Wroclav ferdig.qxd:A
04-11-11
10:53
Side 3
Erlend Flornes Skaret
Wrocław Roman
Samlaget Oslo 2011
Wroclav ferdig.qxd:A
04-11-11
10:53
Side 4
© Det Norske Samlaget 2011 www.samlaget.no omslag: Jesper Egemar førtrykk: Samlaget skrift: Minion 11/13,5 papir: 90 g Munken Print Cream trykkeri: AIT Otta AS Printed in Norway isbn 978-82-521-7928-6
Wroclav ferdig.qxd:A
04-11-11
10:53
Side 5
Amuletten
Wroclav ferdig.qxd:A
04-11-11
10:53
Side 7
Ein ven av meg fortalte ein gong korleis ei maurtue startar: vilkårleg. Til det ikkje lenger er vilkårleg. Det er slik eg tenker meg at også eg startar, og har starta: punktvis og kontinuerleg gjennom heile livet til eg ikkje lenger klarer å skilje dei frå kvarandre, punkta og kontinuiteten; ein sum av byrjingar, eg er ein sum av byrjingar, eg er ein sum av anslag, meir eller mindre animerte, meir eller mindre levedyktige. Eg er tilbake på heimstaden, eg er tilbake i huset der mor mi framleis bur, der guterommet framleis står intakt som eit skal eg ein gong voks ut or og forlét som om det ikkje var noka tid å miste, ei form, eit innhald, eit avtrykk, interesser, eigenskapar, liv: Pantera-plakatar på veggen, verdipapir på nattbordet, bøker i hyllene, klede i skap og kommodar, Lucky Luke-blad, brettspel, fotografi, suvenirar, pokalar, medaljar. Det genuine materielle uttrykket for kven eg var på den tida. Til og med sengetøyet med illustrasjonar og resultat frå ein eller annan ungdomsmeisterskap i fotball. Eg les: Finland– Austerrike 1–0, Tyskland–Sveits 3–1, Sverige–Polen 0–1. Lukkestoffa er i ferd med å forlate kroppen og ein tilsvarande dose antilukkestoff er i ferd med å manifestere seg, kroppens eige forsvar mot å påføre seg sjølv for stor glede. Det skal alltid vere ein balanse, og dersom ein fjernar seg for langt ifrå balansepunktet, så vil ein verte korrigert til-
7
Wroclav ferdig.qxd:A
04-11-11
10:53
Side 8
bake, og gjerne litt forbi, oscillerande som ein digital stemmegaffel før den landar på den rette grunntonen. Eg ligg inst i senga under det skrånande paneltaket. Ved sida av meg ligg Hanne. Det vil seie: Eg trur det er Hanne ho heiter, eg har alltid trudd det, eller, eg har alltid kjent namnet hennar, men det er så lenge sidan eg såg henne sist at denne symbiosen av namn og innhald har forvitra, eller den har vikla seg til, det er vanskeleg å forklare, eg kjenner heilskapen, men eg kjenner ikkje enkeltdelane. Ho har alltid vore rundt meg, i periferien av omgangskretsen, i periferien av bevisstheita, som ein del av landskapet, ei kulisse, eller ein statist, slik eg kanskje har vore ein statist i livet hennar, inntil handlingane våre streifa kvarandre og vi hamna i same senga, under den same dyna, under dei same landa som ein gong har slått kvarandre i ungdomsfotball. Det kjennest som om eg kjenner henne. Langt utover dei få setningane vi veksla på nachspielet i natt. Eg seier namnet hennar inni meg. Hanne. Og det høyrest riktig ut. Når ho vaknar, må eg forklare henne at mor mi likevel ikkje er borte, at ho likevel ikkje reiste til veninna si slik eg trudde, men at ho er heime, kanskje er det på grunn av vêret, eg veit ikkje, men ho er nede, eg kan høyre henne romstere på kjøkenet. Dei nye støvlettane i gangen har ho oppdaga for lenge sidan, eg kan høyre det på lydane, no ventar ho berre på å treffe jenta som passar oppi, førebur seg på korleis det skal verte, kva ho skal seie, kva ho skal servere. Eg er tilbake på heimstaden min, tilbake frå storbyen, Oslo, slik eg av og til er det for å feire høgtider, for å besøke familie eller for å få tenester utførte som det er meir
8
Wroclav ferdig.qxd:A
04-11-11
10:53
Side 9
problematisk å få utførte i byen, ikkje fordi dei ikkje har desse tenestene i byen, men fordi desse tenestene krev ein grad av tillit som kan vere vanskeleg å finne i byen, tillit til at det ligg ein dedikasjon bak tenesta fordi det råder ein kjennskap og ei forståing av det gjensidige prinsippet om at det ikkje finst stadar å gøyme seg, at ein sjølv står ansvarleg for tenesta ein kjøper eller sel. Dette gjeld i grunn alle varer og tenester, men kjem sterkast til uttrykk når det gjeld visse bank- og helsetenester eller personlege tenester der det er viktig at seljar og kunde kjenner kvarandre, slik eg kjenner tannlegen og tannlegen kjenner meg, eller slik eg kjenner gullsmeden og gullsmeden kjenner meg. Ikkje for det: Det finst vel gullsmedar i Oslo som kjenner kundane sine og omvendt, men ettersom eg i liten grad syslar med edle steinar og edelt metall, så verkar tanken fjern på at eg og ein vilkårleg gullsmed, oss imellom, skulle kunne bygge opp eit tillitsforhold der eg ein gong potensielt skulle kunne bestille eit personleg arbeid av han, tru han intime verdiar og stole på at han ville utføre arbeidet akkurat slik eg har sett det føre meg. No er det ikkje slik at amuletten i seg sjølv har så stor reell verdi, den er nærast verdilaus reint økonomisk sett, ettersom den berre er ein simpel replika i messing, men for meg personleg har den stor affeksjonsverdi og stor symbolsk verdi. Eg har den alltid på meg. Den heng alltid rundt halsen, når eg er vaken, når eg søv, når eg jobbar, når eg trenar, når eg badar, når eg reiser, eller når eg berre ligg og ventar på at dagen derpå skal byrje, at Hanne skal vakne og at ho skal snike seg ned, og ut, og heim. Den ligg flatt på brystet som eit eksternt tyngdepunkt, eit lokalt sentrum som tankane dreier rundt, og kjenslene, som eit
9
Wroclav ferdig.qxd:A
04-11-11
10:53
Side 10
vitalt organ kroppen ikkje fann plass til på innsida, eit utlagt hjarte som dunkar metallisk. Eg dreier den mellom tommelen og peikefingeren. Den blenker blast, som ei sloknande stjerne, eller som ei leiestjerne, det er slik eg tenker på den, som noko eg navigerer etter, noko langsiktig og stabilt som er høgt heva over bagatellane i kvardagen, dei små problema som fører oss til høgre og venstre utan noka form for overordna retningssans. Og dette er altså grunnen til at eg er kommen heim, eller det er i alle fall store delar av den, i tillegg til at eg besøker mor mi, sjølvsagt, det er dette som er mitt ærend hos gullsmeden: å få denne stjerna til å skine klarare, å få den forgylt slik at framtoningen betre reflekterer den faktiske relevansen. Gullsmeden anerkjende med ein gong problemstillinga. Han sa: Dette ordnar eg. Dette har eg gjort mange gonger før. Den vesle mannen bøygde seg ned over amuletten som eg hadde tatt av meg og lagt på disken framfor han. Med eit forstørringsglas saumfór han overflata: den sirkulære kantlinja, fordjupinga som utgjer det kinesiske teiknet, dei utskorne kalligrafiske konturane i messingen, den loddrette senterlinja som ein fiskekrok laga av eit knoklete bein, dei skråstilte støttebeina på begge sidene, som om teiknet eigentleg var ein k med eit utvida behov for støtte, ein dobbeltsymmetrisk k, bortsett frå at det likevel ikkje er perfekt geometrisk dobbeltsymmetrisk om ein studerer det nærare, då kan ein snarare ane det piktografiske opphavet, biletet av ulike vegar som kjem saman i eit seksarma kryss, vegar med ulik breidd, med ulik kurvatur og med ulike retningar som ein likevel kan førestelle seg kunne utgjere likeverdige alternativ dersom ein skulle stå i skjeringspunktet mellom dei, i ferd med å
10
Wroclav ferdig.qxd:A
04-11-11
10:53
Side 11
gjere eit val om vegen vidare. Gullsmeden retta seg opp og kikka på meg over det som såg ut til å vere gullinnfatta brilleglas. Han sa: To dagar. Kom tilbake med den måndag, så skal eg ha den klar i løpet av onsdag. Vinden røskar i takkista over meg. Det knirkar i bindingsverket. Hanne vrir seg i halvsøvne. Når eg er heime, vaknar eg anten i total stille eller så vaknar eg av vêret sine anslag mot taket rett over meg. Eg liker å vakne til desse lydane, eg liker den direkte kontakten med naturkreftene, eg liker fråværet av den lydmessige bufferen som dei svære bygningskroppane i byen utgjer, kanskje det kan samanliknast med bilførarar som berre vil køyre manuelt gir, fordi dei vil ha kontakt med maskineriet. Eg liker å ha kontakt med maskineriet. Eg liker å vite kva som hender rundt meg. Eg liker ikkje at det vert bufra bort. Kanskje har det med opphavet å gjere, at eg er frå Vestlandet og at Vestlandet i seg sjølv fungerer som ein gigantisk metrologisk buffer for den austlege delen av landet, at det ligg der som eit steilt festningsverk og hindrar alt regnet og all vinden i å fortsette vidare austover, alt medan menneska held fram med å bu her slik dei alltid har gjort, som ein slags klimatisk underklasse, ein slags geografiske uriasar som likevel er forsona med denne rolla, og eg er ein av dei, eg ligg og høyrer på regnet som hamrar mot taksteinen over meg, og eg tenker at eg liker det, at dette er slik det skal vere, at dette er heime. Kanskje har det alltid vore slik. Eg kikkar rundt i rommet, på dette skalet som på eit vis framleis passar meg, denne tidlegare versjonen av meg sjølv, den siste i rekka før eg forlét bygda til fordel for byen. Eg ser om eg kan finne teikn som kan tyde på at eg
11
Wroclav ferdig.qxd:A
04-11-11
10:53
Side 12
ein gong skulle komme til å hamne i Oslo, men eg finn ikkje noko. Eg hugsar at vi faktisk reiste dit ein gong, heile familien på biltur i den gamle opelen, eg har framleis vimplane og prospektkorta ein eller annan stad i hyllene. Vi reiste rett nok berre gjennom Oslo, kanskje stoppa vi nokre timar, eller overnatta ei natt, men ikkje noko lenger, for det var ikkje Oslo som var det eigentlege målet for turen, det var Sverige, Gøteborg, Liseberg, utlandet. Eg kan ikkje ha vore meir enn ein seks–sju år, bror min sju–åtte. Vi sat på kvar vår faste plass i baksetet, på kvar vår side, han bak sjåføren, pappa, og eg bak passasjeren, mamma. Imellom oss gjekk det ei slags skiljelinje, har eg i ettertid tenkt, ikkje politisk, eller kanskje etter kvart også politisk, men først og fremst menneskeleg slik at denne skiljelinja kom til å polarisere dei to fløyene som familien utgjorde: den rasjonelle, der sjåføren og bror min sat, og den emosjonelle, der passasjeren og eg sat. Dette skiljet borga for tallause diskusjonar og kranglar oppgjennom oppveksten, men det var først mykje seinare, på dette tidspunktet var vi enno så små, eg og bror min, at kranglane vi hadde gjekk langt ut over alle system og skiljelinjer, mest av alt handla dei om å få tida til å gå under dei statiske tilhøva i baksetet. Eg hugsar at eit av mine sterkaste våpen var å herme etter det som vart sagt, og dette brukte eg store delar av tida på, ikkje berre som eit retorisk grep, men også som eit tidsfordriv og som eit middel for å få dei andre i bilen til å vere stille. Og det verka akkurat slik. Det vart stilt. Først var det kanskje litt latter. Så var det kanskje litt krangling. Men til sist, når eg likevel heldt fram med denne strategien, så vart det stille, roa senka seg, familien resignerte og skjønte at det einaste
12
Wroclav ferdig.qxd:A
04-11-11
10:53
Side 13
viset å hanskast med dette problemet på var å slutte å tilføre næring, det vil seie halde munn. Det var følgjeleg slik vi ankom Oslo og forstadsgatene rundt ein tidleg ettermiddag i juli i ein fellesferie ein gong på byrjinga av åttitalet, i ei stille som hadde gått frå å vere ladd, til å vere utolmodig, til berre å vere komfortabel. Det var sjølvsagt mykje støy både frå den gamle bilen vi sat i og frå trafikken rundt oss, men det var ingen som sa noko, det var ingen som prata, og det gjorde inntrykka sterkare enn dei elles kanskje ville ha vore. I alle fall hugsar eg dei tydeleg enno: den arkitektoniske slummen, den påfallande plassmangelen, blokkene som skaut opp på kvar side av vegen, høgreiste og grå med vindauge som gav inntrykk av at det innanfor fanst tallause celler der folk budde, stua saman som maur i tuer, korleis kunne folk bu slik, stabla i høgda i små nummererte betongholer, uorganisk, isolerte og avsondra frå naturen, korleis kunne barna leike på dei små flekkane av gras, eller i dei små kassane med sand, korleis fann dei heim når mødrene deira ropte dei inn frå den bratte veggen av vindauge? Dette hugsar eg at eg tenkte, eller i alle fall var dette essensen av det eg tenkte, om enn noko enklare formulert både for meg sjølv og mor mi då eg, med eit så viktig spørsmål, såg meg nøydt til å bryte stilla og få henne til å forklare at det faktisk budde folk her. Eg kunne ikkje begripe det. Eg kan framleis ikkje begripe det, trass i at eg sjølv no har budd slik i mange år allereie. Biletet som eg har av meg sjølv som bymenneske, har likevel ikkje endra seg mykje. Dette er eit bilete som eg trur voks fram parallelt med erkjenninga av at eg ville komme til å studere, at eg ville komme til å måtte bu i ein by og at eg ville komme til å måtte finne
13
Wroclav ferdig.qxd:A
04-11-11
10:53
Side 14
meg arbeid der. Det er eit bilete av det fullurbaniserte og heilintegrerte sjølvet, det er eit bilete av ein mann med alle guardar nede, trygg og komfortabel som ein del av det formaliserte tilværet i byen, rutinane, vanane, livet. Det er eit bilete av meg i Oslo, og det er ikkje noko abstrakt bilete, det er heller ikkje vagt, men det er konkret og det er skarpt, det er meg sjølv på veg til nærbutikken i eit eller anna urbant nabolag i ein av dei sentrumsnære bydelane i Oslo, eg går med bare bein i nokre lause sandalar, eg har vide bukser og singlet, eg har sovehår og smale auge i morgonsola, gatene er tomme, det er helg og eg går midt i gata, asfalten er varm og eg er på veg for å kjøpe aviser, kaffi og brød. Dette er slik eg ser meg sjølv i byen. Eg veit ikkje kor mange gonger eg faktisk har realisert dette biletet. Kanskje ingen. Sanninga er at eg ikkje liker å gå barbeint. Eg liker heller ikkje å gå i singlet, eg er ganske sikker på at eg ikkje ein gong eig ein einaste singlet. Det til side, så kan det kanskje vere at eg har vore i nærleiken av å realisere biletet, men eg har i så fall aldri vore bevisst det. Kanskje er det fordi denne handlinga ikkje utgjer nokon vesentleg del av livet mitt i byen. Kanskje utgjer den berre ein ubetydeleg del, på veg mellom betydelege delar, kanskje opplever eg den berre som ein transportetappe der eg ikkje fokuserer på noko anna enn denne transporten, menneske eg møter på vegen, kva eg skal handle, osv. Eg veit ikkje. Men eg veit at det eksisterer mange slike sjølvbilete, og at mange er mykje flinkare til å realisere desse bileta enn det eg er. Eg har sett mange døme på det. Det vanlegaste dømet er laurdagsgjesten i ein dagsrevy: ei syngedame frå distriktsnoreg som har vakse frå byen og landet, som har knytt kontinentale kontaktar og kanskje
14
Wroclav ferdig.qxd:A
04-11-11
10:53
Side 15
endåtil fått nokre kontinentale tilhøyrarar. Kanskje har ho flytta ned på kontinentet, for eksempel til København som likevel er provinsielt nok til at overgangen frå Noreg ikkje vert for stor. Her tar ho imot Dagsrevyens reportasjelag som har komme for å filme snuttar som skal formidle essensen av korleis det artar seg for syngedama å bu i København. Det som vert klart, er at den sjablongaktige essensen av det å bu i København nokså nøyaktig fell saman med det biletet som syngedama heilt tydeleg må ha sett for seg før ho valde å flytte hit. Ein kan lese det av framtoningen, at ho er sjølvbevisst, at ho er sjølvtilfreds der ho syklar rundt på ein gamaldags herresykkel som har ei diger korg eller ein kasse integrert i sjølve ramma, gjerne med eit uformelt antrekk, nesten på grensa til uflidd medan vinden blæs i håret og ho nikkar til folk som ho møter på veg til bakaren. Eg merkar at eg har vorte meir bevisst på desse bileta, både på dei eg sjølv har og har hatt, og på dei som det for meg verkar tydeleg at andre har. Dette fordi det er ein tanke som i det siste har gjort seg gjeldande og som heile tida veks i styrke. Den dukkar stadig oftare opp, og den baserer seg på ei naturoppleving eg ein gong hadde. Den kan vel strengt tatt ikkje kallast noka naturoppleving ettersom hendinga fann stad midt i Bergen by, nærare bestemt ved Lille Lungegårdsvann, og ikkje inkluderte annan natur enn dette vatnet og ein måke som sumde rundt på overflata. Eg må ha vore på gjennomreise. Eg er som regel det dei gongene eg har tid til å sette meg ned ved Lille Lungegårdsvann. Det er fordi nattoget frå Oslo er såpass tidleg framme at det enno ikkje har byrja å gå bussar til heimstaden min, og eg må derfor bruke litt tid før eg kan reise
15
Wroclav ferdig.qxd:A
04-11-11
10:53
Side 16
vidare. Eg kan hugse at det var fint vêr, og at eg sette meg slik til at den benken eg sat på, var den første som vart ramma av lyset, då sola dukka opp bak Ulriken. Det var stille og folketomt, butikkane hadde enno ikkje opna, så eg sat der med sekken min i morgonsola og kikka på fjella, på byen og på fuglane som flaut rundt på den blanke vassoverflata. Det må ha vore morgonen etter ein vekedag, for det må ha vore mindre mat i gatene enn det er om morgonen etter ein helgedag: kebabar, burgarar, bakte poteter. Samstundes har det vore så tidleg at folk enno ikkje hadde byrja å mate. Fuglane sumde derfor rundt og pirka i dette og hint på jakt etter ting som kunne etast. Ein måke rett framom meg hadde endåtil gripe fatt i ei gamal avis som dreiv rundt på overflata. Den hadde byrja å riste i avisa som for å ta livet av den, eller slite den i handterlege bitar. Det påfallande var likevel at den ikkje såg ut til å ville gje seg sjølv lenge etter at den må ha forstått at dette ikkje kunne vere noko etande, verken levande eller daudt. Den snarare intensiverte kampen mot det våte papiret, rista det kraftigare, slengte det hyppigare frå side til side, formeleg fillerista det slik at vatnet skumma rundt den. Eg sat og lurte på kva som kunne utløyse ei slik åtferd. Eg fann det både underhaldande og absurd. Måken gav seg ikkje. Det hadde byrja å strøyme folk langs alle sider av vatnet, folk på veg til jobb, folk på veg til butikkar. Sola hadde heilt sleppt taket i den taggete randa av fjell framom meg, og uti vatnet heldt måken fram med sitt. Etter lenge å ha vore av den oppfatninga at måken måtte ha gått frå konsepta, dukka tanken opp på at det likevel kunne vere ein slags rasjonalitet som låg bak, ei form for omvendt logisk tenking viss ein kan tillegge
16
Wroclav ferdig.qxd:A
04-11-11
10:53
Side 17
måkar slike kognitive eigenskapar, og akkurat der og då så kunne eg nettopp det, fordi tanken var så fengslande, og er det framleis. Tanken er at måken har eit heilt bestemt syn på situasjonar der det er mat involvert, at den har heilt bestemte erfaringar med det å vere i slike matsituasjonar: At det er andre måkar rundt den, at det er ei form for kamp, at den riv og slit i ting, at vatnet skummar rundt den, og dernest at den er mett, og nøgd. Tanken er vidare at det måken dreiv med, var ei form for simulering av alle desse variablane som ein matsituasjon består av, for på den måten å skulle ende opp slik den ville gjort dersom matsituasjonen hadde vore reell, nemleg mett og nøgd. Måken ville på denne måten ha arrangert heile matsituasjonen, nærast ut ifrå ingenting, med det målet for auget at den eine ingrediensen som mangla for at matsituasjonen skulle verte reell, nemleg maten, på eitt eller anna vis skulle slutte å mangle i løpet av prosessen. Dette skjedde sjølvsagt ikkje, noko som eg fann nokså vemodig medan eg sat her på denne benken. Eg var sjølvsagt klar over denne hypotesens manglande vitskapelege legitimitet, at det sannsynlegvis ikkje er gangbar kutyme å skulle projisere min menneskelege mentalitet over på måken sin ornitologiske sånn utan vidare, men det som likevel hende, var at biletet av denne måken, og heile denne matsituasjonen, byrja å peike tilbake på meg sjølv, på mitt liv i byen og matsituasjonen min som eg stadig undrar meg over om er reell, eller simulert. Det er denne tanken som i det siste har vakse i meg og som eg ikkje lenger klarer å neglisjere, for i det dette biletet på ein primitiv mentalitet som eg sjølvtilfreds hadde tillagt den stakkars måken, etter kvart tydeleg såg ut til å spegle min
17
Wroclav ferdig.qxd:A
04-11-11
10:53
Side 18
eigen mentalitet, den menneskelege, var det akkurat som om relevansen vart mangedobla, styrken, intensiteten, som om eg aldri ville sleppe unna dette biletet. Og eg slepp ikkje unna. Eg tenker stadig på det. Det gjennomsyrer no nesten alt eg føretar meg, korleis eg lever og kva eg ser rundt meg. Eg ser syngedama frå distriktsnoreg, og eg tenker på måken som slit i den våte avisa, eg ser menn i dress på veg til jobb og eg tenker på måken, eg ser kjærastepar som kyssar i parken og eg tenker på måken, eg ser kollegaer henge rundt kaffimaskinen og eg tenker på måken, eg ser folk gå på vising og eg tenker på måken, folk på bussen, i butikken, på trening, i gata, og eg ser meg sjølv med smale auge i morgonsola, med singlet, vide bukser og sandalar på den varme asfalten, på veg til butikken for å kjøpe kaffi, brød og aviser, og eg tenker på måken som riv og slit i den våte avisa, som skummar vatnet med all plaskinga, som simulerer det vesentlege ved hjelp av det uvesentlege. Eg kan ikkje lenger vakne i Oslo utan at det er av ein lyd som får meg til å tenke på måken. Er du vaken? Hanne har enno ikkje opna auga. Ho ligg på magen med armane ut til sidene. Håret hennar er ein uordna vase som dekker det meste av andletet hennar. Ho pustar som om ho er sjuk. Eg seier: Ja. Er du dårleg? Hanne seier: Ja. Eg held på å dø. Dyna hennar har glidd ned og eg kan sjå krossryggen som eg liker så godt. Eg har lyst til å kjenne på den, men terskelen er for høg, den har vakse seg uoverstigeleg i løpet av dei få timane vi har sove, vi er ikkje lenger å rekne for elskande, men snarare ein slags skipsbrotne som må organisere seg og komme seg bort frå den aude øya. Hanne seier: Er det folk her? Ho
18
Wroclav ferdig.qxd:A
04-11-11
10:53
Side 19
lettar litt på hovudet. Eg seier: Ja. Eg beklagar. Eg trudde ho var borte. Hanne lar hovudet falle ned igjen på lakenet. Eg seier: Skal vi stå opp? Hanne stønnar. Ho seier: Må eg helse på henne? Eg seier: Sannsynlegvis. Hanne stønnar, men ho kavar seg etter kvart opp, samlar saman kleda og forsvinn ut på badet der ho vert verande ei stund. Ho ser framleis ut som ein installasjon når ho kjem tilbake, på ein stad der det ikkje skal vere installasjonar. Men ho seier: Ok. Og eg seier: Ok. Eg lukkar døra bak meg og vi forlèt den aude øya. Ei lita stund verkar det å vere fri bane ned, gjennom entreen og ut i vindfanget, men når vi nærmar oss botnen av trappa, ser eg at mor mi har gjort seg ærend med å rette på nokre bilete som heng der slik at ho står perfekt til som ein liten morgonfrisk velkomstkomité. Ho seier: Er det sjusovarane? Eg seier: He he, ja. Eg trudde ikkje du var heime i dag? Mor seier: Nei, men det vart jo eit aldeles forferdeleg vêr, så eg bestemte meg for ikkje å reise. Ho strekker seg forbi meg og rettar handa ut til Hanne. Ho seier: Hei. Eg er Marit. Hanne seier: Hanna. Hyggeleg. Mor seier: Hyggeleg. Kom og få dåke litt frukost no. Eg har laga egg og bacon og alt. Eg seier: Vi var eigentleg på veg ut. Eg trur ikkje vi er så svoltne. Mor seier: Ut? I dette vêret? Kva har du tenkt: at Hanna skal ta bussen? Kor bur du Hanna? Hanna seier: Eg bur på andre sida av vatnet. Mor mi seier: Då køyrer vi deg, det er ikkje snakk om noko anna, men kom no her først og få dåke litt å ete. Hanna ser på meg og seier: Vi kan vel det, kan vi ikkje? Eg har lyst til å vere ærleg og svare nei. Eg har ikkje lyst til at mor mi skal verte kjend med Hanna, kven ho er, kor ho jobbar, kva familie ho kjem ifrå, kor foreldra hennar jobbar. Eg har ikkje lyst til
19
Wroclav ferdig.qxd:A
04-11-11
10:53
Side 20
at mor mi skal byrje å helse på foreldra hennar, verte kjend med dei og bruke meg og Hanna som ein slags referanse for heile kjennskapen. Eg har kort og godt ikkje lyst til å gje meg inn på den sementeringa det er å involvere mor mi i dette forholdet som inntil nyleg hadde utsikter til å vare ikkje noko lenger enn ei natt, eller høgst fire dagar, den tida eg har planar om å vere heime før eg reiser tilbake til Oslo. Men mor mi er allereie involvert. Ho er opprømt og eg kan tenke meg at ho ivrar etter å sette Hanna i system, få oversikta over henne og familien, finne berøringspunkta med sin eigen familie og kjennskapskrets. Det ville vere brutalt å ta frå henne denne gleda. Eg kunne gjere det, men ho har trass i alt laga frukost til oss og Hanna har i praksis tatt imot invitasjonen, så eg seier: Ja, vi kan vel det. Mor mi har dekt fint til i spisestova med to tallerkar på den eine sida av bordet og ein tallerk på den andre. Eg har berre appetitt til eit par bitar eggekvite og vert sittande og pirke i maten medan Hanna svarer så godt ho kan på alle spørsmåla til mor mi. Hanna har heller ikkje nokon appetitt, men ho kamuflerer det godt ved å vere aktiv med kniven og gaffelen. Ho pratar om foreldra sine, om jobbane deira, ho pratar om sin eigen jobb, ho pratar om kva ho gjer på fritida og det slår meg kor lite eg faktisk veit om henne, i praksis nesten ingenting. I grunnen så kunne det også ha passa fint å halde det slik, men den mulegheita er for lengst borte, og det plagar meg fordi eg veit at mor mi vil komme til å bruke det mot meg. Ho har no førstehands kjennskap til Hanna, ho kjenner Hanna, og eg har mista informasjonsmonopolet som eg hadde på Hanna, mulegheita til å kontrollere all informasjonen, klippe, stryke, kopiere,
20
Wroclav ferdig.qxd:A
04-11-11
10:53
Side 21
sensurere. Eg hadde mulegheita til å halde det heile frå livet, til å distansere meg frå Hanna og frå heile forholdet, men no veit eg at det ikkje vil verte nokon distanse, mor mi vil komme til å minne meg på det, ho vil konfrontere meg med det, ho vil presisere for meg at Hanna er sånn og slik, at foreldra hennar gjer dette og hint, ho vil fortelje meg nyhende om Hanna, om Hanna sin familie, om arbeidsplassane deira og om fritidsaktivitetane, ho vil kort og godt personifisere Hanna, det er ein velkjend forhandlingsteknikk til dømes i gisselsituasjonar, at forhandlingsleiaren overfor gisseltakaren prøver å subjektivisere gisselen som gisseltakaren på si side prøver å objektivisere. Hanna fortel om utdanninga si. Ho fortel at vegen var kort frå skulebenken til fast stilling i banken. Utringinga som ho i heile går forsøkte å utvide ved å dra blusa lenger ned under beltet, forsøker ho no heile tida å innskrenke ved å heise den opp over skuldrene. Ho seier: Det var alltid det som var meininga, at eg skulle flytte heim igjen. Det er dette som er heime. Mor mi nikkar. Ho forstår dette godt. Ho kikkar på meg slik ein ordstyrar kikkar på ein debattant for å tildele taletid. Eg seier: Takk for maten. Skal vi køyre? Mor mi vert fortørna, eller ho speler fortørna, eller ein kombinasjon, det er vanskeleg å seie. Ho seier: Er dåke forsynte då? Eg seier: Ja. Hanna seier: Ja, tusen takk for maten. Mor mi seier: Ikkje eingong litt meir kaffi? Eg seier: Nei takk. Mor mi reiser seg og byrjar å bere frå bordet. Ho seier: Men dåke har jo nesten ikkje rørt maten? Ho seier det som om ho oppdaga det først no. Ho kremtar liksomstrengt. Ho seier: Er det noko som går kanskje? Er det omgangssjuke? Ho set opp eit liksomoverberande uttrykk. Dette er hennar måte å
21
Wroclav ferdig.qxd:A
04-11-11
10:53
Side 22
vere kameratsleg på: Ved å spøke om alkohol, ved å vise at ho er på lag med ungdommen, at ho skjøner kva fest er og kva dagen derpå er, og at vi på eit vis alle tre er i same båt fordi vi alle har vore i same situasjon, mor mi som den erfarne og kloke som har storsinn nok til å sjå imellom fingrane med dette ungdommelege opprøret. Eg kjenner denne spøken godt, og eg smiler sjølv om den kjennest malplassert: Epoken med det ungdommelege opprøret er for lengst over, viss det i heile tatt har eksistert ein slik epoke. Eg er tjueni år. Hanna er tjueseks. Men eg smiler. Og Hanna ler. Ho seier: Ja, det må vere noko slikt. Mor mi ler. Ho held fram med å bere frukosten av bordet medan eg og Hanna går i vindfanget og kler på oss. Eg forklarer henne at ho må sitte i baksetet fordi eg skal lærekøyre, og då må mor mi sitte i passasjersetet. Hanna seier: Har du ikkje lappen? Eg seier: Nei. Hanna seier: Kvifor ikkje? Du er tjueni år og du lærekøyrer rundt med mor di? Ho klarer ikkje å halde latteren tilbake når ho høyrer seg sjølv seie dette, men ho kveler den straks etterpå som for ikkje å såre meg eller noko. Eg seier: Nei, eg har ikkje bruk for den. Eg har ingen stadar å parkere i Oslo, dessutan er det så korte avstandar. Hanna seier: Og når du er heime, då? Eg seier: Det er så sjeldan likevel, då køyrer mor mi meg, eller det vil seie: Eg lærekøyrer med henne, for ho liker ikkje å køyre uansett. Hanna seier: Kan du køyre, då? Ho ler. Eg seier: Ja, eg er flink. Vi går ut og set oss i bilen. Hanna strevar med å halde latteren tilbake, ho småfniser heile tida, heilt til mor mi kjem og set seg i passasjersetet. Ho legg veska si på sin vante plass i fanget, og vi køyrer. Vi er snart ved enden av byggefeltet. Eg blinkar ut mot hovudvegen. Mor mi seier: Du må
22
Wroclav ferdig.qxd:A
04-11-11
10:53
Side 23
bremse ned, det er vikeplikt her, plutseleg kjem det ein bil, det gjer av og til det. Eg bremsar ned. Eg kikkar i spegelen og ser at Hanna strevar med å halde latteren tilbake. Vi tar inn på hovudvegen. Mor mi seier: Ikkje så fort. Eg seier: Det er ikkje fort, eg køyrer under grensa. Mor mi seier: Gjer du? Det kjennest fort ut. Vi køyrer ned den lange bakken mot enden av vatnet der rundkøyringa er. Mor mi seier: For eit vêr. Rundkøyringa har fire armar og eg blinkar til venstre slik ein blinkar i vanlege kryss for å signalisere at eg har tenkt meg inn på vegen til venstre. Mor mi seier: Du skal blinke ut av rundkøyringa. Ikkje inn i den. Eg svarer ikkje på dette. Det er ikkje så mykje å seie. Eg høyrer kva ho seier. Mor mi seier: Dessutan skal du ligge i inste fila når du skal lenger enn til midten av rundkøyringa. Vi er nesten rundt til vår arm allereie, men eg rekk likevel å vrenge bilen over i inste køyrebane. Dekka strevar med å halde grepet om den våte asfalten, men klarer det akkurat tidsnok til at eg kan blinke oss ut til armen som leier til andre sida av vatnet. Mor mi ser på meg. Ho seier ingenting. Eg seier heller ingenting. Eg er roleg. Eg kikkar i spegelen. Hanna har klart å få latteren under kontroll. Vi køyrer vidare, tause. Etter ei stund seier mor mi: Men du kjem heim, ikkje sant? Du har tenkt deg heimover etter kvart? Det skal vere eit apropos til samtalen under frukosten, men det høyrest meir ut som eit malapropos. Eg gjer derfor som om eg ikkje skjøner samanhengen, men etter litt svarer eg likevel: Ja, eg har jo det. Eg set vindaugsviskarane på maks hastigheit. Kaskadar av vatn vert kasta til begge sider. Det fascinerer meg, denne rørsla på tvers av fartsretninga, dette bisystemet som jobbar for hovudsystemet, som to kostar reier
23
Wroclav ferdig.qxd:A
04-11-11
10:53
Side 24
banen for curlingsteinen, fjernar alle partiklar og minimaliserer friksjonen, minste motstands veg. Vi rullar inn på tunet der Hanna bur, og heilt opp framom inngangsdøra. Eg følgjer Hanna ut. Vi stiller oss under takutspringet. Mor mi sit i bilen og held veska i fanget. Eg seier: Eg beklagar køyringa. Hanna seier: Du kjem ikkje heim, gjer du vel? Eg vert overraska over spørsmålet. Eg tenker meg om. Eg ser på henne. Eg seier: Nei. Hanna ser ikkje bort. Ho held blikket mitt fast. Ho seier: Men du blir ikkje i Oslo heller. Ho smiler litt vemodig. Blikket hennar glir ned til ein stad på brystet mitt. Eg kikkar ned og vert klar over at eg står og gnir amuletten mellom tommelen og peikefingeren. Eg smiler til henne. Eg treng ikkje å tenke meg om. Eg seier: Nei. Vi klemmer. Hanna forsvinn inn i huset og eg spring gjennom regnet og set meg på plass i førarsetet. Eg blinkar ut på hovudvegen og gjev gass. Mor mi seier: Ikkje så fort. Eg slepper trykket på pedalen. Eg seier: Ok.