Poesiar

Page 1


Poesiar ferdig_A 14.12.15 09:37 Side 1


Poesiar ferdig_A 14.12.15 09:37 Side 3

Jon Fosse

POESIAR Etter Henrik Wergeland Dikt

Samlaget Oslo 



Poesiar ferdig_A 14.12.15 09:37 Side 5

Bedst troer jeg Vanvid vilde digte Henrik Wergeland


Poesiar ferdig_A 14.12.15 09:37 Side 6


Poesiar ferdig_A 14.12.15 09:37 Side 7

 sjå bygda  ein gong vil skuggen  ormen vrid seg opp mot lyset  når hjarta er musikken  å kva er no dette  jorda er delt mellom liv og død  men natts draumar  så, å, er du skapt av skyer  i kinn  men lamma ligg på bakken  ditt hår du tidleg  for engelen er tida  det var som om ein blind fekk syn  Utan tankar  to englar møtte oss i døra  Ho slumrar  når sjel i sjel  Tankehjarta  ikring oss, elskte, er dei  blod fullt av vatn  ho må bera han heim  det er trongt under himmelkvelven  det er skyldskap  mi sjel har berre 


Poesiar ferdig_A 14.12.15 09:37 Side 8

skyene er skuggar  eg er litt utanfor meg sjølv  det vantar ikkje syner  min arm er veik  ja så vakker som draumen  no har eg sagt  for berre vanvitet torer ikkje  alt, alt då alt  for etter at stega hans  mørkret lyttar seg framover i natta  I vårens pust  var det di ånd  sjela mi er ein loge  eg har mørke fjell  blåse du vind  sjela mi er våt  skyene opnar seg  ho legg kinnet på håret hans  kvar drope er si eiga verd  å mi syngjande sjel  lyngens klang  tenk å symja imot  raudnar du himmel  om i auga ditt  bølgjer av kjærleik  sjela mi vil  og stormen fører ikkje din klang 


Poesiar ferdig_A 14.12.15 09:37 Side 9

dei gamle stjerner  ei bølgje steilar  dagen er ein fugl  Den himmel blå  i himmelen  fridom er hjarta i ånda  kvar kveld  Englane ser ikkje sorga  knapt større enn vengjene til eit fivreld  og stjernene  sorga har tapt  Kvart syn flytter på seg  og folk lèt att hjarto sine  for eg vil kviskra i ditt øyra  i tre netter  hjarteslaga dine  løynd ligg ei ånd  Synskrinsen igjennom  Berre songen har mitt hjarta att  og røyndom kom  Dagen svartnar  Å han smiler 

Merknad 


Poesiar ferdig_A 14.12.15 09:37 Side 10


Poesiar ferdig_A 14.12.15 09:37 Side 11

  som reinsar sin venleik i fjorden sjå brota opp mot skogen og sjå skogen skyva skyer mot fjell som blånar fjernt og er staden der all lufta kjem ifrå




Poesiar ferdig_A 14.12.15 09:37 Side 12

    av gjerninga hans blanda seg med klårleik på panna hans for ikkje å forsvinna i ei mors gråt og når eg bannar inn i øyra hans flyg han vilt og då ser dagsens kveld berre ei tåre verta stor i auga til brorens enkje (og ei mor i natta grå av sorg bøyer seg med utslege hår over den sovande lekamen hans)




Poesiar ferdig_A 14.12.15 09:37 Side 13

      og dei lilla vengjene hans blir til spiler over grasstrå og liknar på ånda der ho rører seg igjennom stjerners vrimmel men når krafta veks ilar ormen over himmelen på vengjer som flaksar og flaksar og han vrid seg oppetter mot lyset på vengjer som ikkje kviler til han til dei lilla vengjene hans er spiler over grasstrå som liknar på ånda der ho rører seg fromt over himmelen gjennom vrimmelen av stjerner




Poesiar ferdig_A 14.12.15 09:37 Side 14

    kroppen lyttar til kan det klinga i hole fjell og einkvan vil oss vondt og klemmer oss imot kvarandre og alt land utanfor ser ut som inngangen til ingenting




Poesiar ferdig_A 14.12.15 09:37 Side 15

     som så skinande bryt fram der himmel flyt saman med hav og dei svarte bølgjene i natta er stjerner som båtar spreidde på hav med den svarte fargen i auga (og det blide hjarta i hjarta vaker ømt over månens lette dag)




Poesiar ferdig_A 14.12.15 09:37 Side 16

       som døgeret mellom lys og mørker og den himmelske månen held saman natts mørker og dags lys




Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.