SAMANDRAG AV HMS-RAPPORT 2014
Vi skal gjere godt arbeid, og vere til å stole på. I Kleven tek vi helse, miljø og sikkerheit på alvor. Arbeidet med HMS skal fremme • godt arbeidsmiljø • ivaretaking av sikkerheita til dei tilsette • vern mot helse- og miljøskader frå produkt og arbeidsprosessar • hindre forureining av det ytre miljø Dette skal settast inn i ein samanheng som gjer Kleven sine verksemder til arbeidsplassar der dei tilsette trivast, der lover vert følgde, kundar vert tilfredse og drifta vert lønsam. Kleven har nedfelt følgande i retningslinene for berekraftig drift og utvikling: • Vi skal følgje offentlege og eigne krav vedkomande miljøet som gjeld verksemda vår • Vi skal ha tydelege miljømål basert på risikoanalysar, og program for oppfølging av desse • Vi skal kontinuerleg arbeide for å betre våre miljøprestasjonar • Vi skal arbeide målretta for at dei fartya vi produserer skal ta i bruk dei beste miljømessige løysingane • Vi skal sikre at alle i vår organisasjon kjenner miljøambisjonane våre og korleis verksemda vår arbeider for å kontrollere miljøaspekta våre • Vi skal aktivt kommunisere vår miljøprestasjon med allmenheita Denne miljøpolitikken, saman med Kleven sitt verdigrunnlag ‘Vi skal gjere godt arbeid og vere til å stole på’, skal sikre at Kleven sine prioriterte miljøtiltak vert integrerte i ein heilskap der forretningsstrategiar, dagleg drift og interessegruppene sine ulike behov vert tekne omsyn til. Kleven Verft AS vart i 2013 sertifisert av DNV til å tilfredsstille krava i ISM-kodene ISO 9001:2008 og ISO 14001:2004. Myklebust Verft AS er i ein tilsvarande prosess med forventa sertifisering 1. kvartal i 2016.
Mål for 2015: Prioriterte HMS-mål og tiltak for Kleven i 2015: • Redusere talet på ulukker med personskade - Fallskadar - Klem- og kuttskadar - Augeskadar • H-verdi for konsernet skal vere under gjennomsnittet for Maritim bransje i Norsk Industri. • Sjukefråveret på Kleven Verft skal vere 4,5% eller lavare. • Sjukefråveret på Myklebust Verft skal vere 5,95% eller lavare. Miljømål for Kleven Verft: • Redusere risiko for utslepp til luft og vatn • Sortering av 90 % av avfallet • Redusere energiforbruk ved hjelp av meir energieffektive løysingar Miljømål for Myklebust Verft: • Redusere risiko for utslepp til luft og vatn • Sortere 90 % av avfall • Redusere energiforbruk ved hjelp av energieffektive løysingar • Utarbeide måleprogram for utslepp
NØKKELTAL HMS
2014 2013 2012 Sjukefråver: Totalt for konsernet: 4,22 % 4,21 % 4,91% Kleven Verft: 6,07 % 5,30 % 5,21 % Myklebust Verft: 6,22 % 7,00 % 8,09 % KMC: 1,64 % 1,28 % 1,31 % Antal personskader: Totalt for konsernet: 44 28 23 Kleven Verft: 25 16 15 Myklebust Verft: 8 6 5 KMC: 11 6 3 H-verdi: Totalt for konsernet: 20,20 10,64 12,53 Kleven Verft: 25,60 10,68 11,60 Myklebust Verft: 11,90 12,53 18,97 KMC: 19,10 9,50 8,62 Avfall: Kleven Verft: 7 399 tonn 6 418 tonn 4 076 tonn Myklebust Verft: 2 771 tonn 1 143 tonn 997 tonn Sorteringsprosent: Kleven Verft: Myklebust Verft:
81,5 % 84,4 %
85,0 % 77,0 %
86,7 % 83,5 %
Dieselforbruk: Kleven Verft: Myklebust Verft:
474 000 l 276 000 l
340 000 l 120 000 l
344 763 l 35 000 l
Energiforbruk: Kleven Verft: Myklebust Verft:
10,1 GWh 5,6 GWh
12,00 GWh 4,60 GWh
11,20 GWh 3,26 GWh
Ferskvatnsforbruk: Kleven Verft: Myklebust Verft:
75 083 m3 39 695 m3
66 300 m3 50 151 m3
45 046 m3 55 975 m3