2 minute read

Før krigen – kamplyrikk

Formål, form og innhald

I dette kapittelet skal vi sjå nærare på litteratur skriven før, under og etter den andre verdskrigen. Ved å studere desse tekstane blir det tydeleg kor tett formålet med teksten heng saman med form og innhald. Formålet er det forfattaren ønsker å oppnå med teksten. Kvifor blir han skriven?

Før krigen: kamplyrikk

Formål med diktinga

• åtvare mot det som skjedde i Europa generelt, og Tyskland spesielt • kritisere myndigheitene for ikkje å handle • oppmuntre til motstand • oppmuntre til fredelege løysingar

Adolph Hitler skuar utover nazitroppane sine i Dortmund, Tyskland, 1933.

Tema 1: Krigssjokk

Den første verdskrigen (1914–1918) var eit stort sjokk. Aldri før hadde Europa – eller andre kontinent – opplevd ein så øydeleggande krig. På same måte som maskinene som mennesket hadde funne opp, førte til masseproduksjon av varer i fabrikkane, la dei teknologiske framstega grunnen for masseøydelegging av liv og land.

«Europa brenner!»

På 1930-talet blir det tydeleg at Europa er på veg inn i ein ny krig. Fleire forfattarar hevar stemma for å åtvare og mane til kamp og motstand. I 1937 skriv Arnulf Øverland (1889–1968) diktet «Du må ikke sove». Det lyriske eg-et blir heimsøkt av ei stemme om natta som ber han om å ikkje sove. Han må ikkje tru at det som skjer rundt han, berre er ein vond drøm. Diktet er ei klar oppfordring om å sjå vondskapen i auga og handle: «Du må ikke tåle så inderlig vel / den urett som ikke rammer deg selv». Handlar vi ikkje, er vår tid forbi, hevdar Øverland, før han avsluttar med eit dystert frampeik: «Europa brenner!»

Djup krise og sterk framtidstru

I mellomkrigstida var Tyskland i djup krise. Dei hadde tapt den første verdskrigen og blitt påført store økonomiske, menneskelege og ideologiske tap. Adolf Hitler og nazistane utnytta dette til å ta makta i landet. Ved hjelp av propaganda, karismatiske talar og økonomisk satsing blei Tyskland igjen eit land prega av framtidsoptimisme.

Overmenneske og undermenneske

Nazistane ville at den ariske rasen skulle få tilbake sin naturlege leiarplass blant dei «høgverdige rasane». For at dette skulle skje, måtte dei «mindreverdige rasane», som jødar og romfolk, utryddast. Homofile, personar med nedsett funksjonsevne eller menneske med psykiske lidingar blei også rekna som «undermenneske» av nazistane. Den ariske rasen var «overmenneske».

«Føreren mørkner strengt»

I 1936 var Tyskland vertskap for dei olympiske leikane. For nazistane blei dette ein arena for å vise korleis landet hadde reist seg etter det audmjukande krigsnederlaget. Ingen vann fleire medaljar i OL enn Tyskland. Likevel er det den afroamerikanske Jesse Owens’ fire gull som er best hugsa frå leikane. Da Jesse Owens slo dei tyske sprintarane på Olympiastadion i München, var Adolf Hitler synleg irritert. Dette passa ikkje inn i Hitlers raseteori. Etter leikane skreiv Nordahl Grieg (1902–1943) eit dikt om hendinga:

This article is from: