1 minute read
Nynorsk grammatikk på 1-2-3
Substantiv
Her ser du korleis substantiv i ulike kjønn blir bøygd. Sjå spesielt på artikkelen (ei/ein/eit) og endingane i dei tre kjønna.
Hokjønnsord
ei moglegheit – den moglegheita – fleire moglegheiter – alle moglegheitene
Unntak: Ord som sluttar på -ing: ei setning – setninga – fleire setningar – alle setningane
Hankjønnsord
ein konkurranse – den konkurransen – fleire konkurransar – alle konkurransane
Unntak: Nokre ord får vokalskifte og er, slik som son, bror, fot, bonde: ein bonde – den bonden – fleire bønder – alle bøndene
Inkjekjønnsord
eit hovud – det hovudet – fleire hovud – alle hovuda eit emne – det emnet – fleire emne – alle emna
Verb
Svake verb: a-verb
Dei fleste svake verb blir bøygd slik: å kaste – kastar – kasta – har kasta
Tips: Samanlikn med dialekten på Oslo aust og i områda rundt Oslo. Her er det også vanleg å bøye med a (har kasta).
Svake verb: e-verb
Nokre verb har er i presens. Dei same verba har te eller de i preteritum: å kjøpe – kjøper – kjøpte – har kjøpt å leve – lever – levde – har levd • Når stammen av verbet sluttar på konsonantane FLSKPTRN, skal verbet ha -te i preteritum. Tips: Hugs ordet FLaSKePoSTaR + N. Unntak: Dersom verbet har diftong, skal det vere de: høyrde, køyrde • Når stammen av verbet sluttar på noko anna, skal det vere -de.
Sterke verb
Mange verb blir bøygd ved hjelp av vokalendring. Dette gjeld også i bokmål.
På nynorsk får dei sterke verba inga ending i presens. å skrive – skriv – skreiv – har skrive
Sjå elles lister på side 34 og 35 for fleire typar svake og sterke verb.
Pronomen
Subjektsform Objektsform Eigedomsform
eg
du meg
deg boka mi / bilen min / valet mitt / tankane mine
boka di / bilen din / valet ditt / tankane dine
han, ho han, henne hans, hennar
vi oss boka vår / bilen vår / vala våre / tankane våre
de/dokker dykk/dokker dykkar/dokker
dei dei deira