Tale er gull ferdig.qxd:A
06-09-11
11:49
Sylfest Lomheim
TALE ER GULL
Samlaget Oslo
Side 3
Tale er gull ferdig.qxd:A
06-09-11
11:49
Side 4
© 2011 Det Norske Samlaget www.samlaget.no omslagsfoto: Språkrådet omslag: Stian Hole/Blæst førtrykk: Samlaget skrift: Minion og The Sans papir: 90 g Munken Premium Cream trykkeri: AIT Otta AS Printed in Norway isbn 978-82-521-6649-1
Tale er gull ferdig.qxd:A
06-09-11
11:49
Side 5
Il y a une nature humaine, comme le pensaient les Grecs, et contrairement aux postulats de la philosophie contemporaine. Pourquoi se révolter, s’il n’y a, en soi, rien de permanent à préserver? Je me révolte; donc nous sommes Albert Camus: L’homme révolté (1951)
Menneskenaturen finst, slik grekarane meinte – stikk i strid med påstandane i våre dagars filosofi. Viss det ikkje finst noko fastlagt å ta vare på, kvifor skal me då gjera opprør? Eg gjer opprør; altså er me. Albert Camus: Opprøraren (1951)
Tale er gull ferdig.qxd:A
06-09-11
11:49
blitz det levande ordet teikn for tanken den urolege skjermen kvar g책r me?
Side 6
Tale er gull ferdig.qxd:A
06-09-11
11:49
Side 7
Innhald BLITZ 11 Triangelet 15 Fiat lux! 17 TALEN: DET LEVANDE ORDET 21 Oslo den 10. desember 2009 24 Kapernaum den 10. mai 29 34 Fysikk og retorikk 43 FoxP2 – Afrikas gåve til menneska 50 Språklabben 59 Kva tener talen til? 64 Korleis lærer barn språk? 69 Mennesket skaper – og blir skapt 74 Samtalar som hjelper 79 Kvardagskunst og kapitalkjelde 84 Spel gitar og ta styring 91 Tone, tempo, trykk 94 Talen på livsens veg 97 Berre ei røyst 102 Stemma er helse 107 Kroppen snakkar 111 Det eigentlege 115
Tale er gull ferdig.qxd:A
06-09-11
11:49
Side 8
TEKSTEN: TEIKN FOR TANKEN 117 Juleønsket 120 Skrivande bønder, pålitelege rekneskapar 120 Moses og veven 125 Dei to 127 Teksten som refleksjon 128 Redigert røyndom 130 Korleis går skriftsamfunnet? 134 God tekst er pengar tent 139 Lesing er mange ting 141 Skriving er slit 146 Krinsløpet – som ikkje er sjølvsagt 151 TEKNOLOGIEN: DEN UROLEGE SKJERMEN 155 Det nye 158 Simultan samhandling 160 Snok og surf 163 Frå epos til e-post og sjangereksplosjon 164 Sms, Twitter og Facebook 167 Må kvalitet vika for marknad? 174 Skjerm eller perm 178 Janusandletet til nettet 180 Maskina sine grenser 186 Maskina som omsetjar 191 Homo ludens 194 Salmar for vår tid 198 KVAR GÅR ME? 203 Ei strålande verd 209 «Innovativ kompetanse» 216 8
Tale er gull ferdig.qxd:A
06-09-11
11:49
Side 9
Ei oppskrytt framtid? 222 Speed og reality og PowerPoint 227 Natur og unatur 234 Ecce homo 239 Bioteknologien kjem 244 «Free – at last!» 248 Notar 254 Litteratur 268 Personregister 271 Sakregister 275
Tale er gull ferdig.qxd:A
06-09-11
11:49
Side 11
BLITZ
Tale er gull ferdig.qxd:A
06-09-11
11:49
Side 13
Ordet «blitz» stod ein morgon og blinka i det mentale tekstfeltet inne i hjernen; eg funderte. Ein skal ha respekt for programvara i sin biologiske pc. Plutseleg: Blitz-huset! Der blitzarane i Oslo heldt til rundt tusenårsskiftet, i Pilestredet 32 – vegg i vegg med huset der Edvard Munch voks opp og levde i ungdommen, før han måla Skrik, i 1893. Like fram til 2008 lyste raude og svarte bokstavar frå husveggene. Snerrande innskrifter, mellom anna denne: «Actions speak louder than words.» Ved eit høve repliserte avismannen Per Egil Hegge: «Så hvorfor skriver de da?» Han kunne gjerne spørja. For naturlegvis har Blitzungdommen rett. Handling står over ord, i livet som i politikken. Og når det gjeld tale og tekst, står talen over teksten. Det talte ordet er sterkt, det skrivne er svakare. Kvifor er det tyngre å seia noko ømtolig til eit menneske enn å skriva det? Fordi talen er blikk og kropp og ufråkomeleg. Det er ikkje tilfeldig at viktige forhandlingar i politikk og næringsliv ikkje skjer over internett, men andlet til andlet. Sjølv om det kostar meir. Det er ikkje tilfeldig at to menneske som gifter seg, seier «ja» til kvarandre, framfor vitne. Eit skrive «ja» verkar annleis. Det er ikkje tilfeldig at me ønskjer å møta fastlegen 13
Tale er gull ferdig.qxd:A
06-09-11
11:49
Side 14
andlet til andlet, i staden for å ha konsultasjon på nett. Den som reiser seg og takkar for maten, kan snu stemninga i selskapet. Ein krisesamtale kan redda liv. Ein uvennleg eller likeglad tone i stemma kan verka drepande. Tale er sann handling. Og det er dét denne boka har som tema. Lydbølgjer frå ei stemme kan vera glimt av lys inn i eit anna sinn. Samtale kan vera lynkrig mellom to. Det talte ordet har augneblinkens kraft, det kan gje ei vokalvarm omfamning – eller eit fråstøytande kuldegys. Skrifta, derimot, er meir maktlaus, ho er ei stilleståande, fysisk ovring som på godt og vondt materialiserer seg på papir eller skjerm. Difor motseier boka seg sjølv. «Hvorfor skriver han da?» Kvifor satsar eg på tekst når eg meiner at tale er det verkeleg viktige? No finst det eit godt svar på den innvendinga, og det er at når tekstar fungerer, utvidar dei synsfeltet og aukar forståinga. Å skriva er å utforska. Tanke og tekst er tvillingar. «Je pense, donc j’écris!» (Eg tenkjer, altså skriv eg!) proklamerte ein graffiti i Monte Carlo.1 Difor innser eg at det ikkje finst anna løysing for meg enn å skriva, sjølv om bodskapen er at å snakka er det viktigaste aspektet ved menneskespråket. Den bodskapen kjem eg med i form av det som er «nest best» – ei bok.2 Sjølve innhaldet vil av mange bli oppfatta som diskutabelt. Det er i orden. Boka er skriven for diskusjon. Somme vil vera rykande usamde i meiningane. Ord som moralist eller reaksjonær kan dukka opp, sidan lesaren snøgt vil oppdaga undervegs at boka er grunn14
Tale er gull ferdig.qxd:A
06-09-11
11:49
Side 15
leggjande kritisk til moderne kommunikasjonsformer. Meir enn det: Ho påstår at det moderne mennesket lever farefullt. Driv totusentalsmennesket frenetisk og tilpassar seg ein eksistensmodus som i røynda ligg fjernt frå det som biologisk og sosialt har vore mennesket i titusenvis av år? Er me kloke, forstår me at det ikkje er alle former for framtid som er bra framtid for oss som menneske. Anten vel me vår framtid, eller så vel utviklinga framtida for oss. No ønskjer ikkje eg at me skal stansa det me kallar utvikling. Eg meiner heller ikkje at alt var betre før. Boka handlar om den uroa eg kjenner ved at dagens menneske synest tru at me kan bli nesten kva som helst. Me er fleksible, me kan gå dit teknologien fører oss. Ein slik fridom er det tvilsamt om me har. «Mennesket kan aldri helt komme fra at det er en del av naturen», skriv samfunnsvitaren Jon Elster.3
Triangelet Boka har tre temakapittel og eit sluttkapittel. Dei tre temakapitla behandlar det triangelet som dannar kvardagsramma for mennesket og språket på totusentalet – det levande ordet, den stille teksten og den urolege skjermen. Mennesket har plassert seg i dette triangelet. Eller kanskje rettare sagt, mennesket har late seg plassera der. Dessutan handlar boka om at dei aller fleste synest vera sutlause over plasseringa. Og ikkje minst handlar ho om det forholdet at den eine sida i triangelet, den urolege og elektroniske, i eitt jafs dei siste tjue 15
Tale er gull ferdig.qxd:A
06-09-11
11:49
Side 16
åra har teke brorparten av tida og merksemda til mennesket. I dag er det ute or sinn at tale er natur, tekst er sivilisasjon. For meg er boka ein måte å gjera opp status på. Eg må skriva – og dermed tenkja – meg gjennom dei tre sidene i kommunikasjonstriangelet, ha dei bak meg, før eg går til sluttspørsmålet: Kvar går me? I hundretusenvis av år har all samtale og tale mellom menneske vore nær og fysisk. Omgrepet det levande ordet kjenner me. Forfattaren av Johannesevangeliet skriv slik: «Dei orda eg har talt til dykk, er ånd og liv» (6, 63). På ein måte sett har Bibelen, grunnboka i den vestlege kulturen, dette omgrepet som ein raud tråd. Og tråden – ordet – i dei greske grunntekstane, det var logos, ordet som gav liv. I den første bibelomsetjinga på latin4 vart det til verbum.5 Rabbien Jeshua6 nytta truleg eit tilsvarande uttrykk på arameisk og hebraisk i si gjerning, den gongen han snakka til den stadig veksande flokken som følgde han. Meisteren la sikkert mykje inn i sin bruk av «ordet».7 Dei kunnige i gresk fortel at logos var mektig – djupt i meining og vidt i bruk. Vårt ord «ord» er i så måte ei bleik spegling av det greske. Det greske ordet kunne like gjerne tyda «energi», «idé» og «fornuft» som «tale». Difor står logos i tett samband med mennesket som åndeleg vesen. Dette kjem fram i religiøs språkbruk, der me gjerne tyr til adjektivet «levande» framfor «ord». Slik freistar me, på norsk, å gjenskapa noko av den greske meininga. «Ordet er gjerningas bilete», sa grekaren Solon, ein 16
Tale er gull ferdig.qxd:A
06-09-11
11:49
Side 17
av dei «sju vise», som levde mellom 600 og 550 før Kristus. Me forstår at dei hadde eit anna forhold til «ordet» (altså talen) enn det me har.
Fiat lux!8 I Bibelen er talte ord kraftfulle. Herren sa «bli lys!» i Første Mosebok, og då vart det lys. Jorda vart skapt. Dei guddommelege orda forma verda. Dette bibelske tankegodset finn me att i hellenistiske førestellingar. Siste leddet i ordet dialog er «logos». Ei bokstavleg omsetjing av dialog blir såleis «gjennom ord», ettersom «dia» tyder «(tvers) gjennom». Men det blir ei bleik omsetjing. Nærvær og kraft, gjennom ord, fortel betre og rettare kva grekarane la i omgrepet dialog. Eigentleg går den jødiske tanketradisjonen og den greske langt på veg parallelt, hand i hand. Forteljinga om det som gjekk føre seg i Jerusalem femti dagar9 etter den påståtte oppstoda til rabbien Jeshua, er illustrerande. Det skjedde eit språkunder der. Den heilage anden talte så verknadsfullt gjennom disiplane at tilhøyrarane vart drivne til «den salva», til Kristos.10 Disiplane fekk evna til å snakka ulike variantar, slik at alle som høyrde på, forstod. Anden viste seg som flammer og eld på hovuda til dei talande disiplane. Logos var blitz. Ribba for alle historiske data og såkalla store hendingar har utviklinga til mennesket som biologisk vesen, slik eg ser det, gått i tre steg. Det store og avgjerande spranget var talen, eit vesentleg mindre steg var teks17
Tale er gull ferdig.qxd:A
06-09-11
11:49
Side 18
ten, og det minst vesentlege er det som sysselset alle i dag på totusentalet – teknologien. Det kvalitative skjedde med at snakking og samtale (langsamt, over mange tusen år) kom til. Då vart me rett og slett menneske; me vart konstituerte. Skrifta, og seinare skjermtekstane, har på ingen måte stått for ei vesensendring, ikkje på same avgjerande vis. Skrift og skjerm har i røynda berre innebore endringar av kvantitativ art – i lagring, spreiing og global rekkjevidd. Så eg seier: Tale er gull, tekst er sylv, teknologi er bronse. Likevel er det det siste, tredjeplassens teknologi, som rår grunnen nett no.11 Totusentalsrøyndommen ser slik ut: Den 6. desember 2009 var det ei nyheit i VG at søket på Tiger Woods på nettet hadde auka 550 % siste veke. Forklaring: Golfstjerna stod midt i vidspreidde rykte om damehistorier. Ei jente i Sandvika fortel til same avis i 2010 om skulekvardagen sin og tida på nett: «Det er altfor mye. Jeg er der faktisk i ni timer. Å, herregud, …» Om noko ikkje er på nettet, har det ikkje hendt. Den 26-årige nyvalde stortingsrepresentanten som hadde opplevd sin første middag på Slottet i oktober 2009, måtte få det ned på bloggen. «Etter middagen var det fri kaffe, fri sjokolade og fri bar. Helt fri bar. Det var utrolig synd for Mette-Marit som valgte å komme bort til oss for å konversere pent ganske sent på kvelden. Stakkars.» To dagar seinare hadde landets største laussalsavis det på førstesida. Naturlegvis. Blant dei tre stikkorda tale, tekst, teknologi er det altså talen – den sjølvsagde, banale, opplagde, natur18
Tale er gull ferdig.qxd:A
06-09-11
11:49
Side 19
gjevne talen – som er poenget i denne boka. Det er talen som bør og skal løftast fram. Teksten og teknologien må vera med og må omtalast, for perspektivet si skuld og for lesarane si skuld. Mange i dag set spontant og i rein blindskap ting på hovudet. Dei snur rangordninga opp ned. For dei er det slik at kommunikasjonsteknologien står øvst og dei to andre – den tradisjonelle talen og teksten – blir plassert under. I så fall har me gløymt kven me er. Då ser me ikkje lenger kvar me har kome ifrå. Er ikkje det risikabelt? Opninga må avslutta slik, for dette er ikkje ei bok om språkspørsmål, men om mennesket og språket. Om synet på mennesket – frå steinalder til skjermalder. Opninga er ouverture og spelar opp til det som er grunntemaet: det eigentlege ved mennesket. Det me må ta vare på. Det som Albert Camus, fransk nobelprisvinnar i litteratur, omtaler som menneskenaturen. Eg trur ikkje diktaren Olav H. Hauge hadde tapt or syne naturen, det eigentlege. Han skreiv om ord som eksploderer. I Dropar i austanvind (1966) formulerer han seg slik: Ord er dynamitt og verkar både i djupni og i høgdi, i den sprekka dei slo, kan grunnvatn stiga.