1 minute read

Før skolen

Next Article
Samarbeid

Samarbeid

ELIAS: God morgon. Har du sove godt? ABRIL: Ja, eg har sove godt. Eg elskar lukta av kaffi om morgonen. ELIAS: Her er det nytrekta kaffi . Eg har laga eggerøre med avokado til frukost.

ABRIL: Så snilt av deg å lage frukost, Elias. Eg synest det er godt å starte dagen med mat i magen. Elles blir eg svolten og ukonsentrert. Kva er forresten planane dine i dag? ELIAS: Eg jobbar frå klokka ti. Kva med deg? ABRIL: Eg begynner som vanleg på skolen halv ni. Eg er ferdig klokka kvart på tre.

ORD

ei lukt, ein frukost, svolten, eit mål, ein klesvask, ein gåtur

ELIAS: Eg lagar middag i dag. Eg er heime klokka seks. ABRIL: Supert. Eg går heim etter skolen i staden for å ta bussen. Så må eg vaske klede og gjere lekser. Eg skal sjå to fi lmar om å sette seg mål i livet. Vi jobbar med det på skolen. ELIAS: Du veit jo kva målet mitt er. Det er å eige min eigen kafé ein dag. ABRIL: Ja, det blir fi nt med eigen kafé. Eg trur du vil klare det. Akkurat i dag er målet mitt å slappe av i sofaen etter skole, klesvask, lekser og den lange gåturen.

GRAMMATIKK: Verb

Verb er ord som fortel om noko vi gjer, eller noko som skjer. Når vi beskriv ting vi gjer ofte, eller noko vi gjer akkurat no, bruker vi presens. Her er nokre av verba i teksten: har blir elskar jobbar er begynner lagar går startar vaskar

Sjå grammatikk på side 36–37.

OPPGÅVER

Leit i teksten

1 Kva et Elias og Abril til frukost? 2 Kvifor synest Abril det er viktig med frukost? 3 Kva skal Abril gjere etter skolen?

Fortel om deg sjølv

4 Et du frukost? Kva et du? 5 Kva skal du gjere etter skolen?

Verb

6 Lag nye setningar med verba ovanfor.

This article is from: