2 minute read
Slik skriv du kjeldeliste
Det finst mange måtar å føre kjelder på. Dette kallar vi ulike referansestilar. I akademisk skriving er det viktig å halde seg til éin referansestil. Men på vidaregåande skole er det viktigaste å føre kjeldene på ein måte som gir god oversikt, og som gjer det mogleg for lesaren å sjekke kjeldene dine. Her er eit eksempel på god kjeldeføring.
Type kjelde Slik fører du kjelda Kommentar
Bok med éin forfattar Fridtun, Kristin (2013). Nynorsk for dumskallar. [Fagbok] Etternamn, fornamn (utgivingsår). Tittel i kursiv. [Forklaring på kjelda]
Bok med to forfattarar Mæhlum, Brit og Røyneland, Unn (2012). Det norske dialektlandskapet. [Fagbok]
Skjønnlitteratur Obstfelder, Sigbjørn (1893). «Jeg ser». Frå Digte. [Diktsamling]
Artikkel frå nettleksikon Allkunne (2021). «Sigbjørn Obstfelder» https://www. allkunne.no/framside/ biografiar/o/sigbjornobstfelder//98/87644/ [Lesedato 05.04.2021] [Leksikonartikkel] Her fører du nettleksikonet på same måte som ein forfattar. Sett søkeordet i hermeteikn. Sørg for å få med lesedato.
Start med det etternamnet som kjem først i alfabetet.
Diktet i hermeteikn, diktsamlinga i kursiv.
Artikkel frå internett Psykologisk.no (2021). «Psykolog hyller TVserien Rådebank». https://psykologisk. no/2021/03/ psykologhyllertvserienradebank/ [Lesedato 05.04.2021] [Fagartikkel på nett] Før tittelen i hermeteikn, som med andre artiklar.
På side 147 ser du ei full kjeldeliste som er ført på korrekt vis.
Slik fører du kjelder i sjølve teksten
I fagartiklar av ulike slag bør du venne deg til å referere til kjelder undervegs i teksten. Formålet med dette er å vise at du har eit reflektert forhold til kvar du har henta kunnskapen. Ved å vise til ei kjelde styrker du også ditt eige truverd som skribent. Slike referansar kan du føre i parentes i den løpande teksten. I parentesen skriv du namnet på forfattaren og sidetalet, slik at ein kan finne igjen referansen i kjeldelista. Dersom du har fleire bøker av den same forfattaren på kjeldelista, tar du med utgivingsåret for boka. I ein artikkel om nynorsk kan ein for eksempel skrive dette:
«Er det lov å bruke lånord i nynorsk? Dette spørsmålet har mange elevar lurt på gjennom tidene. Det finst ingen forbod mot å bruke lånord (Fridtun 2013, s. 37). Likevel er det mange lånord frå tysk som ein bør prøve å erstatte med tradisjonelle ord frå dei norske dialektane.»
Dersom du skal referere den same kjelda fleire gonger etter kvarandre, kan du skrive som over, eller det internasjonale ibid. Da skjøner vi at du refererer til den same kjelda som den førre du brukte. Eksempel:
«… Likevel er det mange lånord frå tysk som ein i stor grad prøver å erstatte med ord frå dei norske dialektane. Mange av desse orda har blitt vanlege å bruke i dei mange dialektane våre, og for mange nynorskbrukarar er det derfor naturleg å bruke desse orda (ibid).»
Slik bruker du sitat i sjølve teksten
Dersom du vil bruke eit sitat, kan du skrive det på denne måten:
«Er det lov å bruke lånord i nynorsk? Ja, hevdar Kristin Fridtun i boka Nynorsk for dumskallar: «Det finst ikkje strenge reglar for kva for ord vi kan bruka i nynorsk og i bokmål» (s. 37). Likevel er det mange lånord frå tysk som ein bør prøve å erstatte med tradisjonelle ord frå dei norske dialektane.»
Sidan du skriv både forfattaren og tittelen på boka i teksten, treng du berre å ha med sidetalet i parentesen.