Under ein stein

Page 1


2

M_Under ein stein.indd 2

11/04/14 10.04


3

M_Under ein stein.indd 3

11/04/14 10.04


M_Under ein stein.indd 4

11/04/14 10.04


Illustrert av Inger Lise Belsvik

EI BOK OM SMĂ… DYR

Samlaget Oslo 2014

M_Under ein stein.indd 7

11/04/14 10.04


M_Under ein stein.indd 8

11/04/14 10.04


INNHALD

M_Under ein stein.indd 9

Løft på ein stein!

Side 10

Spretthalen

Side 14

Jordløparen

Side 18

Saksedyret

Side 24

Sukkermauren

Side 32

Fløyelsmidden

Side 44

Ulveedderkoppen

Side 52

Skrukketrollet

Side 60

Tusenbeinet

Side 68

Skolopenderen

Side 76

Svartsnigelen

Side 82

Meitemakken

Side 90

Menneske og virvellause dyr

Side 98

Små dyr

Side 101

Lure lister

Side 103

Så store er små dyr

Side 105

Rekker, klassar, familiar og artar

Side 106

Stikkord

Side 107

Litteratur

Side 108

11/04/14 10.04


Løft på ein Å vere liten kan fort bli farleg. Du kan lett bli mat for andre. Eller tørke inn om sola skin på deg. Av den grunn er det lurt å gøyme seg. Under ein stein, kanskje? Denne boka handlar om dei små dyra som held til under steinar. Her har dei sine korte, men spennande liv. Men no kan du løfte på ein stein og studere dei!

M_Under ein stein.indd 10

11/04/14 10.05


M_Under ein stein.indd 11

11/04/14 10.05


Spretthale

M_Under ein stein.indd 12

11/04/14 10.05


M_Under ein stein.indd 13

11/04/14 10.05


høgdehopparen som allt id er der

Spretthalen har ikkje venger, han flyg med springgaffelen sin.

Sopptrådar er viktig mat for spretthalar. Når dei bæsjar, spreier dei soppane.

Når du løftar på steinar for å finne dyr, kan det godt vere at du ikkje ser noko dyr. Nei, her er det nok ingen, tenkjer du. Men da må du sjå ein gong til, for det er alltid ein spretthale å sjå! Under den minste stein kan det vere fleire tusen. Med andre ord: Du treffer heilt sikkert på ein spretthale. Men fordi dei er så små, trur du at dei ikkje er der. Det er berre nokre få som er så store at du kan sjå dei utan lupe. Det spretthalane manglar i storleik, tar dei igjen i spenst. Ein heilt vanleg spretthale kan hoppe 100 gonger si eiga lengd! Det er halen som gir han fart. Ytst på halen sit ein slags gaffel. Når spretthalen kviler, held han gaffelen inn mot kroppen. Men når han vil sprette, løyser han gaffelen. Gaffelen treffer jorda med stor kraft, og dermed fyk spretthalen opp. Å hoppe ved hjelp av ein gaffel med trykk er det berre spretthalar som kan gjere, så dette er nok forklaringa på namnet dei har fått. 14

M_Under ein stein.indd 14

11/04/14 10.05


Spretthalane høyrer til urinsekta våre. Urinsekta var her i urtida – lenge, lenge før menneska kom til. Og som hos alle urinsekt er kroppen til spretthalen vedunderleg enkel. Spretthalar har for eksempel ikkje nokon pustereiskapar. Dei har ikkje lunger som menneska, eller gjeller som fiskar, dei pustar med heile seg. Slik sett kan ein seie at heile spretthalen er ei lunge. Eller eit hjarte. Han er sjølv det hjartet han ikkje har. Spretthalen har heller ikkje noko rumpehol til å bæsje med. Når det blir fullt av bæsj i tarmane, blir tarmane skifta ut! Underleg enkelt har spretthalane det også når det gjeld hud. Dei skiftar hud etter kvart som dei veks, så det blir både titt og ofte. Og når spretthalar skal formeire seg, gjer dei dét også på sitt enkle, men praktiske vis: Hannen legg spermiar på eit strå. Hoa kryp over strået, og dermed blir egga hennar befrukta. Dei befrukta egga legg hoa under ein stein. Fleire hoer kan bruke same steinen, det kan vere tusenvis av egg under ein ganske liten stein.

Spretthalar veks heile livet. Dess lenger dei lever, dess større blir dei.

Svarte spretthalar samlar varme frå sola, dei er som solpanel.

Somme spretthalar dansar med kjærasten sin, hannen styrer hoa med antennene sine under dansen.

Sidan spretthalar er så små, er også det som dei et, smått. Dei et algar, bakteriar, pollen og andre plante15

M_Under ein stein.indd 15

11/04/14 10.05


delar. Alt dette finn dei nede i jorda eller under steinar. Det finst mat for spretthalar i både varme og kalde strøk, og derfor kan dei leve mest alle stader på jorda. Dei liker seg like godt i varme som i kalde land. Heile 30–40 kuldegrader kan dei små dyra klare å overleve i. Dei kan tole veldige temperatursvingingar fordi dei er utstyrte med ei slags frostvæske. Om våren er spretthalane dei første insekta som livnar til. Du kan sjå dei på snøen som enorme svermar med ørsmå, svarte kryp på leit etter mat. Snølopper blir dei kalla da. Dei hoppar jo som lopper, ja, faktisk høgre. Spretthalen er verdas minste og beste dyr i både høgdehopp og lengdehopp!

Å tilhøyre ein ART betyr at alle dyr innanfor denne gruppa av dyr kan få barn med kvarandre, og at desse barna blir slik at dei sjølve kan få nye barn.

SPRETTHALE Collembola er eit samlenamn for 285 ulike artar i Noreg. Storleik: 0,5–6 mm lang. Utbreiing: Finst i heile verda. Mat: Planterestar. Nytte: Gjødslar jorda og blir mat for andre insekt.

16

M_Under ein stein.indd 16

11/04/14 10.05


M_Under ein stein.indd 17

11/04/14 10.07


M_Under ein stein.indd 18

11/04/14 10.08


M_Under ein stein.indd 19

11/04/14 10.08


den seksfot a hur t igløparen

Ingen dyr er så artsrike som billene. Det finst 350 000 ulike biller i verda!

Insekt kan grupperast i art, familie, orden, klasse og rekke. Å finne dei ulike gruppene til kvart insekt kallar vi å systematisere.

Jordløparen er ei løpebille. Og som løpebiller flest liker han seg best i mørkret. Om dagen – så lenge det er lyst – gøymer løpebillene seg. Ofte under ein stein. Men når du løftar på steinen, og det kjem lys på jordløparen, skvett han til og pilar av garde. Det er slik han har fått namnet sitt. Han spring det han kan for å finne seg ein ny, trygg gøymestad. Løpebiller er insekt, og som andre insekt har dei seks bein. Beina er festa til skjelettet med kraftige musklar, det gjer løpebillene svært raske. Ditt skjelett er jo usynleg, det er inni deg. Men skjelettet til billa er godt synleg, for det er på utsida. Det dekkjer heile henne. Det er hardt, men lett og smidig. Biller kan tole å klemme seg gjennom den minste opning. Å ha skjelettet sitt på utsida gir mange fordelar. Ei løpebille kan sparke solid ifrå seg. Den harde, men lette kroppen skyt fram i veldig fart. Vil du fange henne, må du vere superrask. 20

M_Under ein stein.indd 20

11/04/14 10.08


Og er ho ikkje rask, skal du la vere å fange henne! For da kan det vere ei oljebille – den langsame dobbeltgjengaren til løpebilla – og henne skal du la vere å ta i. Oljebillene skil nemleg ut gift når dei blir redde, så ikkje ta i dei! Oljebillene er altså langsame. Dessutan er dei meir avlange enn løpebillene, mens løpebillene er runde og raske. Og fordi dei er så raske, treng dei ikkje gift til å forsvare seg med. Dei forsvarer seg med å lukte vondt, så vondt at ingen andre dyr vil ete dei!

Når vi grupperer insekta, ordnar vi dei etter kven dei liknar på. Løpebillene liknar på kvarandre, så dei har fått sin eigen familie: løpebillefamilien.

Jordløparlarve

Ryggen til løpebilla er dekt av venger. Men desse vengene kan ikkje brukast til å flyge med. Dei er samanvaksne og harde og ligg som eit ekstra vern over den vesle kroppen. Av den grunn blir dei kalla dekkvenger. Dekkvengene til løpebilla er som regel mørke. Løpebiller kan blenkje som dei finaste, svarte perler! Likevel er ikkje fargen til pynt: Den svarte fargen fangar sollyset så det blir lettare å halde varmen. Og dessutan gjer svartfargen billa usynleg om natta når ho er ute på rov. No skal det straks seiast at løpebiller ikkje har dei fine dekkvengene sine heile livet. Løpebiller er jo insekt, og insekta har sin særeigne måte å vekse på. Dei veks ved å forvandle seg. Metamorfose kallar vi ei slik forvandling.

Somme insekt har denne utviklinga: egg, larve, nymfe, ferdige vaksne.

21

M_Under ein stein.indd 21

11/04/14 10.08


Larven er barnestadiet, mens nymfa er ungdomstida til eit insekt.

Metamorfosen kan ha to, tre eller fire stadium. Fire er det mest vanlege, slik som hos løpebillene. Ei løpebille har altså fire heilt ulike måtar å sjå ut på. Først er ho egg, så er ho larve, og deretter er ho puppe. Det er berre i den siste perioden av livet at ho har lange bein og harde, blenkjande venger. Om dagen ligg løpebillene og kviler seg under ein stein. Men så snart mørkret kjem, er alle løpebiller ute og jaktar. Dei leitar etter levande mat: larvar, sniglar og makk. Ei løpebille spring etter byttet sitt, hentar det inn og bit det med dei svære, skarpe kjevane sine. Ho er ei rovbille. For små kryp er ei løpebille farlegare enn ei løve. Mens du, derimot, trygt kan halde henne i handa di. Det verste som kan skje, er at ho blir redd og forsvarer seg med å gi frå seg ei væske som luktar vondt og kan få deg til å klø litt. JORDLØPAR Carabus nemoralis er eit insekt som høyrer til gruppa løpebiller. Storleik: 2,2–2,6 cm lang. Utbreiing: Finst i heile verda. Mat: Sniglar, makk og larvar. Nytte: Biller et dyr som kan skade korn, bær og grønsaker. Dei er ein slags vaktmeistrar i åkrar og hagar. 22

M_Under ein stein.indd 22

11/04/14 10.08


M_Under ein stein.indd 23

11/04/14 10.08


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.