1 minute read

13 Krig og uro 1930–1950

I dette kapittelet skal du lære • om litteratur skriven før, under og etter den andre verdskrigen • om kva påverknad verdskrigen hadde på realistisk og modernistisk litteratur • om korleis formålet til diktaren påverkar form og innhald i ein tekst

Kvifor skal du lære dette? • Du får innblikk i tankesett før, under og etter den andre verdskrigen – og kvifor og korleis tekstane er skrivne. • Du vil forstå kvifor krigen framleis er eit hyppig brukt motiv i litteratur, film og kunst.

Viktige fagomgrep • formål • krigslyrikk • nullpunktslyrikk

REALISTISK TRADISJON

1850 1870 1880 1890 1900 Den første verdskrigen 1914–1918 1930 Den andre verdskrigen 1940–1945

Poetisk realisme Kritisk realisme Naturalisme Etisk realisme Krigslyrikk Sentrallyrikk 1970 1980 2000

Sosialrealisme Samtidslitteratur

MODERNISTISK TRADISJON

1890 1900 1920–1940 1950 1960 1970 1980 2000

Tidleg modernisme Nyromantikk Mellomkrigsmodernisme Nullpunktslyrikk Etterkrigsmodernisme Nyenkelheit Postmodernisme Samtidslitteratur

Reidar Aulie: «9. april 1940», 1943

Før du les • Kva tekstar, filmar eller kunstverk har du lese eller sett som handlar om den andre verdskrigen? • Kva vil du seie kjenneteiknar desse tekstane? • Kvifor trur du den andre verdskrigen framleis blir snakka og skriven om, så lenge etter han blei avslutta?

Den store krigen

Det finst få historiske periodar og hendingar som er like hyppig skildra i litteratur, film og kunst som den andre verdskrigen. Helte- og spenningsfilmar, romanar om krigsopplevingar og sakprosabøker som undersøker ansvar og skyld, vekker framleis følelsar og reaksjonar.

Den grenselause valden og dei store konsekvensane av denne krigen sluttar tilsynelatande aldri å engasjere eller sjokkere. Og bak lurer det store spørsmålet: Er det mogleg å forstå?

This article is from: