Samlaget våren 2015

Page 1

mot lyset, inn mot mørket. Svisj, svisj. Lys, mørke. Lys, mørke. Kva er vitsen, tenkte ho. Rydde opp, rette ut, glatte til. Berre for ein illusjon av hygge, av fred? Da ho var klar til å tørke opp vatnet, hadde Otto begynt på døra. Først spikra han ramma fast i karmen. Han såg på Sofie da han hadde gjort det, som for å seie: Der. No blir det ikkje noko lufting på ei stund. Så begynte han å slå på plater og fjøler. Det blei halvmørkt, skumt som i skogen. Som i transe drog Sofie golvkluten gjennom søle og vatn, vrei opp, drog over, vrei opp. Bøtta blei full, ho skulle til å reise seg opp for å gå ut og tømme den. Da ho løfta blikket, såg ho rett inn i to bein. Ho visste det med ein gong, det var hans bein. Dei skitne feltstøvlane. Det sjakkmønstra refleksbandet han hadde limt rundt buksebeina. Og rifla. Ruger Mini-. Namnet på våpenet var ein av tinga som hadde svidd seg inn. Ruger Mini-. Det var ein rar lyd i øyra hennar, ein slags låg, brummande dur. Ho såg ned i golvet igjen, og da ho såg opp, var det borte. Duren var òg borte, andre lydar var tilbake. Otto hamra og banka der ute, det kom musikk ut frå radioen. Sofie drog pusten djupt eit par gonger og reiste seg forsiktig opp. Det verkte i knea. Ho skjøna at ho hadde hatt ein slags hallusinasjon, og var meir forundra enn redd. Så mange år som ho hadde venta på at dottera skulle komme til henne. I ein draum, i eit syn, eller berre som det nærværet mange snakka om. Ei på sorggruppa hadde funne trøyst i at sonen hennar hadde blitt ein del av naturen, ho fann ro i skogen, prata med småfuglane. Ein hadde fortalt at han fekk kontakt på 


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.