Karin Helgøy Informasjonssjef Mobil: 970 19 865 Epost: k.helgoy@samlaget.no Inger Stenersen Sals-og marknadssjef Kontortlf: 48 31 94 33 Mobil: 993 42 394 Epost: i.stenersen@samlaget.no Elizabeth Nome Sals- og marknadskonsulent Kontor tlf: 48 31 94 34 Mobil: 958 20 6 35 Epost: e.nome@samlaget.no Maren Ingeborg Hvamstad MarknadssekretÌr Kontor tlf: 48 31 94 32 Mobil: 412 26 449 Epost: m.hvamstad@samlaget.no
K AT E G O R I
Marknadsavdelinga i Samlaget Litteratur:
1
I N N H AL D
4
Innhald: J u b i l a n t a n e v ü r e E b ø ke r S k j ø n n l i t t e r at u r for v ak sne L i t t e r at u r fo r b a r n og un g e F a k t a og d o k u m e nt ar Sy n og S e g n B e st s el j a r a r
05 11 13 33 59 69 71
Jubilantane v책re
Hovland debuterte i 1979 med romanen Alltid fleire dagar og blei raskt ein sentral forfattar utover i 1980åra. I suveren, slentrande stil skreiv han befriande humoristisk om livet på ville vestlandsvegar, med hyppige og burleske referansar til popmusikk og film. Hovland fekk tidleg eit trufast og ihuga publikum, og fleire yngre forfattarar er i dag tydeleg inspirerte av hans måte å bruke humor, ironi og intertekstualitet på. I Hovlands kanskje mest kjende roman, Sveve over vatna (1982), dukkar Dr. Munk for første gong opp i forfattarskapen, og sidan har denne anarkistiske sauebonden, fylliken og rytmegitaristen ridd forfattaren som ei mare.
Ragnar Hovland – 60 år
Blant Hovlands mange populære bøker er det verdt å trekkje fram Sjølvmord i Skilpaddekafeen (1989), Ein motorsykkel i natta (1992), som vann Brageprisen, og Ei vinterreise (2001) som vann Kritikarprisen. Det er dessutan vanskeleg å komme utanom jubileumsboka Åleine i alpane (1999), der Hovland markerte sitt eige 20-årsjubileum som forfattar med å gi ut heile 20 bøker i eitt band. Hans siste bok Stille natt (2011) vart tatt i mot med stor begeistring av kritikarar og lesarar.
J U BI L AN TAR
Ragnar Hovland (f. 1952) er ei av dei mest særeigne stemmene i norsk litteratur. Full av spenstige innfall, merkverdige karakterar og populærkulturelle referansar har han i over 30 år gitt ut meir enn 40 bøker i alle sjangrar.
8
Brit Bildøen – 50 år
Brit Bildøens forfattarskap er leikent og humoristisk, og har i seg eit genuint alvor og ei stadig undring over tilveret. Stilen er gjenkjenneleg, og sjølv om vi alltid kan forvente oss ein hund eller andre gjennomgangsmotiv når det kjem ei ny bok, er det først og fremst ei velkommen overrasking med nye bilde av menn og kvinner, av menneska og relasjonane dei i mellom.
J U BI L AN TAR
Brit Bildøen er blant våre fremste samtidsforfattarar. Ho feira i fjor tjue år som forfattar, og i år fyller ho femti. Bak seg har ho ein mangesidig, kompleks og utforskande forfattarskap, og har mottatt fleire prisar. Ho debuterte i 1991 med diktsamlinga Bilde av menn, og har sidan gitt ut barnebøker, gjendiktingar, romanar og essay. Siste utgiving var den kritikarroste Adam Hiorths veg (2011), og denne våren kjem ho med omsetjinga av Patti Smiths Just kids. I høve 50-årsjubileet gir Samlaget ut den brageprisnominerte Tvillingfeber frå 1998 på nytt, og essaysamlinga Litterær salong, som hadde stor suksess blant kritikarar og lesarar då den kom i 2009, kjem endeleg i billigutgåve. I Litterær salong ville Bildøen gi utvalde kvinnelege forfattar og forfattarskap betre lesingar. Og kjønn og forholda mellom mann og kvinne er sentralt i forfattarskapen elles, både som motiv og tema, om ikkje alltid i direkte politisk forstand.
10
Ebok
E-BØKER FRÅ SAMLGET TIL SALS PÅ: www.ark.no www.norli.no www.libris.no www.tanum.no www.bokkilden.no www.digitalbok.no www.emviem.com og i iBookstore
12
K likk på lenka!
Du finn m.a. desse titlane: -Hilde Myklebust Glødepunkt -Lars Mæhle Korea. Noveller om kjærleik -Rune Timberlid Sanct Svithuns gåte -Mette Karlsvik Bli Björk -Ragnar Hovland Stille natt -Marit Eikemo Samtale ventar -Brit Bildøen Adam Hiorths veg -Jon Fosse Kortare prosa -Agnes Ravatn Stillstand -Asbjørn Rydland Med eld i hjartet Drakeguten 2 -Mark Twain Huck Finn -Johanna Spyri Heidi -Asbjørn Rydland Drakeguten
Ragnar Hovland Stille natt
Marit Eikemo Samtale ventar
Brit Bildøen Adam Hiorths veg
Asbjørn Rydland Drakeguten
I e-katalog.
Nokre av e-bøkene som vert lansert samstundes som papirboka våren 2012:
Jon Fosse Olavs draumar
Oskar Stein Bjørlykke Vår tid
Lene Kaaberbøl Villheks: Eldprøven Villheks: Ildprøven
Skjønnlitteratur for vaksne
RO M AN A R
OSKAR STEIN BJØRLYKKE:
JON FOSSE:
VÅR TID
OLAVS DRAUMAR
EI VAKKER OG ORIGINAL FAMILIEHISTORIE FRÅ NORSK OKKUPASJONSTID
Alida og Asle kom i Andvake til Bjørgvin der ho fødde eit barn. I Olavs draumar forlèt dei byen, men Asle, som no vel å kalla seg for Olav, vil dra attende til Bjørgvin for å kjøpa ei gåve til Alida. Men det går ikkje slik han drøymer om.
I Oskar Stein Bjørlykkes nye roman møter vi Erling Ollset, som veks opp med foreldra sine i Havneid, dit dei har flytta for at faren skal arbeide som lærar. Det er både ei familiehistorie og ei tids- og miljøskildring, der vi får ei original framstilling av norsk okkupasjonstid og tidleg etterkrigstid. Boka viser fram eit stort persongalleri, men i sentrum står familien på tre, ungguten Erling og foreldra hans. Og dessutan Annis, venen til Erling. Vår tid er ei poetisk og klok bok om å vere til stades i verda, på godt og vondt.
16
Olavs draumar er ei draumelik, urovekkjande og klaustrofobisk forteljing, mest som ei bibelsk likning. Med sitt enkle og ladde språk skapar Fosse ei lysande skildring av kjærleiken mellom dei to unge. «Han går inn i svingen, og inn i svingen komen kan han sjå i fjorden, tenkjer Olav, for no er han Olav, ikkje Asle, og no er Alida ikkje Alida, men Åsta, no er dei Åsta og Olav Vik, tenkjer Olav og han tenkjer at i dag måtte han gå til Bjørgvin og få ærendet sitt der gjort.»
ROM AN | P R I S C A K R . 3 6 9 , ISBN: 97 8 8 2 5 2 1 8 0 5 8 9 U T G. FEB RUA R
OSKAR STEIN BJØRLYKKE (f. 1939) er frå Fitjar på Stord. Han er utdanna teolog, og har skrive ei lang rekkje romanar, diktbøker og bøker for barn. Oskar Stein Bjørlykkes produksjon er stor og mangfaldig. Han skriv tidsbundne bøker som reiser tidlause spørsmål. Bjørlykke tek for seg konfliktar mellom tru og tvil, kvinne og mann, tradisjon og modernitet, menneske og samfunnsmekanismar – og om konfliktane eit menneske kan ha med seg sjølv.
RO M A N | P R I S C A K R . 2 4 9 , ISBN: 9788252180374 U T G . J A N UA R
JON FOSSE (f. 1959) blir rekna som ein av vår tids viktigaste norske forfattarar. Tekstane hans er omsette til over 40 språk, og skodespela er sette opp over heile verda. Fosse har motteke ei rekkje prisar både i inn- og utland, og er av kritikarar blitt omtalt som det 21. hundreårets Beckett.
BI FEIYU:
PARROT & OLIVIER I AMERIKA
TRE SØSTRE OM FAMILIELIV UNDER MAO VI ER I KINA ETTER KULTURREVOLUSJONEN,
INTELLIGENT OG HUMORISTISK ROMAN AV BOOKERPRISVINNAR To ulike menn møtest i Frankrike rett etter den franske revolusjonen. Den unge aristokraten Olivier har vanskeleg for å finne seg til rette under det nye styresettet, og leitar berre etter eit påskot til å rømme landet. Ei reise til den nye verda for å studere fengselsvesenet er derfor ei glimrande unnskyldning. Livet er heller ikkje heilt trygt for engelske Parrot, son av ein omreisande trykkar og falskmyntar. Saman legg dei to ut på ferda over havet, der Parrot er tilsett som Oliviers sekretær, tenar og beskyttar, og dessutan som spion for Oliviers mor. Olivier prøver å like Amerika, men foraktar det udanna livet der, villmennene og presidentar som ikkje vil gå med parykk. For Parrot er Amerika ein ny start, utan familiens lettare belasta fortid hengande ved seg. Det er klart for ein skikkeleg kulturkollisjon.
O M S E T T E RO M A N A R
PETER CAREY:
18
Vi er i Kina etter kulturrevolusjonen, året er 1971. Kvinner har lite eller ingenting å seie på landsbygda. Yumi, den eldste dottera i Wang-familien, får ansvaret for familiens nyfødde. Ho vil gjerne kome seg opp og fram her i livet, og utviklar seg til ei bitter kvinne som baksnakkar alt og alle. To yngre søstre blir valdtekne og utstøytte og samhaldet elles i søskenflokken er skjørt. Bi Feiyu viser fram eit solidaritetslaust samfunn i Maos Kina. Tystarkulturen rår, og kvinna er ei vare som kan utnyttast eller byttast. Den strengt autoritære samfunnsstrukturen blir på meisterleg vis spegla i Wangfamiliens indre liv, der hatet og sjalusien heile tida lurer under overflata.
ROM AN | P R I S C A K R . 3 7 9 , ISBN: 97 8 8 2 5 2 1 7 9 6 0 6 U T G. M A R S
Til norsk ved Åsmund Forfang. PETER CAREY vart fødd i Australia i mai 1943 og har skrive seks romanar. Han vann Bookerprisen i 1988 for Oscar and Lucinda (som seinare vart gjort om til film med Ralph Fiennes i ei av hovudrollene). Carey vann Bookerprisen for andre gong i 2001 med True History of the Kelly Gang og var nominert til prisen i både 2007 og 2009.
Bi Feiyu vann Man Asian Literary Prize 2011 for denne boka. Til norsk ved Margunn Vikingstad.
RO M A N | P R I S C A K R . 3 5 9 , ISBN: 9788252179729 U TG. AP R IL
BI FEIYU (f. 1964) er ein av Kinas mest anerkjende forfattarar i dag. Han er journalist og lyrikar i tillegg til romanforfattar og er blitt tildelt fleire litteraturprisar, inkludert den prestisjefylte Lu Xun-prisen. Han var medforfattar på manuset til filmen Shanghai Triad, som vart regissert av den internasjonalt kjende regissøren Zhang Yimou. Hans fyrste roman var den kritikarroste Moon Opera.
MICHAEL ONDAATJE:
POLYFEM FORVANDLA OG MEISTEREN MA
SAMLA VERK AV BILLY THE KID
SVIMLANDE VAKKER OG SÆRPREGA DOBBELTUTGIVING
POETISK PORTRETT AV BILLY THE KID FRÅ FORFATTAREN AV DEN ENGELSKE PASIENTEN
Polyfem forvandla er ved sida av Solange og Meisteren Ma Willy Kyrklunds mest kjende verk. Romanen er ein montasje av korte prosastykke der både greske mytar, fablar og folkedikting, hinduistisk tradisjon og visepastisjar blir tatt i bruk. Polyfem, som vi møter i bokas første tekst, er kyklopen som hos Homer blir rundlurt av Odyssevs, og som no sit og ventar på at Ingen skal komme attende. Alt får plass mellom første og siste side i denne boka: Leiken, lengten, mordet og likesæla. Språket er poetisk, sekvensane både komplekse og djupt humoristiske. Dette er ein svimlande roman, ein av nordisk litteraturs vakraste, som ber om å bli lesen igjen og igjen. Meisteren Ma er ein kinesisk vismann og tidlegare røvar frå eit fortidig dynasti. Sjølv enda han sitt liv på jorda då han lét seg slynge ut i retning månen ved hjelp av ei mengd fyrverkeri. Det som er att, er
skriftene hans. Meisterens ytringar blir fortløpande kommenterte av dei to andre karakterane i boka, den jordnære kona Yao og den saklege tørrpinnen Li. Dei tre stemmene flettar saman ei heilt original forteljing. Omsett og med etterord av Gunstein Bakke. ROM AN | P R I S C A . K R 3 9 9 , ISBN: 97 8 8 2 5 2 1 7 7 6 7 1 U T G. M A R S
WILLY KYRKLUND Den sverigefinlandssvenske kultforfattaren Willy Kyrklund (1921-2009) er blitt kalla «det vesle formatets store meister». Han debuterte i 1948 med novellesamlinga Ångvälten, og fekk sitt gjennombrot med romanen Solange (1951). Med Polyfem forvandla (1964) og Meisteren Ma (1953) står Kyrklund på si høgd som forfattar, og med denne dobbeltutgivinga blir desse bøkene for første gong tilgjengelege på norsk.
O M S E T T E RO M A N A R / LY R I K K
WILLY KYRKLUND:
20
Bli med den legendariske lovlause gjennom 1880-åras New Mexico. Med sin unike evne til innleving og store fantasi gjenskapar Ondaatje tankane til Billy the Kid, og ved å stadig skifte mellom dikt, små historier, fotografi, journalistiske tekstar og ulike forteljarstemmer, blir dette universet opna for lesaren på ein spennande og truverdig måte. Samla verk av Billy the Kid er ein syntese av forteljarkunst, historie og mytologi av ein forfattar som tar oss tilbake til kjende legender med fornya undring. Med etterord av forfattaren. Gjendikta av Espen Stueland og Anne Arneberg.
LY R I K K | P R I S C A K R . 2 6 9 , ISBN: 9788252180053 U TG. M AI
MICHAEL ONDAATJE (f. 1943) er ein kanadisksingalesisk forfattar og poet, best kjend for den Bookerpris-belønna romanen Den engelske pasienten, som også er blitt ein Oscar-belønna film. Han har skrive ei rekkje diktsamlingar, med Samla verk av Billy the Kid som den mest kjende.
LY R I K K / D R A M A
OMAR KHAYYAM:
SIGMUND LØVÅSEN:
RUBA’IYAT
VID DIN SIDA
OPPTRYKK AV ETTERSPURD GJENDIKTING
OM KJÆRLEIK NÅR MINNET FORSVINN
Den iranske astronomen, matematikaren og poeten Omar Khayyam (1048-1131) er ein av klassikarane i persisk litteratur. Khayyam dyrka berre éi diktform, fireliners-verset, roba’i, og det er 91 av desse versa Johannes Gjerdåker på meistarleg vis har gjendikta frå persisk.
Når Ingrid og Johannes saman syng «Vid din sida», er dei tilbake i sine lykkelegaste dagar. Men i dag er Johannes dement, og har ikkje lenger nokon kontakt med denne fortida. Forholdets mørkare sider kjem til syne når dei siste åra forsvinn frå hukommelsen. Kan kjærleiken overleve at det felles minnet om den forsvinn? Stykket handlar om korleis det er å leve som dement og med ein dement. Ei kjærleikshistorie om ein families kamp for å halde fast i seg sjølv, verda omkring dei, og kvarandre.
22
Stykket hadde premiere i oktober 2011.
LYR IKK | P R I S C A K R . 2 6 9 , ISBN: 97 8 8 2 5 2 1 8 0 6 3 3 U T G. FEB RUA R
OMAR KHAYYAM (1048-1131) iransk astronom, matematikar og poet. Omar Khayyam er ein av klassikarane i persisk litteratur.
D R A M AT I K K | P R I S C A K R . 2 6 9 , ISBN: 9788252180640 U TG. M AR S
SIGMUND LØVÅSEN (f. 1977) er frå Trysil. Han debuterte med romanen Nyryddinga i 2003, ei bok han fekk både Tarjei Vesaas’ debutantpris og P2-lyttarane sin romanpris for. Sidan har han gitt ut Brakk (2006) og Mamsell Iversen (2009).
POCK E T
BRIT BILDØEN:
BRIT BILDØEN:
TVILLINGFEBER
LITTERÆR SALONG 10 FORFATTARAR 10 LITTERÆRE DYDER
NO I POCKETUTGÅVE Tvillingfeber er ein roman om åtskiljing og forsvinning. Ida leiter etter sin tapte tvilling; i seg sjølv, i eit gammalt fotografi, i menn og onklar og venninner. Ho funderer over det å vere éin, og det å vere to, og det å lure på om det er slik at med det tredje skal det skje.
SPENNANDE LESEGUIDE
24
Brit Bildøen inviterer til litterær salong med ti forfattarar som betyr mykje for henne. På skarpt og underhaldande vis gir ho ei innføring i originale og gode kvinnelege forfattarskap dei siste hundre åra.
– Tvillingfeber er en nesten monoman roman som legger seg rundt en og lukker en inne i sitt univers, hvor jakten på egen identitet er kraften som driver både verket og leseren framover. Kjell Olaf Jensen, Dagsavisen
I tillegg til å vere ein lesarguide med sterke anbefalingar, ønskjer Bildøen å skape ei positiv motvekt til den sterke mannsdominansen på litteraturfeltet. Bildøen meiner at den store framveksten av originale og gode kvinnelege forfattarskap dei siste hundre år ikkje blir spegla i litteraturdebattar, kanoniseringar og prisutdelingar.
– Brit Bildøens Bragepris-nominerte Tvillingfeber er ein stramt komponert roman med ein enkelt formulert, men djuptloddande identitets- og generasjonsproblematikk. Ingrid Nymoen, Dag og Tid
P O CK E T | P R I S C A K R . 1 4 9 , ISBN: 97 8 8 2 5 2 1 8 0 6 1 9 U T G. J AN UA R
BRIT BILDØEN (f. 1962) er forfattar og forlagskonsulent. Bildøen har gitt ut barnebøker, gjendiktingar, romanar og essay. Mellom dei siste utgivingane er romanane Landfastlykke og Alt som er og essaysamlinga Litterær salong.
Gjestane i Bildøens litterære salong er Gertrude Stein, Mercé Rodoreda, Joan Lindsay, Jean Rhys, Halldis Moren Vesaas, Adrienne Rich, Amalie Skram, Carol Shields, Doris Lessing og Elfride Jelinek.
POCK E T | P R IS C A K R. 149,ISBN: 9788252180626 U T G . J A N UA R
BRIT BILDØEN (f. 1962) er forfattar og forlagskonsulent. Bildøen har gitt ut barnebøker, gjendiktingar, romanar og essay. Mellom dei siste utgivingane er romanane Landfastlykke og Alt som er og essaysamlinga Litterær salong.
POCK E T
JON FOSSE:
TORE KVÆVEN:
MORGON OG KVELD / DET ER ALES
HARD ER MITT LANDS LOV
DOBBELPOCKET FRÅ FOSSE
Det norske skipet Havjerven ligg til hamn i Roma då høvdingen blir utfordra og drepen i sverdkamp av grønlendingen Ulfr. Ulfr tek høvdingtittelen på skipet og lokkar mannskapet med seg på ei vill havferd nedover kysten av Store Serkland (Afrika), vidare opp Kongo-elva og mot det indre av Afrika. Skildringa av ferda over havet og innover i jungelen har slektskap med klassiske romanar som Moby Dick og Heart of Darkness. Det skal visa seg at Ulfr ikkje er heilt den han har gjeve seg ut for og at mannskapet ikkje anar målet for reisa før det er for seint.
I Morgon og kveld vert eit barn som skal heite Johannes og bli fiskar, født. Ein gammal mann, som heiter Johannes og har vore fiskar, døyr. Mellom dei to ytterpunkta i eit menneskeliv, fødsel og død, spenner denne konsentrert komponerte romanen seg ut i sitt store format. Johannes’ liv er formidla ved dei to punkta, i eit språk som skriv seg inn mot livets inngang og utgang. Morgon og kveld var nominert til Nordisk råds litteraturpris. I Det er Ales ser Signe tilbake på seg sjølv som ung kvinne. Ho elska Asle, han som drog ut på sjøen og aldri vende tilbake. Sidan er ingenting endra, men likevel vart alt forandra. Det er Ales er ein liten, men likevel stor roman, om den store kjærleiken og om korleis brå død og dragninga mot havet pregar ei slekt gjennom fleire generasjonar.
26
Debutanten Tore Kvæven har skrive ein forrykande spennande historisk roman. Inspirert av islendingsogene og med eit vell av historisk kunnskap tek han lesaren med på eit uforgløymeleg tokt.
P O CK E T | P R I S C A K R . 1 4 9 , ISBN: 97 8 8 2 5 2 1 8 1 2 4 1 U T G. M A I
JON FOSSE (f. 1959) blir rekna som ein av vår tids viktigaste norske forfattarar. Tekstane hans er omsette til over 40 språk, og skodespela er sette opp snart tusen gonger over heile verda. Fosse har motteke ei rekkje prisar både i inn- og utland, og er av kritikarar blitt omtalt som det 21. hundreårets Beckett.
«Kvævens debutroman er på alle måter imponerende. Bare ideen er sabla god.» Cathrine Krøger, Dagbladet
POCK E T | P R IS C A. K R 149,ISBN: 9788252180848 U TG. M AI
TORE KVÆVEN (f. 1969) bur i Sirdal og arbeider som lærar. Hard er mitt lands lov var debutboka hans.
POCK E T
KARIN MOE:
KARIN MOE:
KYKA / 1984
SKRIFTER
KRIMINELL OG EKSPERIMENTELL DOBBELTROMAN
LITTERÆRT, POLITISK OG PROFETISK FRÅ NOREGS AVANTGARDE-DRONNING
Kyka/1984 er ein tveegga roman, der to bøker møtest på midten: Første delen er lagt til ei lita vestlandsøy ein gong i 50-åra, der utgangspunktet er mordet på bygdas lærarinne. Gjennom 29 kapittel følgjer vi Kyka, ei seksårig jente, som einaste vitne til mordet. Og saman med eit mylder av stemmer, eit sladrekor, gir boka eit innblikk i den kollektive mentaliteten på øya under oppklaringa av brotsverket. Det er ein gåtefull konsept- og kollektivroman, som parodierer og alluderer i alle retningar, men likevel står stødig som ei sjølvstendig, original og språkleg oppfinnsam forteljing. I 1984, med undertittelen «Niklas Eggers aborterte skrifter», får vi lese skriftene til ein arbeidslaus, blakk og kåt mann i ei norsk bygd anno 1984. Kyka/1984 er ein av våre mest særeigne og eksperimentelle bøker, ein moderne norsk klassikar.
28
Det er ein sensasjon når Karin Moe kjem med si første bok på 11 år. Med sitt særeigne språk og blikk deler ho sine lesingar av norsk skjønnlitteratur og forfattarskapar, bibeltolkingar, kyrkjepreikar og samfunnskommentarar. Sigrid Undset, Eldrid Lunden, Karl Ove Knausgård, Hanne Ørstavik, Agnar Mykle – og også Karin Moe sjølv! – er blant dei ho tek for seg. Tekstane spenner frå tema nært i tid, som fredspris og finanskrise, til overblikk over Hans Nielsen Hauge som forleggar og nynorsk lyrikk frå Aasen til Hauge. Frekke småtekstar om Martin Kolbergs freudianske forsnakkingar, kroppsspråket til Jonas Gahr Støre og Jens Stoltenbergs monotone talestil er med på å krydre boka. Tekstane er skrivne frå tidleg på 90-talet og fram til i dag. P O CK E T | P R I S C A K R . 1 4 9 , ISBN: 97 8 8 2 5 2 1 8 0 6 6 4 U T G. M A R S
KARIN MOE (f. 1945) er forfattar og litteraturkritikar. Ho debuterte med tekstsamlinga Kjønnskrift (1980), og har i seinare bøker markert seg som ein av de mest bevisst eksperimenterande blant nyare norske forfattarar, med impulsar både frå postmodernisme, feministisk litteraturkritikk og moderne psykoanalytisk teori.
E S S AY | P R I S C A K R . 3 8 9 , ISBN: 9788252180657 U TG. M AR S
KARIN MOE (f. 1945) er forfattar og litteraturkritikar. Ho debuterte med tekstsamlinga Kjønnskrift (1980), og har i seinare bøker markert seg som ein av de mest bevisst eksperimenterande blant nyare norske forfattarar, med impulsar både frå postmodernisme, feministisk litteraturkritikk og moderne psykoanalytisk teori.
POCK E T
AGNES RAVATN:
AGNES RAVATN:
FOLKELESNAD
STILLSTAND
RAVATN TEK VEKEBLADET FRÅ MUNNEN
INNHALDSRIKE ESSAY OM INGENTING
Agnes Ravatn har tråla Narvesens bladhyller, og sett seg godt til rette i godstolen. Ho tar oss med til ei insisterande og til tider skremmande verd, der urealistiske ideal og massiv behovsskaping regjerer. Ein monotoni, i nummer etter nummer, som får oss til å stille spørsmål som: Kva er det eigentleg dei vil med oss, desse blada? Er det rein underhaldning og eskapisme, eller skildrar dei noko som for mange er ei verkelegheit?
I desse essaya oppsøkjer Ravatn situasjonar der ingenting skjer. På slentrande vis, iblanda mild sosial angst tek ho oss med til stader i det norske samfunnet som vanlegvis ikkje blir kommenterte, som tingretten, klosteret og talarstolen på 17. mai. «Ravatn etablerer seg som en av Norges aller morsomste skribenter.» Ane Farsethås, Dagens Næringsliv «I Stillstand klarer Agnes Ravatn nettopp å fortrylle det hverdagslige til å bli noe eventyrlig.» Gro Jørstad Nilsen, Bergens Tidende
Agnes Ravatn tar jaktblada på kornet og pornoblada på dei mest erogene soner, ho lar blada tale for seg sjølv, men ho tar også bladet frå munnen. Les, lær og le. Nominert til Brageprisen 2011! «Modig, vittig og skarpskodd Agnes Ravatn. Ravatn skjærer modig gjennom. Hun smisker ikke. Framfor alt: Hun er utrolig vittig. Og sjeldent velformulert.» Cathrine Krøger, Dagbladet
30
«Observasjonane er skarpe, sjølvironien bitande, og utvalet situasjonar originalt.» Gerd Elin Stava Sandve, Dagsavisen E S S AY | P R I S C A . K R . 1 4 9 , ISBN: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 0 8 5 5 U T G. M A I
AGNES RAVATN (f. 1983) har gitt ut romanen Veke 53, fanzinen Ikke til hjemlån og essaybøkene Stillstand og Folkelesnad, og har gjennom desse bøkene og si journalistverksemd allereie etablert seg som ein av landets skarpaste pennar.
E S S AY | P R I S K R 1 4 9 , ISBN: 9788252180800 I SAL
AGNES RAVATN (f. 1983) har gitt ut romanen Veke 53, fanzinen Ikke til hjemlån og essaybøkene Stillstand og Folkelesnad, og har gjennom desse bøkene og si journalistverksemd allereie etablert seg som ein av landets skarpaste pennar.
POCK E T
RUNE TIMBERLID:
SANCT SVITHUNS GÅTE KNALLSTERK KRIM FRÅ DET MEKTIGE VESTKAPP
32
Vår mann i vest, Rolf Randen, er på utlån frå lensmannskontoret i Førde for å patruljere kysten i ein open gummibåt, på jakt etter terroristar som trugar landet. Eit meiningslaust oppdrag, tenkjer han og vil heller dykke ned til det gamle hurtigruteskipet Sanct Svithun som blei bomba utanfor Ervika i 1943. Under eit dykk finn Randen ein død mann i sjøen ved ei sandstrand nær Vestkapp. Samstundes forsvinn ei kvinne, og gamle gullmyntar dukkar opp. Rolf Randen er igjen i sentrum av eit storslagent drama som har forgreiningar til Stalins Gulag-leirar, andre verdskrig og den spanske armada – og bak ligg den mektige naturen i Selje og spelar med.
P O CK E T | P R I S C A K R . 1 4 9 , ISBN: 97 8 8 2 5 2 1 8 1 2 5 8 U T G. M A R S
RUNE TIMBERLID (f. 1950) er journalist og kriminalforfattar. Han har, sidan debuten i 1991, skrive fleire bøker om politibetjent Rolf Randen frå Høyanger, m.a. Deadline (2006) og Operasjon Siskin (2008). Timberlid er busett i Førde og arbeider som informasjonssjef i Lotteri- og stiftelsestilsynet.
Bøker for barn og ungdom
DØGNVRIMLEBOKA LIV OG RØRE I HAMNA
BI L E T BØ K E R
ANDRE VRIMLEBØKER
BRITTA TECKENTRUP:
36
ENDELEG NY VRIMLEBOK! Familie Hoppedal er på tur i hamna. Der skjer det mykje i løpet av eit døgn. Fiskebåtar fer inn og ut, og store skip passerer. Medan fiskeseljaren sel fisken sin, leikar barna med matrosane. Kva har Helge Hund på kroken? Kven har mest lyst på fisken til Fiona og Finn Fiskå? Og kvar har det blitt av Gunnar Grevling no igjen? I denne nye vrimleboka kan vi følgje livet i hamna frå tidleg på morgonen til seint på kvelden. Frå 2 år.
BILE T B O K | P R I S K R 1 9 9 , ISBN: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 0 7 2 5 U T G. F E B RUA R
BRITTA TECKENTRUP (f. 1969): Britta Teckentrup er opphavleg frå Hamburg og reiste til London for å studere kunst. Etter 17 år i Storbritannia der ho har gitt ut ei rekkje biletbøker, har ho no flytta heimatt til Tyskland og bur i Berlin i lag med familien sin.
BI L E T BØ K E R
CHRISTINA BJÖRK OG EVA ERIKSSON (ILL):
NHU DIEP:
BRONTO BIFF PÅ CAFÉ OLALA
PRINSESSER OG DRAKAR
ELLEVILL DINOSAURHISTORIE
MÅ-HA-BOK FOR TØFFE PRINSESSER
38
Bronto Biff er ein merkeleg dinosaur med ein merkeleg diett. Han et berre svart mat! Dag etter dag, veke etter veke. Men ein dag får han nok. Det må då vere meir i livet enn dette? For første gong i livet går Bronto på restaurant, og bestiller alt på menyen. Men det blir litt for mykje for magen til Bronto … kanskje å smake på passe mykje er betre?
Prinsesser og drakar har alltid høyrt eventyra til. Men no er det nye tider på slotta! Prinsessene er tilkopla internett, har eigne heimesider, elektriske støvsugarar i dokkehuset og sparkesykkel. Dei klarer seg utmerkt på eiga hand og reddar seg sjølve frå drakane, om dei då ikkje like gjerne blir venner med dei, eller overtar jobben deira.
Dette er ei sprudlande bildebok om tema ungar har eit nært forhold til: kjensler, smakar, lukter, fargar, mat og bæsj. Og Bronto Biff er ein uttrykksfull fyr som ber historia på dei digre dinosaurskuldrene sine.
I denne morosame og sjarmerande boka finn du sju prinsessehistorier, eitt lite eventyr for kvar dag i i veka. Perfekt for ei lesestund kvar kveld!
BILE T BOK | P R I S C A K R . 1 7 9 , ISBN: 9788252 1 8 0 4 6 6 U T G. M AR S
CHRISTINA BJÖRK (f. 1938) frå Stockholm er ein poulær svensk barnebokforfattar med meir enn 20 bøker bak seg. Ho er kjend for sitt lange samarbeid med Lena Andersson, mellom anna gjennom klassikaren Linnea i malerens hage. Björk er utdanna ved Grafiska Institutet i Stockholm og var medlem av Svenska barnboksakademien frå 1989-1999. EVA ERIKSSONS illustrasjonar er kjende og elska frå mellom anna bøkene om Den ville ungen og Pål, og prinsessene hennar er akkurat så sjarmerande og ville som vi kan vente oss.
BILE T BOK | P R IS C A K R. 229,ISBN: 9788252180312 U TG. M AR S
NHU DIEP (f. 1978) er frå Vietnam, busett i Bergen. Ho er utdanna illustratør og underviser ved Bergen Kreative fagskole. Nhu Diep debuterte med dei populære småbarnsbøkene om Lille Ting i 2010.
ELIN GRIMSTAD:
BOKA OM MEG
MÅNEN SOM VILLE LYSE SOM SOLA
MINNEBOK MED SJEL
BI L E T BØ K E R
EVA ERIKSSON:
UNIK OG VAKKER BILDEBOK!
Endeleg ein spesiell og sjarmerande variant av boka alle nybakte foreldre må ha! Her er det plass til å skrive alt ein gjerne vil hugse: Lengd og vekt, dei første orda, favorittleikar og mykje meir.
40
«Kvifor er ikkje eg meir som sola?» undrar Månen. Når Sola lyser er alle glade, mens leiken stilnar når han kjem fram … Sola påstår til og med at han ikkje lyser, og at ingen ville merke om han forsvann! I denne boka er sola og månen eit umake par som må finne ut kor viktige dei eigentleg er for kvarandre. Vi får høyre om både solsystemet, solformørking og flo og fjøre, men mest av alt handlar det om å finne sine eigne kvalitetar og verdsetje at vi er ulike.
Den populære svenske teiknaren Eva Eriksson har strøydd om seg med bilete som mange vil kjenne att frå bøkene om vesle Pål og den ville ungen. Slik blir Boka om meg ei biletbok den nye verdsborgaren vil ha glede av sjølv ganske snart!
Dette er ei uvanleg vakker bok, med eit uttrykk som både er høgst originalt og lett tilgjengeleg. Elin Grimstads eigenarta illustrasjonar er baserte på teknikkar frå animasjonsfilm og gir boka eit poetisk og tredimensjonalt uttrykk heilt i særklasse. Kvart bilde er eit detaljrikt kunstverk, ei eiga verd med mykje å utforske både for barn og vaksne. BILE T BOK | IS B N : 9 7 8 8 2 5 2 1 5 8 1 0 6 P R IS K R 149, - | I S A L
Elin Grimstad er debutant.
BILE T BOK | P R IS C A K R. 249,ISBN: 9788252175950 U TG. M AI
ELIN GRIMSTAD (f 1976) er frå Giske i Møre og Romsdal, bur i Oslo. Utdanning i animasjonsfilm og skriving for barn ifrå Bath Spa University (BA) og frå Norsk barnebokinstitutt. Ho har til no jobba mest med animasjon og illustrasjon i møte med figurteater. Månen som ville lyse som ei sol er den fyrste boka hennar.
BI L E T BØ K E R
RUTH LILLEGRAVEN OG INGER LANDSEM (ILL.):
RUTH LILLEGRAVEN OG INGER LANDSEM (ILL.):
MARI OG MAGNUS FLYTTAR INN
MARI OG MAGNUS OG SMOKKETJUVEN
NY SMÅBARNSERIE!
NY SMÅBARNSSERIE
Første boka i serien om Mari og Magnus, ein ny småbarnsserie for aldersgruppa 3-6 år. Dette er enkle historier med gjenkjennelege tema og illustrasjonar, eit sjarmerande nynorsk alternativ til seriar som Karsten og Petra.
Mari og Magnus er søsken, og går i same barnehage. Ein dag skjer det noko mystisk. Då småungane skal kvile er alle smokkane borte! Kanskje det er ein smokketjuv i barnehagen? Det er nok best dei spionerer litt. Og held vakt.
Mari og Magnus er sysken. Mari er fem år, og Magnus er nesten fire. I den første boka har dei nettopp flytta inn i eit nytt hus. Det står kassar overalt, og ingen finn sakene sine. Kor har for eksempel bamsen til Magnus blitt av? Mens dei leitar, kjem ein flyttebil til køyrande. Det er dei som skal bu i den andre halvdelen av huset, som har stått tom. Kanskje Mari og Magnus får nokon å leike med?
Dette er oppfølgjaren til den første boka om søskenparet, Mari og Magnus flyttar inn. Enkle historier med gjenkjennelege tema og illustrasjonar kjenneteiknar serien, som vender seg til aldersgruppa 3-6 år.
BILE T BOK | P R I S C A . K R 1 5 9 , ISBN: 97882 5 2 1 7 9 8 1 1 | I S A L
42
BILE T BOK | P R IS C A K R. 159,ISBN: 9788252180275 U TG. M AR S
RUTH LILLEGRAVEN (f. 1978) debuterte med den kritikarroste diktsamlinga Store stygge dikt i 2005. Bøkene om Mari og Magnus er dei første barnebøkene hennar. Lillegraven er frå Hardanger og bur no i Bærum.
RUTH LILLEGRAVEN (f. 1978) debuterte med den kritikarroste diktsamlinga Store stygge dikt i 2005. Bøkene om Mari og Magnus er dei første barnebøkene hennar. Ruth Lillegraven er frå Hardanger og bur no i Bærum.
INGER LANDSEM (f. 1950) har illustrert ei lang rekkje barnebøker og skulebøker. Ho jobbar òg som biletkunstnar og har mange utstillingar bak seg.
INGER LANDSEM (f. 1950) har illustrert ei lang rekkje barnebøker og skulebøker. Ho jobbar òg som biletkunstnar og har mange utstillingar bak seg.
MERVI LINDMAN:
VESLE MODIGE VILMA
VILMA PÅ SIRKUS
BI L E T BØ K E R
MERVI LINDMAN:
EIN HYLLEST TIL FANTASIEN
FARGERIK OG LEIKEN BOK OM Å VÅGE Å VERE REDD
Det regnar og Vilma kjedar seg. Mamma og pappa vaskar opp og andre vaksenting, Vilma må rope for at dei skal høyre ho. Då pappa bed Vilma om å vere stille får Vilma nok. Ho pakkar veska og rømmer med eit sirkus. Der vil ho i allfall aldri kjede seg!
Vilma er stor jente. Og modig. Ho blir ikkje redd sjølv om det ligg ei krokodille på do eller eit monster i badekaret. Ho er ikkje redd sjølv om det er mørkt på rommet og hybelkaninane romsterer under senga heller. Seier ho. Men ein kveld når ho har lagt seg, blir det for mange skremmande skuggar, og Vilma blir så liten at ho forsvinn ut gjennom dørsprekken …
44
På sirkuset får ho balansere på hestar og stikke hovudet inn i eit løvegap utan å bli det minste redd. Skal tru om ho ikkje klarer å svinge seg i trapesen òg, høgt der oppe?
Mervi Lindmans fargerike illustrasjonar fyller kvart dobbeltoppslag i denne hjartevarme bildeboka, der fantasi og verkelegheit går over i kvarandre på ungars vis.
Mervi Lindmans fargerike illustrasjonar fyller kvart dobbeltoppslag i denne hjartevarme bildeboka, der fantasi og verkelegheit går over i kvarandre på ungars vis.
Frå finsk ved Liv Hatle.
Frå finsk ved Liv Hatle.
BILE T BOK | P R I S C A K R . 1 7 9 , ISBN: 97882 5 2 1 8 0 2 5 1 U T G. M AR S
MERVI LINDMAN (f. 1971) er frå Finland. Ho er utdanna ved Konstindustriella högskolan i Helsingfors og har både skrive og illustrert ei rekkje populære barnebøker. I Noreg er ho mest kjend for illustrasjonane til småbarnsbøkene om Ingrid.
BILE T BOK| P R IS C A K R. 179,ISBN: 9788252180268 U TG. M AR S
MERVI LINDMAN (f. 1971) er frå Finland. Ho er utdanna ved Konstindustriella högskolan i Helsingfors og har både skrive og illustrert ei rekkje populære barnebøker. I Noreg er ho mest kjend for illustrasjonane til småbarnsbøkene om Ingrid.
MONI NILSSON OG PER GUSTAVSSON (ILL.):
KOMPISEN ER FOR LITEN
KOMPISEN LENGTAR
BI L E T BØ K E R
MONI NILSSON OG PER GUSTAVSSON (ILL.):
OM IKKJE Å FÅ VERE MED
HUMORISTISK OG KLOKT OM STORE KJENSLER
Olivia skal reise bort, og Kompisen får ikkje vere med. Det blir så einsamt! Kompisen klarer ikkje leike, han klarer ikkje ete, han klarer ikkje sove. Kompisen klarer berre å lengte … Men kanskje ikkje det er så farlig å lengte? For når ein har nokon å lengte etter er ein jo aldri heilt einsam.
Olivia våger å klatre på stigen og klippe med den store saksa. Det våger ikkje Kompisen. Han er for liten, seier Olivia. Men kven bestemmer om ein er stor eller liten? Dette er den første boka om Kompisen, ein liten bamse med store kjensler, og Olivia, som er mennesket hans. Bøkene gir humoristiske, kloke og beint fram rørande skildringar av eit venneforhold med gleder og utfordringar både barn og vaksne vil kjenne seg att i.
46
Dette er den andre boka om bamsen Kompisen og Olivia, mennesket hans. 3-6 år. Frå svensk ved Ragnar Hovland
Frå svensk ved Ragnar Hovland.
3 – 6 ÅR | P R I S C A K R . 1 7 9 , ISBN: 97 8 8 2 5 2 1 8 1 4 4 9 U T G. FEB RUA R
MONI NILSSON (1955) har skrive ei rekkje populære barne og ungdomsbøker, mellom anna bøkene om Tsatsiki.
BILE T BOK | P R IS C A K R. 179,ISBN: 9788252181456 U T G . F E B RUA R
MONI NILSSON (1955) har skrive ei rekkje populære barne og ungdomsbøker, mellom anna bøkene om Tsatsiki.
6 - 9 ÅR
NANA LYNUM-RISE OG ERLE STOKKE (RED.):
RAGNFRID TROHAUG OG NANA RISE-LYNUM (RED.):
BARNAS EIGA AKTIVITETSBOK
BARNAS EIGNE VITSAR
ETTERSPURD AKTIVITETSBOK PÅ NYNORSK!
I denne boka finn du hylande morosame, teite, artige, rare vitsar. Vitsane er sende inn av lesarane i Norsk Barneblad.
I Barnas eiga aktivitetsbok har vi samla det beste frå barnesidene i Norsk Barneblad dei siste ti åra.Her finn du oppgåver til quizen du kan halde sjølv, enkle matoppskrifter, morosame fakta, trylletriks, kriminalgåter, tips til rampestrekar og mykje, mykje meir.
48
M V I MINNAR O K BO SE IT V I SAME SER IE
Boka gir inspirasjon til aktivitetar for bilturar, feriedagar, bursdagar og kvardagar og er midt i blinken for barn frå 7 til 12 år.
BAR N | P R IS K R 159,ISBN: 9788252178951 I SAL
I same serie finns Barnas eigne vitsar og Barnas nynorske kryssordbok .
Frå boka:
INNBUND EN | P R I S C A K R . 1 9 9 , ISBN: 9788252 1 8 1 5 2 4 U T G. M AR S
Ein kunstmålar sat på ei høgd og såg utover landskapet. Då kom ein bonde gåande saman med hesten sin. – For ein nydeleg hest, sa målaren, – den vil eg gjerne måle. – Ikkje tale om, sa bonden, – hesten er brun, og det skal han vere. Kvifor reiste den sjuke grisen til England? For å bli pig, så klart!
BAR N 6-9
FABRIZIO SILEI OG MAURIZIO A. C. QUARELLO (ILL):
KARI SMELAND OG MONA BREKKE (ILL):
ROSAS BUSS
FAMILIEN KRÅKESTUP OG NYSET I NABOHUSET
EI BOK OM RASISME, OM MOT TIL Å KJEMPE FOR RETTANE SINE; OG OM REDSEL OG SVIK.
50
ER DU EIN NYSGJERRIG SNIK?
Midt i den store hallen på Henry Ford-museet står ein gammal buss, og i bussen er det eit sete som minner bestefar om ei historie langt tilbake i tid. Det er setet til Rosa Parks.
Kråkestupfamilien består av mamma og pappa og tre par tvillingar, pluss gamle onkel Sigurd, som bur saman med dei i det falleferdige huset. Det finst berre eitt hus til i nabolaget, og der har det ikkje budd nokon sidan onkel Sigurd var barn. Men ein dag får dei yngste tvillingane mistanke om at nokon har flytta inn.
Dette er historia om den modige Rosa Parks som ein desemberdag i 1955 nekta å reise seg frå busssetet for å gi plass til ein lyshuda amerikanar, endå raselovene kravde det. Med tårer i auga fortel bestefar historia han veit alt om, for han var på bussen sjølv. Frå italiensk ved Guri Vesaas.
B AR N 6–9 | P R I S C A . K R 2 2 9 , ISBN: 978 8 2 5 2 1 8 0 0 2 2 U T G. FEBRUA R
FABRIZIO SILEI (f. 1967) frå Firenze er kjent for å skrive om menneskerettar og identitet for barn. I 2008 var han nominert til Unicef-prisen i litteratur for menneskerettar og barnas rettar og har vunne mange prisar for sine skjønnlitterære bøker om rasisme og diskriminering. MAURIZIO A.C. QUARELLO (f. 1974) er frå Torino har studert grafisk design, arkitektur og illustrasjon. Han har til no illustrert over 30 bøker; dei fleste er også utgitt i andre land. Tre av hans bøker har vunne den italienske bokprisen.
Kari Smeland har skapt eit eventyrleg univers, der «Alt som kan skje når fiskesuppa koker over, skjer», som det heiter i ei av dei fantasifulle kapitteloverskriftene. Utforskinga av nabohuset bind saman eit vell av absurde hendingar og boka er med sine frodige påfunn og formuleringar ein fryd å lese høgt. Godt skriftbilde og illustrasjonar gjer ho lett å lese også for barna sjølv frå 7-10 år.
6 – 9 ÅR | P R IS C A K R. 199,ISBN: 9788252180282 U TG. AP R IL
KARI SMELAND (f. 1984) kjem frå Kviteseid i Telemark og bur i Oslo. Ho har ein bachelor i historie- og samfunnvitskap og jobbar som bibliotekar. Familien Kråkestup og nyset i nabohuset er den fyrste boka hennar.
BAR N 9-12
LENE KAABERBØL:
MARK TWAIN:
VILLHEKS: ELDPRØVEN
HUCK FINN OG EVENTYRA HANS
NY FANTASYSERIE FRÅ SKAMMAR-FORFATTAR!
VERDSKLASSIKAR ENDELEG I REVIDERT UTGÅVE.
Clara trur ho er ei heilt vanleg jente som lever eit vanleg liv. Men då ho blir klort i fjeset av ein svart kjempekatt, er ingenting lenger som det var. I all hast pakkar mor bilen og reiser til eit hus langt ute i skogen der tante Isa bur.
Huck Finn er lei av den strenge oppdraginga til Douglas-enkja, men når den fordrukne og brutale far hans plutseleg dukkar opp igjen, er livet ikkje morosamt lenger. Han flyktar frå hytta i skogen der faren plar å sperra han inne, medan han drikk seg full i byen.
Tanta meiner at Clara er ei villheks som henne, men Clara veit ingenting om tryllekunst. Med kvart mislukka tryllekunstforsøk føler ho seg tryggare på at ho berre er ei vanleg jente. Men ei natt, når Clara er åleine i huset, skjer det noko mystisk, og Clara vert sett på hekseprøve. Eldprøven er den første boka i serien Villheks, der får vi høyre om Clara, hennar kjærleik for dyr og hennar kamp for å overleve som villheks i ei verd der tryllekunst ikkje er barnemat. Den andre boka, Viridians blod, kjem ut i september 2012.
52
I lag med slaven Jim som også er på rømmen, reiser Huck på ei flåte nedover Mississippi-elva. Dei er på veg til nordstatane der Jim kan få oppfylt sin store draum om å bli eit fritt menneske. Men i staden hamnar dei midt i slaveriets rike.
FAN TA S Y | P R I S C A . K R 1 9 9 , ISBN: 978825 2 1 7 9 0 3 3 ( N N ) , 97882521799 1 0 ( B M ) U T G. AP R IL
Huck Finn og eventyra hans er ein verdsklassikar for både barn og vaksne. Mark Twain som sjølv kom frå ei slaveeigarslekt, og boka er eit levande vitnesbyrd om tida då slaveri og rasediskriminering prega USA. Frå 8 år.
BAR N | P R IS K R 289,ISBN: 9788252179958 U T G . F E B RUA R
Frå 10 år. Frå dansk av Øystein Rosse. LENE KAABERBØL (f. 1960) starta karriera si som forfattar i ein alder av 15 år. Sidan den gong har ho skrive ei rekkje bøker, og er i dag forfattar på heiltid. Kaaberbøl har tidlegare utgitt serien om skammarens barn, og ho har blant anna vunne Disney-prisen for W.I.T.C.H-serien.
MARK TWAIN (f. 1835), eller Samuel Langhorne Clemens som han eigentleg heitte, er ein USAs mest kjende forfattarar. Han voks opp i byen Hannibal i Missouri. Etter å prøvd seg som både gullgravar, soldat og journalist bestemde han seg for å skrive bøker. Han var ein etablert og internasjonalt anerkjend forfattar før han skreiv Tom Sawyer (1876) og Huckleberry Finn (1884), dei to mest kjende bøkene hans. Frå engelsk ved Johs. Farestveit, redigert av Øystein Vidnes.
U n gd o m
ROBERT MUCHAMORE:
ROBERT MUCHAMORE, IAN EDGINTON & JOHN AGGS:
HEILAG GALSKAP
REKRUTTEN
KAMPEN MOT MAKTMISBRUK OG HJERNEVASKING I GUDS NAMN.
DEN FØRSTE CHERUB-BOKA NO SOM TEIKNESERIE!
Då eit CHERUB-team avdekkjer samarbeid mellom øko-terroristgruppa Hjelp jorda! og ei velståande religiøs sekt som heiter Overlevarane, blir James Adams send til Australia på eit spionoppdrag. Det er den tøffaste jobben hans så langt. Hovudkvarteret til Overlevarane langt ute i bushen er fullstendig isolert. Det er tusen kilometer til nærmaste by, og hjernevaskinga til sekta sett James under eit veldig press.
54
James Adams er 12 år og kjem på barneheim etter at mora døyr. James får raskt tvilsame venner, hamnar i slåsskampar og blir arrestert for tjuveri. Men då CHERUB oppdagar hans skjulte talent, byrjar eit nytt liv som spion. Men lett skal det ikkje bli. James må klare den knallharde opptaksprøven: 100 dagar med smertefull grunntrening, før han kan få sitt første oppdrag, der han skal spionere på ei gruppe øko-fanatikarar som planlegg eit biologisk terrorangrep. Kor store sjansar tør han å ta? I verste fall kan det bli med livet som innsats.
Denne gongen kjempar han ikkje berre mot terroristar. Han må også kjempe for å få kontroll over sin eigen forstand. Heilag galskap er den femte boka i serien om CHERUB. Dei tidlegare bøkene heiter Rekrutten, Kokainkongen, Flukta og Drapet. Frå engelsk av Øystein Rosse.
GR AFISK ROM AN!
UNGDOM | P R I S K R 1 7 9 , ISBN: 97 8 8 2 5 2 1 7 5 4 5 5 U T G. FEB RUA R
ROBERT MUCHAMORE (f. 1972) jobba som privatetterforskar i mange år, men slutta då bøkene hans gjorde suksess. Han er no utgitt på over tjue språk, og har selt fleire millionar bøker.
CHERUB-agentar er mellom ti og sytten år gamle. Dei kan bevege seg fritt utan at vaksne får mistanke til dei, og få tak i opplysningar som sender kriminelle og terroristar i fengsel. Men offisielt finst ikkje desse barna.
UNGDOM | P R IS K R 249,ISBN: 9788252180237 U T G . J A N UA R
IAN EDGINTON bur i Birmingham. Han har mellom anna utarbeidd teikneserieutgåver av Star Wars, Doctor Who og Sherlock Holmes. JOHN AGGS studerte illustrasjon ved Falmouth-høgskulen og har sidan arbeidd med m.a. Tokyopop, the Guardian og Philip Pullman. Han har jobba med webteikneseriar, platecover, filmkonsept, dreiebøker, animasjonar og ei verkeleg, gigantisk robotdrakt. Han bur og jobbar i eit rivingsklart høghus i Aust-London.
Fr책 Rekrutten av Robert Muchamore (grafisk roman).
UNGDOM
56
SIV ØSTREM PEERSEN:
INN I ELDEN
ULVETONE
HISTORISK UNGDOMSROMAN MED HEKSEPROSESSANE I FINNMARK SOM DRAMATISK BAKTEPPE.
UNG KUNSTNARROMAN
UNGDOM
AINA BASSO:
Musikken er livet for Alise Ask, men livet er i ferd med å forandre seg. Pappas vesle pianojente er snart klar for verda, Grieghallen ventar, og det kjære pianoet må vike plassen for eit flygel ho nesten ikkje våger å røre.
I tiåra frå 1620 og utover blei i alt 80 «trollkvinner» dømde til døden på bålet i Finnmark. I denne romanen møter vi to unge jenter som hamnar på kvar si side i denne utrulege og skremmande konflikten frå norsk historie.
58
Er ho klar for dette store og nye som ventar, og alt det krev av ho? Og ønskjer ho eigentleg å forstå denne vaksne verda, full av løgner, kaos og statusjag, og der halvbrør dukkar opp frå ingenting?
Romanen har to parallelle forteljarar, den velståande Dorothe frå København og den fattige Elen, som er dotter av ei «klok kone» i Finnmark. 16 år gammal blir Dorothe gifta bort til ein mykje eldre mann og drar med han til Vardø, der Dorothes og Elens liv kryssast på dramatisk vis. Gjennom dei to like gamle, men svært ulike jentene, får vi ei levande og poetisk skildring av å vere på veg inn i vaksenverda, og av ei fjern fortid med både parallellar og sterke kontrastar til vår eiga.
Ulvetone er ein sterk debutroman om eit ungt kunstnarsinn, om musikk og famileløyndomar.
UNGDOM | P R I S C A K R . 2 4 9 , ISBN: 97 8 8 2 5 2 1 8 0 4 1 1 U T G. FEB RUA R
AINA BASSO (f. 1979) kjem frå Giske. Ho debuterte i 2008 med ungdomsromanen Ingen må vite. I 2010 fulgte ho opp med ein roman for vaksne, Fange 59. Taterpige. Basso er fast spaltist i avisene Nationen og Sunnmørsposten. Ho er utdanna historikar og bur i Oslo.
UNGDOM | P R IS C A K R. 249,ISBN: 9788252180398 U TG. AP R IL
SIV ØSTREM PEERSEN (f. 1964), opprinneleg frå Førde i Sunnfjord, busett på Askøy. Østrem Peersen er utdanna adjunkt og har m.a. jobba som lærar i den vidaregåande skulen. Ho studerer no litteraturvitskap i Bergen. Ulvetone er den første boka hennar.
Fakta og dokumentar
SOLVEIG AARESKJOLD:
JUST KIDS
VALKYRJESONG. VIKINGTIDA I SPENN FRÅ BYSANTS TIL ISLAND
Året er 1967. Verda stod på kanten av ei ny tid. Eit tilfeldig møte i Brooklyn fører to unge menneske inn på ein livsveg med kunst og lidenskap. Just Kids begynner som ei kjærleikshistorie og sluttar i sorg. Boka er ein honnør til New York City seint på seksti- og syttitalet, og til byens rike og fattige, bohemar og bråkmakarar.
BI O G R AF I O G H ISTOR IE
PATTI SMITH:
62
Aareskjold avslører i denne boka ein del av mytene om det norrøne. Ho meiner det er eit stort tap for kulturforståinga at den norrøne litteraturen er så lite kjend. Av den grunn har den heidenske fortida vore overlaten til fri gjetting, anten eit harmonisk paradis eller eit kaotisk blodbad.
Patti Smith ville bli poet og kunstnar, og Robert Mapplethorpe ville utfordre fotokunsten. Bundne saman i uskuld og entusiasme reiste dei på kryss og tvers av byen, frå Coney Island til 42nd Street, og etter kvart til det berømte runde bordet på nattklubben Max’s Kansas City, der Andy Warhol heldt hoff. I 1969 slo paret seg ned på Chelsea Hotel. I dette miljøet lova dei å ta vare på kvarandre. Dei var planlause, romantiske og drivne av felles draumar og motivasjonar.
Skal ein tru det som blir fortalt i eddadikt og saga, hadde ikkje dei norrøne heidningane dårlegare styring med impulsane sine enn me som lever no, og om det nok hende at dei slo kvarandre i hel. I følgje forfattaren sette dei like mykje pris på lov og orden som oss. Ho viser at styrke og ærekjensle var like attraktivt hos kvinner som hos menn. Aller gjævast var valkyrjene, dei fantastiske jentekrigarane som kunne flyga gjennom lufta.
Til norsk ved Brit Bildøen. BIO GR AFI | P R I S C A K R . 2 9 9 , ISBN: 978 8 2 5 2 1 8 0 3 8 1 U T G. M AR S
PATTI SMITH (fødd 1946) er ei legende i den amerikanske musikkhistoria. Ho er vokalist, låtskrivar, poet og artist og hadde stor påverknad på pønkrock-rørsla gjennom debutalbumet sitt, Horses, frå 1975. Ho er blitt kalla «pønkens gudmor».
H ISTOR IE | P R IS C A K R. 349,ISBN: 9788252180930 U TG. M AR S
SOLVEIG AARESKJOLD (f. 1949) er cand. philol. med norsk hovudfag og historie mellomfag. Ho debuterte med romanen Det indre tempel (1987). Sidan har ho skrive ei rekkje bøker som Odyssevs reiser stadig heimover (roman 1993), Kyss meg i diskursen (essay 1996) og Tyrefekting (essay 2004), i tillegg til radiokåseri og føredrag.
K U LT U R H I S T O R I E / HUMOR
GUNNSTEIN AKSELBERG:
FINN TOKVAM OG HALVOR FOLGERØ:
FRÅ BONTELABO TIL ÅNUGLO. STADNAMN I HORDALAND
VERDAS BESTE BOK. RAGNAR HOVLAND 60 ÅR
64
15. april 2012 fyller Ragnar Hovland 60 år. Det feirar Samlaget blant anna med ei bok om jubilanten skriven av Finn Tokvam og Halvor Folgerø. Dette er ingen biografi, men ei bok som tek føre seg både forfattaren, kultfenomenet og mennesket Hovland. Folgerø og Tokvam tek Hovland med på ei reise, og gjev oss ein guide til Hovland - frå boots til briller.
POPULÆRVITSKAPLEG OM STADNAMNSTYDING Mannen bak det populære språkprogrammet «Snakk med oss» på NRK Hordaland er på ny ute med ei folkeopplysande bok. Denne gongen er det om stadnamn i Hordaland, frå ættestader og gardsnamn til fjelltoppar og kommunar. Både opphavet og historikken blir forklart. Slik er dei ein spennande innfallsport til kulturhistoria vår og ein viktig del av identiteten vår.
SP RÅK | P R I S C A K R . 2 9 9 , ISBN: 97 8 8 2 5 2 1 7 6 0 4 9 U T G. FE B RUA R
GUNNSTEIN AKSELBERG (f. 1949) er professor i nordisk språk ved Universitetet i Bergen. Han har tidlegare gitt ut boka Ord og uttrykk i Hordaland.
HUMOR | P R IS C A K R. 329,ISBN: 9788252181333 U TG. M AR S
HALVOR FOLGERØ (f. 1967) og FINN TOKVAM (f. 1972) er kjende som både journalistar, forfattarar, humoristar og musikarar. I 2005 gav dei saman ut romanen Tyl.
ÅSHILD ULSTRUP:
VARIG KJÆRLEIK
EG SER EI SOL. TANKAR OM SLUTTEN
EI HANDBOK PRAKTISK OG JORDNÆRT OM SAMLIV
S AM T I D O G D E B AT T
ANNE MARIE FOSSE TEIGEN:
OM DØDEN SEINT I LIVET
Dei fleste parforhold startar med forelsking, ein tilstand som er det næraste vi kjem psykisk sjukdom utan å få stilt diagnose. Etter galskapen kjem kvardagen og konfliktane. Vegar til varig kjærleik er ei jordnær, praktisk og lettfatteleg samlivsbok som syner oss korleis me kan få kjærleiken til å vare. Korleis takle konfliktar og irritasjonar? Korleis handtere sterke kjensler? Og kva gjer ein når det trengst større reparasjonar? Korleis bli ein samlivsmeister?
66
Gjennom eit langt liv som journalist i NRK har Åshild Ulstrup snakka med ei rekkje menneske om døden. I denne boka har ho samla nokre av røystene som har festa seg i henne, men òg leita fram nye. Dette er røyster som har gjeve henne sjølv mot til å sjå både alderdom og død i auga. Ulstrup har møtt både bygdeog bymenneske, kjende og ukjende i ein samtale om døden. Dette er ei varm og undrande bok om døden seint i livet.
Fagfolk veit i dag mykje om kva som gjer at ein del par har det godt over tid. Det er ingen grunn til at berre familieterapeutar skal kjenne til dette!
SE X O G S AMLI V | P R I S C A K R . 2 9 9 , ISBN: 97882521 8 0 7 4 9 U T G. M AR S
ANNE MARIE FOSSE TEIGEN (f. 1966) er spesialist i psykologi, og har tidlegare utvikla samlivskurset «Bufferkurs for par».
S A M T I D O G D E B AT T | P R I S C A K R . 3 2 9 , ISBN: 9788252180763 U TG. AP R IL
ÅSHILD ULSTRUP (f. 1934) har eit langt yrkesliv som journalist og radiomedarbeidar bak seg. Ho er særleg kjend for personlege intervju i NRK gjennom 40 år, mellom anna i radioprogramma «Sånn er livet», «På livet laus» og «Middagsstunden». Ulstrup har òg gjeve ut fleire dokumentar- og intervjubøker. Ulstrup vaks opp på Valen i Sunnhordland, men er busett i Oslo.
GUNDA DJUPVIK:
HEKLA KOSEDYR
SYLTING OG SAFTING
HEKLA BAMSER, DOKKER OG KOSEDYR
M AT O G H O BBY
ERICA LAURELL:
NYE OG FREKKE SMAKAR PÅ KRUKKER OG GLAS!
Svenske Erica Laurell presenterer eit heilt univers av hekla kosedyr. Her finn du oppskrifter på alt frå ugle og pingvin til løve og vortesvin. Eller kva med ein hekla korpulent katt? Eller kanskje ei ape med stripete bukser? I boka finn du òg oppskrifter på dokker og dokkeklede, for ikkje å snakke om den mjuke, gode og tradisjonelle kosebamsen. Figurane passar for både nybyrjarar og meir erfarne heklarar.
68
I denne boka får du inspirasjon til å safte og sylte på gamle og nye måtar. Vi syltar med frukt og bær frå både hagen, butikken og skogen, og tilset krydder og utradisjonelle smakar. Sylting og safting kan også gjerast i små porsjonar, og når som helst på året. Boka er derfor delt inn etter årstider og ulik tilgang på ingrediensar. Du kan lage appelsinmarmelade til jul og gyllen nektarinmarmelade midt på sommaren, eller fiken i konjakk, løkmarmelade, chutney og nøttekompott– når som helst. Boka inneheld òg gamle klassikarar som rørt bringebær, jordbærsyltetøy og hermetiserte plommer. Alle oppskriftene er gjennomprøvde, og metodane godt forklarte. HOBBY | P R I S C A K R . 1 9 9 , ISBN: 9 7 8 8 2 5 2 1 8 0 7 5 6 U T G. A P R I L
ERICA LAURELL er designar med utdanning frå Studio Bercot i Paris, ein av verdas mest velrennomerte moteskular. I 2011 gav ho ut boka Heilt hekla.
KO K E B O K | P R I S C A K R . 3 6 9 , ISBN: 9788252181357 U TG. M AI
GUNDA DJUPVIK (f. 1966) er ivrig heimekokk, har fast matspalte i Sunnmørsposten og skriv om mat, parfyme og kjærleik i den populære bloggen altgodt.no. Ho har også laga kokeboka Smalhans. Sunn, god og rimeleg mat (2011).
SYN OG SEGN
S YN OG SEGN
ABONNER PÅ
TIDSSKRIFT FOR KULTUR, SAMFUNN OG POLITIKK Bli abonnent på Syn og Segn, eit tidsskrift som både er tradisjonsrikt og moderne. Vi tar opp aktuelle tema om kultur, samfunnsliv, litteratur, politikk og språk. Vi gir deg nye ting å tenkje på, spennande lesestoff og overraskande vinklingar. Skribentane våre er både dei nye, unge stemmene og dei erfarne og solide forfattarane. I 2010 er Syn og Segn kåra til Årets Tidsskrift, både i Noreg og i Norden. Årets nordisk tidsskrift 2010: «Syn og Segn er eit moderne og aktuelt tidsskrift i beste tyding av ordet. Det inneheld interessante, velskrivne, grundige og personlege artiklar. Tidsskriftet har stor breidd både i sjanger og tema. Syn og Segn gir lyst til å lese meir og tenkje vidare sjølv, og juryen anbefaler det på det varmaste.» (nordisk jury) Årets norske tidsskrift 2010: «Syn og segn kjennetegnes av uforutsigbare og overraskende vinkler og temavalg. Det er et spennende og lesbart tidsskrift som tør gå egne veier. Syn og Segn redigeres med humor og snert, og er et ujålete og relevant tilskudd av høy kvalitet til den norske tidsskriftfloraen.» (norsk jury) Som abonnent får du mange fordeler: • Syn og Segn rett i postkassa fire gongar i året • blir medlem i Det norske Samlaget og rabatt på bøker • fire hundre sider godt lesestoff i året Abonnement: privat: 395, student: 349, bedrift/institusjon: 499 Bestill på www.synogsegn.no eller ring 48319285
70
Vi minner om bestseljarane v책re
ANNA GAVALDA
EIN VAKKER DAG
SAMAN ER EIN MINDRE ALEINE
SOMMARLEG FEELGOOD
DEN POPUL ÆR E FR ANSK E FORFAT TAR EN HAR T EK E NOR EG MED STOR M
Simon, Garance og Lola, tre vaksne sysken, stikk av frå eit familiebryllaup som ser ut til å bli ein prøvelse. Dei besøkjer heller den yngste broren sin, Vincent, som er guide ved eit slott i hjartet av Tours-området. For ei stund gløymer dei barna, ektefellane, skilsmissene og alle plikter, og bestemmer seg for å nyte ein siste dag saman, slik det var i barndommen. Denne boka er lett, øm og full av humor, ein hyllest til gode syskenrelasjonar, til irriterande svigersystrer, til franske vinar og bakeri. Omsett av Tove Bakke.
B AC K L I S T
ANNA GAVALDA
74
Saman er ein mindre aleine er ei stor og medrivande forteljing om fire menneske, Camille, Philibert, Franck og Paulette, som av ulike grunnar kjem til å møtast. Det er ein kjærleiksroman, ein roman om livet, om relasjonar og kokkekunst. Handlinga utspelar seg i området rundt Eiffeltårnet i Paris. Omsett av Tove Bakke. ROM AN | P R IS K R 2 9 9 , ISBN: 97882521 7 5 6 2 2 | I S A L
RO M A N | P R I S K R 1 3 9 , ISBN: 9788252169928 | ISAL
ANNA GAVALDA
LYKKA ER EIN SJELDAN FUGL
KJENN DITT HJARTA FALLE
DEN VERKELEGE FAMILIEN SIN FINN EIN UNDERVEGS
PERFEKT GÅVEBOK Her er den nye diktskatten! I denne vakre gåveboka har vi plukka ut det beste av det våre fremste diktarar har skrive.
Den suksessrike arkitekten Charles Balanda nærmar seg femti. Forholdet til kona Laurence blir stadig kjøligare, og grunnmuren i livet hans byrjar å breste. Når han får eit usignert brev med meldinga «Anouk er død», strøymer minna på. Charles leitar seg tilbake mot hendingar og menneske frå ungdomstida, og på vegen møter han Kate, ei kvinne som absolutt ikkje lever noko A4-liv. Som i Saman er ein mindre aleine vil ein også her kjenne seg igjen i det fargerike språket, den kjappe humoren og den store medkjensla.
Omsett av Tove Bakke. ROM AN | P R IS K R 1 4 9 , ISBN: 97882521 7 6 0 3 2 | I S A L
Du vil finne dei gamle kjende og kjære dikta av Rolf Jacobsen, Halldis Moren Vesaas, Jon Fosse, Gunvor Hofmo og Olav H. Hauge, dikt som vil stå til evig tid, og som du vil lese om og om igjen. I tillegg til meir enn hundre andre dikt frå den nye forfattargenerasjonen. Boka er tematisk ordna og kan brukast av alle som er glad i dikt eller som treng eit dikt. LY R I K K | P R I S K R 3 9 9 , ISBN: 9788252177602 | I SAL
TONJE GLIMMERDAL
REKRUTTEN
BR AGEPR IS V INN AR 2 0 0 9
M Ø T J A M E S O G CHER UBG J E N G E N F O R F ØR S T E GONG!
Her er latter, drama, tårer og musikk, og romanen gir assosiasjonar til Johanna Spyris Heidi og ikkje minst Astrid Lindgrens univers.
Boka vart kåra til beste tyske barnebok av Die Zeit i 2010.
76
Hovudpersonen er 12-årige James Adams, som kjem på barneheim etter at mora døyr. James får raskt tvilsame venner, hamnar i slåsskampar og blir arrestert for tjuveri. Men då CHERUB oppdagar hans skjulte talent, byrjar eit nytt liv som spion.
Illustrert av Åshild Irgens. «Ei herleg boblande bok, fylt av fart og sjølvtillit.... Ein bør unne ungane sine eit besøk i Glimmerdalen!» Gerd Elin Stava Sandve, Dagsavisen
B AC K L I S T
ROBERT MUCHAMORE
MARIA PARR
NO OGSÅ SOM LYDBOK: LYDBOK | P R I S K R 2 4 9 , ISBN: 978 8 2 5 2 1 7 6 0 9 4 | I S A L B AR N | P R I S K R 2 4 9 , ISBN: 978 8 2 5 2 1 7 4 0 3 8 | I S A L
I denne første boka i serien følgjer vi rekrutteringa av James til organisasjonen og den knallharde opptaksprøven: 100 dagar med smertefull grunntrening. Han får også sitt første oppdrag, å infiltrere ei gruppe øko-fanatikarar som har planar om biologisk terror. Kor store sjansar tør han å ta? Møt også veslesystera Lauren, og Kyle, Kerry og resten av CHERUB-ane!
Omsett av Øystein Rosse. BAR N | P R IS K R 179,ISBN: 9788252175417 | I SAL
MARIA PARR
VAFFELHJARTE
ROBERT MUCHAMORE
KOKAINKONGEN
BR AGEPR ISNOMINE R T 2 0 0 5
D OP , R A S K E B I L AR O G VÅPEN!
I denne boka følgjer vi to svært oppfinnsame niåringar gjennom liv og vaffelrøre eit heilt år. Ofte går det litt over styr i den vesle vika deira. Og innimellom alt leven og latter fortel Trille lågmælt om alvor og sorg i eit ni år gammalt liv, og om redsla for å miste dei han er glad i. Illustrert av Bo Gaustad. Boka vert filmatisert av NRK og kjem på TV hausten 2011.
OGSÅ SOM LYDBOK! LYDBOK | P R I S K R 1 7 9 , ISBN: 978 8 2 5 2 1 7 9 7 7 4 | I S A L B AR N | P R I S K R 2 4 9 , ISBN: 978 8 2 5 2 1 6 6 5 9 0 | I S A L
Keith Moore er Europas største kokainkonge. Politiet har lenge prøvd å få han i fengsel. No er fire CHERUB-agentar sette på saka. Kan dei infiltrere Keith Moores organisasjon når tallause forsøk frå politispanarar har vore mislykka? James Adams må byrje i det små med å deale for småkriminelle narkolangarar og lære seg denne farlege undergrunnsverda å kjenne. Han veit han må gjere eit eksepsjonelt stunt, dersom han skal vinne tillit hos kokainkongen sjølv. Omsett av Øystein Rosse. BAR N | P R IS K R 179,ISBN: 9788252175424 | I SAL.
OLE JONNY EIKEFJORD
GOURMET FOR FOLKET
Go d gi t å bo rt
GODT Å GI BORT I denne vakre og inspirerande boka har vi samla oppskrifter og framgangsmåtar for korleis du lagar herleg mat og drikke som presang – og korleis du pakkar det lekkert inn. Her er alt frå pesto, syltety, paté, egglikør, karamell, sursild og brød til heimelaga piknikkorger, nydeleg sjokolade, småkaker og mysli. Boka har enkle oppskrifter, er herleg å bla i og vil gi deg inspirasjon og lyst til å gi vekk smakfulle gåver i flott innpakning.
B AC K L I S T
GURO USTERUD, NINA DREYER HENSLEY, JIM HENSLEY OG ANN- KRISTIN MØSTH WANG
I Noregs vakraste kokebok lærer du å lage dei lekraste og mest smakfulle treretters menyar. Du kan handle inn alle råvarene i ein heilt vanleg daglegvarebutikk same dag, og du blir losa gjennom oppskriftene steg for steg. Boka fokuserer på sunne råvarer som er tilgjengelege over heile Noreg. Du finn også tips om ost og vin.
M AT O G D R I K K E | P R I S K R 2 4 9 , ISBN: 9788252178043 | I SAL
Usterud • Dreyer • Hensley • Wang
M AT O G DR IKK E | P R I S K R 3 9 9 , ISBN: 97882521775 7 2 | I S A L
78
«En praktfull gavebok som oser av overskudd i alle ledd; luksuriøs utforming, folkelig og lærerik i tilnærmingen og sanselige bilder som ikke bare treffer øyet, men også begjæret.» Karin Muri, VG
ÅSTA ØSTMOE KOSTVEIT
TA TIL TAKKE Svært populær bok om takkebakst i Noreg. Her kan du lære å bake lefser, flatbrød, sveler og anna som kan steikjast på takke. Boka inspirerer deg til å ta fatt på lefsebakinga! Inneheld oppskrifter. Illustrert.
FETA MED MYNTE I OLJE INGREDIENSAR
300 g fetaost 1 neve mynte 1/2 sitron i skiver god og mild olivenolje
Åsta Østmoe Kostveit (f.1932) bur i Rauland. Ho er initiativtakar til studiet om tradisjonsmat ved Høgskulen i Telemark og har gitt ut fleire kulturhistoriebøker.
FRAMGANGSMÅTE
Skjer osten i bitar. Legg ingrediensane lagvis i eit pent glass og hell over olje til alt er dekt.
M AT O G D R I K K E | P R I S K R 3 8 9 , ISBN: 9788252166620 | I SAL
TERRI SHEA
NORSKE VOTTAR OG VANTAR
SELBUVOTTEN
DYREMØNSTER OG ANDRE FIGURAR FRÅNORSK STRIKKEARV
Selbuvotten er Noregs mest populære strikkeplagg, og han blir strikka av stadig nye generasjonar. Her får du vite alt du treng for å komme i gang med strikkinga! Over 30 oppskrifter til ulike selbuvottar gir deg framgangsmåten trinn for trinn. Boka er illustrert med fargebilete og mønsterskjema.
Dette er ei vakker praktbok om tradisjonelle norske votte- og vantemønster presentert på lettfatteleg vis for nye og gamle strikkarar. I tillegg til dyremønstra viser landets beste strikkeforfattar også måtar du kan bruke mønster med stjerner og roser, på for eksempel luer og puter, og gir deg dermed eit skattkammer du kan hente inspirasjon frå.
Omsett av Annemor Sundbø.
H O B BY | P R I S K R 3 9 9 , ISBN: 9788252175226| I SAL
KATHRINE GREGERSEN
STRIKK TIL NØSTEBARN Denne strikkeboka inneheld oppskrifter til dei populære strikkeplagga frå Nøstebarn-butikkane. Her er oppskrifter på mjuke genserar og bukser, vottar og sokkar til babyar og større barn, men også plagg for vaksne og teppe, sjal og skjerf. Oppskriftene er enkle å følgje også for deg som ikkje har strikka på ei stund, og dei mange fargebileta i boka gir inspirasjon til å gå i gang med lekre ullplagg for store og små. H O B BY | P R IS K R 399, - | ISBN: 9788252177725 | I S AL
B AC K L I S T
ANNEMOR SUNDBØ
H O B BY | P R I S K R 3 7 9 , ISBN: 9788252169959 | I SAL
80
FØLG OSS PÅ: www.twitter.com/samlaget www.facebook.com/samlaget og abonner på nyheitsbrev på www.samlaget.no