1 minute read

Eg-ser-modellen – kritisk realisme

Eg-ser-modellen

Verdssyn

• religiøst/vitskapeleg • forteljing om korleis vi blei til / naturlover

Natur

• motiv og språklege bilde • skremmande/ fredeleg/mystisk

Menneske

• fritt/ufritt • kvinne/mann • ung/gammal

Samfunn

• styreform • by/bygd • rikt/fattig • individorientert/ kollektivistisk • stabilt/uroleg

Eksempel: Utforsk epoken

Eg-ser-modellen: kritisk realisme

Menneske

• Ein kan ta eigne, frie val som endrar livet.

• Ein ser gjerne mennesket som del av eit fellesskap.

• Ein har tru på at mennesket kan endre og påverke sitt eige og andre sitt liv.

Samfunn

• Dei kritiske realistane kritiserer problem i samfunnet for å få til endringar.

• Dei kritiske realistane meiner at samfunnet utviklar seg til ein stadig betre stad.

• Dei kritiske realistane trur på framsteg, fridom og fornuft («FFF»).

Natur

• Naturen i seg sjølv var ikkje så viktig for kritisk-realistane.

• Naturen blir brukt som kulisse eller symbol.

Verdssyn

• Ein kritiserer ofte kyrkja og religiøse normer i samfunnet.

• Ein har ei sterk tru på at verda stadig går framover på grunn av framsteg, fridom og fornuft (modernitet).

This article is from: