
1 minute read
Presentasjon
Førebu deg til presentasjon
Det finst fleire typar presentasjonar: korte innleiande presentasjonar, og presentasjonar der ein greier ut om og reflekterer rundt ei fagleg problemstilling eller eit tema.
• Presenter temaet du har fått, og kva du assosierer med dette temaet. • Vis korleis du har innsnevra temaet, kva val du har tatt. • Presenter tekstane du skal bruke (tittel, forfattar, år, kort innhaldsreferat, litteraturhistorisk plassering og kvifor tekstane kan koplast til temaet). • Gjer greie for problemstillinga du har laga.
Slik kan du strukturere ein lengre presentasjon
Gjer dette Tips
Innleiing Vekk interesse. • Ver engasjert. Det smittar over på publikum. • Kople stoffet til noko kjent eller aktuelt: ei nyheit, noko du sjølv har opplevd, noko samfunnsaktuelt. • Tenk metaforisk: Om temaet var eit dyr, ei årstid eller eit realityshow – kva ville det ha vore? • Presenter problemstillinga di.
Hovuddel Ver ein fagperson.
Avslutning Sikre at publikum forstår. • Organiser fagstoffet i tydelege punkt, som avsnitt i ein skriftleg tekst. • Bruk fagspråk og eksempel. • Bruk tekstbindarar for å skape samanheng i det du seier (for det første, for det andre, det viktigaste er, dermed, dessutan, likevel osv.). • Bruk gjerne notatkort.
• Trekk fram det viktigaste frå presentasjonen, maks tre stikkord. • Avslutt med eit slagord eller spørsmål til refleksjon. • Vis tilbake til noko du sa i innleiinga. Da lagar du ein sirkelkomposisjon.