GUNDA DJUPVIK
Smalhans Sunn, god og rimeleg mat
Det Norske Samlaget Oslo 2011
smalhans_innmat.indd 1
31.05.11 13.52
Š 2011 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Fotograf: Tove Breistein Form: Lise Myhre, Millimeterpress as Boka er sett med LFT Etica Trykk og innbinding: AIT Otta AS Printed in Norway ISBN 978-82-521-7966-8
Takk til Glasmagasinet for lĂĽn av utstyr og tekstilar.
smalhans_innmat.indd 2
31.05.11 13.52
Livet kjem i klumpar Å lage god mat med lite pengar er å vere tusenkunstnar og å kunne sjå nye kombinasjonar av ingrediensar og mat som du har i skap, frysar og kjøleskap. Å kjøpe inn dei rette matvarene til rett tid er også viktig. Livet kjem i klumpar, seier ei klok dame eg kjenner. Når det skjer, kan det også få konsekvensar for økonomien. Om behovet for å spare er mellombels eller konstant, så treng ein uansett inspirasjon og idear for å lage god og sunn mat. Klarer du å halde orden på matstellet, er det også lettare å halde orden på andre område i livet. Utfordringa er å vere mat-kreativ med enkle og billige råvarer, og i denne boka prøver eg å hjelpe deg med det. Eg likar å gjere ting enkelt. Derfor vil du ikkje finne så mange kompliserte oppskrifter i denne boka. Eg vil gi deg tips om korleis du kan lage billig og smakfull mat på ein rask og enkel måte. Viss denne boka gir deg lyst til å gå ut på kjøkkenet og gå i gang med matlaginga, har eg oppnådd det eg ville. Lykke til!
Alt godt, Gunda
smalhans_innmat.indd 3
31.05.11 13.52
smalhans_innmat.indd 4
31.05.11 13.52
Innhald I tronge tider
7
Linsegryte
62
Dessertar
Om å kjøpe inn
9
Nachos
64
Bakte plommer
114
Parmesangratinerte kyllingfiletar
Marengs (pikekyss)
116
66
Jordbær- og rabarbrapai
118
Pasta Bolognese
68
Tilslørte bondepiker
120
Pølsegrateng med spinat
70
Toscansk rispudding
122
18
Nasi Goreng
72
Matauk i skogen
19
Tre gode grautar
74
Å redde mat
20
«Gått ut på dato»
12
Kor lenge kan mat oppbevarast? 15 Å planlegge innkjøp Råvarer frå eigen eller andres hage
Med godt utstyr er halve jobben gjort
16
126
Sjokoladekake i langpanne
128
Gazpacho
79
Ananaskake
130
Toast med eggesalat
80
Blåbærmuffins
132
Marinerte reker
81
26
Saftig eplekake
134
Ostekremsnacks
82
Tomatsuppe
28
Gulrotkake
136
Lefserullar med laks
83
Fransk løksuppe
30
Rask sjokoladekake
138
Baba Ganoush og hummus
84
Krema kikertsuppe
32
Rullekake (swissrull)
140
Couscoussalat
86
Linsesuppe
34
Blautkake med pærefyll
142
Poteter i vinaigrette
88
Minestronesuppe
36
Sukkerbrød
142
90
Supper Kyllingsuppe
Mulligatawny
38
Grøn tapenade, aioli og krutongar
Spansk kikertsuppe
40
Brun saus
92
Ertepuré og sSpinatstuing
94
Hovudrettar
smalhans_innmat.indd 5
Banankake
Festmat og tilbehøyr 22
Kaker
Kryddersmør
96
Bacalao
44
Risotto
98
Gratinert brokkoli
46
Stua løk
Lakseform med rømme
48
Bakt løk
100 102
Ostepanne
50
Tabouleh
104
Pannekaker
52
Godt brød
106
Pasta Carbonara
54
Grove kvardagsbrød
108
Chili con carne
56
Grove rundstykke
110
Fårikål
58
Lapskaus
60
31.05.11 13.52
6
smalhans_innmat.indd 6
SUPPER
31.05.11 13.52
I tronge tider Det er utfordrande å måtte vri og vende på
For meg er det sosiale med mat viktig. Det er
kvar ei krone. Samstundes er dette noko som
mogleg å ha både gjestar og fest sjølv om ein
alle opplever ein eller fleire gongar i livet. Når
har lite pengar på kontoen. Å halde fast ved det
ein studerer, er i etableringsfasen eller blir
sosiale rundt maten er ein fin måte å klare seg
arbeidsledig ein periode, har ein lite å rutte med.
gjennom tronge tider på.
Det er ikkje noko å vere flau over. Å ha lite pengar er vanskeleg, men eg
Vi har ofte folk til middag, det kostar ikkje så mykje ekstra og gir så mykje glede. Kva om
trur det blir lettare om alle i familien eller
du lagar ein middagsklubb, der du og venene
venekretsen veit at det er slik akkurat no. Viss
dine går til middag til kvarandre? Å byte på å
du er open overfor dei du lagar mat til, om
lage middag med nokon du uansett har lyst til å
korleis situasjonen er, og at alle må bidra på sin
møte, er ei koseleg ordning, og dess fleire ein
måte, trur eg det går lettare. Alle går igjennom
lagar mat til, dess billigare blir det per porsjon.
tronge tider av og til; no er det oss, og vi må samarbeide om dette.
Har du barn i barnehage eller på SFO, kan du gjere dette saman med familien til barnas
Du får ei nyttig oversikt om du lagar ein
kompisar. Då har barna det hyggeleg, dei et og
vekeplan for kva du og familien skal ete. Det
spring av garde for å leike, mens dei vaksne får
tvingar deg også til å gå igjennom skap, skuffer,
eit triveleg sosialt samvær som ein bonus.
kjøleskap og frysar for å sjå kva du faktisk har å lage noko av. Mi erfaring er at du ofte har meir enn du trur. Å planlegge gode og rimelege måltid kan vere med på å trigge fantasien og hjelpe ein til å hente fram kunnskap ein har, men kanskje ikkje alltid brukar.
7
smalhans_innmat.indd 7
31.05.11 13.52
8
smalhans_innmat.indd 8
SUPPER
31.05.11 13.52
Om å kjøpe inn Når ein skal handle inn mat, er det nokre ting ein må passe på for ikkje å bli lurt. Eg kallar det å bli lurt, fordi eg stadig har kjensla av at butikkane gjer det dei kan for å få oss til å kjøpe dyrare ting enn vi treng. Når ein ikkje har flust, er det viktig å unngå å betale meir enn ein må. Her er nokre gode råd for korleis du skal få mest mogleg for pengane.
Kjenn butikkane nær deg
Vit kva ei vare SKAL koste
Sjekk ut butikkane rundt deg, prisar og
Dessverre må ein berre gå ut frå at butikkane har
kvalitet varierer frå butikk til butikk. Å
som mål å få deg til å kjøpe noko dyrare enn det
hente ned tilbodsaviser på nettsidene til
du treng. Det oppnår dei til dømes ved å forvirre
daglegvarekjedene gir deg oversikt over kva
oss når det gjeld kva ei vare eigentleg skal
som er billig akkurat no. Gode tilbod kan vere
koste. Dei opererer med juksetilbod, feilprising
verde ein omveg.
og rotete prismerking.
Innvandrarbutikkar er eit døme på
Her ein dag kom eg til min faste butikk og
nærmarknader som du bør kjenne. Du
såg at issalaten var merkt med gult, altså skulle
kan gå ut frå at dess mindre fancy lokala
den vere på tilbod. Den kosta 19,90. Det veit eg
og plasseringa av butikken er, dess
er ein ganske høg pris, så eg stussa litt. I går
billigare er varene. Eg sparer masse på
var eg innom igjen, då kosta den 12,90, utan
å handle grønsaker, krydder og sausar i
tilbodslapp. No veit eg iallfall kva den skal koste.
innvandrarbutikkar ein gong i veka. På vår nærbutikk har dei av og til dobbel pris på varer
Leit etter dei billige produkta, dei kan vere
av same kvalitet som på innvandrarbutikkane,
gøymde
til dømes på svart pepar, salat, cherrytomatar
Det er altså slett ikkje sikkert at det som er
og soyasaus.
tilbodsmerkt, er den billigaste vara av det slaget. Eg skulle kjøpe søt chilisaus og hadde det travelt, så eg rakk ikkje å dra til min faste
9
smalhans_innmat.indd 9
31.05.11 13.52
innvandrarbutikk. På storbutikken hadde dei
Ting er billige to veker før du treng dei
ei flaske med 2,5 dl saus på tilbod til 22,90.
– eller dagen etter
Eg syntest det var litt dyrt. Så kikka eg meg
Det er i slutten av november at pinnekjøt,
rundt, og på nedste hylle sto ei flaske med søt
svineribbe og risgraut er billig. To veker etter er
chilisaus, same kvalitet, same merke, til 21,90.
prisane skrudde opp. I november kan du finne
Den inneheldt 7,5 dl, altså tre gongar så mykje.
flott kjøtfullt pinnekjøt til 109 kroner per kg. Fram
Eit anna døme er leverpostei, den firkanta
mot jul finn du seige, tørre strantar til 149 kroner.
boksen er på tilbod, den ovale er tolv kroner
Medisterdeigen kostar 39,90 på same tid. På
dyrare, sjølv om det er same produsent og
veslejulaftan kostar medisterfarse 89 kroner per
sikkert same leverposteien. Det gjeld å ikkje ta
kilo. Så bruk frysaren, sjekk datoar og pass på.
feil. For å auke forvirringa og å sikre at du gjer
Etter ei høgtid er det også rett tid for å gjere
feil, er prisane tekne bort på den dyraste, eller
gode kupp. Tenk deg kor billig du får graskar
prisplakaten er plassert slik at du trur den gjeld
etter halloween. Når julehelga er over, har
den tredje leverposteien.
butikkane masse varer som snart går ut på
Ofte kan det billigaste og beste alternativet
dato på grunn av mange fridagar. Då kan du
vere butikkane sine eigne merkevarer.
handle datovarer (om du har sett litt pengar til
Euroshopper, ICA, Landlord, X-tra og First
side) og legge i frysaren.
Price har varer som ofte er produserte på den same fabrikken som merkevarene, men som
Sjekk kassalappen – alltid.
ikkje blir marknadsførte, og som mellom anna
Når du har betalt, så bruk eit minutt (FØR du har
derfor er billigare.
gått frå butikken) og sjekk at prisane som er slått inn, er korrekte. Du vil bli overraska over kor ofte
Pass deg for kryss-subsidiering
prisen på hylla, i tilbodsavisa og i kassasystemet
Når ein butikk kryss-subsidierer, sel dei ein
ikkje stemmer overeins. Har du teke julepølsa
ting billig og ein annan ting dyrt. Dei to tinga
som var til dobbel pris, og ikkje den som var på
kan passe saman, som pølser og lomper, eller
tilbod fordi du ikkje såg skilnad på dei, så sei
dei kan vere utbytbare, som fruktmüsli og
frå, og du får pengane tilbake. Eg veit at mange
blåbærmüsli. Er pølsene billige, er lompene
synest det er ubehageleg å seie frå, og butikkane
dyre. Er fruktmüslien billig, står den bortgøymd,
tener mykje pengar på at folk kvir seg for “å lage
og blåbærmüslien, som er dobbelt så dyr, står
bråk” i kassa. Men bør ein ikkje lage litt bråk (på
langs midtgangen i butikken på ein pall.
ein høfleg måte) når ein blir lurt trill rundt?
10
smalhans_innmat.indd 10
31.05.11 13.52
Ta vare på kassalappen til du kjem heim.
Økonomi er meir enn berre gode innkjøp
Er kjøtdeigen sur sjølv om den ikkje er gått ut
Å tenke økonomisk handlar ikkje berre om
på dato, eller har du ved ein feil fått med deg
lagerstyring, kreativitet og optimale innkjøp. Det
utgåtte varer, kan du gå tilbake til butikken
handlar også om små ting i heimen som gjer at
og få ny vare eller pengane tilbake om du har
ein sparer på vask og energi. Det er økonomisk
med kvitteringa. Utan kvittering kan det vere
å lage mat med forkle på, du slepp å få flekkar
vanskelegare å få til.
på tøyet ditt, og treng ikkje vaske klede så ofte. Du sparer også energi med å koke opp
Lagerstyring i heimen
akkurat så mykje vatn som du treng. Bruk
FIFO-prinsippet er greitt å kjenne til når ein skal
gryter som passar til kokeplata, og som har
styre sitt eige hushald. First In – First Out betyr
plan botn. Bruk lok når du skal koke opp noko
ganske enkelt at når du kjøper inn og lagar
(unntatt mjølk, sjølvsagt). Lag passe mykje
mat, må du passe på å ete opp det eldste først.
mat, for store porsjonar er dårleg økonomi,
Dette kan særleg bli ei utfordring i frysaren,
dårleg for midja og produserer avfall når du
fordi det krev planlegging å ta ut kjøtstykke
ikkje får ete opp alt.
eller fiskepakkar om morgonen slik at dei er
Ver mett når du handlar. Eg handlar ofte
klare til å bli til middag seinare på dagen. Gjer
måndag kveld, etter middag. Då er det få i
dette til ein vane, og set gjerne ein eigen boks i
butikken, men dei har akkurat fått inn nye
kjøleskapet til ting som er til tining. Då har du ein
varer. Bruk handleliste basert på planen du
hugseregel; er tineboksen tom om morgonen,
har lagt for den komande veka. Hugs å sjekke
veit du ikkje kva du skal ha til middag. Gå i
i kjøleskap, frysar og matskap før du dreg
frysaren og finn noko.
heimafrå. Ein står ofte i butikken og lurer:
Å tine i kjøleskapet er energiøkonomisk, du
Hadde vi kvitost? Korleis var det med den
brukar mindre energi på å kjøle kjøleskapet
siste pakken med kyllingfilet i frysaren, brukte
når det ligg eit kjøleelement der i form av ein
vi den, eller ligg den der framleis? Vit kva du
pakke kjøtdeig eller ei fiskeblokk, og den kalde
treng.
maten ligg ikkje og kjøler ned kjøkkenet ditt, der du sikkert har termostatoppvarming. Hugs å legge det du tinar i ei skål eller på eit fat. Då slepp du at det dryp væte av det som tinar.
11
smalhans_innmat.indd 11
31.05.11 13.52
Matauk i skogen Å plukke bær har blitt umoderne, står det i avisa. Eg ser det som mi oppgåve å få det til å bli moderne igjen. Det er masse mat som veks vilt, villbringebær, tyttebær, blåbær og sopp finn du berre du tek deg ein søndagstur i skogen. Det er ingen grunn til ikkje å bruke dei ressursane som veks vilt, og som vi har fri tilgang til, etter allemannsretten.
Eg har laga trollkrem av tyttebær, sukker og eggekvite til store selskap, det kostar ingenting og gjer stor lykke. Det er til og med ein allergidessert, utan gluten og meieriprodukt. Blåbærpannekaker lagt i etasjar kan du servere i bursdagsselskap, garantert stor suksess. Køyr frosne bær i matmølle med litt melis og eggekvite, då har du ein frisk og herleg sorbet på mindre enn eit minutt. Har du plukka mykje bær, kan du ta med eit glas heimelaga blåbærsyltetøy som vertinnegåve når du skal i selskap. Sopp er ein viktig ressurs, den gir mineral og
Kantarellar, kremler og steinsopp er gode i
smak og er med på å variere maten. Dei første
supper, sausar og stuingar. Traktkantarellar toler
soppturane bør du gå med nokon som verkeleg
frost, så dei kan du finne langt ut i november,
kan sopp, slik at du lærer skilnaden på etande
såframt dei ikkje er dekte av snø. Dei kan du
og ikkje etande sopp. Finn ei soppbok på
også tørke og oppbevare på glas eller køyre i
biblioteket eller i bokhandelen, og lær deg éin
matmølle til soppmjøl, som set ekstra smak i
og éin sort, slik at du blir trygg på dei.
gryterettar og sausar.
19
smalhans_innmat.indd 19
31.05.11 13.52
Supper Dersom ikkje anna er sagt, er suppeoppskriftene meinte som middagsporsjonar. Halver porsjonane viss suppene skal serverast til forrett, og del dei på fire viss suppa skal serverast på ein buffé.
SUPPER
smalhans_innmat.indd 25
25
31.05.11 13.52
26
smalhans_innmat.indd 26
SUPPER
31.05.11 13.52
Kyllingsuppe Dette er sikringskost, eg serverer kyllingsuppe når influensaen herjar i familien og matlysta er dårleg. Denne suppa går alltid ned, same kor pjusk ein er. Dette er sjølvsagt ein kjempegod kvardagsmiddag òg. 15 minutt med lapskausgrønsaker, 30 minutt med heile grønsaker
Kok opp vatnet og ha i buljongterningar. Reins og skrell
4 porsjonar
grønsakene, og hakk dei fint. Ha dei i gryta saman med
1,5 liter vatn
kvitløksfedda og timian. La det heile koke i krafta til grønsakene
2 buljongterningar, kyllingbuljong eller grønsakbuljong
er møre. Ha kjøtdeigen i ein bolle, og elt inn1 ts salt og litt malen pepar. Ha farsen i ein dobbel plastpose. Klipp hol (mindre enn du trur) og klem ut litt og litt deig som du slepper ned i gryta med ei skei. Kjøtbollane skal ikkje vere stort større enn ei hasselnøtt, dei hevar seg i gryta. La suppa småkoke til kjøtbollane er gjennomkokte, det tek ikkje meir enn 5 minutt. Smak suppa til med salt, pepar, sitronsaft og sukker. Server gjerne med flatbrød eller vanleg grovbrød.
400 g kyllingkjøtdeig 3 gulrøter Ei persillerot (kan bytast ut med sellerirot, eller droppast) Ein løk eller 10 cm purre To fedd kvitløk Ein timiankvist viss du har, eller 1 ts tørka timian Salt og pepar 1 ts sukker 1 ss sitronsaft
Tips: Har du det travelt, så byt ut grønsakene med ein pose frosne
lapskausgrønsaker. Dei er ferdig skrella og kutta opp – masse arbeid spart.
SUPPER
smalhans_innmat.indd 27
27
31.05.11 13.52
Tomatsuppe Tomatsuppe brukar ofte å kome frå pose, men det er like billig og mykje betre å lage den sjølv. Det går faktisk like fort òg. Då er det ingen grunn til å støtte posesuppeprodusentane. 15 minutt
2 porsjonar
Smelt smøret i ei gryte og ha i løken. Surr dette på middels sterk
2 ss margarin eller smør
varme til løken er blank. Strø på mjølet, og la det surre medan du
3 ss kveitemjøl
rører blandinga glatt med ein visp.
1/2 finhakka løk
Slå på vatnet litt og litt og rør kraftig, slik at det ikkje klumpar
8 dl vatn 1 buljongterning, kjøtbuljong eller grønsakbuljong 1 boks hakka tomatar (og kanskje litt tomatpuré) ½ ts tørka timian
seg. La det heile koke opp. Ha i buljong, timian og innhaldet i tomatboksen, og la suppa koke på middels varme i ca. 6–8 minutt. Rør om av og til. Smak til med sukker, salt og pepar, og om suppa blir for syrleg, kan du runde den av med ein skvett mjølk. Blir det for lite
Salt, pepar og sukker
tomatsmak, kan du ha i eit par teskeier tomatpuré. Det du ikkje
Ein skvett mjølk (ca. 1 dl)
brukar av tomatpuréboksen, kan du putte i ein plastpose og legge i frysaren. Vil du ha suppa heilt glatt, kan du køyre den glatt med stavmiksar. Server med godt brød, eit kokt egg eller eit parmesandryss.
28
smalhans_innmat.indd 28
SUPPER
31.05.11 13.52
SUPPER
smalhans_innmat.indd 29
29
31.05.11 13.52
30
smalhans_innmat.indd 30
SUPPER
31.05.11 13.52
Fransk løksuppe Denne suppa er verdsberømt, men først og fremst er den veldig god. Osteskiva på toppen høyrer med, men er du svolten og manglar ost, så lag suppa likevel. 40 minutt
Set steikeomnen på 250 grader.
4 porsjonar
Skrell og skjer løken i bitar. Varm opp oljen eller smøret i ei gryte, og fres løken på middels varme til den byrjar å skifte farge. Løken skal ikkje bli brend. Slå over vatnet og buljongen. Knus timian og karve i ein mortar, og ha det i.
800 g løk 2 ss smør eller olivenolje 1,5 liter vatn 3 ss flytande fond eller to terningar kjøt- eller grønsakbuljong
Nokre synest det er rart med karven, og er redde suppa skal
1 ts timian
smake surkål. Men berre prøv, karven gir ein rund, krydra smak
½ ts karve
som ikkje smakar karve, men berre godt!
2 ts sitronsaft
La suppa stå og småkoke i 10–15 minutt. Riv osten. Smak suppa til med sukker, sitronsaft, salt og pepar. Set skålene på eit steikebrett, og aus suppa oppi. Skjer brødskivene til slik at dei passar i suppeskåla, og legg dei i kvar si skål. Ha over osten, og
1 ts sukker Salt og pepar Fire brødskiver, gjerne halvgrove Riven ost
set brettet i omnen i 5–6 minutt til osten boblar og skiftar farge. Server. Tips: Å ta skålene ut og inn av omnen utan å skvalpe og dermed
forårsake brannsår er lettare når dei står på eit brett. Det er òg ein fordel om skålene ikkje er breiddfulle. Fyll heller på i skålene etterpå, om du har meir igjen i gryta.
SUPPER
smalhans_innmat.indd 31
31
31.05.11 13.52