Samlaget 2014

Page 1

2014 | Bøker fra Samlaget

13

www.samlaget.no

eldre enn deg, men eg minnest deg frå du jentunge var, seier han Eg vaksen, du jentunge, seier han Hugsar du meg ikkje att, seier han Jau, jau då, seier Alida og visst minnest ho vel Åsleik, men ikkje som anna enn ein av dei vaksne karane som stod der og prata saman, og ho minnest at han budde i Vika, han og mora, men så mykje meir er det ikkje, tenkjer ho, for han var eldre enn henne, kanskje tjuefem år eldre, noko slikt, kanskje meir, så han var til dei vaksne å rekna han, tenkjer ho Men kvifor sit du her, seier Åsleik Ein stad må ein då sitja, seier Alida Har du ingen stad å bu, seier han Nei, seier ho Du bur ute, seier han Eg må vel det, når eg ikkje har hus, seier Alida Du og ungen din, seier han Ja vi må vel det, seier ho Og du er så tynn, har du ikkje mat å eta heller, seier han Nei, seier ho I dag har eg ikkje ete, seier ho Men reis deg, kom, bli med meg, seier han og Åsleik tek under eine armen hennar og han hjelper henne opp på beina og så står Alida der med vesle Sigvald på armen og nede ved føtene hennar

ligg dei to byltane ho drassar med seg og Åsleik spør om det er hennar saker og ho seier ja og han lyfter dei opp og så seier han kom og så går dei bortover Bryggja i Bjørgvin, han Åsleik i Vika og ho Alida med vesle Sigvald på armen går attmed kvarandre bortover Bryggja i Bjørgvin og ingen av dei seier noko og så går Åsleik inn i eit smau og Alida blir gåande etter han og ho ser dei stutte beina hans gjera lange steg, og ho ser slaga på den svarte jakka hans stå ut frå låra hans og ho ser den svarte skyggeluva hans trekt langt ned i nakken og i hendene ber han dei to byltane hennar og så stoggar Åsleik og han ser mot henne og så nikkar han med hovudet inn i eit smau og så byrjar han å gå inn i smauet og Alida går etter og mot brystet held ho han vesle Sigvald og han søv sin trygge og søtaste svevn og så opnar Åsleik ei dør og held henne open og Alida går inn og ho ser ned og så ser ho opp og ho ser eit avlangt rom med mange bord og så kjenner ho lukta av røykt kjøt og steikt flesk og så godt luktar det at ho i eitt no kjenner beina svikta under seg, men ho pressar vesle Sigvald mot brystet og samlar seg, samlar seg ja, og så står ho der støtt, men så god ei lukt av mat det har ho vel aldri før kjent, tenkjer Alida, og kvifor dreg no han Åsleik henne med inn hit, som om ho pengar hadde til å kjøpa seg mat for, ikkje ein einaste slant det har ho vel, tenkjer Alida og ho ser at folk sit og et, og så god ei lukt av røykt 14


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.