Parrot og Olivier i Amerika

Page 1


Parrot og Olivier ferdig.qxd:Layout 1

27-02-12

11:44

Side 1


Parrot og Olivier ferdig.qxd:Layout 1

27-02-12

11:44

Peter Carey

Parrot og Olivier i Amerika Roman FrĂĽ engelsk ved Ă…smund Forfang

Samlaget Oslo 2012

Side 3


Parrot og Olivier ferdig.qxd:Layout 1

27-02-12

11:44

Side 5

«Er det verkeleg muleg å tru at demokratiet, som har øydelagt føydalismen og sigra over kongar, vil la seg drive tilbake av borgarar og rikfolk?» «Det er ikkje klokt å kunngjere kvar einaste sanning.» Alexis de Tocqueville


Parrot og Olivier ferdig.qxd:Layout 1

27-02-12

11:44

Side 7

Olivier i Eg var sikker på at eitt eller anna djevelsk og katastrofalt hadde skjedd alt før eg var fødd, men le comte og la comtesse, foreldra mine, ville ikkje fortelje meg kva det var. Det førte til at nysgjerrigheitsorganet mitt vart pirra, og eg voks opp som den mest rastlause og helseveike skapningen du kan tenke deg – liten og bleik kravla eg høgt og lågt og snuste rundt i alle kjellarhol og loftskrær på château de Barfleur. Men hør: Med den forrykte iveren eg gjekk til verks med, er det ikkje litt snålt at eg aldri kom over onkels célérifère? Kanskje var ein célérifère ein heilt vanleg ting i din familie. I min var den, som alt anna, eit stort mysterium. Den klumsete tresykkelen, bygd av onkel Astolphe de Barfleur, kom for dagen da eit par omreisande taktekkarar oppdaga den der den hang fastsurra til taksperrene. Kvifor den måtte surrast fast, aner eg ikkje, heller ikkje kvifor onkel – eg går ut frå at det må ha vore han – brukte to hundehalsband. Eg er slik konstruert at eg er rask til å mane fram ein tragedie – som at to trufaste kjæledyr hadde vandra heden – men kanskje dei to lêrhalsbanda rett og slett var det onkel hadde for handa akkurat da. Iallfall var dette eit av dei typiske mysteria som fanst innelåste bak château de Barfleurs murar. I det minste var det ikkje eg som kom over dette mysteriet, og berre tanken på korleis mor ville ha reagert om det hadde vore eg, får enno i dag pulsen min til å skyte fart. Luna hennar kunne slå til når du minst venta dei. Ho uttrykte så visst ikkje morslidenskapane sine som andre mødrer, men eg visste likevel å nyte dei tilfella, som langt frå var sjeldne, da ho engsta seg for at eg 7


Parrot og Olivier ferdig.qxd:Layout 1

27-02-12

11:44

Side 8

heldt på å døy. Journalane viser at ho i året 1809 sendte bod på legen femtitre gonger. Tjue år seinare kunne ho framleis gripe til dei mest forskrudde knep for å redde livet mitt. Barndommen min vart verken velsigna med eller forkludra av onkels célérifère, og eg ville ikkje ha nemnt den, om ikkje – sjå, her er den, rett framfor auga våre.

Typisk at den austerrikske teiknaren ikkje har makta å få fram alle dei tre dimensjonane. Men: Kunne det ha funnest eit framkomstmiddel meir eigna for den ryggelause oppgåva eg har tatt på meg, ei oppgåve du forresten alt har gitt di støtte ved å gå laus på denne boka? Altså, du har med det sagt ja til å bli transportert til barndommen min, der det vil bli bevist, eller om ikkje bevist, så iallfall sterkt sannsynleggjort, at til og med forma på hovudet mitt, min særeigne frenologi, og også lungekapasiteten min, vart bestemt av dei ukjente kreftene som var i spel i åra før eg vart fødd. La oss derfor innbille oss at ein underleg og barokk sykkel har vorte gjort tilgjengeleg for oss, ei treramme forma etter linjene på ein hest, og når vi skal nærme oss heimen min på den måten, må vi sjølvsagt berre finne oss i å måtte skyve onkels pedallause sykkel over falne greiner gjennom skogholta. Det er ei nesten fåfengt oppgåve i den ulendte skogen der eg og abbed de la Londe, min kjære Bébé, skaut så mange hundre lerker og sporvar at den vesle skuldra mi vart banka mør og blå. «Forsiktig, kjære Olivier, ver forsiktig.» 8


Parrot og Olivier ferdig.qxd:Layout 1

27-02-12

11:44

Side 9

Vi hoppar over naseblodet inntil vidare, men realistisk sett kan blod komme til å flyte før vi veit ordet av det – spektakulær blodsprut, praktfulle blodfontener – kroppen min blir alltid ein altfor tynnvegga behaldar for lidenskapane som rasar gjennom årane mine, men når vi no spinn i hop eventyret vårt, så la oss sjå bort frå alt det der med blod og kompressar og igler og ville rideturar for å rive legen bort frå frukostbordet. Og så kan vi lesarar forlate den silkemjuke, trulause Seinen og ta oss gjennom dei ulendte skogane og nå fram til stien mellom lindetrea, og eg, Olivier-Jean-Baptiste de Clarel de Barfleur de Garmont, av adelsslekta Nærsynt, kan fritt fyke av garde som Merkurius mens eg peikar mot flimmeret av ein grønsakhage til venstre og fargesamansuriet av ein frukthage til høgre. Der går den møkkete landsbyvegen, som eg kan skli og skrense over, blind som ein moldvarp, og vidare inn gjennom den opne porten til château de Barfleur. Hei, Jacques, hei, Gustave, Odile. Eg er heime. På høgre side, rett innanfor porten, ligg fars rettslokale, der han fører unge bønder inn i ekteskapet og dermed bergar dei unna militærteneste og ein tidleg død i Napoleons hær. Vi snakkar aldri om at vi ikkje er for Bonaparte, og far lèt andre ta seg av intrigane. Vi lever eit stille liv – seier han. I Normandie, i eksil, seier han òg. Mor seier det same, men på ein bitrare måte. Berre gjennom arkitekturen kan du få eit visst inntrykk av det mektige familietraumet. Vi fører et stille liv, men borggarden vår ser ut som ei slagmark, den ærverdige reisninga blir håna av eit hav av grøfter, vollar, raud gjørme, kvit sand, grå steinheller og femtifire forsythiaer med røtene pakka inn i striesekker. For at borggarden skal få folde seg ut i sin rettmessige glans, har den austerrikske arkitekten vorte installert i Det blå rommet med teiknebretta og blyantane sine. Kanskje får du eit glimt av dette opphøgde vesenet idet vi passerer. Eg har late vere å nemne den mest alvorlege mangelen ved onkels kjøretøy – at det manglar ein styremekanisme. Det har fleire andre manglar, men kvifor bry seg? Tohjulingen er ei av 9


Parrot og Olivier ferdig.qxd:Layout 1

27-02-12

11:44

Side 10

desse underlege maskinene som først blir håna for å vere ubrukelege, heilt til dei bardus, som ein lakei som kjem ramlande nedover ei trapp, med eitt står der framfor oss, påtrengande til stades og til umåteleg nytte. Åra før 1805, da eg først vart lagt til mors bryst, var ei tid prega av både vakre og skrekkelege oppfinningar – og eg vart svært tidleg klar over det, utan å forstå nøyaktig kva det vakre eller det skrekkelege bestod i. Det eg forstod, hadde eg soge berre frå det vi kan kalle den symbolske blandinga, det vil seie dei samanflytande sekreta, den urovekkande smaken av mjølka til mor, min eigen pust, den beint fram fæle og ustoppelege rautinga til dei stakkars krøttera som særleg på vinterettermiddagar når tenarane på ny hadde forsømt å tenne lampene, pinte meg bortanfor all forstand. Men no har eg alt brukt hundrevis av ord, så det er på tide at vi kjem oss inn i châteauet, trillar stille på våre to hjul mellom to høge, blå dører, der vi etter å ha svinga skarpt til høgre blir katapultert heilt til enden av den lange, høge søylegangen i ein slik hujande fart at vi berre så vidt rekk å legge merke til, på venstre side, den innbilske arkitekten og den magre, lyshåra assistenten hans. På høgre side – følg med – reiser seks høge vindauge seg, kvart einaste eitt av dei viser fram for oss det påtrengande kaoset i borggarden og bortanfor portane bøndene og krøttera som uavlateleg kastar frå seg halm og møkk. Du kan òg rekke å få med deg, i mellomromma mellom vindauga, portrett av ein Garmont eller ein Barfleur eller ein Clarel, ei linje som strekker seg så langt tilbake i tida at dersom far i dei mørkaste dagane under revolusjonen skulle ha prøvd å brenne alle breva og dokumenta som kunne knyte han ugjenkalleleg til dei aristokratiske privilegia og farane, ville han ha sett ein heil hærskare papir bli vekt til live og løfte seg frå bålet i borggarden, fire hundre års historie forvandla til brennande kråker som steig på flammevenger opp mot den turkise himmelen som eg, som enno var ufødd, ikkje var der og kunne sjå. Men dagen i dag er lys og velsigna med solskin. Den lange søyle10


Parrot og Olivier ferdig.qxd:Layout 1

27-02-12

11:44

Side 11

gangen er ein veddeløpsbane brulagt med marmor, og vi susar mot den låge, mørke døra der framme, det vesle kapellet der mamma vier morgonane til bønn. Men mor ber ikkje no, så vi må bere framkomstmiddelet vårt vidare for å kunne treffe henne. At nokon skulle velje eik i ei slik innretning, er langt bortanfor vett og forstand, onkel må ha vore den kunstnaren. På veg oppover dei uendelege trappene kjennest den raspande pusten min som ei rottehalefil i strupen. Dette er ikkje moro, min herre, men du treng ikkje bli redd. Eg er kanskje ein puslete gut med lute skuldrer og spede armar, men blodet mitt er kaldt og sterkt, eg greier fint å svømme over ei elv og skyte ein fugl og bere ein célérifère opp til andre etasje, der eg skal presentere deg for den tilslørte skikkelsen med ein klut over auga på sjeselongen, mor, comtesse de Garmont. Stakkars mamma. Sjå kor ho lir, ansiktet er magert og gløder i det dunkle lyset. I ungdommen var ho aldri sjuk. I Paris var ho lysande vakker, men Paris er frårøva henne. Ho har eit stort hus i rue Saint-Dominique, men far er ein forsiktig mann, vi lever i eksil på landet. Mor sørgjer over Paris, sjølv om du innimellom kan forestille deg at ho kanskje er ein angrande syndar. Har ho synda? Kven ville i så fall ha fortalt meg det? Kleda hennar er dystre og sit laust, som det passar seg for ei religiøs kvinne. Livet hennar er ei slags heilag liding som utspeler seg på eit nivå høgt heva over dette skuffande barnet. Eg er òg sjuk, men det kan ikkje samanliknast. Eg er, som eg ofte seier om meg sjølv, eit ynkeleg dyr. Sjå på det, dette elendige, vesle krypet – hovudet mitt stukke inn under eit handkle, innhylla i damp, mens den digre handa til den gode Bébé, som like ofte var sjukepleiar for meg som læremeister og skriftefar, kvilte på den smale ryggen min der eg gispa for livet etter luft så lenge og så kraftig at eg – enno midt inne i krisa – kunne falle i søvn og vakne med nasen skålda i vassfatet, mens lungene heiv etter det vesle dei var i stand til å supe i seg som fisk i ei bøtte. 11


Parrot og Olivier ferdig.qxd:Layout 1

27-02-12

11:44

Side 12

Etter kor mange vakenetter på nippet til å bli kvelt såg eg det bleike morgongryet løfte dei doggvåte poppelblada opp frå dei mørke nattlege farvatna, hørte eg skrika frå kråkene, vart eg vitne til dei landlege pinslene så presist avteikna i dei groteske gipsmaskene ytst på avløpsrennene? Eg var sikker på at eg ville ha vorte frisk i Paris. I Paris ville eg ha vore lykkeleg. Etter abbed de La Londes oppfatning var Paris tvert imot ein elendig miasmepøl, lufta på landet gjorde meg godt. Han skulle undervise meg i Catullus og Cicero, men i staden drog han meg med seg, med muskettane våre parate, inn i det vi kalla Botnlandet, der vi skaut duer og trast og Bébé fungerte som både klappar og oppsynsmann og prest. «Du er ein fantastisk liten skyttar,» sa Bébé og sprang fram for å plukke opp byttet vårt. «Quam sagaciter puer telum conicit!» omsette eg. Han skjønte aldri kor nærsynt eg var. Eg var så ivrig etter å gjere han til lags at eg skaut ting eg ikkje såg. Mor ville at eg skulle tiltale han De og L’Abbé, men han var ikkje den typen menneske, så han måtte bli heitande Bébé til sin døyan dag. For han måtte eg vere ein snodig liten skapning å elske. Han var ein sterk og vakker mann med snøkvitt hår og kloke auge som lett vart rørte til medynk. Han hadde oppdratt far, og no var det eg som gav meg sjølv fullt og heilt over til hans svære, leverflekkete hender, til tålmodet hans, til lukta av Virginia-tobakken som laga flekker på skuldra på prestekjolen og fylte meg med atom frå Amerika tjue år før eg pusta inn lufta der. «Kom igjen, unge mann,» sa han. «Kom, det er ein nydeleg dag – Decorus est dies.» Akkurat da kunne ei haglskur flå huda av ryggen din, og han gav seg over i undring, ikkje over den fryktelege piskinga, men over mirakelet is. Eller om det ikkje var is, så kunne det vere vinden – som bles så kraftig at det såg ut som om sjølve Nordsjøen braut seg oppover Seinen og ville skylje bort muren som skilte elva frå bassenget vårt. 12


Parrot og Olivier ferdig.qxd:Layout 1

27-02-12

11:44

Side 13

Den saktmodige vil ikkje svømme, men Bébé sørgde for at eg ikkje vart saktmodig. Han stod og plaska i den djupe enden av bassenget, naken som ein avskoren statue – «Kom igjen, Store Olivier». Om eg – stikk i strid med alt Gud hadde skapt meg til – vart ein god svømmar, var det ikkje på grunn av den destruktive læra til Jean-Jacques Rousseau, men takka vere denne gode presten og behovet mitt for å glede han. Eg kunne ha gjort kva som helst for han, til og med drukne meg. Det var han som sørgde for at eg heile tida vart dratt bort frå den lumre atmosfæren i barndomsheimen min, og sjølv om eg fordreiv altfor mange kveldar i selskap med legar og igler, var eg, trass i legninga mi, fullt fortruleg med dei sanselege gledene ved dei ulike årstidene, den gode, raude jorda som tørka ut dei tandre hendene mine. Og naturlegvis overdriv eg. Eg budde i château de Barfleur i seksten år, og mor låg ikkje alltid oppe på dueloftet sitt med ein våt klut over auga. Over det låste skrivebordet til far hang eit stort og nydeleg blyantportrett av mamma, lyst og lett som drømmen til eit ufødd barn. Nasen på teikninga var kanskje bitte litt smal, ei aning for streng, men portrettet var så levande. Panna var reinskoren og glatt, blikket direkte og oppriktig, auga vendte spørjande mot den som betrakta henne, ikkje berre på portrettet, men elles òg – for det skjedde mang ein kveld i barndommen min at ho stod opp frå senga, kledde seg i all si prakt og skreid inn for å gjere ære på dei gamle vennene våre, ikkje folk som dei som nettopp og så raskt hadde vorte løfta opp i fremste rekke, men aristokratar frå embetsog krigaradelen. Å stå ute i borggarden slike kveldar med så mange praktfulle vogner parkerte ute av syne bak stallane, å sjå opp på den slørete månen og dei regnvåte skyene over Normandie, det var å vere sett tilbake til ei svunnen tid, og ein nærma seg den store ytterdøra ikkje i full fart på ein sykkel, men med rolege, tassande steg, og det var ikkje smuss og spindelvev ein kjente lukta av når ein steig innanfor, men det fine pudderet frå mannsparykkar, den søte parfymedufta som steig opp frå kvinnebarmar, mens det sprakande 13


Parrot og Olivier ferdig.qxd:Layout 1

27-02-12

11:44

Side 14

fargespekteret til l’ancien régime lyste opp omkring ein, fantastiske rosa og grøne kjolar i silke og sateng med fargar som kom til syne og bølgja bort att mellom foldane og smelta inn i lysglitteret i den storslåtte kvelden, og desse kveldane var mor den som strålte sterkast i flokken av vakre menneske. Men kor uendeleg vakker ho verkeleg var – dette flyktige og flagrande, fargen som var enda djupare enn i blyantportrettet – openbarte seg ikkje før flokken med livrékledde tenarar var sendt ut. Da vart gardinene dratt for, og far stod for kaffien og serverte den diskré til jamlikane sine, ein for ein, og mor, som når ho låg sjuk hadde ei stemme skjør som tynt, tynt papir, begynte å synge: Ein trubadur frå Béarn, med auga vætte av tårer … I dette augeblikket veik ho ikkje av frå den høgtidelege stilen. Dei slanke hendene kvilte lett i fanget, og det var til Gud sjølv ho valde å heve den sterke kontraaltstemma. Eg har mange gonger, nokså indiskré, står det for meg no, offentleg fortalt korleis mor song «Trubadour Béarnais», og derfor står historia fram for meg med ein falma glans som på ein keramikkfigur som er stengt inne i eit museum og har vorte utforska altfor ofte av nærgåande gjester. Det er derfor tilfeldige borgarar av den sorten som er på fornamn med gud og kvarmann, og konene deira, kan vite at grevinna av Garmont song om den døde kongen og gret, men ingen kjem nokon gong til å fortelje dei kor forskrekka og overraska Olivier de Garmont var over kjenslene mor hans viste, og – må Gud tilgi meg – kor sjalu eg var på dei lidenskapane ho så ustyrleg la for dagen, denne himmelen av historisk sus ho hadde halde skjult for meg. Da det pågjekk, måtte eg stå høfleg og oppmerksam ved sida av stolen til far og skjule kjenslene mine mens ho spreidde for alle vindar den lysta som retteleg tilhørte meg. Gjestene gret, og ein sterk motvilje mot at ei så privat handling vart utført i dette offentlege rommet, strømte gjennom meg. 14


Parrot og Olivier ferdig.qxd:Layout 1

27-02-12

11:44

Side 15

Med auga vætte av tårer, song han til fjellfolket sitt dette triste refrenget: Louis, son av Henri, sit fanga i Paris. Da ho var ferdig, idet ei høgtideleg ro la seg over vennene våre, tusla eg over det breie golvteppet og stansa ved sida av stolen hennar, og stille, som ein skorpion, kleip eg henne i armen. Naturlegvis vart ho overraska, men det eg hugsar best, er den ville og vondskapsfulle gleda ved å utføre ei stor synd. Ho sperra opp auga, men sette ikkje i noko skrik. I staden kasta ho lett på hovudet og skjenkte meg, frå under dei fuktige auga sine, eit forakteleg smil. Så gjekk eg kjølig og roleg for å legge meg. Eg hadde rekna med at eg kom til å gråte når eg lukka døra bak meg. Og eg prøvde verkeleg, men fekk det slett ikkje til. Eg var fylt av underleg overspente kjensler, men dei var liksom ikkje av den sorten som produserte tårer. Dei var av ein annan sort, som eg ikkje hadde kjent før, kanskje noko à la det ein reknar med kan finnast hos ein litt eldre gut der livssafta held på å stige opp gjennom den halvt svimeslåtte kroppen. Dei kunne likne på kjensler vekte av syndige tankar, men det var dei ikkje. Det eg hadde kjent teven av i den songen, i det rommet som var smekkfullt av aristokratar, var destillatet av château de Barfleur, nemleg sjølve den franske revolusjonens obskøne gru, slik den hadde heimsøkt familien min. Denne uhyrlege sanninga hadde aldri vorte omtalt med eit ærleg ord i mitt nærvær. Mor straffa meg for at eg hadde klipe henne. Ho var kald mot meg, og det passa meg godt. No skulle eg finne ut kva som hadde laga denne teven. Eg leita gjennom kommodeskuffene hennar når ho var i kapellet og bad. Eg tok nøkkelen til biblioteket. Eg undersøkte papira i skrivebordsskuffene til far. Eg klatra opp på stolar. Eg oppsøkte dei mørke og forbodne krokane av châteauet der 15


Parrot og Olivier ferdig.qxd:Layout 1

27-02-12

11:44

Side 16

atmosfæren var skummel og skitten, langt unna området der biblioteket låg, innanfor den tørre, trygge vinkjellaren, gjennom eit mørkt, lågt, firkanta holrom, inn i det låge, botnlause, skitne, mørke området der flammen frå vokslyset spreidde seg til spindelvevet. Eg fann ingenting – eller ingenting anna enn angst som blanda seg med støvet på hendene mine og gjorde meg kvalm. Men så er det ein gong slik at Silices si levas scorpiones tandem invenies – dersom du løftar på mange nok steinar, finn du til slutt eit skorpionbol eller eit bleikt, gjennomsiktig vesen som er skapt for å leve i eit kloakkhol eller ved elden i ei smie. Og da siktar eg ikkje til dei breva ein viss Monsieur hadde skrive til mor, og som eg skulle ønskje at eg aldri hadde sett. Det var faktisk like ved elden i smia at eg kom over sanninga i form av nokre heilt kvardagslege pakkar som eg kunne ha opna når som helst eg ville. Sjølv fire år gammal kunne Olivier ha fått tak på dei – hylla hang så lågt at smeden vår brukte å støtte reiskapane sine mot den. Det mest nærliggande var å tru at pakkane var lagt der av ein for lengst død gartnar – at for eksempel tørka frø eller salvie eller timian var omhyggeleg pakka inn for å skulle opnast att på ei årstid ein eller annan Jacqes eller Claude aldri fekk oppleve. Den dagen eg klemte den snørrete nasen min mot dei, og det var lenge, lenge etter den kvelden da eg kleip mor, gav dei framleis frå seg ei tydeleg, men nokså forvirrande lukt. Var det ei god lukt? Var det ei vond lukt? Eg ante ikkje. Sjølv ikkje Montaigne, som elles er mest opptatt av lukter som har med kvinner og mat å gjere, er innstilt på å behandle ei lukt som denne. Han unngår konsekvent dei lågare artane som mugg og sopp, død og blod, som avgjort ville ha tent han meir til ære enn den latterlege påstanden om at sveitten hos store menn – han nemner Aleksander den store – gir frå seg ein utsøkt dunst. Den gamle smeden hadde døydd vinteren før. Gustave var smed no, og Jacques var handlangaren hans. Dei hadde nettopp sett i stand dei øydelagte portane våre og laga nifse piggar som skulle stikke opp langs den øvre kanten, og heldt på å montere 16


Parrot og Olivier ferdig.qxd:Layout 1

27-02-12

11:44

Side 17

dei. Mens Gustave bjeffa mot Jacques, la eg forsiktig dei første moskusduftande pakkane utover steinhellene. Dei minte slett ikkje om død eller gru. Det gule avispapiret dei var pakka inn i, var nokså gammalt og oppsmuldra, omtrent som galettane vi åt på heilagtrekongarsdagen, sjølv om dei i dette tilfellet ikkje inneheldt den nydelege mandelkremen, frangipane, men – kva var det blikket mitt møtte? – rett og slett ein tørka fuglekropp, ei due, og frå dei tørka leivningane begynte det å strekke seg ei snor av små, svarte maur, og det var desse maurane som gjorde meg så oppskaka. Dei myldra oppover armane og nedover halsen min og beit meg overalt. Snart sprang eg fram og tilbake i borggarden og hylte og vart ikkje frelst før Gustave drog av meg tunikaen. Så høge var skrika mine at far kom styrtande frå rettslokalet i dommarfrakk og parykk. Ei robust brur og ein stornasa brudgom følgde i hælane på han og myste mot det eg hadde funne. Gustave og Jacques henta dusin på dusin av desse pakkane og la dei, etter ordre frå far, i ei pen rekke langs ytterveggen. Da alle var komne fram, gav far ordre om at dei skulle øydeleggast, og eg trudde naturlegvis at grunnen var alle desse skrekkelege maurane. Odile kom ut for å sjå kva som stod på, varsla av skrika mine. Også Bébé kom. Dette vart ei nokså stor forsamling til denne staden å vere. Så kom mor kjørande i Plageånda – som var namnet vi brukte på den duvande vogna hennar – gjennom dei opne portane, og like etter hadde ho stige av og hamna midt oppe i det heile, sjølv om far prøvde å halde henne unna. «Nei, Henriette-Lucie, ikkje kom hit.» Akkurat det sa han, ordrett. Mor snappa det smuldrande papiret ut av handa hans. «Duene mine!» skreik ho. Eg skjønte det ikkje, ikkje eit einaste lite sekund skjønte eg det, men eg hadde altså funne sjølve forklaringa på livet mitt. Mor heldt lommetørkleet for munnen. Det såg ut som om ho skulle kaste opp. Ho hadde ikkje auge for meg, var halvdød av aristokratisk skam. Ho ville ikkje bli tatt hand om av tenarane, 17


Parrot og Olivier ferdig.qxd:Layout 1

27-02-12

11:44

Side 18

berre av aristokraten Bébé, som geleida henne inn i châteauet. Ingen la merke til meg, og eg heldt meg i bakgrunnen mens far sendte brura og brudgommen tilbake til rettslokalet. Eg vart ståande og sjå på mens duene vart kremerte, men sjølv da skjønte eg ikkje at kvar einaste pakke inneheldt eit offer for revolusjonen. Eg gjekk i eitt med veggplankane, lét det til, og derfor greidde eg lett å berge eit einsleg, skjørt papir og forsiktig, som om det var ein vakker sommarfugl, bere det med meg for å lese det ute i skogen.

ii Den avskyelege austerrikaren stira på meg da eg styrta mot kapellet og hamra på døra heilt til den skramla ut av lås. Eg kasta meg ned framfor alteret mens blodet rann frå nasen. Kunne ikkje Gud beskytte meg mot den forferdelege tingen eg bar samankrølla i handa? Bébé knelte ved sida av meg. Han greip handa mi som for å trøste meg, og så tvinga han den open. Han heldt fast om handleddet mitt og lirka papirbitane ut av fingrane mine. «Kva er dette, barnet mitt?» Det var ei teikning frå ei gammal avis som hadde vore pakka rundt ei due. Den viste ei maskin, eit redselsfullt knivblad, ei ramme, eit tau, eit menneskehovud skilt frå kroppen. Det var hovudet til kongen; eg kjente att det fine ansiktet hans. Ein neve heldt hovudet opp mot den avkappa halsen, der blodet spruta og flaut. Med kunstferdig utforma bokstavar stod det skrive: Que le roi soit damné. Bébé gav meg det krøllete lommetørkleet sitt. Det var ikkje det totalt utilstrekkelege ved dette som skremte meg, men at han, min eigen Bébé, kunne sjå på Olivier med eit så uttrykkslaust og slitent blikk. «Har dette skjedd?» ville eg vite. Han løfta resignert på dei svære handflatene. Det var skremmande, men verre, mykje verre – han trekte på skuldrene. 18


Parrot og Olivier ferdig.qxd:Layout 1

27-02-12

11:44

Side 19

«Det er avskyeleg,» skreik eg slik flaggermusene skrik når dei flyg gjennom eit skremmande mørker. Under meg var det ein avgrunn, ingen golv, ingen vegger, og hovudet mitt var fullt av halshoggingas uhyrlege redslar. Hovudet til kongen var eit perfekt, levande hovud som kunne smile og snakke, og auga var perfekte auge, og håret var stelt slik håret til ein konge skal vere stelt, og alt ved han var så fint og bra bortsett frå denne sjofle maskina, desse haglande bloddråpane, denne motbydelege skvettinga og sprutinga. «Er dette grunnen til at mor græt? Veit ho om dette?» Eg meinte var det dette ho såg når ho låg med den fuktige kluten over auga? «Ja, kjære deg.» «Men kven laga denne forferdelege innretninga, Bébé? Kven kunne greie å forestille seg noko så ekkelt?» «Dei meiner at den er til det beste,» sa Bébé. «Var det Napoleon som gjorde dette? Er det derfor vi hatar han?» «Nei, dette er far til Napoleon.» Eg forstod ikkje kva det kunne bety – at dette var ein far. «Bébé, kven drap alle dei duene?» «Bøndene stilte duene for retten for å ha stole frø. Dei fann dei skyldige, og så vrei dei halsen om på dei.» «Men vi har ikkje duer, Bébé. Loftet er tomt. Vi har aldri hatt duer.» «Morfar din heldt duer. Bøndene kjente seg nok plaga av dei, at duene åt opp frøa dei hadde sådd.» Kan du forestille deg ei så stor flodbølgje av redsel skylje over eit så lite barn? Men slik var det at eg seks år gammal fekk min første leksjon i Skrekkveldet som morsmjølka eg drakk, hadde hatt ein bismak av. Foreldra mine hadde vorte kasta i Porte Librefengselet, der ein av aristokratvennene deira kvar dag vart kalla «til kontoret» og aldri meir vart sett. I dei månadene vart håret til far kvitt, og den vakre mor mi vart knust i dette året 1793, da sansculottane kom farande etter vegen frå Paris. 19


Parrot og Olivier ferdig.qxd:Layout 1

27-02-12

11:44

Side 20

Familien hadde sete til bords, fortalde Bébé da han «hadde fått guten ut», forbi smia, inn under lindetrea. Dei hadde vore midt i middagen, mor og far og morfar, da gartnaren hadde komme fykande inn og stod framfor dei med ei hagesaks i dei hanskekledde nevane. «Borgar Barfleur,» sa han til morfar, «utanfor står nokre borgarar frå Paris og spør etter deg.» Sjølv når vi tar med i betraktninga at revolusjonslovene forbydde han å seie De og Dykk, var dette ein svært uvanleg måte å snakke til morfar på for ein tenar. «Var det ingen som straffa dei for at dei var så frekke?» spurde eg. Vi rusla i enga attmed elva, lufta anga friskt av nyslått høy. I frukthagen lukta det skarpt av gjæra pærer, kvar nedfallen frukt vart oppvarta av ein sirkustrupp av berusa bier og mygg og vepsar som aula og tumla over fruktkjøttet. Midt oppe i denne lystige, markstukne turinga hadde eg funne løyndommen, gammal og muggen som ei valnøtt innelukka i skalet sitt. «Kvifor gjekk ikkje far laus på dei?» Morfar var Armand-Jean-Louis de Clarel Barfleur. Namnet hans var òg namnet på byen og på elva, den aristokratiske slektslinja hans gjekk ubroten tilbake til normannarane, og før det til Clovis, og før Clovis til Childeric, kongen over dei saliske frankarane, som samla krigarane sine rundt seg i skogane i Toxandria, og kva var fatt med han som lét eit par drukne sansculottar ta livet av han? «Det er det vanskeleg å forklare,» sa Bébé. Ja visst. Det var ubegripeleg. Det var komme berre to menn frå Paris, så vidt eg kunne forstå. Familien min hadde vore like dumme som duene, tenkte eg. Dei hadde funne seg i å få halsen vridd rundt. «Var det til den dei tok morfar?» spurde eg. «Kva for noko, barnet mitt?» «Til denne tingen.» «Ja, til den tingen.» Vi vandra nedover gjennom Botnlandet mens dei sky vaktlane 20


Parrot og Olivier ferdig.qxd:Layout 1

27-02-12

11:44

Side 21

flaug opp frå graset rundt oss. Eg var opprørt over familien min og felte ein nådelaus dom over særleg far, at han ikkje hadde trekt sverd og slakta ned plageåndene sine. Lungene mine var tette, hjertet fylt av uro, men latinbøyingane måtte framleis lærast. Mens dagen gjekk mot kveld, hic– haec–hoc-a Bébé og eg oss gjennom det underleg bleike graset opp til den gamle mølla, der vi sette oss på trappa og åt eit eple. Det var ikkje mørkt enno, men gjennom det tette lauvverket kunne eg sjå dei gule lysa heime. Eg skjønte, for aller første gong, at dette ikkje var ei stolt og sterk borg, men ein stad utan styrke, eit veikt punkt i den kommande natta. Eg såg morfar og far som sat utan å protestere på stolane sine. Eg forestilte meg mordarane komme med dei nakne rumpene og veldige mustasjane sine på vegen frå landsbyen i skumringa, mens lufta dirra av stolen vin, mens himmelen lyste av dei brennande faklane og feit, svart røyk snodde seg mot skysløret og fine røyktrådar teikna linjer på ein fortidsspegel som skulle ha vist heltemodige scenar – pappa med sverdet trekt framfor ein fiende som var driven på flukt. «Eg ville ha gått laus på dei, Bébé. Eg ville ikkje ha oppført meg som ein kujon.» Den kjære, gamle abbeden sa ikkje eit ord mens vi kryssa landsbyvegen og portnaren låste opp den tunge porten. Så vart han ståande og sjå på at tenaren gjekk tilbake til huset sitt. «Bébé, er du sint?» Det fylte meg med skrekk å kjenne meg så åleine, å skjønne at han som alltid hadde elska meg, ikkje gjorde det lenger. Eg måtte inn og bade, men eg kjente dei mørke auga hans gjennombore meg mens sommarfuglar strauk meg over håret og landa på skjorta mi. Da han begynte å snakke, sa han ikkje eingong namnet mitt. Mens all farge hadde forsvunne frå himmelen og portnaren hadde stengt døra og lyset frå vindauga i søylegangen kvilte mot bakken, heldt han ei forelesing for meg. Det uendelege universet viste seg snart over oss, og synspunkta til eit barn var berre spilt salt. 21


Parrot og Olivier ferdig.qxd:Layout 1

27-02-12

11:44

Side 22

Pusten min raspa verre, men han viste ingen nåde. Armane klødde og beina verkte, men eg var altfor forskremt til å klage mens Bébé fortalde meg om mannen som hadde sete ved bordet denne fryktelege dagen. Det var morfar, den store Barfleur, som berre var eit namn for meg. Barfleur hadde elska kongen så høgt, etter det eg forstod, at han tok han i skule og refsa han der rådgivarane førte han lukt mot undergangen. Det var Barfleur som hadde våga å be kongen skattlegge adelen, gi jødane borgarskap, gi protestantane lov til å utøve gudstrua si i fred. «Det er dette som er mot,» sa Bébé. «Det var greven av Barfleur som bad kongen skjere ned på ekstravagansane ved hoffet. Han bad han hugse historia om Charles I av England. Hugsar du den?» «Eg har glømt årstalet, Bébé. Unnskyld.» «Årstalet er ikkje så viktig. Han sa til kongen: ‘De har fått krona Dykkar, herre, frå Gud åleine; men De bør ikkje nekte Dykk sjølv den gleda å tru at De også har fått makta frå undersåttane Dykkar, som frivillig har underordna seg Dykk.’» «Kongen,» sa abbed de La Londe med ei stemme som ljoma så høgt og klart i borggarden at eg vart redd og forestilte meg at smeden, portnaren, gartnaren lytta frå skuggane bak dørene sine. Min kjære, kloke Bébé stod med eitt fram som det mest dumdristige mennesket på jord. No gjekk pusten min nokså trått, sannsynlegvis fordi mor, som hadde vindauget på vidt gap mot sommarlufta, ikkje tålte å høre eit einaste vondt ord om kongen. «Det var Versailles,» sa Bébé, «som hadde skylda for monarkiets fall, og det var det forblinda og tåpelege hoffet som førte oss ikkje berre til giljotinen, men til denne banditten Bonaparte, som har sørgd for at Frankrike ikkje står høgare i kurs enn ein lommetjuv og ein ransmann.» «Bébé, skal vi ikkje gå inn?» «Nei,» sa Bébé, «for du har vakse opp på ein nokså spesiell måte, stakkars barn. Og no skjønner eg at du ikkje aner kven du 22


Parrot og Olivier ferdig.qxd:Layout 1

27-02-12

11:44

Side 23

er, eller kven far din er. Har han nokon gong fortalt deg at han redda livet mitt?» «Nei, Bébé.» «Far din er ein modig mann. Å gå til kamp mot borgarane frå Paris ville ha vore like dumt som å slåst mot ein sverm veps. Sprang far din rundt og hylte ut smerta si?» «Nei, Bébé, det trur eg ikkje han gjorde.» Eg såg for meg far stå ute i ei eng med ei sky av veps omkring seg. «Det er det som er mot,» sa Bébé, «det er det som er sann karakter. Du skal ikkje klandre det stakkars, uvitande folket, kjære deg. Skjønner du kva eg seier? Hoffet i Versailles førte alt dette over oss.» Eg skjønte jo at han ikkje meinte at folket var vepsar, men det var slik eg såg det for meg, og i fantasien var eg ikkje lenger ein adelsmann med sverd som hogg ned dei som hadde lagt hand på folk av min klasse, men ein redd gut som sprang hylande gjennom dei mørknande engene, stukken, såra, og kasta seg ut frå elvebreidda og drukna i Seinen. Den kvelden vart pusten min så ille at verken kvitløk eller konjakk greidde å kurere meg, men først da morgongryet meldte seg, fór dei ut og drog legen opp av senga.

iii Giljotinen kasta eit diamantklart lys over det livet som fram til no hadde vore innhylla i skuggane i château de Barfleur. Ikkje dermed sagt at livet mitt var øydelagt. Eg svømte og gjekk på jakt og stappa i meg grøne plommer til magen verkte. Eg fekk ein kamerat, Thomas de Blacqeville, som ein gong var hos oss i seksten dagar. På den sjuande fødselsdagen min reiste eg til Paris og åt millefeuilles i huset til Mme de Chateaubriand. Eg skal ha fått selskapet til å le, men ingen er i stand til å hugse kva vittigheita mi gjekk ut på. Eg var bråmoden. Eg var eit geni på piano. Eg trudde sjølv eg var ein meister i alt. I 1812, det året eg fylte sju, var eg fullbefaren i latin og gresk. 23


Parrot og Olivier ferdig.qxd:Layout 1

27-02-12

11:44

Side 24

Det var nettopp denne sommaren at Helten frå Vendée kom til château de Barfleur. Det var fars fødselsdag, men gjesten hadde ikkje med seg noka gåve – eller nokon venstrearm, for den del, armen var nok skoren vekk av ei eller anna skrekkeleg maskin. Det tomme ermet av kvit silke såg ut som eit spøkelse, men det eg framfor alt la merke til, var mor. Ho hadde, fram til det augeblikket da denne gjesten dukka opp, opphalde seg i ein sjeselong i Gullrommet, gardinene var dratt for mot den skarpe heten, ein fuktig klut kvilte over ansiktet hennar på ein måte som kunne få ein framand i huset til å tru at ho var død. Mannen steig fram mot mor. Han bøygde seg stivt og snakka med den latterlege kviskringa dei legg seg til i Italia, men om du hadde sett korleis mor reagerte, ville du ha trudd at han skreik inn i øret hennar. Ho formeleg spratt i vêret. Om mannen hadde ramla i golvet, ville ho ikkje ha sett det, for idet tenaren hennar styrta ut av rommet raud i fjeset – bukka ho for ein gjest. Altså mor, med ein rang som forlangte av henne at ho aldri helsa nokon med meir enn ei tilmålt neiing, ho bukka djupt for ein mann med ein avkappa arm. Seinare tenkte eg at bukket kanskje var ein eller annan privat referanse, eit skodespel, eit sitat, ein vits: Molière? Gjesten var Marie-Jean de Villiers, écuyer, marquis de Tilbot, av og til kalla Helten frå Vendée, sjølv om eg sjeldan hørte at han vart kalla noko anna enn Monsieur. Om det kom av at han var smålåten eller stolt, aner eg ikkje. Han var stor og raudleitt som overflata på ein biff, ein edel krigar som hadde leidd bøndene i Calvados og Orne mot revolusjonen. Om det berre, sa mor seinare, hadde funnest hundre Monsieurar. I Gullrommet snakka Tilbot nokså lågmælt til mor. Han hadde tatt med seg «noko småtteri», ein folio med kopparstikk av eksotiske planter, av den sorten som var så populær i dei tapte biblioteka i l’ancien régime. Eg går ut frå at han hadde tenkt å selje 24


Parrot og Olivier ferdig.qxd:Layout 1

27-02-12

11:44

Side 25

folioen til henne, men det visste eg ikkje den gongen. Begge gjekk interessert gjennom den, side for side, og kom med begeistra utrop over det merkverdige plantelivet i Australia. Kva dei sa til kvarandre, hørte eg ingenting av, men eg følte lufta dirre og skjønte at denne avskyelege einarma mannen var i ferd med å stele fars fødselsdag frå oss. Middagen skulle vere ein storslått affære med kyllingfrikassé, og rapphønsstuing, og steikte paiar, og kylling med trøflar, og slik vart det, men festen vart øydelagt, ikkje av det fryktelege torevêret, men av gjesten, som snakka altfor mykje og på ein måte som heilt sikkert tok sikte på å halde sanninga skjult for eit barn. Da songane var sungne, unnskyldte Bébé seg, og eg skjønte at han var sint. Og far? Han vart stadig meir formell, og huda hans fekk ein skinande, voksaktig glans, som om han var ein dyktig utført kopi av seg sjølv. Mor minte han to gonger om alt papirarbeidet som venta på han, og klaga, liksom i sympati, over at ingen i Paris hadde såpass omtanke at dei tildelte han ein kopist eller ein sekretær. Folioen med stikka vart ikkje nemnt med eit ord. Eg var eit lettbevegeleg barn og i ein opprørt sinnstilstand. Da far snakka, som han ofte brukte å gjere, om dei unge bøndene som han førte inn i ekteskapet for å redde livet deira, smilte Monsieur mot mor. Kva det betydde, ante eg ikkje, men hadde eg vore far, ville eg ha tatt det tomme ermet til gjesten og dratt til han i ansiktet med det. Eg ønskte det så intenst at lungene mine gjorde opprør, og eg vart ført frå bordet for å få min eigen dessert – ikkje kandisert frukt, men Odile og iglene hennar og lynnedslag på rekke og rad utover heile denne augustkvelden. Den neste episoden eg hugsar, var ein morgon nokre månader etter at M. de Tilbot hadde reist. Eg kom over mor i rommet hennar. «Kvar er Céleste?» Det var stuejenta hennar. Mor svarte ikkje. Ho heldt på å stappe kokordar i ei reiseveske. Ho skakka på hovudet, smilte, ingenting anna. Eg tenkte: Gode gud, kva står på no? Er ho glad? 25


Parrot og Olivier ferdig.qxd:Layout 1

27-02-12

11:44

Side 26

«Mamma, kva er på ferde?» Eg sat stille og pirka innanfor skjerfet eg hadde på for å skjule iglemerka. Mor gjorde, skjønte eg, ei tenestejenteoppgåve. Endeleg klappa ho igjen reiseveksa, og dei faktiske tenestefolka vart henta for å ta den med ned. I seinare år har ho alltid insistert på at ho ikkje kunne fortelje meg sanninga fordi eg var for skjør, men da ho stengte seg inne i budoaret med Céleste, gjorde ho meg berre enda skjørare. Da ho endeleg kom ut att, hadde eg klort armane mine til blods, men alt det ubehagelege vart glømt da eg såg henne – ho hadde kledd seg ut i eit kostyme som kunne ha forestilt ei pretensiøs borgarkvinne i eit skodespel. Ho drog meg inn på romma sine der ho trædde meg inn i det dei kalla ein skjelettdress, ei kort, raud jakke og stramme bukser. Eg lurte på kvifor den måtte ha eit så stygt namn. Deretter følgde eit fullstendig overraskande møte med far. Det skjedde ute, midt i kaoset som den snarlege avreisa til mor hadde skapt. Han var kledd som ein Garmont på portrettet som Titian hadde måla, ein aristokrat av embetsadelen, det enorme antikke sverdet hang ved sida hans og laga no og da ein lyd som gullmyntar i ein pung. Det lukta talkumpudder og lêrolje av han, og eg stira på han med ei kjensle som låg svært nær ærefrykt. Slik, svært formelt – Olivier i skjelettdress, M’sieu l’comte i sin rangs fulle prakt – stod vi overfor kvarandre. Det var ein uvanleg varm og lys dag, sjølv om himmelen var grå. «Har mor di forklart alt for deg?» «Nei, pappa.» «Kong Louis kjem tilbake,» sa far, tydeleg djupt rørt. «Comtessa skal bli ei dame du Palais for dronninga. Eg skal sitte i Overhuset. Du kjem ein gong til å bli comte de Garmont. Eg er på veg til Paris for å helse Hans Majestet velkommen,» sa han med lysande auge. «Mor di nektar å vere att heime. Ho tar vogna.» Korleis skulle eg makte å trekke pusten no? Eg tenkte: Eg vil ikkje bli att her. 26


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.