3 minute read

Under krigen – situasjonsdikt

Formål med diktinga

• oppmuntre til kamp og motstand • trøyste og lindre • bidra til samhald og pågangsmot

Tema 2: «Løft i flokk»

Verdskrigen kom. Noreg blei okkupert av tyske troppar 9. april 1940. Ein streng sensur blei innført, slik at tekstar som kritiserte nazistane eller hylla norsk motstand, var umogleg å få gitt ut.

Likevel florerte det med dikt og tekstar i det skjulte. Dikt som oppfordra til motstand og samhald og gav trøyst til folket, blei spreidde både skriftleg og munnleg. Dikt skrivne i ei tradisjonell form blei memorerte og framførte i skjul. Titlar som «Løft i flokk», «Vår kamp» og «Gyllen ungdom» understrekar formålet med diktet: Dei skulle mane til samhald og gi mot til vidare motstand.

Situasjonsdikt

Fleire av dikta var også såkalla situasjonsdikt, eller leilegheitsdikt. Dei blei skrivne til ei bestemt anledning eller hending. Nordahl Grieg er blant anna kjend for dikta «17. mai 1940» og «17. mai 1942». Begge dikta bruker nasjonaldagen som motiv for å seie noko om situasjonen for fedrelandet.

Inger Hagerups (1905–1985) dikt «Aust-Vågøy» (skrive i 1941, gitt ut i 1945) er ein direkte kommentar til historiske hendingar under krigen. Etter eit britisk angrep på tyske mål i Lofoten i 1941, tok tyskarane hemn på sivilbefolkninga i området. Hagerup skriv:

De brente våre gårder, de drepte våre menn. La våre hjerter hamre det om og om igjen. […] Står tusen andre samlet i steil og naken tross. Å, døde kamerater, de kuer aldri oss.

Diktet er både eit minnedikt som heidrar dei falne, og eit kampdikt. Det gir trøyst og lindring til eit hardt prøvd folk. Den siste verselinja, «de kuer aldri oss», er ei direkte oppfordring til lesarane om å halde motet oppe.

Form og innhald heng saman

Den faste forma i «Aust-Vågøy» har fleire funksjonar. Ho understrekar for det første innhaldet i diktet. Rytmen gir assosiasjonar til både marsjerande soldatar og maskingevær. Han maner til kamp! «La våre hjerter hamre / det om og om igjen» har dessutan den same rytmen som hjarteslag. På den måten underbygger rytmen kontrasten mellom det sårbare mennesket og ei valdeleg okkupasjonsmakt. At diktet var lett å hugse, var viktig når ein skulle mane til samhald, noko rytmen og gjentakingane hjelpte til med.

Vi og dei

Eit sentralt formål med krigslyrikken var å skape samhald, eit tydeleg vi, i folket.

Heldt vi saman, kunne vi nedkjempe okkupasjonsmakta. Fleire dikt har derfor motstand som motiv og tematikk. Slike dikt hadde ofte ein moraliserande tone. Det er tydeleg kva som er rett og gale, og kva som er riktig og feil side i krigen. Mot vi-et stod dei som svikta når det gjaldt som mest.

«Våre menn»

Dikta «Våre menn» (1941) av Arnulf Øverland og «Eier du ikke stolthet i livet» (1942) av Nordahl Grieg er to eksempel på dikt med ein tydeleg moral: Det gjaldt å vere på riktig side.

Diktet til Øverland er ei hyllest til menn som sat fengsla i den berykta politistasjonen til nazistane i Møllergaten 19. Desse mennene blir symbolet på Noregs ære og det sterke vi-et:

< Tyske troppar kjem til Oslo 10. mai 1940. Stortinget i bakgrunnen.

> Strikkevottar med kong Haakon sitt monogram og valspråk, «Alt for Norge» I Møllergaten 19 der sitter våre menn. I kamp for folkets frihet gav de sin egen hen.

Der sitter Norges ære og sannhets fanevakt, fordi de ikke solgte sitt land til fremmed makt. […]

Elskerinna til ein tyskar (såkalt tyskartøs ) blir gjenkjent, slått bevisstlaus og slept inn i ei sidegate i 1944.

Tema 3: «Skam deg du norske pike»

Der Øverland hyllar motstandsmenn, rettar Grieg peikefingeren mot dei såkalla tyskartøsene. Dette var norske jenter som innleia eit forhold til tyske soldatar. Grieg skriv:

Eier du ikke stolthet i livet, eller skorter det på ditt skjønn? Blendes du helt av gullknapper, snorer så snart du møter en grønn? Du har svakhet for uniformer men din trang må du styre når det gjelder det største av alt, vårt Fedreland, Norge det dyre. Det hamrer i hver nordmanns bryst ved synet av slik en kvinne. Idag må forbitrelsen kveles tyst sorg og smerte gjemmes inne. Tenk at dere er norske – er våre, som sådan vårt fedreland sviker, å, hvor det kan bedrøve, såre, at Norge har slike GATEPIKER.

This article is from: