1 minute read

Skriving på 1-2-3

Før skriving

• Kva ber oppgåva deg om? Analyser oppgåveteksten grundig, og les kommentaren til oppgåva. • Kva står det om sjanger? Er det essay, artikkel, tolking/analyse eller andre sjangrar? • Sjekk vurderingskriteria. Kva er viktigast? • Gå gjennom tidlegare tekstar: Kva gjorde du bra førre gong – kva kunne bli betre?

• Leit etter fagstoff frå ulike kjelder, skriverammer, framgangsmåtar eller eksempeltekstar for sjangeren du skal skrive i. • Les vedleggsteksten grundig og noter stikkord til kvart avsnitt.

Skriv eventuelt ei kort oppsummering. • Lag ein struktur for teksten din. Start med tankekart eller idémyldring, og jobb deg fram til ein punktvis disposisjon.

Under skriving

• Skap rom for konsentrert skriving: Slå av varsel på PC og telefon. • Jobb konsentrert i 20–30 minutt og lov deg sjølv ein pause etterpå. • Får du innfall undervegs? Ha eit dokument klart der du skriv ned tankane, og vent til etterpå med å gå vidare med desse innfalla. • Gå fram og tilbake i teksten din: Dersom du står fast, gå vidare til eit anna avsnitt. Skriv gjerne hovuddelen før du skriv innleiinga. • Marker ting i teksten som du skal gå tilbake til, f.eks. med XXX eller med fargekode.

Etter skriving

• Les teksten høgt for å avdekke svakheiter i rettskriving og struktur.

Få gjerne nokon andre til å lese også. • Sjekk strukturen: Har du ryddige avsnitt? Er det eitt tema for kvart avsnitt? Er avsnitta om lag like lange? • Sjekk samanhengen i teksten: Korleis er samanhengen i kvart avsnitt?

Korleis er overgangen mellom avsnitta? • Har du svart på oppgåva? Gå tilbake til oppgåveteksten og sjekk om du har skrive eit relevant svar.

• Arbeid aktivt med språket: Still skriveprogrammet inn på rett målform.

Gjer skrifta større for å avdekke fleire skrivefeil.

This article is from: