1 minute read

Bli ein betre skrivar

Før du skriv • Kva er du god til når det gjeld skriving? Noter ned nokre punkt. • Tenk etter: Er det nokon tilbakemeldingar som går igjen når du skriv? Kva for nokre? • Kvar lagra du den siste teksten du skreiv? Finn han og les gjennom:

Kunne noko vore gjort annleis?

Skriving er ei ferdigheit du treng i alle fag, i utdanning og i yrkesliv, og det er i norskfaget du går i djupna når det gjeld å lære seg skriving. I dette kapittelet får du tips til korleis du kan skrive korrekt, formulere gode setningar, skape samanheng i teksten og bygge opp gode skriftlege tekstar.

This article is from: