Oske - Inger Lise Belsvik

Page 1


Til alle fine fedrar

© Det Norske Samlaget 2024 www.samlaget.no www.ingerlisebelsvik.no

Førtrykk og omslag: Superultraplus Designstudio

Skrift: Freight Sans Pro

Papir: 140 g Livonia Zero Offset

Trykkeri: Livonia Print, Latvia Printed in Latvia

ISBN 978-82-340-1147-4

Denne boka er trykt på miljøvennleg papir.

Materialet i denne utgjevinga er verna etter åndsverklova. Det er derfor ikkje tillate å kopiere, avfotografere eller på andre måtar gje att eller overføre heile eller delar av innhaldet i utgjevinga utan at det er heimla i lov eller følgjer av avtale med Kopinor.

Det er forbode å bruke heile eller delar av utgjevinga som inndata eller treningskorpus i generative modellar som kan skape tekst, bilete, film, lyd eller andre typar innhald og uttrykk, utan særskild avtale med rettshavarane.

Bruk av materiale frå utgjevinga i strid med lov eller avtale kan føre til inndraging, erstatningsansvar og straff i form av bøter eller fengsel.

INGER LISE BELSVIK

Samlaget Oslo 2024

Pappaen min er borte.

Hjarta hans har stoppa.

Kroppen hans er heilt stille.

Tankane hans er ikkje inni hovudet hans lenger.

Fordi pappa er død, er det berre minna om han som lever no.

Alt vi hugsar, vi som var glade i han.

Det seier mamma mi.

Dit pappa har fare, treng han ikkje kroppen sin.

Derfor ligg kroppen hans att her.

Han skal brenne opp og bli til oske.

Det gjer ikkje vondt å brenne når ein er død, seier mamma.

Det er ganske smart, eigentleg.

Når kroppen blir til oske, tek han ikkje så stor plass.

Han kan faktisk bu inni ein boks.

Men tårene mine kjem ut heile tida, likevel.

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.