
1 minute read
Skriv betre nynorsk
Før du skriv
• Kan du nokon nynorske ord som du synest er spesielt fine/rare/ sjeldne/vanskelege? Noter ned 5–10 ord. • Kva tenker du er hovudforskjellen mellom bokmål og nynorsk?
Tenkeskriv i to minutt.
I Noreg har vi som kjent to målformer, bokmål og nynorsk. Sidan nynorsk er den målforma som er minst brukt i samfunnet, har mange behov for å øve spesielt på denne målforma. I dette kapittelet gir vi deg derfor både systematiske og praktiske tips til korleis du kan bli betre til å skrive nynorsk.