2 minute read

Å utforske litteratur

Før du les • Kva forbind du med ordet tradisjon? • Har du lese eit dikt eller ein roman du synest bryt med alle forventningar du har til sjangeren? Kva var spesielt med denne teksten, og korleis var det å lese han?

Å utforske litteratur handlar om å forstå kva ein tekst handlar om reint konkret og på eit djupare plan. Det handlar også om å reflektere over spørsmål han stiller, og måten han er skriven på. Når du utforskar, leitar du ikkje etter eit fasitsvar, men ser etter ulike måtar å forstå teksten på. Både kunnskap om analyse og litteraturhistorie kan derfor hjelpe deg når du utforskar ein tekst. Eit anna hjelpemiddel er eg-ser-modellen. Den gir hint om kva du kan sjå etter.

Eg-ser-modellen

Denne illustrasjonen viser jorda. Jenta og guten i midten kan symbolisere mennesket, bygningane samfunnet, og trea kan symbolisere naturen. Auget øvst på himmelen kan symbolisere mennesket sitt verdsbilde eller forklaringar på kvifor vi finst.

Verdssyn

• religiøst/vitskapeleg • forteljing om korleis verda blei til/naturlover

Natur

• motiv og språklege bilde • skremmande/ fredeleg/mystisk

Menneske

• fritt/ufritt • kvinne/mann • ung/gammal

Samfunn

• styreform • by/bygd • rikt/fattig • individorientert/ kollektivistisk • stabilt/uroleg

Bruk denne illustrasjonen som eit kart på vegen din vidare inn i den skjønnlitterære teksten du skal utforske. Når du legg blikket ditt på det vesle mennesket, kan du for eksempel stille følgande spørsmål til teksten:

Menneske

• Kva for handlingsrom hadde mennesket på denne tida? • Var folk nært knytte til ein bestemt sosial klasse? • Kor lenge kunne menneska forvente å leve? • Var det stor forskjell på kva gutar og jenter kunne gjere? • Kva rettar og plikter hadde folk?

Beveger du deg bort til bygningane i kartet, kan du stille spørsmål som går meir på korleis samfunnet var strukturert:

Samfunn

• Er det eit bygdesamfunn eller eit bysamfunn? • Er det eit demokratisk samfunn eller ei form for diktatur?

• Er samfunnet rikt eller fattig? • Er samfunnet fredeleg eller krigsherja? • Er samfunnet individorientert eller kollektivistisk?

• Står samfunnet overfor store omveltingar eller endringar?

Ordforklaring

Demokrati: ei samfunnsordning der innbyggarane i eit land vel å styre gjennom frie val Diktatur: eit samfunn der det blant anna ikkje er mogleg å fjerne leiaren Individorientert samfunn: eit samfunn der fridomen til enkeltmennesket er viktigare enn ønska til familien Kollektivistisk samfunn: eit samfunn der det som er best for familien, er viktigare enn kva enkeltmennesket måtte ønske

This article is from: