevis. Eg trivdest på skulen, eg likte best sløyd, produkta har eg enno. Men det eg likte aller best var å snakka med folk. Vaksent folk, eg innynda meg ved å vera stor i kjeften. Eg såg, lytta og lukta. Og gjenfortalde. Lyg litt meir, vetle Erling! bad ho tante Mari ute i Offerdalen. Eg hadde fem eldre systrer og tre ugifte tanter innan ein radius på ti meter. Men vi hadde stort hus med bokhyller og piano. Far min hadde berre folkehøgskule, men vart ordførar. Mor mi hadde gått på husstellskule i Bergen. Eg var aktiv i skulemusikken og i alle slags idrettar, men eg likte svært godt å vera budeiedalt på stølen i lag med ei horg overtruiske budeier og å fiska med far i høg10


Nærga?ande skisser ferdig.qxd:A

28-06-11

09:20

Side 11

fjellet. Reinsjakt var eg med på frå eg var sju år. Far skar neglene sine med kniv og sulla slåttar. Eg var vant med skriking og krangling i heimen, vi fekk lov å smella med kjøkendøra, den måtte ofte reparerast. Nesten alle eg kjende fekk juling av foreldra, det fekk aldri vi. Eg har ein mistanke om at lektorane på realskulen gav meg ekstra gode karakterar for at eg skulle koma inn på Voss Landsgymnas og norrønlinja. Det var svært vanskeleg den gongen. Eg gjekk på trynet mange gonger første året på Voss, men til slutt fekk eg ein fin hybel. Eg banna, drakk, dansa og skulka, men alltid med vit. Det hende eg var borte ein dag i veka, då låg eg og las romanar. Det gjekk bra. På universitetet i Oslo greidde eg ein embetseksamen på normert tid, det var det få som gjorde. Eg var lite på universitetet, fordi eg hadde så mykje å gjera. 19 år gammal starta eg Apropos, ei studentavis som vart størst, og fekk eit namn og vart kjend med kunstnarar og politikarar. Eg var svært aktiv i målrørsla og lukta på politikk. Men også på teater og film som eg skreiv mykje om. Eg var med å starta Dag og Tid, og var styreformann i godt over tjue år. Eg var også med å starta bladet For Vietnam. Og så reiste eg på danningstur til Sorbonne og til kibbutz i Israel, studiane brydde eg meg lite om, men eg hadde stort utbyte av danningsreisene mine. Eg absorberte og absorberte. Og så nekta 11


Nærga?ande skisser ferdig.qxd:A

28-06-11

09:20

Side 12

eg militæret av politiske grunnar og fekk det igjennom mot alle odds. To statsrådar skreiv attest. Mine nesten to år på Statens senter for barne- og ungdomspsykiatri var like viktig som mine tre somrar som fabrikkarbeidar. Så var eg med på å starta Forsøksgymnaset i Oslo og var lektor der i tre år. Det var spennande år, vi heldt på å skapa regjeringskrise. I 1970 hamna eg i NRK og var med på å dra i gang Ungdommens radioavis. Programmet var kontroversielt og eg vart ein av dei mest utskjelte. Eg var både smigra og sliten. Libertas brukte mykje sveitte på meg. Samstundes var eg styreformann i Dag og Tid som heldt på å gå konkurs ein gong i månaden. Men eg hadde kamplyst, for svarte fan. Så fekk vi barn, dei var mykje sjuke, eg skjønar ikkje at vi greidde oss. Men då vi mista ei lita jente i krybbedød, måtte eg kasta korta ei stund. Eg vart godt behandla i NRK, laga det eg ville, reiste dit eg ville og snakka med dei eg ville. Eg avslutta med å berre skriva kommentarar, men så lenge folk skjelte meg ut, var eg fornøyd. Eg har også fått tid til å halda mange foredrag og skriva fleire bøker og mange artiklar. Eg likte å jobba. Det gjer eg framleis. Somme meiner at eg var bortskjemt. Men lykka var å unngå sjefsjobbar. 12


NĂŚrga?ande skisser ferdig.qxd:A

28-06-11

09:20

Side 13

Utan Kalvegjerdet, det vesle fine huset eg arva som tjuĂĽring i Ă…rdal, kunne livet mitt blitt heilt annleis og fattigare.


NĂŚrga?ande skisser ferdig.qxd:A

28-06-11

09:20

Side 14


Nærga?ande skisser ferdig.qxd:A

28-06-11

09:20

Side 15

TARJEI, OLAV H. OG EDGAR ALLAN POE

Eg hadde kjøpt min første bil om morgonen, ein velbrukt totaktars DKV, framleis får eg nevrotiske reaksjonar berre ved tanken. Eg visste ingenting om bilar, men eg henta Olav H. Hauge på Viking hotell for å køyra oss til Halldis og Tarjei i Vinje. Olav H. var oppspilt og gledde seg til turen. Han hadde alltid sett opp til diktarparet på Midtbø. Mi oppgåve var å formidla kontakt. Han prata i eitt sett til Kongsberg. Då oppdaga eg at handbrekket hadde stått på, eg skjønte det av lukta. Etterpå måtte eg alltid leggja stein under hjula. Men Olav H. visste endå mindre om bil enn eg, så han brydde seg ikkje. Han prata vidare non stop til vi parkerte på tunet. I møtet med Tarjei og Halldis endra han karakter. Han vart fåmælt, høfleg, intenst lyttande og kom berre med forsiktige små spørsmål og ytringar. Det var slik han var kjend som. Halldis trong ikkje skru på sjarmen, for Tarjei opp15


Nærga?ande skisser ferdig.qxd:A

28-06-11

09:20

Side 16

førte seg som den fullkomne vert. Det overraska meg, han overraska meg forresten alltid. Vi hadde ein svært hyggjeleg kveld og vart så innhyste i det nyoppussa stabburet som var omgjort til gjestehus. Eg var trøytt, eg hadde heller ikkje sagt nei til vin. Men då starta levenet igjen. Han snakka som eit fossefall. Han hadde splitter nytt heildekkjande makko undertøy og stod over meg som låg i senga, og snakka om Edgar Allan Poe. Stadig meir intenst så eg vart oversprøyta med spytt. Eg lukka auga og sovna eller uvita. Under resten av opphaldet var han like høfleg og fåmælt som før mot vertane, og dei stulla med oss, særleg Olav H., sjølvsagt. Han fryda seg. Då vi skulle dra vidare til Ulvik, ville Tarjei at vi skulle velja oss ei bok. Eg hugsar ikkje kva Olav. H valde, men eg valde meg Brannen. Det reagerte Tarjei Vesaas på. Han mislikte og irriterte seg over valet mitt. Og eg vart lei meg. For det var fleire andre bøker av han som eg likte mykje betre. Eg kjende meg jålete, kvasi-intellektuell og politisk korrekt, og det var vel det eg var. Straks vi hadde streva oss opp på riksvegen, var Olav H. igjen sprekkfull av talelyst. Duren gjekk. Då vi kom inn i den lange, mørke tunnelen, fann eg ikkje lyset på bilen, så eg måtte bauta etter lyset av møtande bilar, og var det ingen, så stoppa eg og venta på den neste. Olav H. sa ikkje eit kløyva ord. Han opna 16


Nærga?ande skisser ferdig.qxd:A

28-06-11

09:20

Side 17

ikkje kjeften før vi nesten var nede i Odda. I mellomtida hadde eg skjønt at eg berre hadde køyrt med parkeringslyset på. Vi snakka aldri om dette seinare, men han må ha vore redd. Og eg må innrømma ein viss skadefryd. Så er det ikkje så mykje meir å fortelja. Vi kom oss over fjorden og heim til Ulvik. Der stod treskoa hans på trammen. Dei som eg seinare intervjua. Vi steikte flesk og smakte på sideren og såg på hagen og avlinga. Det var eit slikt vakkert vêr.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.