2 minute read
To litterære tradisjonar
Legg du blikket ditt på trea og naturen, kan du stille spørsmål som dette:
Natur
• Blir naturen brukt som motiv i teksten?
• Er naturen ein stad der eg-et i teksten finn ro og tilhøyrsel?
Eller er naturen skremmande og fjern? • Er naturen ei viktig kraft? • Er språket i teksten prega av symbol henta frå naturen? Finst det ein rytme eller språkleg utforsking som kan overførast til lydar frå naturen (hav, vind, bekk, regn)?
Rettar du blikket oppover, er det meininga at du skal få auge på synet folk hadde på verda, altså verdsbildet deira. Dette fungerer som ei forklaring på kvifor vi er her, kvifor verda finst, og kva løfte om meining, tru og trøyst som blir gitt. Her finn vi dei religiøse forteljingane, men også andre måtar å sjå verda på, som det vitskapelege verdsbildet og politiske førestillingar. Spørsmål du kan stille, er:
Verdssyn
• Finst det ei gudstru? Éin gud eller fleire? • Kva forklaringar blir gitt på at verda og mennesket blei skapt (religiøse og/eller vitskapelege)? • Kva løfte og forhåpningar blir gitt om livet etter døden? • Kva levereglar eller plikter skal følgast? • Finst det nokon politiske eller religiøse ideologiar som dominerer (sosialdemokrati, liberalisme, kommunisme, nazisme, islamisme)?
Frå slutten av 1800-talet voks det fram to tradisjonar innan norsk litteratur: den realistiske tradisjonen og den modernistiske. Det er tekstar og epokar innan desse to tradisjonane du skal lære om i vg3. Det som skil dei to tradisjonane frå kvarandre, er dette:
Tekstane er skrivne i tradisjonelle sjangrar og formspråk. Tekstane skal etterlikne verda slik ho er. Objektiv, ytre verkelegheit. Mimesis. Tekstane har ofte eit positivt syn på samfunnsendringar. Tekstane bryt med måten forfattarar har skrive på tidlegare. Tekstane skal skildre verda slik ein opplever ho. Subjektiv, indre verkelegheit. Tekstane har ofte eit negativt syn på samfunnsendringar. Mennesket er framandgjort.
Er teksten skriven på ein tradisjonell måte?
Etterliknar teksten verkelegheita slik ho er (mimesis)?
Har teksten eit positivt syn på at betring av samfunnet er mogleg? Ja Nei
Er svaret «ja» på desse spørsmåla, kan du hevde at teksten du har lese høyrer til den realistiske tradisjonen.
Bryt teksten med måten forfattarar skreiv på tidlegare?
Skildrar ein ei indre, personleg oppleving av verda?
Finn du tema som framandgjering, angst eller uro? Ja Nei
Er svaret «ja» på desse spørsmåla, kan du hevde at teksten du har lese høyrer til den modernistiske tradisjonen.
Får du ei blanding av ja og nei? Da kan du argumentere for at delar av teksten kan ha modernistiske trekk, for eksempel når det gjeld tema, men at forma er tradisjonell og er nært knytt til den realistiske tradisjonen.