1 minute read

Samarbeid

Next Article
I pausen

I pausen

Abril og Mira samarbeider i klasserommet. Dei har ei liste med mange ord. Dei skal undersøke orda, og dele dei opp i vokalar og konsonantar.

ABRIL: Klarer du å hugse alle vokalane? MIRA: Eg fekk eit tips frå ei dame på leksehjelp førre veke. Ho sa at det var lurt å øve vokalane tre og tre. Sånn som dette: aei ouy æøå. ABRIL: Der lærte du meg noko nytt. Det er lettare å hugse tre bokstavar enn ni. Når vi samarbeider, kan vi lære av kvarandre.

klasserommet skolen strategi mål samarbeid

MIRA: No kan vi sjå på lista med ord. Bokstavar og ord er litt som puslespel. Vi kan sette dei saman og ta dei frå kvarandre igjen. ABRIL: Kva sa du?

MIRA: Pus-le-spel. ABRIL: Kva er eit puslespel? MIRA: Eit puslespel er eit bilete som er delt i bitar. Du set bitane saman til eit bilete. Det er mange som liker puslespel. Barn puslar ofte puslespel. Men det fi nst vanskelege puslespel med mange små brikker for vaksne òg. ABRIL: Så rart. Kvifor skal ein øydelegge eit bilete og sette det saman igjen? Vi får sjå på orda.

Bokstavar: vokalar og konsonantar

Norske bokstavar har ein lyd og eit namn. Vokalane har same lyd og namn. Konsonantane har ikkje same lyd og namn. Vi bruker berre lydane når vi les.

ORD

å samarbeide, ei leksehjelp, å øve, eit puslespel, å pusle

Leit i teksten

1 Kva tips fekk Mira om vokalane på leksehjelpa? 2 Kva for ni vokalar har vi i det norske alfabetet?

Kva tenker du?

3 Korleis samarbeider du med andre i klassen? 4 Kva synest du er vanskeleg på skolen?

Vokalar og konsonantar

5 Kva vokalar fi nn du i desse orda? Mira, samarbeid, du, arbeidsøkt, tips, bokstavane, øydelegge, orda 6 Kva konsonantar fi nn du i desse orda? Abril, puslespel, leksehjelp, bilete

OPPGÅVER

This article is from: