2 minute read

Eg-ser-modellen – modernisme

Eg-ser-modellen

Verdssyn

• religiøst/vitskapeleg • forteljing om korleis vi blei til/naturlover

Natur

• motiv og språklege bilde • skremmande/ fredeleg/mystisk

Menneske

• fritt/ufritt • kvinne/mann • ung/gammal

Samfunn

• styreform • by/bygd • rikt/fattig • individorientert/ kollektivistisk • stabilt/uroleg

Eksempel: Utforsk tradisjonen

Eg-ser-modellen: modernisme

Menneske

• Ein skildrar det indre følelseslivet til enkeltmennesket.

• Ein er opptatt av det impulsive og ufornuftige mennesket.

• Ein skildrar framandgjering, angst og uro.

• Ein er opptatt av identitet, og mangel på identitet.

Samfunn

• Ein er kritisk til negative sider ved samfunnet, men har ikkje noko mål om å endre det, slik realistane hadde.

• Ein skildrar skyggesidene ved samfunnet, men berre som observatør til det negative.

• Ein skildrar samfunnet som framandt og ein stad individet ikkje høyrer heime.

Natur

• Ein har ingen følelse av å vere heime i naturen.

• Naturen blir brukt som motiv, men ofte for å få fram mørke, urolege sider i mennesket.

• Naturen blir brukt som kontrast til samfunnet.

Verdssyn

• Gud er fråverande. Anten meiner ein at Gud har forlate menneska, eller så er ein avvisande til at han kan finnast.

• Ein er kritisk til påstanden om at verda stadig går framover, og trur ikkje på moderniteten sin «FFF».

Test deg sjølv

1 Kva vil det seie å utforske ein tekst? 2 Kva for fire delar er eg-ser-modellen delt inn i? 3 Kva spørsmål kan du stille til mennesket i eg-ser-modellen? 4 Kva spørsmål kan du stille til samfunnet i modellen? 5 Kva spørsmål kan det vere lurt å stille til naturen i modellen? 6 Kva spørsmål kan du stille når du skal utforske verdssynet i ein tekst? 7 Kva to litterære tradisjonar veks fram mot slutten av 1800-talet? 8 Nemn minst fire kjenneteikn ved den realistiske tradisjonen. 9 Nemn minst fire kjenneteikn ved den modernistiske tradisjonen.

Jobb med stoffet

1 Bruk eg-ser-modellen til å repetere litteraturhistoria før 1850 som du kan lese om i kapittel 9. Kva skil dei ulike epokane frå kvarandre i synet på menneske, natur, samfunn og verdsbilde? Finn du likskapar? 2 Lag ei visuell framstilling der du viser forskjellen mellom den realistiske og den modernistiske tradisjonen. 3 Finn minst fire tekstar som du forsøker å plassere i riktig tradisjon ut frå sjekklista på side 193.

I eit nøtteskal

Frå andre halvdel av 1800-talet veks det fram to parallelle tradisjonar i litteratur og kunst: den realistiske og den modernistiske. Den realistiske tradisjonen vidareførte krav til form og sjanger, mens modernistane prøvde å skape heilt nye uttrykksformer som braut med alt ein hadde sett. Mens dei realistiske tekstane skildra den ytre, objektive verda, ville modernistane skildre ei indre og subjektiv verkelegheit. Modernistiske tekstar har ofte eit meir pessimistisk syn på kva moglegheit mennesket har til å endre samfunnet det er ein del av, mens realistiske tekstar viser ei optimistisk tru på at mennesket og verda stadig endrar seg til det betre.

This article is from: