1 minute read
Fagsamtale
Hald presentasjon
Øver du på å halde presentasjonen din, er sjansen større for at du når ut til publikum under sjølve presentasjonen.
Tenk på dette når du øver, og når du presenterer
• Kva slags kjensler legg du i presentasjonen? Er du engasjert eller provosert, eller utstråler du at du er nervøs eller at du kjedar deg? • Kvar plasserer du deg i rommet? Bak ein pult, på ein talarstol eller nær publikum? Står du heilt stille eller vandrar du rundt? • Korleis bruker du armane dine? Roleg eller hektisk veivande, eller bruker du dei til å streke under viktige poeng? • Kvar legg du blikket ditt? Ser du ned, eller har du blikkontakt med publikum? • Korleis bruker du stemma di? Snakkar du høgt eller lågt?
Fort eller sakte?
Fagsamtale
Førebu deg til fagsamtale
Ein fagsamtale er ein planlagt samtale der du skal vise fagkunnskap og refleksjon. Du som elev bør vere den aktive parten i samtalen. Er du godt førebudd til samtalen, kan du styre han i ei retning som gjer at du får vist kva du kan.
Slik kan du førebu deg til fagsamtale
Jobb aktivt med fagstoffet. • Ta notat, lag spørsmål, tankekart, stikkordslister. Sjå etter samanhengar i fagstoffet.
Jobb aktivt med munnlege ferdigheiter. • Øv med ein venn eller medelev. • Øv framfor spegelen eller med mobilkamera. • Snakk høgt mens du skriv notat.
Slik kan ein god fagsamtale vere
Vis god fagleg kompetanse
• Svar utfyllande og sjølvstendig på spørsmål om fagstoff og tekstar. • Bruk fagspråk. • Reflekter over og diskuter det som er likt og forskjellig i tekstane. • Vis kunnskap om norskfaglege emne om språk, litteratur eller retorikk. • Svar på problemstillinga eller temaet som er utgangspunkt for fagsamtalen. • Utvid perspektivet. Trekk linjer til anna relevant fagstoff (verk, forfattarar, epokar).
Vis god munnleg kompetanse
• Snakk tydeleg og samanhengande. • Ha eit ope og situasjonstilpassa kroppsspråk. • Ha blikkontakt med den du snakkar med. • Ta initiativ til å drive samtalen vidare. • Kjenn fagstoffet godt nok til å snakke sjølvstendig og utan å vere bunden av notat. • Bruk formuleringar frå problemstillinga di. • Pust med magen. Ta deg tid til å tenke over kva du vil seie.
Ikkje hast vidare.