Vandreduene ferdig.qxd:Vandreduene
15-12-09
2
10:34
Side 2
Vandreduene ferdig.qxd:Vandreduene
15-12-09
Einar Ă˜kland
Vandreduene Lyriske stykke
Det Norske Samlaget Oslo 2010
3
10:34
Side 3
Vandreduene ferdig.qxd:Vandreduene
15-12-09
10:34
© 1968 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Omslag: Jesper Egemar Omslagsillustrasjon: Knut Jørgensen Printed in Norway Boka er sett i Samlaget med Adobe Garamond Trykkeri: Valdres Trykkeri AS, Fagernes ISBN 978-82-521-7533-2 2. utgåva
4
Side 4
Vandreduene ferdig.qxd:Vandreduene
15-12-09
10:34
Side 5
innhald I dei fordømte blomane 11 musikk 12 teater 13 åtvaring til dei som fører eit usunt liv 14 (det tomme) 15 for di skuld skyr vi 16 vi tenkjer vi kunne flå deg 18 objekt-tap 20 billedleg tale på øya 21 to like 22 i Bergen 23 song 26
II natur 29 for tidleg haust 30 sikkert bilde 31 Fartein Valen – komponist 32 auga i havet 35 opningen 37 pensum 38 og ein dag: 40 gammal hugselapp 41 anekdote 42 Kina 44 oppi vinfatet 45 5
Vandreduene ferdig.qxd:Vandreduene
15-12-09
neglene blir for lange 46 eit andlet 47 Nivada 49 i forhold til tre 50 frå Han til Henne 51 det regnar på kjøkkenet 52 fly 53
III lysbilde/bybilde 61 denne byen 62 glansnummer 63 open boks 64 folk snakkar 65 det var visst eit frø 66 «A SCANDAL IN BOHEMIA» 67 Rosetta på trykk 69 til paraplymakarane 70 om kvelden 71 dikt 73 framkomen son 74 romanse 76 når han er der 78
IV skilnaden 89 gåte 90 om kva vi sa 91 HOMMAGE 92 6
10:34
Side 6
Vandreduene ferdig.qxd:Vandreduene
15-12-09
10:34
Side 7
vers til å syngje for å døyve kapteinens angst 93 vers til å syngje for å døyve tyrannens angst 94 over liket 95 trøstedikt for dei som treng det 96
V ørn over byen 101 vandreduene 104 gjennomsyn 112 det 75. fortreffelege diktet om Ikaros 114 nokre mil 115 det 117 i ferien 118
VI å, menneske! 121 air 123 ja, det var denne Ikaros, ja 125 indre song 127 skal det vere ein liten fugl? 128 om den klare luft er skrive: 130 skjelettet 134 grønspetten 135 gummitre og kaktus 136 Fuglen 139 å avbilde fugl 140 venner 142 Etterord – førti år seinare 145
Vandreduene ferdig.qxd:Vandreduene
15-12-09
10:34
Side 8
Vandreduene ferdig.qxd:Vandreduene
15-12-09
10:34
Side 9
I
Vandreduene ferdig.qxd:Vandreduene
15-12-09
10:34
Side 10
Vandreduene ferdig.qxd:Vandreduene
15-12-09
10:34
Side 11
dei fordømte blomane Her kjem dei fordømte blomane dyra ikkje kan ete atter utan honning og utan lukt i år som i fjor Ingenting nyttig gjer dei fordømte blomane et ikkje eingong fluger krev berre næring Er det ikkje nok at vi har dei fordømte blomane i herbaria på musea avbilda i våre bøker Vi kjenner dei nå Skal dei aldri slutte å kome 11
Vandreduene ferdig.qxd:Vandreduene
15-12-09
10:34
Side 12
musikk 1 Du opnar døra: Ingen der. Du set deg bak avisa. Frå grammofonen nedpå hylla stig opp – musikk. Du les og høyrer ikkje etter. Det er ikkje meir. 2 Det ringjer. Du går ikkje ut. Du høyrer på musikken. Har lagt frå deg avisa. Det er ikkje meir. 3 Det ringjer ikkje. Halvt går du ut, halvt les du ikkje avisa. Ingen musikk. Det er ikkje meir.
12
Vandreduene ferdig.qxd:Vandreduene
15-12-09
10:34
Side 13
teater i døra inn til galleriet står eg med mine program under armen og lykta i handa klokka er rett i salen er ingen på scenen er ingen lyset står på det står i programmet at dette er spelet gjest i hovudrolla: forfattaren
13
Vandreduene ferdig.qxd:Vandreduene
15-12-09
åtvaring til dei som fører eit usunt liv det er usunt å døy det vil lett spreie seg og bli ein mote til slutt blir det jamvel ein vane heilt ureflektert og så fører det gjerne med seg ein lei pessimisme ein trur liksom ikkje lenger på det evige liv
14
10:34
Side 14
Vandreduene ferdig.qxd:Vandreduene
15-12-09
10:34
Side 15
(det tomme vil ingenting skape saltet renn gjennom det og held p책 sin smak opningen er ein utgang)
15
Vandreduene ferdig.qxd:Vandreduene
15-12-09
10:34
for di skuld skyr vi mannen i stolen bunden med dinglande hovud elektrisiteten den tynne hud dei som går ynkande bort og aldri tilbake kjem arbeidsdagane fulle av ulønte folk visse kundar i visse butikkar som utan pengar vel det dei vil for di skuld skyr vi deg i den gode stolen vi nemner deg ikkje vi teier om dine fiendar dersom du har nokon vi syng lågare enn vatn om din gud vi varslar deg ikkje om straumutkoplinga vi lèt deg i fred fredeleg går vi forsiktig framom deg for at ikkje eit luftdrag skal gi deg trekk i eit beltehòl
16
Side 16
Vandreduene ferdig.qxd:Vandreduene
15-12-09
10:34
Side 17
med munnen attlaten kviskrar vi ut or øyra at vi har sett ein sko med eigen fot at det veks eit tre anonymt i parken at snikkaren slo i ein spiker kviskrar vi songane syng ikkje bølgjene søkk ikkje vindane står ikkje for di skuld vitnar vi falskt om tapetslag og avgifter falskt om vårt minne som sit i fordøyelsen falskt mot alle som ønskjer å selje opplysningar om deg til dine venner for di skuld er vi latterleg villige til alt likevel forlanger du song skrikande menn bundne i stolar uoppstoppeleg varselrop song på havsens botn gullfuglar som stjerner på himlen song på havsens botn på ny vi skyr det
17
Vandreduene ferdig.qxd:Vandreduene
15-12-09
vi tenkjer vi kunne flå deg (matematisk) Vi tenkjer vi kunne flå deg levande, menneskegris, for deretter la deg gå. Vi tenkjer svinepelsen din utspent på marka med fleire pluggar. Kor liten ville du ikkje kjenne deg når du så kom tilbake og såg på den store huda. Vi tenkjer vidare – matematisk – at skinnet blir utspilt og utspilt. Kor mykje mindre blir ikkje du i høve til det? Og vi strekkjer skinnet stendig vidare, stendig tynnare. Nå blir det langt mellom busta, skinnet er nesten usynleg. Einast du kan kjenne det att. Vi tenkjer heilt matematisk at skinnet er strekt overalt. Ingen berr flekk tilbake i verden.
18
10:34
Side 18
Vandreduene ferdig.qxd:Vandreduene
15-12-09
10:34
Side 19
Då er du liten. Då er du ingenting samanlikna. Då er du ute av verden. Men i ditt nye skinn, som også er ingenting i relasjon til det gamle, kan du gå overalt der du vil og finne deg sjølv igjen. Dette tenkjer vi oss og seier med ein poet: Kom –
19
Vandreduene ferdig.qxd:Vandreduene
15-12-09
10:34
Side 20
objekt-tap Den sterke veit: Armen renn ut i sjøen. Tankskip kan gå over magen, falda fingrar bli meridianar, lokosdromar henge ned over augo. Inst er han magma, som ingen anar kva er. Den sterke veit: Den ytre grense manglar. Den sterke veit: Armen renn ut i sjøen. Utan grenser og slutt ser han seg sjølv i ryggen med eit lyn, veg Titanic i handa, ynkar seg for ein plog.
20