Sverdrups

Page 1

Sverdrups morten s ø berg

ekko Parlamentariske undersøkingar


Sverdrups ekko 2 korr.qxd:a

20-06-10

12:59

Side 2


Sverdrups ekko 2 korr.qxd:a

20-06-10

12:59

Side 3

Morten Søberg

Sverdrups ekko Parlamentariske undersøkingar

Essay

Det Norske Samlaget Oslo


Sverdrups ekko 2 korr.qxd:a

20-06-10

12:59

Side 4

© 2009 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Omslagsfoto: Kø framfor publikumsinngangen til Stortinget den 8. april 1940 då utanriksminister Halvdan Koht skulle orientera parlamentarikarane. Omslag: Øystein Vidnes Skrift: Adobe Garamond Trykk og innbinding: AIT Otta AS Printed in Norway ISBN 978-82-521-7650-6 Forfattaren har fått tilskot frå Institusjonen Fritt Ord og Halldor O. Opedals fond for norsk målreising og måldyrking


Sverdrups ekko 2 korr.qxd:a

20-06-10

12:59

Side 5

Til Elsa Sofia, Alma, Ada og Cathrine


Sverdrups ekko 2 korr.qxd:a

20-06-10

12:59

Side 6


Sverdrups ekko 2 korr.qxd:a

20-06-10

12:59

Side 7

Han saa ikke ut som en normann … – altsammen syntes heller gi billedet av en franskmann.

Det var noget fremmed over politikken hans òg. I dette land som har været saa ufruktbart paa, ja næsten fiendsk mot abstrakt tenkning, det være sig i filosofi eller politik eller videnskap, der talte han støtt om prinsipper, om statsteorier, om almene synsmaater. Han kjæmpet ikke for en enkelt folkeklasse, han syntes næsten ikke ta sigte paa norsk politikk; det var de store politiske grunnsætninger som gav rammen for hans gjerning.

… han har likevel tegnet sit innerste selv med det norske ord som han var saa glad i, – «hugheil».

Or Johan Sverdrup av Halvdan Koht, band I, sidene 1–2 (1918).


Sverdrups ekko 2 korr.qxd:a

20-06-10

12:59

Side 8


Sverdrups ekko 2 korr.qxd:a

20-06-10

12:59

Side 9

Innhald In medias res 11 Sentrum, Quine og periferi 19 Rubicon i Irskesjøen 27 Ap-mann. Tingmann 35 1906–18 43 Parlamentáralaš iskkadeamit 53 Rousseaus formel 61 Fremst mellom jamningar 69 Sverdrups ekko 79 A day in the life 91 Punktum finale 101 Appendiks: All makt i denne sal 107


Sverdrups ekko 2 korr.qxd:a

20-06-10

12:59

Side 10


Sverdrups ekko 2 korr.qxd:a

20-06-10

12:59

Side 11

In medias res Seint i september, tidleg på ettermiddagen, ringjer ein NRK-journalist og spør om eg har lyst til å vera med i Dagsnytt atten dagen etter. Emnet verkar både fast og flytande: Stortingets rolle og makt i tider med fleirtalsregjering. NRK ynskjer òg å dra lange liner, heilt attende til Johan Sverdrup og gjennombrotet for parlamentarismen. Journalisten seier at plan A er å invitera den ferske, nyvalde parlamentariske leiaren i Ap, Helga Pedersen. Og meg – ein politisk rådgjevar for Sp på Stortinget. Eg anar konturane av ein samtale mellom «høg» og «låg» på direkten. Eg takkar ja. Dei lovar å ringja på nytt og stadfesta avtalen.

Namn og årstal Kontoret mitt ligg i andre høgda i stortingsbygningen, rett under stortingsrestauranten. Gjennom vindauga har eg utsyn til Wessels plass og statuen av Sverdrup. Han er det òg mogeleg å finna eit lite fotografi av på veggen i korridoren som til sist går forbi romet eg har fått tildelt. Her skil Sverdrup seg likevel ikkje ut. Han er berre éin i flokken. Eitt portrett mellom fleire tusen andre. I kvardagen legg ein ikkje så lett merke til alle desse bileta av tidlegare tingmenn. I røynda dekkjer dei langt på veg veggene i andre etasje på Løvebakken. Bileta er krono-


Sverdrups ekko 2 korr.qxd:a

20-06-10

12:59

Side 12

12 sverdrups ekko

logisk ordna etter valbolk. Frå og med riksmøtet på Eidsvoll, «det overordentlige storting» i 1814, og fram til det siste tusenårsskiftet. Innanfor kvar valbolk er bileta av tingmennene monterte på veggen i alfabetisk rekkjefylgd, etter etternamn. Under namna står det kvar tid dei vart fødde, og når dei kom inn på Tinget. Og kva tid dei som er døde, døydde, og når dei som er ute av Stortinget, gjekk ut. Denne tagale svermen av portrett liknar på tikk-takk-ljoden til gamle klokker og ur – til stades bortanfor medvitet. Likeins er dei talande bileta, namna og årstala òg berre ein tanke unna. Ein av eidsvollsmennene lydde namnet J. Moses. Tretten andre av dei er attgjevne som silhuettar, mellom dei A. O. Regelstad frå det norske bibelbeltet. Ein av etterkomarane arbeider som Ap-rådgjevar på Stortinget. Han meiner det var religiøse grunnar til motstanden mot ei meir detaljert attgjeving av andletet til Regelstad og dei hine. Litt bortom grunnlovsfedrane ser eg to andre silhuettar frå 1800-talet, men dei tingmennene er framstilte med kvar si langpipe framom seg. Pipene liknar på saksofonar, det ser ut som om dei improviserer. Eg ser berre nokre fåe fargebilete frå nyare tider. Resten er nyansar i svart, kvitt og grått. Tidene skifter bortetter veggene. Sume tingmenn har sløyfe i halsen, andre prestekrage eller hæruniform. Rett før 1884 lét ein seg fotografera i bunad. Så: tiår etter tiår med heilskjegg og ibsenske kinnskjegg. Dinest spegelbilete av tidsbundne krav om bart og mustasje før stendig fleire brukar briller. Lenge mann etter mann etter mann. Smått om senn kvinner òg. Namna deira endrar seg med. Mange utanlandske i byrjinga. Brunchorst. Ja, sydjydske Sverdrup òg. Seinare meir og meir norsk. Blekastad, Liestøl, Liljedahl,


Sverdrups ekko 2 korr.qxd:a

20-06-10

12:59

Side 13

in medias res 13

Melvær og Sveinsson. Og litt samisk: Isak Saba, inne på Tinget i tida 1906–12. Kva så? Jo, alle desse personane har gjeve og gjev Stortinget andlet. Personane er den minste grunneininga på Stortinget. Dei er alltid ulike, med ymsande prinsipp, mandat og personlegdomar. Og samspelet mellom dei, både kollisjonar og koalisjonar, pregar kva Stortinget er og gjer. Stortinget er både ein fjellstø bygning og ei seigt skiftande konstitusjonell statsmakt, men utan personar er Stortinget meiningslaust. Difor kjem ein ikkje utanom personar når ein skal tala meiningsfullt om Stortinget. Kva dei heiter, kven dei er, og korleis dei tenkjer og ber seg åt, formar òg den parlamentariske styreforma. Det er kan henda banalt og innlysande, men langt på veg det eg har tenkt å seia i Dagsnytt atten – seier eg til NRK-journalisten då han ringjer dagen etter.

Omvendt: tilskodar og deltakar Klokka går fort mot 18 i TV-huset på Marienlyst. Eg er ute i god tid og sit i ein sofa utanfor studioet. Samtalen om Stortinget og Sverdrup, fleirtalsregjering og parlamentarisme skal vera det fyrste innslaget. Men ti minutt på seks er Helga Pedersen enno ikkje komen, og ingen her oppe veit kvar ho er. Erna Solberg er heller ingen stad å sjå. Ho vart invitert med i programmet rett etter lunsj. Straks etter ringde rådgjevaren hennar til meg for å høyra kva eg hadde tenkt å melda. I stutte drag svara eg det eg har skrive ovanfor. Eg la til at NRK har lova å spørja meg om kvifor eg ser på forfattaren Jon Fosse som ein politisk idealtype.


Sverdrups ekko 2 korr.qxd:a

20-06-10

12:59

Side 14

14 sverdrups ekko

Om lag fem på seks får ein av NRK-medarbeidarane til sist telefonkontakt med Solberg. Ho er på veg opp bakken rett nedom oss. Dei ringjer òg Pedersen og rådgjevaren hennar, igjen og igjen. Rett før sending kjem dei hastande som eit stressa vindkast alle tre. Eit kvarters tid seinare tenkjer eg: Kva var det eg sa; sa eg det? Eg har nett kome til eit punktum og programleiaren har teke ordet og meldt at Helga Pedersen må gå. Pedersen er ikkje heilt ferdig likevel. Ho verkar småamper: – Jeg vil sterkt ta avstand fra påstanden om at Arbeiderpartiets stortingsrepresentanter er stemmekveg. Tvert om er de engasjerte mennesker med stor integritet. Før denne sosialdemokratiske sluttreplikken og brorparten av tida har eg berre sete til høgre for Høgre-leiaren og lytta på henne og Pedersen. Hege Holm, programleiaren, opna med å stilla spørsmål om vi treng Stortinget når «fleirtalsregjeringa likevel avgjer alt». Attende til historisk presens no: Svara til dei to folkevalde er jamt over konvensjonelle. Eg merkar at tankane mine flyt meir og meir ut og vekk etter som tida går. Dette er radio på fjernsyn. Samsending mellom P2 og NRK2. Alt her inne strøymer ut som ljod og fargebilete i kontinuerleg tid. Kameraa er monterte på veggen og gjev frå seg svak motordur når fokuset deira skifter mellom Pedersen og Solberg. Eg lurer på om eg er synleg endå eg er tagal. Med eitt slår det meg at eg aldri har vore på fjernsyn før. Eg byrjar gruvla over kvar eg skal sjå når eg får ordet. Inn i mikrofonen, på programleiaren eller på dei to politikarane til venstre for meg? Med eitt går tida fortare. Holm skifter gir og vrid samtalen over til spørsmål om personar og politikartypar. Pedersen vert spurd om ho gjerne ville ha hatt – sitat – litt


Sverdrups ekko 2 korr.qxd:a

20-06-10

12:59

Side 15

in medias res 15

opposisjonelle typar for å skapa dynamikk i stortingsgruppa si? Den parlamentariske Ap-leiaren svarar at ho ikkje ynskjer seg «lydige tinnsoldater». Likevel, i dag som i går og i morgon den dag: Etter interne ordskifte og endeleg konklusjon legg ho til grunn at Ap-gruppa talar med éi røyst og røystar likt i stortingssalen.

Sandbakken Eidsvollsmennene laga reglar etter amerikansk mønster for vederlag for tingarbeidet til dei folkevalde: Lenge, lenge fekk stortingsrepresentantane berre dekt reise, kost og losji for dei dagane dei faktisk møtte på Tinget. Men i 1910 skreiv konstitusjonskomitéen på Stortinget ei tilråding om fast løn i staden for dagpengar. Framlegget låg på 2800 kroner i året – subsidiært 2900 eller 3000 kroner. Den 9. mars det året vedtok Stortinget det siste og høgste alternativet. I artikkelen «Fast tingmannsløn» i Syn og Segn i 1910 greidde professor Nikolaus Gjelsvik ut om praksis i andre nasjonalforsamlingar. Dinest granska han mogelege fylgjer av overgang frå dagpengar til årsløn. Ein tanke var at dette ville svekkja Stortinget: «Sume trur kanskje, at administrationen vil faa meir magt, naar tingmannsløni vert fast, med di dei reknar paa, at tingmennerne daa tek seg mindre tid til aa setja seg inn i sakerne, og difor nøgjer seg med aa straa sand paa framleggi fraa riksstyret.» Gjelsvik sjølv hevda det motsette: Komitéane på Stortinget ville som før «grava og leita, til dess dei finn noko, som dei trur bør vera annleis enn etter framlegget fraa riksstyret; daa hev dei eit synlegt prov fyre, at dei ikkje hev arbeidt til faanyttes, og det er alltid gildt aa ha».


Sverdrups ekko 2 korr.qxd:a

20-06-10

12:59

Side 16

16 sverdrups ekko

Nær hundre år seinare kjem Kyrre Nakkim, leiaren for samfunnsavdelinga i NRK, inn i Dagsnytt atten-studio rett før Erna Solberg og eg er ferdige. Han set seg på stolen der Pedersen sat – og seier det ho korkje kan eller må seia høgt. Kjappe og tabloide meldingar med ein hard kjerne av sanning: Dagens form for parlamentarisme grensar opp mot vanvyrdnad for Stortinget, sitat slutt. Framlegg frå fleirtalsregjeringa glid uendra gjennom tinget. Der strør tingmennene berre sand på dei. I stort slit dei folkevalde på Løvebakken med å prova at arbeidet deira ikkje har vore nyttelaust. Til slutt viser skrifta på veggen tala 18.22. Tida er ute. Programleiaren introduserer eit nytt innslag.

I bakspegelen. Og vidare Attende på kontoret morgonen etter går eg ut på nettet og lastar ned gårsdagens Dagsnytt atten-sending. Eg er nyfiken og vil kalibrera korttidsminnet mitt. Solberg tenkjer og talar klokare enn eg fekk med meg på direkten. Ho klagar over at store delar av den politiske debatten har forsvunne, og meiner røynlege stortingsfleirtal i mange saker ikkje kjem til synes. På tampen tek ho til ords for ein ny valskipnad: valreglar som gjer det lettare for veljarane å påverka personsamansetjinga av Stortinget. Sjølv seier eg lite – viser det seg. Lite av det eg hadde tenkt på førehand. Dette kom med: Kva Stortinget skal vera og gjera, er tidlause spørsmål, medan svara skifter med tida. Utsiktene til minst åtte år med fleirtalsregjering aktualiserer slike granskingar og avklåringar. Til sjuande og sist kokar dette ned til kjøt og blod, til personar. Eg seier at det fyrst og fremst er dei som sit på Stortinget, dei utvalde folke-


Sverdrups ekko 2 korr.qxd:a

20-06-10

12:59

Side 17

in medias res 17

valde, som både kan og pliktar å definera rolla til Stortinget i statsskikken. Så spør programleiaren om kva eg tenkjer om Jon Fosse i denne samanhengen. Eg ser korkje inn i kamera eller på dei hine, mest inn i mikrofonen – ser eg no. Fosse? Vel, eg meiner at han står fram som ein person med både sjølvtillit og integritet – på sitt felt. I si tid skreiv han hovudfagsoppgåve om romanteori – «jamsides» skriving av romanar på høgt kunstnarleg nivå. Eg er min eigen tolk: Ein politisk variant av dette er tingmannen som evnar å reflektera teoretisk rundt si og Stortingets makt og kraft. Og på same tid te seg sjølvsikkert og med integritet i praksis, på Tinget, i tida. Slike bør vi ha fleire av, fleire slike og mindre parlamentarisk stemmekveg. Det er her Helga Pedersen bokstavleg tala kjem inn i biletet og tek avstand frå ein påstand som ingen (viste det seg) har sett fram. Eg loggar meg av og kikar på stikkorda eg kladda før eg drog opp til Marienlyst dagen før. Eg hadde med ei setning om det såkalla jamstellingsvedtaket frå 1885 – Stortingets klåre og prinsipielle «anmodning» om å jamstella nynorsk og bokmål som offisielle språk i Noreg. Kvifor? Mest som eit døme på korleis Stortinget i ny og ne kan påverka samfunnsutviklinga breitt, djupt og langt – inkludert livet mitt og målforma i denne teksten. I stortingsdebatten før vedtaket var gjort, tala tingmennene Blekastad, Liestøl, Liljedahl, Melvær og Sveinsson norsk, ikkje dansk. Då som no handlar all politikk alltid om språk: overtaling og overtyding. Eit anna hugsviv på kladdearket mitt er eit Sverdrupsitat om parlamentarisme: «Sagen er, at Institutionen er god; om den skal virke efter sit Anlæg og Endemaal, det kommer an paa Repræsentanterne til enhver Tid, det er deres Sag.»


Sverdrups ekko 2 korr.qxd:a

20-06-10

12:59

Side 18

18 sverdrups ekko

Mest av alt er jukselappen min spørjande: Kva slags personar bør veljast inn på Stortinget? Korleis bør dei veljast? Korleis kan parlamentet styrkja seg sjølv? Kva bør fleire tingmenn skriva og tala meir om enn no – i dag og i morgon? Alt dette er òg utgangspunktet for det som her kjem: parlamentariske undersøkingar.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.