Våren 2016

Page 1

– Det treng du jo ikkje vere. Det er ikkje derfor eg sette inn annonse på FINN, sa Karianne. – Nei det er klart, men … – Nokon har alt vore her og tatt med seg nokre vasar. Dei sa det var Benny Motzfeldt-vasar, eller kva det var dei sa. Det seier meg ingenting, stygge var dei uansett, sa ho. To menn kom trampande inn døra, opplagt austeuropearar. Dei nikka til Karianne, og gjekk inn i stua der dei blei ståande og sjå seg rundt. Dei smilte og småsnakka saman mens eg og Karianne blei ståande og sjå på dei. Plutseleg begynte dei å fotografere stua og vise bilda til kvarandre mens dei diskuterte livleg. – Veldig fin stue, sa han eine. – Kvar sin smak, mumla Karianne. – Vi vil også ha ei slik stue, sa han. Karianne nikka og smilte stivt tilbake. – Vi tar alt her inne, sa han. – Alt? – Ja, vi har eit heilt tomt rom som vi treng å fylle opp. Det er omtrent på størrelse med dette rommet. Vi trur alt vil passe inn der. Det blir ei fin stue. Karianne såg sjokkert ut. Ho såg på meg. – Skulle ikkje du ha noko? Eg sa at eg berre var ute etter dyner og sengetøy og laken og slike ting. Eg viste henne rullen med svarte plastposar: – Det er alt eg klarer å ta med meg på bussen. Ho himla med auga. – Laken? Jaja, berre ta det du vil. Forsyn deg! Ho viste meg soverommet og skapet med sengetøy 


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.
Våren 2016 by Det Norske Samlaget - Issuu