
10 minute read
Praktiske tips og lure lister
Gå djupare inn i teksten
Innhaldet
1 Kva ber oppgåva deg om? Har du svart relevant? Finn du ei skriveramme eller ein eksempeltekst i læreboka som du kan bruke? 2 Er teksten din for kort? Bygg ut hovuddelen med eitt eller fleire avsnitt. 3 Er teksten din for lang? Gå gjennom teksten din og ranger dei ulike avsnitta frå svært relevant til mindre relevant. Kan du slå saman to avsnitt til eitt? Vurder om du kan bruke færre ord og samtidig få fram poenget ditt.
Strukturen (sjå tips side 16) 1 Har teksten innleiing, hovuddel og avslutning? 2 Hovuddelen: Har du fleire avsnitt? Presenterer du eitt tema per avsnitt? Er avsnitta passe lange? Korleis er overgangen frå eitt avsnitt til det neste? 3 Innleiinga: Passar ho til det som skal komme? Er ho informativ eller interesseskapande? 4 Avslutninga: Konkluderer du? Oppsummerer du det viktigaste? Ser du framover? Bruker du sirkelkomposisjon?
Avsnitta (sjå tips side 18) 1 Les kvart avsnitt for seg: Finn du temasetning, kommentarsetningar og avslutningssetning? 2 Dersom du tolkar tekst: Bruker du eksempel frå teksten? Korleis har du fletta sitatet inn i teksten? Bruker du referatmarkørar?
Tekstbindinga (sjå tips side 18) 1 Vurder bruken av tekstbindarar. 2 Gjentar du enkelte ord mykje? Bruk synonym eller pronomen.
Setningane (sjå tips side 20) 1 Vurder lengda på setningane dine. Avsnitta bør ha ei god blanding av korte og lange setningar. 2 Sjekk kommareglane. Dersom du har lange setningar: Bør det inn eit komma? 3 Skriv du aktive setningar?
4 Har du substantivsjuke (bruker for mange substantiv)? 5 Ikkje bruk for mange retoriske spørsmål.
Ordvalet (sjå tips side 21, 38, 39 og 582) 1 Korleis bruker du fagomgrepa? Forstår du dei, og bruker du dei rett? 2 Bør du bruke fleire eller færre adjektiv? Eller substantiv? 3 Leit etter småord som går igjen: så, men, kanskje, veldig, viktig. Finn måtar å skrive om på.
Rettskrivinga (sjå tips side 21) 1 Still inn skriveprogrammet på rett målform og leit etter raude strekar. 2 Sjå på samskriving og særskriving. 3 Sjå på korleis du har brukt og/å. 4 Sjå på korleis du har brukt da/når.
Kjeldene (sjå tips side 24 og 26) 1 Har du kjeldeliste? 2 Har du brukt referansar i løpande tekst?
Tips ved skrivesperre
Dersom du står fast, er det eit mål i seg sjølv å få tastaturet i gang, uavhengig av innhald: • Start skrivinga utan å tenke på innhaldet. Start f.eks. med frasen
«I det siste har eg tenkt på at …», og så ser du kva som skjer. • Sett på ei stoppeklokke og skriv i f.eks. 3 minutt, ta 3 minutt pause og skriv 3 minutt igjen. • Skriv alt du kjem på om det første fagomgrepet du møter på. • Prøv å skrive på sidemålet ditt, eller byt til eit anna språk for ei stund. • Ikkje bry deg om rettskrivinga og strukturen, og unngå å sjekke faktaopplysningar på dette tidspunktet. Sei til deg sjølv at du kjem tilbake til dette seinare.
Tips til strukturen
Å skrive innleiing
Ei god innleiing er viktig for å skape ein god tekst, spesielt i artiklar og tolkingar. Innleiinga skal presentere det som kjem, og ho skal gi lesaren lyst til å lese vidare. I innleiinga bør du også presentere ei problemstilling for teksten.
Den informerande innleiinga
• Set lesaren inn i tematikken • Ver sakleg
Eksempel frå ein artikkel om språkhaldningar:
I Noreg er vi vane med å høyre dialektar heile tida, ikkje berre når vi snakkar saman, men også når vi skrur på radio og TV. Slik er det ikkje i alle land, og Noreg blir av mange kalla eit dialektparadis. Men også nordmenn har meiningar om dialektar, og spørsmålet blir difor: korleis påverkar språkhaldningar vårt eige talespråk?
Den interessevekkande innleiinga
• Start med sitat • Start med provoserande spørsmål
Eksempel frå ein artikkel om verkelegheitslitteratur (s. 143)
«Vil man gjøre maksimal skade uten å risikere straff, så skriv en roman», skriv litteraturkritikar Ingunn Økland i ein artikkel om verkelegheitslitteratur. Ho viser til debatten rundt fleire bøker som er komne ut dei siste åra, der familien til forfattaren føler seg krenkt. Når grensene mellom fiksjon og verkelegheit blir utydelege, reiser det mange spørsmål om ansvaret til forfattarar for menneska rundt dei. Kva er så verkelegheitslitteratur, og kva utfordringar og moglegheiter skaper han?
Å skrive avslutning
• Oppsummer og konkluder • Bruk sirkelkomposisjon, avrunding
Eksempel frå ein artikkel om språkhaldningar:
Talemålet vårt blir i stor grad påverka av haldningar. Ein dialektbrukar vil neppe ønske å bli oppfatta som dum, og kan difor velje å tilpasse språket sitt. Sjølv om slik knoting kan føre til dialektdød, vil angsten for knoting på den andre sida kunne bevare dialektane, og dermed kulturen og identiteten. Det er ingen tvil om at dialektane er ein viktig del av nordmenn sin identitet, sjølv om dialektane endrar seg, ikkje minst på grunn av statusforskjellar. Desse statusforskjellane mellom talemåla er nok slangen i dialektparadiset. Likevel er det ikkje sikkert at Kari og Ola er på veg ut av paradiset heilt enno.
Tips til betre avsnitt
1 Korrekt avsnittsinndeling
Det er to måtar å lage avsnitt på. Her må du velje éin måte og halde deg til den gjennom heile teksten: • Blanklinje – du hoppar over ei linje. Still inn passe linjeavstand slik at mellomrommet ikkje blir for stort. • Linjeskift med innrykk – du startar første linje i avsnittet med eit innrykk (bruk for eksempel tabulatortasten).
2 Å bygge ut avsnittet • Avsnittet skal innehalde temasetning, kommentarsetningar og avslutningssetning, sjå eksempel under. • Avsnittet bør vere på minst tre linjer for å oppnå god flyt.
(Temasetning som presenterer temaet for avsnittet): Obstfelder debuterte som forfattar i 1893 med diktsamlinga Digte. (Kommentarsetning 1): Med dikt som «Jeg ser», «Regn» og «Byen» var denne diktsamlinga med på å starte ein modernistisk litterær tradisjon i Noreg. (Kommentarsetning 2): Dikta var skrivne i fri form, og Obstfelder tok opp eksistensielle tema der sjelelivet vart utforska. (Kommentarsetning 3): Då dikta kom, vekte boka både harme og entusiasme blant bokmeldarane, for dette var noko nytt i norsk litteratur. (Kommentarsetning 4): Aftenposten skreiv at «større nonsens, end denne bog indeholder, er aldrig blevet udgivet på prent i vort land». (Avsluttande setning som oppsummerer avsnittet): Bokmeldarane var likevel i all hovudsak positive til dei modernistiske dikta til Obstfelder. (Allkunne.no/Obstfelder)
Tips til tekstbinding
1 Bruk synonym. Det finst alltid fleire ord som betyr (omtrent) det same. Sørg for at du varierer:
• å gjere – utføre – ordne – sørge for – gjennomføre • å seie – hevde – uttrykke – meine – bekrefte – protestere – stadfeste

2 Varier mellom å bruke eit namn, eit pronomen eller eit substantiv:
• Henrik Ibsen – Ibsen – han – forfattaren – dramatikaren
3 Unngå at fleire setningar startar med same ord, det skaper dårleg flyt. 4 Bruk tekstbindarar. Ved å bruke tekstbindarar viser du samanhengen mellom ei setning og den neste, eller mellom eitt avsnitt og det neste. Vi har tekstbindarar som uttrykker ulike former for samanheng:
• oppramsing: dessutan, i tillegg til, blant anna, for det første, deretter, til slutt … • alternativ: eller, anten – eller, verken – eller … • motsetning: men, likevel, mens, derimot, trass i, på den andre sida … • likskap: på same måte, slik som, i likskap med, også … • årsaksforhold: derfor, dermed, fordi, altså, slik at, for at …
Tips til betre setningar
1 Varier setningslengda.
Får du for mange korte setningar, blir teksten oppstykka. Får du for mange lange setningar, blir det vanskeleg å oppfatte samanhengen.
Her er eit avsnitt med god variasjon, henta frå ein leksikonartikkel.
Tre av setningane er middels lange. Den andre setninga er kort, mens den tredje er den lengste setninga.
I alle tekstane han skreiv, brukte Sigbjørn Obstfelder eit «eg»perspektiv for å kunne nå inn i menneskesinnet. Det finn vi igjen i både lyrikken, prosaen og dramatikken. Novella «Liv», frå samlinga To novelletter (1895), tematiserer korleis storbylivet kan gi framandkjensle, angst og meiningsløyse. Dette er tema vi kjenner att frå diktet «Jeg ser» og prosadiktet «Byen». Likevel, trass i meiningsløysa, har eg-forteljaren ein lengt etter ein annan røyndom, ein draum om eit betre liv. (Allkunne.no/Obstfelder)
2 Skriv aktive setningar. For mange passivformer kan skape eit upersonleg språk:
Passiv – unngå dette Aktiv – slik bør du skrive
Fra regjeringen foreslås en ny skolereform. Regjeringen foreslår en ny skolereform.
Økt beskatning av sekundærboliger skal utredes av regjeringen.
Hendelsen etterforskes som drap. Regjeringen vil utrede å øke skatten på sekundærboliger.
Politiet etterforsker hendelsen som drap.
Dagens tale blei halden av russepresidenten. Russepresidenten heldt dagens tale.
Det blei vedtatt å stenge vegen. Kommunen vedtok å stenge vegen.
3 Unngå substantivsjuke – bruk verb. Skriv så presis som mogleg, og unngå for lange og innvikla setningar.
Substantivsjuke – unngå dette Slik bør du skrive
Det medfører ikke riktighet. Det er ikke riktig.
Myndighetene understreket viktigheten av god håndhygiene.
I prosjektet skal dei føreta registrering av arter.
Vegvesenet skal utføre kontroll av russebussar. Myndighetene understreket at god håndhygiene er viktig.
I prosjektet skal dei registrere arter.
Vegvesenet skal kontrollere russebussar.
Tips til rettskrivinga
Leit etter skrivefeil
• Still retteprogrammet inn på den rette målforma. • Bruk søkogerstattfunksjonen i retteprogrammet.
Lag deg ei liste over ord du ofte skriv feil, eller søk på nettet etter «vanlege feil i nynorsk/bokmål» – her får du tips om kva du skal leite etter.
Desse orda søker du opp med søkogerstattfunksjonen kvar gong du skriv. • Les teksten baklengs for å leite etter skrivefeil. • Gjer skrifta større, så ser du færre ord samtidig.

Da eller når?
Hovudregel: Den gong da, kvar gong når, når ein gong i framtida. • Da eg begynte på vidaregåande skole, var eg 16 år. (Fortid) • Når eg skal på jobb, tar eg bussen. (Kvar gong) • Når eg er ferdig med vidaregåande skole, skal eg begynne å studere. (Framtid)
Vi bruker også når i fortid når det er snakk om ei gjentakande hending. • Når vi vann fotballkampar, ropte vi kampropet vårt. (Fortid + kvar gong når) • Da eg var lita, sykla eg når eg skulle på skolen. (Fortid + kvar gong når)
Og eller å?
Og bind saman to like ledd
• To substantiv: Ho speler fotball og handball. • To adjektiv: Ho var både flink og ivrig. • To setningar: Ho sprang fort og scora mange mål. • To infinitivar: Ho var flink til å støtte og hjelpe dei andre. • To imperativar: Kom igjen og ta dei!
Å – infinitivsmerke
• Det begynner å bli seint. Han har slutta å jobbe på bensinstasjonen.
Ho ville prøve å klare seg aleine.
Hugsereglar
• Alltid å før verb som kjem etter begynne å, slutte å, prøve å, ta til å, ønske å, lære å: Han ville lære å surfe. • Alltid å i dei faste uttrykka sant å seie, vel å merke, så å seie. • Alltid og etter presens partisipp: Per blei ståande og måpe.
Sekken blei liggande og slenge. • Alltid og etter vere snill: Kan du vere snill og hjelpe meg?
Er du i tvil? Bruk fortidsprøva.
Sett setninga i fortid (preteritum – i går). Viss begge verba må settast i fortid, skal det vere og.
Fortidsprøva
I tvil? Fortidsprøva
Eg teiknar og/å målar.
Det sluttar å/og regne. I går teikna og måla eg. Her kjem begge verba i fortid, og det skal vere og.
Det slutta å regne. Her kjem berre det eine verbet i fortid, mens det andre framleis står i infinitiv. Da skal det vere å.
Kommareglar
Komma etter leddsetning Når dette er over, skal vi feire. At han var glad, var det ingen i tvil om. Viss det er dette som skal til, så må vi gjere det.
Komma mellom to sideordna setningar som er kopla saman med og/eller/ men/for
Komma etter innskoten somsetning
Av og til kan som vere utelate, men det skal likevel vere komma. Eg gler meg til sommaren, for da kan vi surfe.
Prøven som vi skulle ta, var vanskeleg. Den som går på vidaregåande skole, veit kva vi snakkar om.
Bilen (som) vi køyrde, var veldig fin.
Komma før og etter somsetning dersom ho kan kuttast ut Ekteparet, som hadde god råd, sa dei ville betale for meg.
Komma før og etter innskoten setning som du kunne ha sett i parentes Jernbanen, vårt mest miljøvennlege framkomstmiddel, burde vore betre utbygd.
Komma i oppramsing På turen tok vi tog, buss, trikk og sparkesykkel.
Komma i direkte tale framfor utsegnsord
Komma før og etter tiltaleord, svarord og utropsord – Bruk stemmeretten din, sa ordføraren.
– Spring alt du kan, Petter! – Nei, det kjem ikkje på tale. – Hei, Charlotte! – Nå blei eg glad, bestemor!
Samansette ord
På norsk lagar vi nye ord ved å sette saman to eller fleire ord: vaskemaskin, rekkehus, rekkeviddeangst. Slike ord skal alltid skrivast i eitt ord. Bruk øyret: Dersom det blir uttala som eitt ord, skal det skrivast som eitt ord. Unngå å bli påverka av engelske skrivereglar, der slike ord stort sett blir skrivne i to ord. Hugs også at stavekontrollen ofte ikkje fangar opp denne typen feil.